|  Båtbyggeriet på Rolfsnes  |
|  1944 - 1989  |

Rolfsnes Båtbyggeri - Geir Inge Kallevåg © 2000

I 1944 starta Johannes Østensen å bygge båtar åleine i eit naust som bestefar til Johannes hadde kjøpt på Katla. Naustet ble flytta til "Myro", der det blei reist opp. Den første båttypen som blei bygd var "Grimstad sjekta". Den blei bygd etter teikningar som Johannes hadde kjøpt.

I 1946 byrja Henrik Kloven å byggje båtar saman med Johannes. Dei starta då opp med bygging av Rolfsnes-båten, som blei konstruert av Johannes. Det blei bygd eit skur på begge sider av naustet for å få betre plass. Ein båtmotor blei i byrjinga brukt for å drive ei båndsag, ein avrettar og ei mindre sag. Ellers blei det kun nytta handverktøy.

I 1953 blei det bygd nytt naust og i 1954 vart det lagt inn straum. Henrik blei då med som medeigar i båtbyggeriet. Dei første åra vart det bygd to båtar per år. Det blei ikkje arbeidd om vinteret dei første åra, då dei var på fiske.

Arbeidsstokken auka til 4 mann midt på 50-talet, og i starten på 60-talet var det 6 mann i arbeid. I slutten på 60-talet var produksjonen på det største, då var det 8 mann og det vart bygd opp til 28 båter i året. Johannes Østensen pensjonerte seg i 1979, men forsette å byggje robåter i fleire år.

Båttypen blei endra i 1957 og fekk då mellom anna kryssbaug. Båten ble bygd i storleikane 20-22-24-26-28 og 30 fot ( 1 stk.) For å skaffe seg materiell blei det dei første åra kjøpt 2" plank til spant og 1" bord til hud på Flateråker på Tysnes.

Emne til kjøl fekk de frå Hodnaland på Stord. Dette blei frakta heim i båt eller slept etter båt på flåte. I tider med vannmangel fekk ein ikkje skåre materiell på Flateråker, då blei tømmeret kjøpt i Ulvik. Eik til "stevne og stylk" fekk ein også får Tysnes. Seinare kom det materiell frå fleire sagbruk; Frønningen i Sogn, Todalen på Nord-Møre og frå austlandet. Dei siste åra var det mest Flateråker og Grasdal som leverte materiellet.

Den første Rolfsnes-båten blei levert til Lauritz Brakadal og den neste til Noris Rolfsnes. Siste båten blei bygd i 1989 og levert til Nils Agasøster. Den var 22 fot og fekk navnet "HENRIK". Eigar no er Johannes Agasøster. I 44 år har Henrik Kloven arbeidd i båtbyggeret og i løpet av den tida er det blitt produsert 800 Rolfsnes båtar.

Klikk på denne linken for å få se en ekte Rolfsnes båt

Bilder fra Rolfsnes Båtbyggeri

Rolfsnes Båtbyggeri - Geir Inge Kallevåg © 2000