TOKTLOGG LERWICK/SCALLOWAY 65 ANNIVERSARY VE DAY MAY 8th 2010, 5. - 10. mai 2010

4. mai 2010

Mannskap

Freddy Silden, Karin Silden, Arve Nybakk, Ann Mabel Nybakk, Tor Kråkenes, Audun Nybakk, Arvid Haug, Per-Kåre Nybakk, Willy Berg, John-Arne Nybakk, Marius Nybakk, Alf Sjåstad

Det er planlagt at NYBAKK sleppe springen 5. mai 2010 i Barstadvika, ca. kl. 18.00.

 

05. mai 2010

Vi er 2 kare med store forventninger som forlet Florø litt over klokka 16.00 i dag. No skal vi strake leida opp til Måløy for å gå om bord i NYBAKK. Der er kjenningar å sjå på Kystvegxpressen og alle omtrent veit kva ærend vi karane er i.

Då vi steig i land såg vi NYBAKK ligge klar borte med Tennebø, akkurat som i gamle dagar. Vi vart plukka opp av mamma i lag med alt pøet vårt og køyrd like til rekka. På Tennebø-kaia var der eit kokande liv. Utførselen var levert og var iferd med å bli stua i rommet.

Det var bare å hive pøet på lugaren og komme seg i gong. Overflødige tamper på dekk vart stua under shelterdekket. Fendere vart surra og det same vart landgangen. Vi begynte so smått å bli sjøklar og no venta vi bare på ein ting. Vi skulle ta med autoline til MS NESBAKK som ligg rett sørfor Statfjord i godt fiskeri. Denne var no på veg gjennom gate 1 og når bilen ankom kaia var den buksert om bord i ei viss fart. Linekveilane vart plassert i vevde plastsekker og plassert på shelterdekk.

Klokka hadde passert 18.30 då Freddy manøvrerte oss greitt frå kai og kursa ut Måløystraumen. Då han stramma opp før vi var komne gjennom løpet, merka vi fort at maskina sparka frå på ein meir gjennkjennande måte. Krafta var til å ta og føle på og vi såg på hekkbåra at båten var blitt den gode gamle virile igjen. Før vi no var ferdige med Vågsfjorden hadde alle prøvd på seg overlevingsdraktene før desse vart stua vekk i dekkskassa på babord side av galgedekk. Og i det vi passerte Klovningen vart vaktene gjennomgått då vi hadde samling bak i kastebingen. Her var no alle tilstades og alt av stort og smått å gå gjennom vart ordna her, t.d. kva av brytarar ein ikkje skulle røre osv. Håper at alle fekk med seg dette ;)

Vermeldinga for natta skal vere laber bris, men no når klokka 23.30 er sjøen sopass grov at vi rekne med at det bles meir enn laber bris. Vi har hatt eit bra måltid mat og Marius har fått seg ein tablett attåt. Litt bleik om nebbet har vi sete bak i hekken ein liten time, men no er fargen komt igjen ifjeset og vi reknar med at det verste er over no. Meininga er at vi skal møte MS NESBAKK litt sør for Statfjordfeltet rundt kl. 06 imorgon tidleg. Vi skal der få buksert sekkane med autoline over til dei. Deretter skal NYBAKK kurse endå meir rett vest mot Shetland. Etter vermeldinga skal vinden stilne heilt av fram mot 06.00 for deretter å dreie litt nordleg. Og nordleg vil han vere resten av vegen over.


06. mai 2010
Det vart ei litt uroleg natt for dei fleste av oss. Fleire tok difor livd i messa for starten på natta. Når det byrja lysne ga vinden seg og det vart mykje meir livd i ei køy framme i forpiggen også. Eg låg i kahytten bak åleine. Marius tok livd i messa så lengje.

Eg vakna til litt fram mot 04. Rekna med at vi då skulle nærme oss Statfjord så det var bare å komme seg over dekk. Freddy og Arve hadde vakta no og Karin var der og. Det var enno litt dårleg lys for fotografering. Dagslyset kom etterkvart . Det var ei fryd å sjekke loggen og sjå at vi holdt godt over 9 knop i veret som var. Då veret stod på som verst tidleg på natta, hadde farta vore nede på vel 8.

