onsdag 27. mai 2009

Vi har klippa - du syr


Trollunge.com
Denne sida er perfekt for meg som skal lære å sy!

Ein svansk nettbutikk som klippar til stoffet, og som sender deg alt med ferdig bruksanvisning på korleis du skal sy det saman :) 

Må testast!

mandag 25. mai 2009

Eg melder meg på sykurs!

Eg har bestemt meg. Eg kjem ikkje til å lære meg å sy slik heilt av meg sjølv. 

Sømsenteret har kurs, og no teller eg på knappane om eg skal gå på intensivkurs.
Vil du være med på kurs? 

----

Nybegynner kurs - intensiv:  
Har du lyst til å lære deg å sy dine egne klær, men vet ikke helt hvor du skal begynne? Da er dette et kurs for deg. Her lærer du helt grunnleggende sømregler og teknikker. Du trenger ikke ha noen kunnskaper om søm. Vi benytter oss av ferdige skjørte-mønster.

Kursdager er:
a) mandag 15/6, tirsdag 16/6 og onsdag 17/6. 
b) mandag 6/7, tirsdag 7/7 og onsdag 8/7  

Kl. 16.00 - 20.00, 
Sted: Akersgata 8. 
Meld deg på her, i butikken eller på tlf. 22 33 46 12.

Ny test av pleieprodukt til born


Grønn Hverdag har gjennomført ein test av pleieprodukt til born, og her er link til testvinnarane

http://gronnhverdag.no./staticarticle/artikkel_3978.html

Me brukar mest Babyline-serien, og den er heldigvis med. Eg ser at svanemerka produkt gjennomgåande scorar bra, og det pleier eg å ha som tommelfingerregel når eg handlar til dei små gulla.

søndag 24. mai 2009

X-Men Origins: Wolverine


Mamma er i byen, så me er så heldige å ha barnevakt ein laurdagskveld. Ingenting er vel betre avslapning for slitne småbarnsforeldre, enn litt deileg x-men action. Greit nok, det var ikkje alt som hang heilt saman med dei andre filmane, men slik blir det vel når dei byrjar forfrå att etter å ha laga dei siste fyrst. Og Jan Tomas som er sjalu på Weapon X-kroppen, og masar om at han er dopa. Spennande er det allikevel. Eg diggar x-men! Terningkast 6!

PS: visste du at wolverine er det engelske namnet for jerv (Gulo gulo)? Det kjem truleg av "ein som oppfører seg som ein ulv"

http://no.wikipedia.org/wiki/Jerv

http://www.imdb.com/title/tt0458525/

Leikar med baby


Nettsida http://www.gameswithbaby.com/ har masse aktivitetar som du kan gjere med babyen din, sortert etter tema eller etter alder. 

Til dømes til han på snart fire månedar er han klar for å feks telle situps, at du teller til tre, og så trekker han opp, borte-borte tittei, fola blakken, eller høgt oppe i eit epletre. For alle oss som har gløymd desse leikane sidan sist, så sår dei utførleg forklart.

lørdag 23. mai 2009

Slankemyte nr 1: negative kaloriar


Myta seier at kroppen brukar meir kaloriar på å forbrenne matvara, enn det kaloriantalet som vara inneheld. Teorien er ikkje vitenskapeleg bekrefta, men tanken er forlokkande.

Frukt: aprikos, cantaloupe melon, vannmelon, kirsebær, druer, mango, nektariner, appelsin, papaya, fersken, pære, ananas, jordbær, bringebær

Grønsaker: brokkoli, blomkål, kål, gulerøtter, kålrabi, rosenkål, mais, erter, løk, sopp, salat, grønne bønner, tomat

Sjømat: krabbe, reker, blåskjell

fredag 22. mai 2009

Nettbutikk-tips


Eg fekk ein epost i går med tips om ein ny nettbutikk. 

