torsdag 31. mars 2011

Ny utvegg tek form

Ny utvegg Nå blir det plass til isolasjon og vindtettplate.

Endeleg inne

I dag kom det, Moelvengolvet mitt.

-Dette må inn, sa snekkeren. Det må akklimatisere seg.

Med list og lempe fekk eg inn golvpakkene. Dagens trening. Der ligg det og ventar. Ventar på tysdag. Da skal det på plass.

onsdag 30. mars 2011

Fjellvër

I dag tok snekkeren til fjells. Han skulle vera med ein scootertransport inni ein fjelldal. Sikkert med material. Ein snekker treng magterial. Buer og hytter i fjellet treng også vedlikehald. Her på bruket ventar eg fortsatt på Moelven-golvet.

tirsdag 29. mars 2011

Villhøna frå Tundradalskyrkja

Jammen har ho fått baska seg utor asken, villhøna frå Tundradalskyrja. Ho kveknar til når det blir sommartid. Ho vart med heim etter ein vindfull tur oppå Tundradalskyrkja 8. april 2004. Dei to gode kompisane flira godt da høna flaksa og ville ut på tur. Dei skulle vurdere invitasjon. Vente til påske, meinte dei.

Eine dreg det andre med seg

Det er ikkje nok å lage nytt golv for å auke komforten i gammelstugu.

Ho må isolerast og lagast vindtett. Og ho må få nye vindauga.

Ho burde få nytt tak og...

For ein luksus dette skal bli

For ein luksus dette skal bli! I dag har Skjåk Elektro vore her og lagt på plass det som etterkvart kan gjera godt og varmt golv. Berre golvet kjem. Antageleg torsdag. Men eg trudde ikkje det tok så lang tid å få tak i 35 kvm standard Moelvengolv - ferdigbehandla Arctic, 25x155.

mandag 28. mars 2011

Glava på plass

Isolasjon på plass! Det kan berre vera surt og kaldt vårvêr!

Berre golvet kjem snart.

Det skal forresten inn nye vindauga og.

Og eg må bestemme meg om eg skal fortsetja med slottsrosa eller skifte til ei anna farge. Tømmerveggane har vore både bleikt gule og gråblå....

Dans på Nebbenes

Det var usedvanleg naturtru lyd på "anlegget" bak i bussen som gjekk frå Vågå til Nebbenes laurdag. Målet for turen var dans og moro på gamle Nebbenes Og dans vart det. 16 ulike orkester stilte opp og spelte til dans - på tre golv. Her var det mogleg å få svinga seg. Den sosiale samversdansen er verkeleg ein kultur å ta vare på.

fredag 25. mars 2011

Gammalt ut og nytt inn

I dag var veggen med hugs-meldinga utkomen
Så nå spørst det, blir det bibliotek her, tru?

Og kjellarlemmen kjem ni høgre hjørna

torsdag 24. mars 2011

Stadig framdrift

Jammen blir det mange stubber som skal på plass i eit stubbloft
Og så skal det bli slutt på skøyteledninghelvete!
Skjåk energi var innom i dag og la til rette for fleire brytarar og kontakter

onsdag 23. mars 2011

Eit golv i vater

Skikkeleg oppvatra og plass til isolasjon. Lykke!

Hardt å vera gardsveg

Breiskridugrove kom over vegen, for stikkrenna er tela
Mest alt av grus var nederst i bakken komen. Vatnet ordnar opp.
"varme og vatn er gode tenarar, men stygge herrar" sa bestemor.
Trengst nok meir enn ei krafse og ei trillebår for å få skikk på dette att.

tirsdag 22. mars 2011

Nytt stubbloft på gang

Sjå - det blir nok nytt golv. Her er nytt stubbloft på veg

mandag 21. mars 2011

Framifrå framdrift

Her går det unna, store mengder av gammalt golv, gamle bjelker, stein og leire låg utanfor gammelstuguglaset då eg kom heim att.
Her her snekkeren skufla på og fått unna seg grunnarbeid.
Her var alt av gamalt golv fjerna..
Berre gamle kjellartrappa står att. Ho var flytta inntil veggen, har sikkert vore brukt når snekkeren har kasta ut overflødig stein og kvabb.
Nå spørs det kvar Moelven-golvet er? Det er bestilt. Og går det like fort å bygge opp att nytt stubbloft, ja da må Moelven-golvet snart vera uti garden her.

lørdag 19. mars 2011

Gamlegamle golvet fram i dagen

Resten av golvet i gammelstugu fekk eg rivi og kasta ut i dag. Då blir det klar bane for snekkeren å kaste ut gamlegamle golvet over helga.
Potetluka

Gamlegamlegolvet er slitt - og neste helg er nytt golv med isolasjon under på plass. Eg har kome fram til at eg må skifte vindauga og. Kostnadsoverslaget på ny installasjon og oppgradering av strauminntak og sikringsskap har kome i eposten. Når eg då etterkvart får skifta ytterkledning og fått isolert så blir det bra! Eg ynskjer meg låg rente i mange - mange år.
Forresten; det dukka opp fleire farger som har vore på gammelstuguveggane. Skal eg gå attende til ei opprinneleg - eller skal eg halde fast på slottsrosa?

fredag 18. mars 2011

Store ting skjer

Sjå! Snekkeren kom i dag før eg reiste på jobb, da eg kom att hadde store ting skjedd. Golvet i søre klevaen var utkome, og resten på god veg. Over helga blir det oppattbygt nytt bjelkelag og SÅ blir det nytt og godt isolert golv i gammelstugu. Eg gler meg!

søndag 13. mars 2011

Kjeitt og labbe føre

Varga og tykte det var kjeitt på skitur - å kome seg oppover mot Huguvardtjøynne vart uråd for ein liten hund som buka i lausnøen. Det var også blindføre. Varga baska så godt ho kunne, og bestemde seg til slutt for å prøve å gå i skispora mine utan at det hjelpte så mykje.

lørdag 12. mars 2011

Prosjektiveren driv og vaknar

I fjor haust tenkte eg at 20 cm med glava, ville vera ein måte å auke varme og velvære i gammelstugu. Det stemde ikkje. Nå er glavaen ute att. For å si det; litt av ein jobb å klemme saman att glava att! Nå har eg tinga Moelven ferdigbehandla furugolv og ventar på snekkeren.
Han spurde om eg ville ha nytt golv i gammelstugu til påske. Og nå blir det nytt og skikkeleg. Gammelgolvet skal oppbrytast og ut. Heilt nytt golv skal på plass - nye bjelker, nytt stubbloft og varmekabler!

søndag 6. mars 2011

Vinterferie hjå Idunn

Vinterferien var saman med Idunn. Vi dreiv med mykje rart, der krydderskuffa vart eit eldorado å ruske ni...
Ein tur til medaljesermonien høyrer med når det er VM i Oslo. Her var det samla mykje folk!
Maule G35 frå produsentnr 164 - altså frå Lom og Skjåk er ein rein nytelse!
Da går det an å eta turr kaku og drikke vatn attåt etterpå
Og så var det skiturar, til Kikut og Sørsetra - og så rakk oss å på babysvømming og.
Det er slik som kallast aktiv ferie!