Då vi passerte Statfjord C, klarte vi å skimte MS NESBAKK ein god del sør for oss. Dei var no i ferd med å kaste ein stubb og kursa omtrent rett nordover mot oss.

Rundt oss er det faktisk eit yrande fugleliv å sjå. Havhest kretser rundt båten i godt driv. Godt og vel bare centimetere over bølgetoppane. Ei og anna havsule ser ein og, men desse raske fuglane er ikkje gode å fange med kamera so tidleg på morgonen.

Rundt klokka 07 var vi begynt å nærme oss NESBAKK. Tida for Møte i Rom Sjø var der snart og plutseleg såg vi at dei slepte bøya på stubben dei hadde sett. Freddy tørna rundt for å få vinden inn frå babord og første blåsa og opphalertau gjekk over bord. Per Kåre var no komen på brua og han stod og manøvrerte etter instruks frå Freddy. Vi bakka no forsiktig akterover medan vi slepte ut tau og blåser og sekker med autoline som no rak rett mot dragelukene til NESBAKK. NESBAKK fekk så tak i enden og begynte hale inn vegna si som NYBAKK hadde teke med frå Måløy.

NESBAKK er frå Ålesund og er ein stor og moderne linebåt, akkurat slik NYBAKK var det i 1961. NESBAKK er 45 meter lang og 11 meter breid. 2 shelterdekk gjer til at dei kan ha vegn for både garn og line om bord samtidig. No ligg dei her og fiskar lange og torsk, rett sør for dei mest produktive oljefelta som Norge vinn ut. Tampen har alltid vore rikt både som fiskefelt og oljefelt. Kanskje er ressursutnyttinga her noko som også må brukast i Lofoten om ikkje mange åra.

Overleveringa av vegn var gjort på under eit kvarter. Vi fekk klare beskjeder frå NESBAKK om at NYBAKK var eit strålande syn i morgonsola og med lykkeønskingar til kvarandre gjekk vi frå kvarandre rundt 7.30.

NYBAKK er komt over halveis til Lerwick og det ser ut som om vi når fish&chips sjappa i Lerwick utan problem. Eg gjekk bak i kahytten for å fullføre nattas blogg, mens frukosten vart klar. Ei vel gjennomtenkt baconlukt kjennes no heilt bak hit så eg tenkje eg tek ei pause frå skrivinga så lengje. PS! Når det gjeld kjølinga på Callesen maskina, går det meir og meir opp for meg at nokon har gjort ein Nobelpris-verdig jobb for å få dette til ja.

Klokka er no 14 og der er berekna 5 timar att til Lerwick. (Kjapp hauderekning ut frå kartmaskina…..) Vi går framleis med over 9 knop på snitt og har sjø inn frå styrbord dvs. frå nord. NYBAKK rulle solid og eg kan høyre at propellen under meg er borti og sler tørt ved dei største dønningane. Alt er normalt om bord. Per Kåre er i full gang med middag i byssa. Oppe i rorhuset held Tor og Audun på å ordne litt på tyfonen slik at vi får god lyd i den når vi ankjem Lerwick. Frivaktene er ikkje mykje å sjå til så dei har sikkert ryggkvil. Marius, yngstemann, har fått i seg litt salt som han kaller det, og i tillegg hadde faren smurt nokre store blingser groveskjeve med fårepølse og teke bak i kahytten. Guten er i kjempeform og det er bra. No kjem endeleg dvd-platene til god nytte framme i messa. (Og ikkje hadde eg før pakka vekk edb-apparatet før eg høyrde at turtallet vart drastisk redusert. Kokken hadde då brukt utestemma opp leidaren for å få arbeidsforhold slik at middagen skulle bli ferdig. Og ein kokk med utestemme er vi opplært til å høyre på, elles hiv han salt i kremen.............. ;)

Det vart faktisk stoppa heilt av, dvs. Freddy la oss på bakking mot veret mens Per Kåre fekk gjere ferdig middag. Om middagen må nevnast meir, må det vere med at det Audun som har røykt torsken heime i hagen. Og mens NYBAKK låg og bakka saaaaaakte tilbake mot Norge vart middagen fortært, messa vart rydda og alt vart vaska opp.

