Skoler i Ringebu:
Sør-Vekkom Skole

Søre Vekkom skole i Ringebu

Se flere bilder…

Huset som i dag blir kalla Hanstadbygningen i Vålebrua, var truleg det fyrste fastskulehuset i Ringebu. Det vart fløtt dit det står no etter 1870, da ny klokkar- og skulegard vart bygd på Halstadjordet. Her heldt storskulen i Søre Vekkom til fram til 1935, da nytt skulehus for både småskule og storskule vart innvigd på Gildesvollen.
I 1966 vedtok kommunestyret å slå saman dei to Vekkom-krinsane. Protestar førte til at Søre Vekkom fekk ha småskulen sin, og i 1983 vart 5. og 6. årskull ført attende til Søre Vekkom krins.
Frå hausten 1997 er denne skulen lagt ned, og elevane overførde til skulen på Skyttarhaugen opp for Vålebrua.
(Kjelde: Hemgrenda 1997).

Per Åsmundstad i Ringebu har skrevet noen ord om de gamle skolene i Sør-Vekkom:

Den fyrste fastskulen var på klokkargarden Grov litt nord og ned for Prestegarden. Den starta i 1850 og heldt til i Grov fram til 1870 da den vart fløtt til Halstad sør for Prestegarden der den var til 1935 da det nye skulehuset vart opna på Gildesvollen. Skulen vart nedlagt på 1990-talet.

Den gamle formannskapsstugua ("Stugua" i daglegtale) ved kyrkja var i tida 1919-1935 nytta som skulelokale for småskulen, 1-3 klasse, medan storskulen heldt til på Halstad. Dei lærarinnene som dreiv småskulen i Stugua var desse:

1919-1921: Klara Rudi frå Sør-Fron gift med Petter M. Spangrud i 1921.Ho levde frå 1891 til 1983.
Deretter 1921-31 var Marta Tulluan frå Klæbu lærarinne. Ho vart gift med teologen Vermund Hollekim og fløtte med han til Arna aust for Bergen.
Ingebjørg Hansdtr. Lundstein tok over etter Marta og følgde med til det nye skulehuset på Gildesvollen i 1935 der det også var bustad for lærarinna i andre etasje.

Formannskapsstugua er senere også kjent under navnet Kirkenær.

Søre Vekkom skole

(Foto: Arne B. Johansen, Ringebu historielag)

Søre Vekkom skole i Ringebu

Drengestua på Nordgard Brandstad der småskolen holdt til i mange år fram til 1919. (Foto: Erling Raubakken, Ringebu historielag)

  • Skoler i Ringebu:
    Sør-Vekkom Skole