 Jag är en svensk mamma som bor i Paris. Nyligen har jag öppnat en webshop www.dinodeluxe.fr som säljer skandinaviska barnkläder av välkända trendiga märken så som Elodie Details, Småfolk, Ej Sikke Lej, Cheap Monday, Nova Star, Mys Plysch, Rockefella, IdaT och Holly's. 
 
Dessa märken finns även på ett flertal norska webshopar och köpställen. Men då Norge inte är med i EU betalar inte norska kunder någon TVA på produkterna från min sajt. Detta medför att de utsatta priserna minskar med cirka 20% (19.6% som är den franska TVA) för kunder utanför EU. Jag tänkte därmed att det kunde vara intressant för dina läsare av bloggen att få tips om www.dinodeluxe.fr.


Eg synes det ser ut som ein fin butikk, og det kan godt hende eg handlar der snart :)

Skal du berre gjere ein treningsøvelse..



.. så er det visst push-ups det går i. I hvertfall ifølge Klikk.no. Når du pushar, så stabiliserar du magen, du brukar bryst, skulder og triceps. Enkelt og billeg er det også. Ihvertfall billeg, men enkelt skal eg være med på å diskutere, eg slit ihvertfall med teknikken.

Artikkelen seier du kan legge ein bunke bøker under deg, så er det meir motiverande, for du treng ikkje komme deg heilt ned på golvet. Men eg synes det funkar best med ein smilande baby :)

Så korleis komme i gong? På denne sida er det eit treningsprogram du kan følge. hundredpushups.com

torsdag 21. mai 2009

Nok er nok - tåteflasketullball


I dag skjedde det på nytt, andre gong på to månedar. Det var Kjell som gjorde det i dag, men eg som gløymde gryta forrige gong. Koke tåteflasker, og gløyme heile greia. Lukten av svidd plastikk er heilt pyton. Smelta tåteflasker blir heilt kvite - om du lurde på det. Så i dag har me bestilt nye flasker frå deal - pluss mikrobølgeovn-sterilisator. Nok tull no!

mandag 18. mai 2009

Amerikansk fiskesuppe


Denne oppskriften fann eg på www.vitahjertego.no/Oppskrifter/, og gledar meg til å prøve.

Amerikansk fiskesuppe

2 gulrot
1 løk
1 purreløk
1 sellerirot
3 paprika
2 tomat
3 potet
1 boks hermetiske tomater
1 liter vatn
3 buljongterning av fisk
5 dl lettmjølk
300 gram laksefilet
150 g pilla reker
smakes til med sitronpepar

Skjer alle grønsakene i terningar, og kok møre i vatnet. Tilset tomatboks og mjølk, og kok opp. Ha i laks, og lat trekke i 10 min, og strø over reker rett før servering (dei skal ikkje koke, då vert dei seige).


Bunadsjenter på 17. mai


Eg greidde akkurat å slanke meg inn i Sognebunaden min, og Anna har arva hausbunad, som både eg og mamma har brukt tidlegare. Beltet ho har på seg er ein ekte antikvitet.

Venskaben


Me arrangerar ein bryllaupsfest for vennene våre til hausten, og i dag er lokalet i boks. Me skal ha festen i Venskaben i Asker.

Huset er bygga i 1904 i nyklassistisk stil, og teikna av arkitekt Ivar Næss. Det ligg bak rådhuset i Asker, og er tidligare nytta til tingstad, kinosal, kunstutstillingslokale og teater.

Kjelde: Wikipedia

onsdag 13. mai 2009

Quiche Lorraine


Quiche er perfekt til lunchbesøk. Eg lagar botnen kvelden før, så går det ganske kjapt. Serverast med grøn salat og cherrytomatar.

Botn
200 g mjøl - eg har 50 gram sammalt, og resten fint kveitemjøl
100 g margarin i terningar
Ei klype salt
Eitt egg

Smuldre smør i mjøl, kna inn egget, og sett kaldt. Kjevle ut i paiform, stikk med gaffel, og forsteik på 200 grader i 10 min.