 

Deretter fekk alle beskjed om å surre seg godt faste for no vart det strake vegen i 9,6 knop mot Bress-øyna og Lerwick.

Litt over 18.00 norsk tid byrja vi å sjå tydeleg land. Vi hadde no båre og vind inn frå styrbord bak så det var tydeleg slingring. Det hadde derimot ikkje vore nødvendig å surre seg fast for det var egentlig godt ver å gå medvinds inn.

Rett over klokka 20 tørna vi rundt inne på hamna og vi fekk gjort båten fast ved Victoria Pier utan vidare utfordringar. På kaia stod der ein god gjeng og tok i mot oss og hjelpte til med å gjere fast.

Av dei var også Knut Henning Grepstad som skal vere Fylkeskommuna sin representant under markering på laurdag. Knut Henning var rask i vendinga og absolutt eit emne til å ta i mot springen ved andre høve også. Cathy ga oss varme klemmar og vi følte at vi kjenning med alle på kort tid. Vi må også ta med at der var fleire Måløyjenter og spesiell ei visste enorm glede då ho så sin far Lars Terje Gotteberg ombord. Ho skulle bare hente litt nystekte lefser frå Måløy, men var ikkje klar at faren skulle kome med dei personleg. No er eg ikkje fastbuande i StorMÅLØY lenger, men eg hadde ein følelse at dei vakraste måløy-jentene no bur i Lerwick altså.

Båten rann full av både nordmenn og shetlendara og det vart ei veldig uformell mottaking i messa. Og slik blir det ofte der det dukke opp stadsara som tek med seg hr. Braastad. No stakk dei som skulle sove andre stader på land med avtale om at vi skulle møtes. Etter litt oppløyste vi selskapet utan å vere uhøflege. Vi gjekk på fish&chips restaurant. Det vart eit fantastisk måltid, må vere det beste av fish&chips eg har ete.

Framme i baugen kan ein sjå at styrbord anker er banka laust av sjøen over. Litt småfriske har han nok vore ja.

 

07. mai 2010


Raske, men fine var vi når sola slo inn koauget. Vi vakna til ein strålande dag i Lerwick. Antakeleg var veret so bra at våre forgjengara som var innom Lerwick ikkje hadde hatt høve til å vere her, fordi dei hadde viktigare ting fore i rom sjø.

I dag hadde vi på ein måte nesten fri, men noken har aldri fri. Det vil eg bare bemerke. Per Kåre hadde fullt køyr med begge hendå, både offisielt og uoffisielt. Egg og Bacon til frukost og klubb til middag er jo nesten til overmål. For øvrig er det ikkje kvar dag vi ser franske tauser frå Normandie ete klubb for første gang i sitt liv. Det har vi no gjort i dag då; sjeldent syn som nesten burde vore nevnt i Michelin-guiden for 2011.

Men vi åt ikkje kraftkost heile dagen då. Knut Henning, Alf, Marius og meg sjølv har vore på omvisning på Shetland Museum. Musèet vart opna i 2007 av HKH Dronning Sonja. Omvisninga i dag var imponerande. Her fekk vi sjå alt frå byggesett av seksringar som vart førte til Shetland på 1700 frå Norge til bilar som shetlendere som hadde vore på kvalfangst i sørishavet på norske fartøy, hadde kjøpt seg for luten sin. Cathy Hallet sto for omvisninga og den føregjekk 99% på norsk og med god hjelp frå norsk vokalubar som vi bidrog med. Ein ting som var nytt for oss, var at det faktisk hadde vore ein stamme med villsvin på øyane. Det shetlandske ordet for villsvin er GRES, som egentleg likne på GRIS ikkje sant ?? Knut Henning Grepstad var som nevnt også med på denne omvisninga og det såg ut som han naut det like mykje som eg. Denne hjertevarme karen frå indre sogen viste store kvaliteter innan historie som er absolutt å misunne. Det er ikkje bare grundige valvaker denne guten er god på nei. I tillegg er han og veldig god på botn.

