onsdag 6. januar 2010

304) Mat. 17, 1-9.


Tabor.

Mat. 17,1-9a. + 14-15.

.
Jesus vert forklåra på fjellet - Tabor. Det er fleire meningar om kor det fjellet var.
.
Det var ei stor oppleving med Gud og vart nok aldri gløymt.
Peter skreiv om det seinare som det heilage berget, 2. Pet. 1,16.

.

Kva var det som hende der?

.
1. Jesus tok dei avsides, bort frå folket og jaget.
Han gjer det nokre gonger, kanskje ved sjukdom, sorg, einsemd. Me tykkjer alt går imot og kjenner oss forletne av Gud og alle menneske.
.
Då vil Gud noko. Han vil lutra og reinsa oss.
Han tok dei med opp på eit høgt fjell, utan at me veit nøyaktig kor det var. Men det djupaste mørke er ofte då me kjem nærast Gud.  Det er ikkje alltid slik me føler og kjenner det, for Herren fører oss på underlege vegar.
.
Berre tre stykker fekk vera med her, dei som same fekk vera med inn i Getsemane. Nokre menneske er spesielt utvalde til liding og dermed herlegdom. Og dei vert ofte mest brukt. - Utanom Paulus var det desse tre som skreiv dei fleste breva, Peter og Johannes - og Jakob med eit brev.
.
Difor kan me takka for slike tider der Jesus tek oss bort frå folket.
.
2. Jesus blir forklart for dei,v.2. Dei såg noko nytt, dei hadde aldri sett Jesus slik før. Johs skreiv seinare: Me såg hans herlegdom, Joh. 1,14. Dei fekk eit glimt av den himmelske Jesus. Difor var dette ei spesiell oppløfta stund og ei rik oppleving.
Me lengtar og etter slike dagar, då me er på Tabor. Me synest Jesus ofte er på avstand, langt borte og dunkel for oss. Me blir trøtte på vegen, og då treng me slike stunder. “En liten stund med Jesus og alt forandrer seg...”
.
Paulus skriv at Gud åpenbarte Kristus i han. Det er ikkje nok med kunnskap om Gud og ein fin moral. Kristus må bli fødd i ditt hjarta, openberra som frelsar og forsonar for deg personleg.
.
3. Gud tala til dei, v. 5. Ei sky kom og lyset for dei på fjellet. Slik var det i øydemarka i GT også. Gud leia dei ved ei sky og ildstøtte. Og der var Gud. Nå kom han til Tabor.
Det er store dagar når Gud talar til oss. Men kva tala han med dei om? Om sin Son. Høyr han! sa Gud.
.
Og nå har Gud tala til oss i Skrifta. Ordet fortel Guds vilje og veg, og den talar om Guds Son. Vil me høyra om Sonen, må me gå til Skrifta. Den er Guds openberring til oss. Me må bli opptekne med Jesus. Men der blir han forklart for oss.
.
I tørre og tunge tider må me til Guds ord.  Jer. 15,16: Eg fann dine ord og åt dei. Han fann dei, han leita og ransaka og les. Så åt han dei, tok dei til seg så dei vart hans, eitt med han.
.
4. Då skjedde noko: Dei var åleine med Jesus,v.8.
Ei tid var både Moses og Elias med, som representant for den gamle pakta, lova og profetane. Nå forsvann alt. Då ser dei: berre Jesus kan hjelpa. Han åleine står att.
.
Målet for Gud er å visa oss Jesus, at han døyde for oss. Det er grunnvollen og livet vårt. Ein sterk kristen er ein som berre reknar med Jesus. Og her gjeld det ikkje Jesus som ein god lærar og helbredar, her gjeld det han som sona vår synd.
.
Det er viktig for oss å sjå forsoningens under. Han tok mi synd slik som eg var. Det er forklarelsen.
.
Peter skreiv om dette: Han som bar våre synder på sin lekam. 1.Pet.2,24.. Og Jakob skreiv: om å sjå i fridommens fullkomne lov, Jak. 1,25.  Det er evangeliet. Og Johannes skreiv: I dette er kjærleiken ikkje at me har elska Gud, men at han har elska oss og sendt son sin til soning. 1. Joh. 4,9-10.
.
Jeg ser deg o Guds lam å stå på Sions bergetopp. Då ser du rett. Då ser du det lyser av han.
.
Men då må du sleppa alt du har, elles er du blind. Ei jente stal drops i skapet til mor. Mora  forklarte og sa det var galt, og jenta erkjente. Då sa mor: spytt ut den dropsen du har i munnen og, den er ikkje din. Då vart det kamp i jenta sitt hjarta, ho beit tennene saman og sa. Nei! Ho ville ikkje sleppa det ho sjølv hadde og si synd. Korleis er det med deg? Har du “drops” i munnen? Du vert aldri frigjort og frelst før du spyttar den ut. Berre med Jesus åleine er du det.
.
5) Så gjekk dei ned frå fjellet v. 9.
Tida på Tabor var over. Livet er ikkje berre gode dagar med fest og medgang. Dei fleste dagar er kvardagar med arbeid og teneste og kanskje nedturar. Det åndelege livet er og slik. Me har gode dagar der livet er lett. Etter store åndelege opplevingar kjem det gjerne ein reaksjon med tvil og motløyse. Då skal me tenkja at Gud er nær uansett kva me tenkjer sjølv og meiner eller kjenner.
.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar