søndag 28. mars 2010

Ei babyjakke i bomull.

Monterte ferdig ei baby jakke i går. Den er litt meir gul enn det som viser her. Den er strikka i bambino bomull og mønsteret er frå heftet "inspiration Bambino Cotten" nr. S09.
Var heldig og fann knapper i samme gulfarge som garnet.

lørdag 27. mars 2010

Baby sokker.


Har strikka eit par babysokker. Er ikkje heilt fornøgd med denne sløyfa. Desse er strikka av ein rest babygarn frå Rauma og Plumet frå Rauma. Ein tråd av kvart garn strikka saman på pinne nr. 3. Mønsteret fekk eg hos ei hos Elin for eit par år siden. Har også sett dette mønsteret ulike stader på nett. Her er eit som likna, berre litt lavare enn dei eg lagar. Det er kjempeenkelt å strikk og ein fin måte å utnytte rester på.
Var i Kristiansand på møte i Rovvilt nemda. Hadde meg ei tur inn på Karmin mens eg venta på flybussen tilbake til flyplassen. Kjøpte litt garn det er så mykje som freistar der.
Starta på eit nytt babysett mens eg venta på flyet. Har litt mange strikk på gang no, men dei blir ferdig litt etter litt.
Ønsker alle ei god påske.

søndag 21. mars 2010

Babysett og blomster.

Har strikka ferdig et sett som eg starta på i fjor sommer. Hadde tenkt å gi det til ein nyfødd gut. Hadde heldigvis kjøpt rikeleg med garn, så no har eg strikk gensaren str. 1 år. Håper at mottakaren blir like fornøgd, sjøl om den kjem 9 mnd på etterskudd. Kanskje ikkje så vanleg med gaver på den tida.
Settet er strikka i Bambino ull frå idena og mønsteret er frå bok 79 ( idena). Garn og mønster er kjøpt hos Bjørg på Kongsvinger. Ho hadde sybutikk her i Florø før ho flytta tilbake til Østlandet.









Desse tulipanane fekk eg til forge helg som takk for luene frå svigerinna mi.
Synest dei er like fine no etter ei veke. Eg likar godt tulipaner synest det er vår når dei kjem.

søndag 14. mars 2010

Babyposen ferdig.



No har eg laga ferdig babyposen som eg etterlyste for ei tid siden. Har montert den i dag og det synest eg er meste arbeidet.
Fann noene fine pusekatt knapper , men greide ikkje å få dei fram på bildet

tirsdag 2. mars 2010

To nye luer.

Har strikka to nye luer til svigerinna mi, men no trur eg det blir slutt på luestrikking for ei stund.
Har strikka 7 luer til ei svigerinne som nett har avslutta ein cellegift kur, så no har ho litt å velge mellom både til utebruk og innebruk.
Den øverste lua er i Brilliant ( blanding av viscose og bomull) Den nederste har eg strikka av to restenøster som eg hadde eit i eit tynt ullgarn( fleirfarga) og eit restenøste i alpaca.( brunt)