Fritidsbustader i Myrkdalen Vest kjem for sal.

Leilegheitene i neste byggetrinn har den aller beste plasseringa i Myrkdalen Vest med omsyn til utsikt og solforhold. Desse leilegheitene vert lagt ut for sal snart.

Meld di interesse til pk@myrkdalenvest.no, så du får prospekt når det er rykande ferskt.

Det er berre 4 leilegheiter i kvart hus og leilegheitene i 2. etg. har store hemsar  (loftstove/soverom). Arealet er frå 60 til 101 BRA, 2-4 soverom, 1-2 bad. Kjøkken med kvitevarer, flislagt bad og varmekablar på bad og entre er inkludert.

Alle leilegheitene inkluderer romsleg sportsbod på 5 kvm.
 

Ski-inn ski-ut i Myrkdalen Vest.

I reguleringsplanen for fjellsida nord for Myrkdalen Vest, er det to framlegg til nye skiheisar. Det eine er heis frå Låven i Myrkdalen Vest. Det andre er heis ca 280 meter opp i lia frå Myrkdalen Vest – ein kort spasertur før skiopplevinga. Bilen kan dermed stå. Kva for heis to som vert valt i endeleg plan er ikkje avgjort. Klikk her for kart over skiheisalternativa.

Myrkdalen Vest passer for deg som vil ha det barnevenleg i eit mindre utbyggingsområde med godt miljø, og samtidig bu sentralt og nært alle tilboda i Myrkdalen.

Myrkdalen Vest ligg vest i Myrkdalen, eit steinkast frå Myrkdalen Fjellheisar og Myrkdalen Fjellandsby og alle tilboda der. Som nabo til skianlegget kan du stå på ski til leilegheiten. Vert nye heisforslag realisert, vert det så godt som ski-inn ski-ut i Myrkdalen Vest.
 
Preparerte turløyper startar ca. 200 meter frå leilegheitene.

Leilegheiter i Myrkdalen Vest har stor bruksverdi heile året. Vinterstid dominerer snøen landskapet og om sommaren er det lunt mellom fjella ved Myrkdalselvi. Ein ferieleilegheit i Myrkdalen vest passar for deg som vil ha det barnevenleg og litt meir privat i landlege og rolege omgjevnader – og som samtidig vil bu i eit levande mindre senterområde som nabo til alpinanlegget og alle tilboda den storslåtte naturen gir.

Leilegheitene har terrasse/balkong mot vest og sør. Kvaliteten er gjennomgåande god; m.a. store vindaugsflater, integrerte kvitevarer og høge overskap på kjøkken, downlights i entre og på bad, balkongar med gelender og tak av glas (2. etg.). Leilegheitene har balansert ventilasjon. Det fylgjer med ein parkeringsplass. Gjesteparkering.


Hus AB.

 


Stove/kjøkken leil.B.  (Foto: #birthebilde)


Bad.


Soverom.