Fyll
200 g bacon eller skinke
100 g cherrytomatar
100 g brokkoli
3 egg
1,5 dl lettmjølk
Litt muskatnøtt
1 dl revet ost - jarlsberg eller parmesan

Legg i kjøt og grønsaker, slå over eggeblandinga, og strø over ost på toppen.

Steik på 200 grader i 25 min

tirsdag 12. mai 2009

Slank med Biola?


DinSide skriv om ein finsk undersøkelse der kvinner som har fått barn og inntek probiotika, er merkbart slankare enn dei som ikkje gjer det. 

Årsaken er at probiotika inneheld stoff som hindrar kroppen i å danne og transportere feitt. 

Probiotika er ein spesiell type bakteriar som lever i tarmen, og det er vanlegvis mjølkesyrebakteriar. Det er nokre få matvarer i noreg som er manipulerte til å innehalde auka mengd probiotika, dette er Actimel, Activia og Biola (kjelde lommelegen)

Så ergo skal eg no bytte ut vanleg yoghurt med biola.

Det er Dr. Kirsti Laitinen, ernæringsfysiolog ved Universitetet i Turku i Finland som har gjennomført undersøkelsen.

Smokkesluttdagen


Søndag 10. mai slutta Anna med smokken. Me har snakka eindel om det i forkant, og no visste eg at ho var klar for å gje den frå seg.

På morgonen samla me saman alle smokkane, og bandt dei fast til ei lang snor. Det var kjempegøy, ho fekk tre alle innpå. Så samla me heile familien, og gjekk ut til smokketreet i hagen. Kjell satte opp stigen, og så fekk Anna sjølv klatre heilt til topps og henge opp smokkesnora.

Etter ho klatra ned att, så vinka me farvel til smokkane, og sidan ho har slutta med smokk så kom smokkedama på natta og tok med seg alle smokkane. Eg trudde smokkedama budde i smokkeland, men Anna seier ho bur i nederland, så det er i nederland alle smokkane er no.

Hr Sprekesen på Holmenkollstafett

Kjell er ein racer altså! Han sprang 1,3 km på litt over fem min i årets Holmenkollstafett, i pissregn og oppoverbakke.

Og kva var oppladninga i forkant av stafetten? Ein joggetur, ein fotballtrening, og litt dårleg tid til toget på morgonen. Så han har innebygd kondisjon.

Eg er veldig stolt av spreke mannen min :)

Fram med solkremen

Haha, eg måtte le av henne, ho kom med handa full av solkrem, og skulle ha hjelp til å smøre seg inn. Fjeset var for lite for all den solkremen!

Telenordag på Tusenfryd


Telenor har kvart år open dag på Tusenfryd for alle sine ansatte, og me var der i går. Dette er tradisjon, tre år på rad no. Anna storkoste seg, fekk køyre mange karusellar i år, og var veldig nøgd med "toget som gjekk runt og rundt". Magnus storkoste seg ikkje, men vonar han vert i betre humør neste år.. :)

Skoten og drept på Nesøya

Ein 61 år gammal mann har skote og drept ekskona si og dottera hennar.

Eg synes dette er heilt forferdeleg grusomt. Det føles også tettare innpå når det er kun fem min unna her me bur, og me kan sjå dette huset frå terrassen vår.

Kva er det for ein verden me lever i, der folk dreper kvarandre. Denne mannen tok to liv, og så sitt eige, på grunn av at han ikkje ville flytte frå huset sitt. Eg fattar det ikkje.

Dette drapet er på langt nær det einaste tilfellet der mannen - det er alltid mannen - dreper partneren sin. Kva skjer oppe i desse hovuda? Er det ein smitteeffekt, der ein mann gjer dette, og så ser andre menn at det er ein utveg? Sjukt. 

Dagbladet

Økologisk mat og helse


Eg er jo glad i økologisk mat, og likar å kjøpe økologisk. Kjell er skeptisk, men han spiser det som er i skapet :)

Fann denne artikkelen, som diskuterar fordelar med økologisk mat.

