mandag 24. januar 2011

Fjellvand følge

For ei veke sidan blei det bestemt at eg får følgje dei 27 første dagane. PUH - då treng eg ikkje bekymre meg så mykje for den vanskjelege oppstarten i det kalde nord.

Per Gunnar blir med frå 9. april og ut påska.

Siggen og Olaf frå Hurdal blir med i påska. Siggen er god barndomsvennine frå Trondheim, Olaf er hennar mann. Begge er superspreke og har vore på Finnmarksvidda før.

Etter påska blir Arne Lyshol, tidlegare kollega av meg og no sprek pensjonist, med i 10 dagar  -  då satsar vi på å ha kome til Bardu-området.

Etter det har eg nok fått såpass innkøyring og trening at eg kan fortsette trygt aleine.
Godt å få turfølge i starten. Siggen (t.v.) og meg i Rien, no blir det Finnmarksvidda.
Foto: Jorunn Sætnøe

mandag 10. januar 2011

Planlegging igang

Lurte tidlegare på om draumen min berre var jabb frå mi side sidan eg ikkje kom igang med planlegginga som andre meinte eg burde starte for lenge sidan. Men i haust kom motivasjonen automatisk - for no nærma det seg og eg trengte å starte planlegginga. Så frå september har eg vore igang.


Cirka sånn tenkjer eg turen skal bli. Frå Rien 2007. Foto: Sigrid Bernhardt






Trening 


Eg har gått med tung sekk (15-25 kilo) så å seie kvar helg (1-3 timar), trent yoga på stovegolvet (CD), jogga ein del i Melsheia og gjort ein del styrketrening. Hatt diverse  gode og ikkje fullt så gode økter. T.d. i Madlansheia, då vi gjekk på ein glatt, vanskjeleg driftaveg. Ramla sjølsagt bakover, pang i bakken, vanskjeleg nok å kome seg framover med 25 kilo motarbeiding. Då eg klarte det såg eg det rann kvitt bak meg:  det eine (av tre) femlitersspann i sekken hadde sprokke! Men lukka står den kjekke bi: malinga var vannbasert og lot seg skylle ut i vatnet rett på sida.
Noko eg IKKJE har kome godt nok i gang med er orientering, bruk av GPS og kart og kompass. Men det kjem, det kjem, det er tre månader igjen enno.

I helga (7-9. jan) var vi i Hunnedalen, eg spadde ei snøhole (les: snogrop) og låg ein god time med vindsekken  - for å teste korleis det kjennst. Var ikkje så ille som eg trudde.

1. gangs graving av snøhule - joda!




Nøkkelpersonar


Eg har god hjelp av vande turfolk både i sør og nord - HIPP HURRA for turistforeninga. 

I 2008 fekk eg namnet Jarle Nilsen frå Turistforeninga. Vi har i haust hatt dialog gjennom mail og møte (på Jernbanekafeen på Oslo S kl 9 mandags morgon). Han har gitt meg dagsetappeoversikt over heile turen (!), kartoversikt, teikna inn traseen på kart eg hadde med og gitt tips og kontakter for overnatting og butikkplasser. VELDIG BRA. Til og med rutetider på buss hadde han i hovudet! 
Eg har hatt møte med Eirik Bråtveit og Fredrik Nordberg som begge har gått turen, samt Olav Rugås og Karl O Gjerstad om diverse utstyr. VELDIG NYTTIG - både for konkrete tips, men óg for motivasjon og tru på at eg faktisk kan klare det ("det er berre ein haug med dagsetappar etter kvarandre"). Og så les eg stort sett dei bøkene eg kjem over om liknande turar, Monsen sine ikkje minst. Morosame, inspirerande og nyttige.

Og det ser kansje ut til at Siggen og Olaf blir med i påska. Bra.
Og Per Gunnar blir med dei 17 første dagane. Hurra. 


Utstyr

Eg har begynt å kjøpe ein del utstyr - og legg mest vekt på vekta!

Har og bestillt flybillettar til Alta!