NB! Work in progress - bloggen endrar seg og veks seg til smått om senn.... Takk for at du tek turen innom!

søndag 21. august 2011

Frukost for to ♥

Her i huset er det eit ufråvikeleg krav at alle skal ete frukost i lag på laurdagar og søndagar. Skjønt, krav og krav… Eg kunne like gjerne ha sagt ufråvikeleg høgdepunkt eller ufråvikeleg samlingspunkt. Klokka blir ofte både 10 og 11 før frukosten står på bordet, og ofte lagar vi plass til tanteungar og andre kring bordet. Når vi samlast til desse seine og lange frukostane er egg eit sjølvsagt innslag på kjøkkenbordet, så i dag skal du få ei oppskrift med meg på ein omelett som er supergod! Det er ingenting hokus pokus med den eigentleg, men i går laga eg den på ein litt annan måte enn elles.

Men kvifor har eg kalla innlegget “frukost for to”, når vi alltid er minimum fem kring bordet? Det har seg nemleg slik at eg og husbonden hadde laga klart til frukost i går, men ungane hadde absolutt ikkje tid til å kome akkurat då, for dei var midt i eit spennande barne-TV på loftet. Vi ropte fleire gongar, men til slutt gav vi opp. Då sette vi oss ende ned og kosa oss med ein stille og roleg frukost, berre vi to. Eg veit ikkje om omeletten var ekstra god fordi eg hadde vore heldig med oppskrifta, eller om det var fordi det var så godt å nyte den i fred og ro… Uansett, her kjem oppskrifta!

Til to personar treng du:

3 egg

3 ss fløyte (mjølk eller vatn om det er kvardag)

Salt

Pepar

Purreløk, så mykje du vil

Paprika, så mykje du vil

Brokkoli, så mykje du vil

Soyaolje til steiking

IMG_1979

Slik gjer du det:

Knekk egga og tilsett fløte, litt salt og pepar. Rør til alt er blanda. Slå det over i ei steikjepanne. Det er fint om du har ei litt stor steikjepanne, slik at ikkje omeletten tek all plassen i panna. Du kan godt bruke steikjespaden og forme omeletten til han får den storleiken du vil ha. Ved sidan av steikjepanna surrar du grønsakene lett, før du legg dei utover omeletten. Bruk godt med soyaolje. Vanlegvis hadde eg brukt smør her, men etter ein kjapp Oslotur sist veke kom eg på andre tankar. På hotellet der eg overnatta laga var der ein kokk ved frukostbuffeten som laga omelett medan vi venta. Ventetida vart nytta til matprat, og han kunne fortelle meg at han likte aller best å steiker omelett i soyaolje. Difor prøvde eg altså det, med svært godt resultat!

IMG_1980

Fordelen med å surre lett grønsakene før du legg dei på omeletten er at dei framstår som mindre rå, sjølvsagt, og eg meiner faktisk at smaken kjem mykje betre fram. Særleg gjeld det brokkolien og paprikaen.

IMG_1981 IMG_1986

Brett omeletten forsiktig i to og la den ligge og kose seg på panna medan du gjer klart resten av frukostbordet. Eg brukte ikkje tomat på denne omeletten (noko eg ofte gjer), men tomatane fekk sjølvsagt vere med som pynt og smaksforsterkarar til slutt!

IMG_1990 copy

Server omeletten på rykande (sjekk biletet!) ferske no knead-rundtstykker! Den superenkle oppskrifta finn du om du trykkjer her!

IMG_1995 copy

Denne frukosten gjekk rett inn i minneboka. Sjølv om store familiefrukostar er det beste vi veit, var det jammen godt å kunne setje seg ned to vaksne og prate om laust og fast og ete frukosten uforstyrra. Det føltest nesten litt rampete!!! I dag vart det forøvrig slik det skal vere; egg på bordet, svoltne ungar, god kaffi og god prat!

God søndag til alle!

PS! Legg deg gjerne til som medlem på sida mi ved å bruke lenkja i høgre marg på bloggen (merka “følgere”), eller bli medlem på kjøkkenbenken si Facebookside, den finn du ved å klikke her!

1 kommentar:

  1. Lange gode søndagsfrukostar er fantastisk fint - og når ein har fullt rundt bordet er det ekstra stas:-))

    SvarSlett