1. Bonden sin helse. 3 millionar menneske vert kvart år forgifta av sprøytemiddel. Det er mange!

2. Kjemisk gjetteleik. Mange av sprøytestoffa viser ikkje langtidseffekt før etter fleire tiår. Sjølv om dei då vert trekt frå markedet, så kan skadane vere irreversible.

3. Ringverknadar. Sprøytemiddel sprer seg til økosystema rundt, og forureinar, og øydelegg det biologiske mangfaldet

4. Færre negative stoff i maten din. Ingen sprøytemiddel = ingen gift i det som vert servert.

5. Mat utan hemmelegheitar. Det er ikkje tillate med kunstig aroma, farge eller dei fleste konserveringsmidlar.

6. Meir av det sunne. Det er indikasjonar (ikkje eintydig bekrefta enno), på at økologisk mat inneheld meir vitaminar og antioksidantar

7. Smakar ein forskjell? Smaken er som baken, den er delt. Eg synes til dømes økologiske tomatar er mykje betre enn td vanlege smakstomatar.

8. Godkjenning og kontroll. Økologisk stempel er beskytta, og med stempel, så er vara kontrollert.

fredag 8. mai 2009

Tid for solbriller


Modell Magnus i Baby Banz  og tøff heildress frå Name It.

Solbrillene er kjøpt på apoteket, og dressen er gåve frå Akkanikka :)

torsdag 7. mai 2009

SolTech System - Det smarta taket


Dette er berre genialt, og jammen på tide at nokon finner på. Det er ikkje solcelleenergi, men ein absorberande duk og takstein i glass. På vinteren isolerar det, og på sommaren samlar det varme. Slik ønskar eg meg til taket vårt.

Les meir på SolTech Energy

tirsdag 5. mai 2009

Småbarnsmetoden!

100 % sikker metode for å gå ned i vekt og komme i form. Glem lavkarbo, grethe roede osv., nå gjelder SB-metoden (Småbarnsmetoden) 

Det er kjent at toåringer i de aller fleste tilfeller er slanke. 

I samarbeid med barneleger, radiologer, ernæringeksperter og utslitte 
foreldre er denne ufeilbarlige dietten forsket frem: 

* Frokost: Ett kokt egg, en skive brød med syltetøy. Spis to 
små biter av egget og smør resten ut på golvet. Ta en bit av 
brødskiven og klin deretter syltetøyet godt inn i ansikt og klær. 

* Lunch: Fire fargestifter (valgfri farge), en neve knust potetgull 
og tre munnfuller av et glass melk (hell resten på gulvet). 

* Middag: En kjeks, to mynter. Noe søppel du finner under sofaen. 

* Kveldsmat: Lag en skive ostesmørbrød som du hiver på gulvet. 
Evt: Drikk 4 munnfuller fra badevannet ditt. 

Dietten gjøres mere effektiv med bra tilrettelagt mosjon. 

For eksempel: 
* Legg deg på gulvet i et kjøpesenter og vri kroppen i slynger rundt 
samtidig som du skriker av all kraft for å øke lungekapasiteten. 
Når mannen fra Securitas kaster deg ut av butikken gjør du sterk motstand. 

* Spring over alt, hopp innimellom. Fall ofte og regelmessig; å reise 
seg opp igjen styrker musklene. Husk lungene. Skrik samtidig med disse øvelsene. 

* Be om en sparringpartner ved påkledning. Gjør med alle krefter 
motstand mot å bli påkledd. Nøy deg ikke med et skift, krev også å få bytte til andre klær minst tre ganger. 

Garantert endring loves!

Bort med søtsuget!


Sjokoladekake var eit lite feiltrinn, men KK har denne supre artikkelen om korleis eg kan kvitte meg med dette evinnelege søtsuget.

1. Drikk meir vatn. Check - den greier eg fint

2. Et meir frukt. Jepp. Ok.

3. Finn alternativa. Now we're talking :) Bruke honning og sirup til å søte opp ting med, istadenfor sukker. Det kan eg bli betre på. Men eg synes eg ser Kjell himle med augene om eg serverar honning og havregryn-kaker.

