Linkar:





 
Idyllisk overnatting med historisk sus

Nestunet er tildelt Norsk Kulturarv sitt kvalitetsmerke "Olavsrosa". Merket visar veg til eit eineståande produkt rotfesta i den norske kulturarven. Kvalitetsmerket vert tildelt etter streng vurdering som legg vekt på produktet sin kulturhistoriske verdi, korleis denne er teke vare på, og korleis produktet er gjort tilgjengeleg for publikum.

Anne-Karin og Kåre driv no garden i 11 generasjon.Opprinneleg var det 18 hus på tunet, men under omleggingane i jordbruket før fyrste verdkrig, vart mange av bygningane overflødige. 4 av dei opprinnelege husa vart flytta til Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo, og utgjer i dag det som vert kalla Vestlandstunet der.

Av dagens bygningar er "Idneståvå" juvelen. Huset vart bygd i lafta tømmer i såkalla empirestil i 1863. Det stod opprinneleg for fall inne i Mundheim sentrum, men vart berga av Kåre Nes og møysommeleg tatt frå kvarandre og førd opp igjen på Nestunet i sin opprinnelege form. Huset har i dag fått isolasjon og moderne fasilitetar i kjøken og bad, utan at det opprinnelege preget er gått tapt.

Rivnings- og byggearbeida er utførde av dyktige fagfolk og under kyndig oppsyn og assistanse av fylkeskonservatoren.

Målet har vore å skapa eit levande tun som er ei blanding av tradisjon og landbruk i utvikling.

I den vesle "Strandsitjarstova" på 2x2 m, budde frå 1863 til 1880 ei enkje med 2 born.

Hytta frå 1700 talet er 30 m2, og inneheld kombinert kjøken/stova, bad m/dusj og hems med soveplassar til 4.

Løa frå 1900 har eit tilbygg som kan nyttast som utestove og grillstad med plass for opp til 50 personar.


Solution: protu