På kveldinga vart det eit heilt uformelt klubbe-taffel framme på luka. Her var det ein sunn og god blande av shetlendara og nordmenn og praten gjekk storveges. Cathy var her, Ian var her, Anita var her og ho franske fotografen Nat. Eg for min del hadde Knut Henning ved sida. Eit kraftig og godt måltid for sanne gode vener. Betre kunne det ikkje bli. For sikkerhets skuld så vart det litt show med ein lysmotor, men det parerte Audun på strak arm. Knut Henning heidra NYBAKK med å overrekke Sogn og Fjordane sitt fylkesvåpen til Per Kåre. Det var ei nesten rørande stund for oss bak i kastebingen for dette var stort for oss. Dette var omtrent det einaste formelle vi hadde i fore i dag. Ian fekk overlevert si gåve frå Per Kåre; ostehøvel med rifler og 1,5 kg av forskjellige brunoster. Aldri hadde vi sett nokon gle seg slik over brunost før.

Deretter løyste selskapet seg opp utan vidare seremoni. Vi hadde litt forskjellig frossen mat som måtte ut av frysen for mottakelsen i morgen. Enkelte tok seg ein nightcap eller to, men alle var tidleg i køy. I morgen kjem KV Ålesund til kai og vi skal markere 65 års dagen for frigjeringa av Norge og Europa. Vi var absolutt spente ja .

8. mai 2010
Eg syns eg var tidleg oppe men der sat ein på rama då eg kom der i god fart. Det gjorde ikkje noke det for eg sette bare på kaffien i ventetida.

I dag var dagen for heile toktet vårt. Per Kåre var nesten som ein krunhjort frå morningen, dvs. etter at eg klarte å lokke han fram på dørken 2. gong eg vekte han. Her var det klare beskjeder; mat må de vel klare å skjære og ete sjølv. Jo klart gjorde vi det. Nei han var ikkje heilt likt seg og antakelegvis var det ansvaret for det som skulle skje.

 

KV ÅLESUND hadd ankomme på morgonen og låg no på andre sida av Victoria Pier. I motsetning til oss hadde dei hatt flatt golv over Nordsjøen, men antakelegvis er dette eit relativt begrep alt etter kva båt ein dreg med.

Presis 10.40 gjekk bussen frå Lerwick til Scalloway. Den var fylt opp av crew frå NYBAKK og crew og offiserer frå KV ÅLESUND. Då vi kom ned bakkane mot Scalloway organiserte Derick Herning frå Shetland Norway Friendship Society ein kort fotosession slik at vi fekk fotografere Scalloway og Scalloway Castle litt ovanfrå.

Kledeleg nok kom det nokre regndråpar på oss akkurat då.

Nede i Scalloway ved bautaen for the Shetlandbus leda Peter Campbell , Secretary for Shetland Vaagsøy Twinning Assosiation og med i The Swan Thrust, den høgtidelege seremonien. Her stod Æresvakta frå KV ÅLESUND klar då vi ankom.

Derick Herning og Jack Burges held korte apeller om mannskapet på the Shetland Bus og det at det faktisk var bare nokre få i Scalloway som viste om denne trafikken er jo heilt utruleg for oss. Skipssjef på KV ÅLESUND , Ståle Vorland talte og la ned krans.

Peter Campbell sa i si tale at dette nok var første gongen at det hadde vore feira frigjeringa av Norge på Shetland. Jack Burgess er forøvrig frå Shetland Bus Friendship Society. 44 norske menn frå denne avdelinga omkom under krigen. Bl.a. er forliset av BLIA ganske kjend, då denne aldri vart funn spor etter , etter at den forliste i storm.