4. Få mykje trening. Denne øvar eg på. Trenar Betre Puls styrkeprogrammet to gonger i veka, og trillar eindel tur.

5. Ta ein tidleg kveld. Stort forbetringspotensiale her, legger meg stort sett alt for seint, og gjerne etter å ha somna på sofaen fyrst.

6. Dropp lettprodukta. Her er eg ikkje einig. Eg forstår at poenget er at lettprodukt visstnok skal gje meir sug, men eg trur dei verste lettprodukta er brus etc. Det eg spiser av lettprodukt er mager prim, leverpostei og kesam istadenfor rømme. Drikker ikkje brus.

7. Ikkje bli for svolten. Einig. Mitt blodsukker synker etter tre timar, og då blir eg så grinete at eg må spise litt. Får eg ikkje mat då, så kan eg bli litt desperat.

8. Start dagen med god mat. Her går det i Wasa Husman, det er no ganske bra.

9. Tenk på tilskota. Her siktar dei til feit fisk, og tilskot av krom.

10. Putt krydder på. Heilt einig. Chili er supert :)

mandag 4. mai 2009

Solskjerming i bil


Sugekopp-solskjerminga vår dett ned heile tida, og no som det er så nydeleg vårvær er det nesten synd å sperre ute sola, men det er ikkje så behageleg for våre søte små.

Vurderar å teste ut solfilm ala dette frå Solarplexius.

søndag 3. mai 2009

Heimelaga potetsalat


Denne oppskrifta har eg funne på sjølv. Det går frå 0 til ferdig på litt over tjue minutt.

10 poteter til fire personar
Eitt eple
Ein del rømme
Ein del majones
Ein del kesam
Krydre med dill, graslauk, salt og pepar

Vask potetene godt, lat skalet vere på, og del dei i litt store bitar. Kok til dei vert møre, omlag 15 min. Tøm av vatnet, sleng oppi eple, og rør inn rømme, majones og kesam, ca like mykje av kvar av dei, krydre, og sett på bordet.

Supersaftig sjokoladekake


Eg fann denne oppskriften på Det Søte Liv, og det er ein kjempesaftig kake!
Passar i langpanne, og er perfekt til barnebursdag, grillfestdessert og generell øydelegging av slankekurar.

Ingrediensar:
150 gram smør
1 liter økologisk kefir
7.5 dl sukker
5 ss kakao
6 ts natron
9 dl kveitemjøl

Bland fyrst det blaute, og så det turre oppi.
Steik på 180 graderi omlag 45 minuttar.

Glasur: (henta frå Kristine sin gode sjokoladekake, då eg ikkje hadde firkløversjokolade i huset)
100 g smør
250 g melis
1 ss kakao
1 ts vaniljesukker
3-4 ss kaffi (kan byttast med appelsinjuice)

lørdag 2. mai 2009

Acta Graco DuoLogic 2


Magnus sit i eit Acta Graco DuoLogic 2.

Han hadde opprinneleg Britax Rømer Babysafe, som er eit reint babysete, frå 0-13 kilo. Det setet vart for trangt i setet,på grunn av at han sit med Frejkas pute. Ein dame på Babyshop foreslo at han skulle ligge i boxette, men då holdt eg nesten på å få slag, rett nok er det framleis lovleg, men trygt er det ikkje. Men Duologicen er perfekt.

http://www.toffeliten.no/index.php?main_page=product_info&cPath=24_57_59&products_id=345

Beste karakter for bilbarnestolen fra 0 – 4 år
 
I DuoLogic sitter ditt barn trygt på turen hjem fra fødeavdelingen
og helt frem til fireårsalderen, det vil si de årene hvor
barnet er mest ømtålig. Et antall finesser gjør også livet som
foreldre enklere med denne stolen.
 
Tre stadier
I den første tiden hviler ditt barn trygt i den utagbare babystolen
med justerbare innlegg. I takt med at barnet vokser,
justeres helningen på stolen . Fempunktsbeltet justeres med
et enkelt håndgrep.
 
