tirsdag 8. juni 2010

Viltcamera med dårleg focus


Me har i mange år hatt viltstein ståande ikkje så langt frå selet vårt på Fjellstødl i Supphelledalen, me har sett at hjorten har nytta seg av steinen men aldri sett hjort der så difor sette me opp eit viltcamera nokre dagar for å sjå om me fekk bilete av dei, og det fekk me, allereie første natta etter at me sette opp camera var det hjort på steinen. Her er to bilete med 5 dyr samtidig. Camera fungerar ikkje heilt som det skal og skal difor sendast inn att til leverandøren, det ser ut som om det er ute av fokus.