Etter seremonien vart vi frakta tilbake til Lerwick og til krigsmonumentet ved Town Hall. Også her vart seremonien leda av Peter Campbell. Her talte også Sandy Cluness og Knut Henning Grepstad frå Sogn og Fjordan Fylkeskommune. Her stod også menige og offiserer frå KV ÅLESUND med skipssjef Ståle Vorland i spissen, æresvakt ved kransenedlegginga. BrassMusikk, både engelske og kjære norske som Gammel Jegermarsj, Norge i Rødt Kvitt og Blått i tillegg til nasjonalsangane, stod Lerwick Brass Band for.

Vi må også nevne at marinen i tillegg hadde hadde 2 MTB flotiljer i Lerwick, der bl.a. MTB 345 vart oppdaga og tekne av tyskerane. Mannskapet her vart henretta på Ulven etter direkte ordre frå Hitler. Andre norske avdelinger må heller ikkje gløymast. På Sollum Voe var der skvadroner med norske flybåter som dreiv med ubåtsøk og patruljering rundt konvoier i nord Atlanteren og konvoiane som gjekk til Murmansk. Her også hadde dei norske avdelingane store tap.

Etter seremonien ved Town Hall arrangerte Derick Herning ei omvisning inne i Town Hall. Her kunne vi sjå gamle norske konger rundt år 1000 i blyglass. (hmmmm! Ikkje veldig mykje slikt å sjå i Norge du…..)

Etter seremonier vart alle invitert om bord i KV ÅLESUND med ein høgtideleg mottaking på brua. Her vart det utveksla gåver og regalier. Bl.a. fekk NYBAKK våpenskjoldet til KV ÅLESUND. Vi gav vidare bilde av NYBAKK til KV ÅLESUND og same bildet gav vi også til Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Etter mottakinga vart det servert tradisjonsrik norsk mat i messa til KV ÅLESUND.

Kort og godt har det vore ein skikkeleg verdig dag for mannskapet på NYBAKK. Dette vart større enn vi nesten kunne håpe på.

Når eg rusla tilbake til båten etter dagens pes tenkte eg som så : I år blir det faktisk feiring av 17. mai 2 gonger………………… (sidene blir justert litt i løpet av dei næraste dagane pga. avgang Lerwick.......) følg med

 

Ut på kvelden og etter mottakelsen på ÅLESUND hadde vi ope skip på NYBAKK. Her kom då fleire av shetlendarane som hadde vore med på arrangementa tidlegare på dag. Arve Idar Utnes og systra hans Laila var også med om bord. Cathy hadde med seg sin Nigel og han hadde med seg fela si. Bak i kastebingen vart songen til NYBAKK igjen framført av denne felevirtousen.

Som sikkert ikkje alle veit, så vann Nigel ein stor pris for finaste melody i ein folkemusikk-konkurranse veka før her. Her var også offiserer og menige frå ÅLESUND om bord og såg på den flotte båten vår. Filmen var køyrd på den nye 42" framme på dekk.
Klokka er så vidt 23. då vi slepp våre gjester i land for siste gong. Cathy Hallet, Anita Orheim og Knut Henning Grepstad tek farvel med oss frå Victoria Pier. Vi ynskje alle på snarleg gjensyn nokre månader fram. Freddy gearer NYBAKK rundt piren og kurser sørover mot Bressay Light House og ut i open sjø.

Sjøen går roleg og det ser ut som om vi får en fin start på natta i allefall. Marius har fått i seg ein siste porsjon med chips og har liksom ikkje lyst å krype til køys med ein gong. Han har mest lyst til å gjere engelsk lekse no, men når det går over midnatt syns eg at det er køye-tid i allefall.

09.05.2010

Eg tørne fram litt over 06.00. Det er adskilleg meir liv i båten no og eg går rett i rorhuset.

Her sit nokre som syns det er greitt å sitte her og sove. Audun og Arve har vakt, Audun styrevakt og Arve utkikk og maskinvakt.

Temperaturen på varmaste blokk er 70 grader og det er heilt normalt. NYBAKK stampe seg austover med vel 7,8 knop so det er tydeleg at vi har litt som står mot oss. Det er meldt laber bris og det ser ikkje ut som om det er meir heller. Sjøen som er antakelegvis straumsjø som basker seg opp av og til. Det er enno nokre timar til norsk side av Nordsjøen, men syns vi ser noko merkeleg i horisonten. Er det ei plattform eller ein båt som vi ser tru ? Etter kartet skal det ikkje vere noko plattform så eit eller anna fartøy er det.

