fredag 15. april 2011

Bærhage prosjektet mitt

Dette er eit stort prosjekt.
Sidan hagen vår er ny må alt lages fra grunnen av.
No er eg eit stabeist utan sidestykke, så sjølv utan noko særleg kunnskap om utførelse eller planlegging av store hageprosjekter, så kjem eg meg langt på vei allikevel. ;)

Vi har skrå nordvestvendt tomt med leirejord, så utfordringane er der, men med utfordringer kjem det også uante muligheiter og idèane fløymer over i haudet mitt. Ein av idèane mine var ein trappebærhage. Det mest vanlege å gjere med skråninger er vel å legge duk og sette ned masse planter, og det er fint det altså, men kvifor ha det mest vanlege alltid? Dessuten vil eg utnytte arealet til noko nyttig. Det var då idèen dukka opp.

Prosjektet er langt fra ferdig, men eg vil vise det foreløpige resultatet her no.



Omtrent så langt kom eg i fjor. Bærtrea stod før plassert på bakken nederst her, men den plassen skal brukast til ein liten kjøkkenhage no, så då måtte bærtrea finne seg ein ny plass. Det vart i skråninga. Eg starta nederst med å grave ut ei grøft der eg la ned eit drensrør, så sette eg på plass ei rekke med støypte betongklosser. Kvar kloss veg 50 kilo. Fylte deretter opp med singel bak, la heller oppå og planta seinere jordbær nedi klossane. Takk og pris for at mannen trilla singel til meg, for det er det gørraste arbeidet altså. Så grov eg tre store hol som eg la singel i bunn og fylte opp med god jord. Rulla dei 50 kilos tunge betongklossane (med hol i bunn) på plass og velta dei over hola. Så var det berre å plante solbær, rips og stikkelsbærtre nedi. Det ser ut som dei trivest, for dei spirer godt i år! Eg gjentok arbeidet videre oppover, men siste delen må eg ta i år.

Her er nederste rekka med jorbærplantane nedi. På enden her har eg planta ein kvit klematis og ei klatrerose, Coral Dawn. Dei skal vekse oppover buen som skal stå her ved inngangen til trappebærhagen. Den ligg berre å venter på å bli montert opp no i løpet av våren ein gong. Eg må muligens flytte rosa og klematisen nedi bakken, for dei er nok litt for utsatt for frost i desse betongklossane. Lurer på å sette opp eit lite stakittgjerde nederst her for å gjere det litt lunere for jordbæra og samtidig få eit fint skille mellom trappebærhagen og plenen.

 
Her har vi prøvemontert opp buen. De ser også søtkirsebærtreet eg har planta midt på marka, og syrinhekken i bakgrunnen. Den er foreløpig ganske liten, for den var planta i fjor haust. Området her skal rammast inn med stakittgjerde etterkvart. Forhåpentligvis i år.


Dette er tanken.
Trappebærhagen viser ikkje her, men de ser jordbærrekka og buen inn til den i bakgrunnen. Teikninga har eg laga sjølv med hjelp fra Plantasjen sitt hageplanleggerprogram. Veldig enkelt og kjempepraktisk å kunne lage sine egne tegninger uten kostnad!

Her fra andre siden.
Vi skal bygge to sånne kasser som vi skal så gulrøtter og andre grønsaker i. Dette skal bli ein lun koselig plass som vi kan kose oss med nyplukka bær og grønsaker under søtkirsebærtreet på varme sommerdager. :)


3 kommentarer:

Torill sa...

Dette var kjempefint, utrulig smart med trappehage! Ser du skriv "haudet", reknar med du er sunnmøring då ;-) Profilen din stemmer veldig godt med min. 29 år, to born og "litt" peiling på hage. Hage er gøy altå, synd det tek slik tid og kosta mykje penga.

God påske!

Nina sa...

Ja, hihi, eg er Sunnmøring. :)
Vil helst at alt skal bli ferdig med ein gong.

Mia sa...

Jag blir helt imponerad över allt du skapat i din hage, så flott allt ser ut. Men det planleggingsprogrammet finner jeg ikke frem til, sukk..
Ha det fint :)