mandag 11. januar 2010

Me har fått nytt ikea kjøkken

Først må eg innrømme noko. Eg byrja jo å jobbe på mandag, og eg ser at det kjem til å bli meir sporadisk blogging framover. Ihvertfall føles det slik når eg spring rundt heilt i hundre heile dagen, kjem heim frå jobb med hovudet fullt av ting og tang som må berre stuast til side, for to timar full rulle med leik og kos og middag og lesing av bøker og tannpuss og nattasong. Og enno er Kjell i pappaperm, så den verkelege utfordringa byrjar når me skal hente og levere i to barnehagar oppå alt det andre.

Men, ihvertfall, i dag så rydda me ut julepynten, så då kunne me sette opp det nye kjøkkenet! :)


Dette er altså inne i kroken der juletreet stod, og me er veldig nøgde! Juletreet er erstatta med julegåver. Eit tipp-topp Duktig leikekjøken frå Ikea, litt over ein meter høgt, snertent og lett og montere. Det følger med masse små kjøkenredskap, som eigentleg fulgte med julegåvene, men det var så masse gåver allikevel, så no sparar me dei til Magnus sin eittårsdag, det er jo ikkje så lenge att.


Sidan me var så godt i gang med ryddinga, så pakka me like godt saman leikegrinda, den har ikkje blitt noko brukt i det siste allikevel. Då Akkanikka og eg var på Miss Muffet før jul, så kom eg visst til å kjøpe eit lite hus, som eigentleg er ei leikekasse. Og eg synes denne oppbevaringsboksen gjer seg mykje betre i stova enn leikegrinda, og den er mykje søtare. Eg fekk plass til alle leikene frå grinda oppi den nye kassa + Hensvik benken med oppbevaring som står under.

Midt i heile oppryddinga, akkurat på det punktet då det ikkje kan bli værre, før det blir betre, eg meinar at heile huset stod skikkeleg på hovudet og var maks bomba, så kom sjølvsagt gata vår sin vel-representant på besøk. Det er jo kjempekoseleg å få besøk, men eg synes det er flaut når folk ser dette rotehuset. Han har heldigvis små ungar sjølv, så han sprang ikkje hylande ut att.

Har du det alltid besøksklart heime eller?

3 kommentarer:

  1. Ja, huff hverdagens stress og mas kommer altså bare å tar innersvingen på en... så da er det godt man har litt blogging å flykte inn i ;-)

    Og flott kjøkken dere har fått dere!

    SvarSlett
  2. Du begynte å jobbe i forrige uke du ja, jeg begynner ikke før 1 februar... Har ulønnet frem til da, og nyter tiden så godt jeg kan! Ellers håper jeg det går bra med dere? Har guttungen fått barnehageplass? Klem fra oss

    SvarSlett
  3. Ja, kjøkkenet er berre lekkert, og finare enn det eg driv og kokar på til vanleg. Kjempefornøgd med det!

    Eg prøver å ikkje stresse, men overgongen frå permisjon til arbeidsliv skal ikkje undervurderast, den er ikkje heilt enkel. Men eg trives veldig godt i å være tilbake i jobb, så då blir det gøy og.

    Minstemann har heldigvis fått barnehageplass, enn korleis er det med Linnea?

    SvarSlett