Ingen forankringsseler
DuoLogic monteres like sikkert med to- eller trepunkts
bilbelte, eller med ISOFIX hvis du har en nyere bil.
Forankringsseler trengs ikke!
 
På tur
DuoLogic 2 er godkjent for montering i bil uten base.
Trillehåndtak og hjul er nå inkludert og du kan trekke med
deg babystolen på korte turer. (F.eks. på flyplassen)
 
Beste karakter
Under utviklingsarbeidet gjenomgikk DuoLogic tøffe overbelastningstester
hos den tyske motororganisasjonen ADAC.
Testinstituttet Smartson ga også DuoLogic beste karakter i en
test gjort vinteren 2007.


GODKJENT: ECE R44 04 godkjent opp til 18 kg i for eller baksetet. 

MONTERING: Plasseres mot kjøreretningen i for eller bakseter med to- eller trepunktsbelte
eller ISOFIX-feste.

Britax Secura


Anna sitter i Britax Secura.

Setet er godkjent for bakovervendt plassering i alle seter, 0-25 kg. Seter er langt i ryggen, og ho har god utsikt. I vår passat er setet så stort at me lyt ha henne bak passasjer-setet, fordi setet foran lyt redusere litt på beinplassen. Samanligna med Magnus sitt Duologic-sete bygger dette litt meire, men det kan også nyttast lengre.

Me synes dette er eit trygt og godt sete, men synes og me har ofra litt komfort på passasjersida for å ha plass til det.

Argument frå Britax:
* Dype, støtabsorberende sider gir beskyttelse også i sidekollisjoner.
* Lett å montere på alle passasjerplasser.
* Brukes bakovervendt med støtteben på alle passasjerplasser, også foran.
* Komfortabel og romslig for barnet.
* Mykt og ergonomisk testet Comfort-trekk.
* Kan stilles i sovestilling underveis.
* Godkjent i henhold til ECE R44 rev. 04, som første bakovervendte bilbarnestol for 0-25 kg på alle passasjerplasser.

Dei minste borna bør sitte bakovervendt

Alle foreldre bør vite at born bør sitte bakovervendt.  
Bakovervendt er best fordi: 

1: Risikoen for å bli drept eller skadet er fem ganger høyere i forovervendte barnestoler enn i bakovervendte. Barn bør derfor sikres bakovervendt så lenge som mulig, helst til de er ca. fire år. Kjelde: Trygg Trafikk.
http://tryggtrafikk.no/Norsk/Trafikksikkerhet/Barn_i_bil/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=926 

2: Born under fire år har så stort hovud i forhald til kroppsstørrelse, at ei bilulykke vil påføre store nakkeskadar, i verste fall unødvendig dødsfall. 

3: Best i test er ikkje alltid best. Testane tek ikkje omsyn til at bakovervendt alltid er betre enn framovervendt. Bakoverseter ofte er vanskelegare å feste, og dei får trekk på brukarvenlegheit. Kjelde: NTF
http://www.ntf.se/konsument/barnibil/default31147.asp 

4: Bilsjuk? Det er i realiteten svært få born som vert bilsjuke av å sitte bakovervendt. Har du testa alt på denne lista? 
http://sikringavbarnibil.blogspot.com/2007/08/bilsyke-barn.html

5: Bakovervendt anbefales sjølv om det er større hyppigheit med påkjørsel bakfrå-ulykker. Årsaken er fart og skadeomfang, ved bakfrå ulykker er det enten bevegelse i samme retning, eller ein stilleståande bil, og dette gjev mykje mindre skader enn dei enorme kreftene som er i sving når to bilar frontkolliderar. Kjelde: Trygg trafikk 
http://www.tryggtrafikk.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=3151

