fredag 21. mai 2010

Referat Vinderen - Oldenborg2

Vinderen - Oldenborg 2 0-4 (0-2)

Mål: Torstein x 3, Thomas
Assist: Knut Erik, Gox, Kim

Oldenborg to har blitt eit ambisiøst lag: Vi satsar no på å slå lag som ikkje har drakter og som ikkje varmar opp før kamp!
Difor var det store forventningar knytt til kveldens kamp mot Vinderen. Det litt sure uavgjortresultatet mot Christiansands skulle leggast bak oss; vi var klare for tre nye poeng.

Trenar Krisso plukka ut desse elleve til å starte kampen:
Jørgen-Roger Os (Oldenborg1)- Bjarte- Steinar- Øystein
Gox- Knut Erik- David-Thomas
Torstein- Kaptein Mathisen
på benken: Krisso, Trond Erik, Pål Anders, Kim, Kristian Køhn

Men som ofte før hadde Oldenborg også i denne kampen problem med å komme ut av startblokkene. Det var Vinderen som var farligast dei første minutta, og dei hadde faktisk også ballen i nettet. Men Lemvik tok ansvar, ropte på offside- og det vart offside. Ei rett avgjerd var det nok også.
Etterkvart tok Oldenborg over; forsvaret fekk sett seg skikkelig og David og Knut Erik fekk overtaket på midten, og fora kantspelarane og spissane med pasningar. I denne gode Oldenborgperioden scora Torstein sitt første for sesongen, etter eit fantastisk innlegg frå Knut Erik. Like etter viste Thomas fram den flotte skotfoten og banka inn 2-0. Mot pause hadde Oldenborg stort sett kontroll, men vi fekk ikkje i gang det heilt store spelet. Bjølsenbana er heller ikkje plassen for det....

Etter pause kom Kim og Trond Erik inn. Oldenborg produserte ein del store sjansar, bl.a var både Krisso og Køhn nære ved å nå eit fint innlegg frå Thomas, og Kapteinen hadde også eit par mulegheiter han vanlegvis puttar på. Med kampen mot Christiansand i minne, der vi gav frå oss 2-0-leiinga, var vi ikkje heilt trygge på sidelinja: Sjølv om Oldenborg dominerte kampen, satt tydelegvis 3-0-målet, som ville punktere kampen, langt inne. Heldigvis viste Torstein seg fram frå si beste side i dag: Først sklei han inn 3-0 etter ein retur på eit bra skot frå Kim, før han igjen banka ballen i mål til 4-0 og eit imponerande hat-trick. Bra å sjå at fleire melder seg på i kampen om toppscorartittelen!
Sjølv om vi var klart best, hadde Vinderen nokre sjansar. Men etterkvart gav vel Vinderen meir eller mindre opp, og vi kunne sikre ein solid 4-0-seier. Viktig å vinne slike kampar, på dårleg bane og mot lag vi skal slå for å ha sjans til å nå målet vårt for sesongen!


Kristian Myklebust

-----------------------------------------------------------

Trenerens kommentar.

Vi beharsker bjølsengresset bedre enn sist - heldigvis - og vinner en fortjent og kontrollert seier. Alle viser god innsats, selv om jeg føler flere har enda et hakk ekstra å gå på på dette området. Det samme gjelder å la ballen gå noe raskere på litt færre touch. Men det er bra å ha noe å strekke seg etter.

Kampens øyeblikk må vel være Torsteins jubelskrik og jubeluttrykk etter 1-0 scoringer. Det er herlig å se slike følelser og engasjement.

3.Torstein
2.Knut Erik
1.Steinar

6 kommentarer:

  1. Deilig seier og gratulerer til tremålsscoreren! Tror Gox faktisk hadde to assist i kampen. Første til Thomas og andre til Torstein. Eller tar jeg feil?

    SvarSlett
  2. Mulig du har rett. Thomas kan eventuelt bekrefte dette selv?!?

    SvarSlett
  3. Hvis jeg husker rett, var det en forsvarspiller som headet ballen ut til meg. Men for all det, kan godt være jeg tar feil.

    SvarSlett
  4. jeg tror nemlig også du har rett Thomas!

    SvarSlett
  5. Ok, syns jeg husker at Gox fikk ballen på høyre og slo et høyt innlegg på bakerste der Thomas smeller ballen i krysset på hel volley. Hmm, mulig jeg har sett litt for mye på Zidane-scoringen fra 2002.. :)

    SvarSlett
  6. Thomas Zidane høres bedre ut enn Thomas Espevik. Uten tvil.

    SvarSlett