So går det opp for oss at det må vere ei seglskute som kjem mot oss med duk på dei lavaste ræra. Dei to øverste ræra ber ikkje segl. Arvid som også er komen til i rorhuset fortel at det nok er Statsraad Lehmkul som er på veg til Færøyane. Passasjen i rom sjø vert behørig filma.

Etter dette tok vi mot til oss til å koke kaffi og stelle til frukost. Sjøen er sopass grov at vi dekke grovt på messebenken kvar for seg og tek maten med inn messa ferdigsmurt. Dette gjekk greitt det, men eg måtte vere særs obs. på at kaffitrekkinga ikkje gjekk for fort slik at filteret fekk for mykje vatn. Då vart det nemlig overskumpling. Per Kåre får dermed sove fritt denne solfylte søndagsmorgonen, snart midt i Nordsjøen.

5-6 timar seinare er vi i norsk farvatn igjen og vi er begynt å nærme oss Gullfaks-feltet og lenger nord kan vi og skimte Statfjord. Freddy har vore i kontakt med trafikksenteret på Sandsli og fått tillatelse til å føre NYBAKK inn mellom plattformene.

Det blir litt spennande det her og til og med Alf blir kalla opp i rorhuset for å få med seg det som skjer. Han har allereie klaga over å ikkje fått med seg verken linekasting til NESBAKK på torsdag og passeringa av Statsraaden tidlegare i dag. Det er nokre store kolosser som står og pumper olje-pengar inn i statskassa vår . Akkurat då vi passerer den lengst vestlege platforma lander det eit helikopter på helidekket. Det var antakeleg bare ein mann som vart sett av for dei letta omtrent med ein gong att og fortsatte til neste plattform der det vart ståande.

Etter dette går eg og Marius bak i kahytten og ser på film. Det er god bevegelse i båten igjen og vi lyt halde oss godt fast og då kan vi likegodt sjå på film for å få tida til å gå.

18.30 banke det på lugardøra. Det er Per Kåre som melde om ferdig middag. Det er heilsteikt laks som vi må ete for full maskin. Alt må derfor igjen skje veldig forsiktig og panner og slikt er bolta fast i bysa. Det er totalt umogleg å ha panner og slikt på borda i messa i allefall. Her må en ha ei hand for skipet og ei hand for tallerkenen som Arvid seier. Nydeleg god mat, som vanleg, og heller ingen sjokoladepudding. No rekne vi bare med en fem timars gang før vi skal ligge ved kai på Raudeberg. Alt vel.

Rett før 21.00 går eg i rorhuset igjen. Marius teke seg en strekk på køya. Vi har no Olderveggen rett forut og vi ser Batalden godt på styrbord. Plutseleg har vi mobildekning igjen og alle nytter høvet til å ringje heim og seie at vi er begynt å nærme oss. Det er likevel snart 4 timer seglas før vi er fast ved kai. Per Kåre fortel at vi får 2 alternativ å ta oss til imårå. Anten må vi klippe plena eller so må vi måke snø. Rundt kl. 23.00 set vi igjen og tek oss mat i messa. Her går det no på stumpane både av brød og pålegg og dei siste må derfor spe godt på med knekkebrød. Marius gjer ferdig siste rest av engelskleksa si og er dermed klar til ny yrkedag imorgen.

 

10. mai 2010

2 nyvakna kare blir køyrd på Westamaranen i Måløy rundt kl. 0700. Shetlandstoktet med NYBAKK er dessverre slutt, men alt har godt heilt etter plana; ned til minste detalj. Då båten var gjort fast rundt kl. 02.00 igår, tok vi høgtideleg farvel og takk for følgjet med alle som har vore med. Calle vart sløkt og han gav seg over med nokre balanserte sukk før det vart stilt. ALT VEL !