6: Vaksne trur det er ubehageleg for bornet å ha bøygde bein, men i realiteten tåler born godt å ha bøygde bein, dei tåler dette mykje betre enn vaksne. På langturar bør ein ta gode pausar og late alle få strekke på beina. Uansett bør sikkerheita være viktigast. Kjelde: Sikring av barn i bil 
http://sikringavbarnibil.blogspot.com/2007/09/byde-ben-er-ikke-farlig.html 

Hoftedysplasi og frejkas pute


Magnus har på Frejkas pute på grunn av hoftedysplasi. Det betyr at hofteskålene hans ikkje vart heilt ferdig utvikla medan han låg inne i magen, og at beina hans skal ligge i 90 graders vinkel i ein periode på 18 veker. Etter det skal me på kontroll, og me har no fått time til røntgen 5. juni for å undersøke om han er blitt frisk. Omlag 1% av alle born har hoftedysplasi.

Hoftedysplasi er arveleg, og eg hadde det når eg var liten. Hjå meg vart det ikkje oppdaga før eg var 6 månedar. Det er stor forskjell på ein heilt nyfødt baby og ein på 6 månedar i forhald til mobilitet, så dess tidligare, dess betre. Eg låg også i pute, og vart heilt frisk, ingen hofteproblem på meg (bekkenløsning ved graviditet er heilt uavhengig av dette).

Det har vore litt styrete å ha på denne puta, men stort sett så har me funnet ut av det, og det vart fort ein del av rutinane. Han kjenner ikkje noko vondt av å ha på pute, dei fleste born har beina rett ut allikevel, og han kjenner heller ikkje til noko liv utan den, sidan han fekk den på to dagar gammal. 

Nokon praktiske utfordringar har me hatt. Vogna vår hadde for trang bag, men me har fått låne ein ny OTH Mountain Buggy med bag. Bilsetet hans vart for trangt, så me måtte kjøpe eit med større plass til beina. Me endte med Acta Graco Duologic 2, som har god plass til beina, og kan brukast frå nyfødt. Han skal ikkje sitte for lenge i bilsetet om gongen, så ma har utsatt alle vestlandsturar til etter han skal slutte med pute.

På Bærum sjukehus er det ikkje vanleg å ha kontrollar av hoftene undervegs i behandlinga, men me har vore der ein gong på putesjekk, for å undersøke om me hadde riktig størrelse på puta. Det var ikkje naudsynt å gå opp i størrelse, for så lenge hoftene får riktig vinkel ut frå kroppen, er puta stor nok.

Born som er under putebehandling skal ha på seg puta 24 timar i døgnet. Dei skal sove med den, og helst ikkje ha for lange stelleperiodar, der dei ligg utan pute. Han kan ligge på magen, men det er ubehageleg for han, sidan han blir litt framtung, men han får lov til å ligge litt på magen utan bleie og pute ved kvart stell. Feks babysvømming får me ikkje reise på så lenge han brukar pute.

Påkledning under puta er kun naturlege materialer som ull, bomull eller silke. Det blir fort klamt under der, og me skiftar fleire strømpebukser om dagen. Eg har nokon få bukser som eg greier å ta utanpå puta når me skal ut og gå, men det beste er å ikkje ha nokon bukse utanpå.

Bæresjal går fint å bruke, eg har sleepywrap elastisk sjal, og det skal også gå fint med mei tai, men det har eg ikkje testa enno.

Litt meir info om hoftedysplasi frå Sjukehuset i Vestfold


Magnus 3. mnd


Sjarmøren vår :)

Vennen på badet


Halla søta, er du her ofte eller? ;o)

Frisøren på badet


Anna har vore til frisøren på badet, og fått ny og kortare pannelugg.

Frisøren på badet er kjend for sin "lyn-klipp", det skal helst ta mindre enn eitt minutt, og då kan det fort skje at luggen ikkje vert heilt rett.

1. mai-tur til Gupu


Me utnytta solskinnet 1. mai, heiv ungane i bilen og køyrde til vestmarksetra, og gjekk ein liten kveldstur til Gupu (4 km t/r). Anna bytta på å gå og sitte i bæremeis, og Magnus sov i sjalet.