måndag 31. desember 2007

Siste dagen i 2007


Å nei, i dag er det nyttårs afta. Å nei!!
Joda, eg meinar ”å nei”, fordi nyttårsafta er ikkje noko kjekt. Eg likar ikkje rakettar. Det har eg eigentlig aldri gjort, altså det er jo kjempe flott å sjå på. Men når folk skal skyte opp rakettar i alle slags mulige vinklar, er det ikkje så kjekt lenger, og då får ein litt støkken i seg. Ikkje det at pappa er den som skyter opp rakettane i mange ulike vinklar, men det er som regel alltids nokre andre som gjer det slik at det er stor sannsynlighet for at dei skal treffe meg i øret og sprenge trommehinna mi og alt i omegn. Derfor, eg skal aldri fyre på ein rakett, og når det blir fyrt opp rakettar, likar eg helst å stå under eit tak, under eit tre, eller å stå midt inni ei busk.
Eg er faktisk litt skeptisk til stjerneskudd også, pff kva skal ein med det? I alle fall dei stjerneskudda med farge er no heilt på tryne. Dei ryker jo berre. Og kvifor gidd folk i det store og det heile å kjøpe rakettar? Dei betalar jo eigentlig kun for å tenne på raketten før den (forhåpentligvis) fresar av garde og eksploderar på himmelen. Kvifor ikkje sjå på at andre kastar vekk pengane sine, og unngår å utsette seg sjølv for nærkontakt med dei farlege pinnane med eksplosive og ein liten spiss hatt festa til. Om ein følar så inderleg på å tenne på noko, kan ein no alltids berre tenne på nokre faklar som kan lyse litt opp, eller stearinlys, som ein sjølvsagt aldri går i frå.
I dei komande dagane blir treningsstudioa fylt opp til randen, og mange har laga seg nyttårs forsetter. Men til kva grunn? For å lure seg sjølv? Kvifor ikkje lære seg å lage seg føresetter kvar dag i staden for?
Ja, vel, det eg eigentlig prøver å seie trass i all dinna sytinga over kor skummel nyttårssafta er: ”Godt nyttår alle saman! ”. Eg skal ha det kjekt på jobb i dag, trygt inne i eit stort hus, med ein balkong med tak over. Skal du skyte opp rakettar, ta på deg alt du finn av verneutstyr, og meir enn det, og ta vare på deg sjølv!

søndag 30. desember 2007


Etter ei natt med ikkje så veldig masse søvn, var tida komen for å stå opp og reise inn til byen for å hente resten av slekta. Dei skulle reise den same dagen, så det var kjekt å få ei lita stund saman med dei før dei tok flyet ned til Sørlandet igjen. Medan vi sat der vart folket trøyttare og trøyttare, kanskje ikkje så veldig rart når vi var igjen alle saman og rydda etter festen. Klokka vart mange før vi kom heim og fekk lagt oss.
Når slekta skulle reise var neste prosjekt å få rydda opp i leilegheita til brørne mine, før vi tok reisa vidare til Innvik. Vi gjorde tidenes beste innsats og fekk ”shina” opp leilegheita på 40 minutt, så sat vi oss i bilen og bila heim til Innvik huset. Vi hadde gleda oss alle mann til å gå å legge oss, men det var så isande kaldt i huset at det å måtte legge seg ned under ei isande kald dyne, nesten var verre enn å gå rundt i huset og fryse, men etter kvart kom det seg. Men eg skal jammen sei det var godt å legge seg ned, og vite at ein ikkje hadde ting som måtte stellast i stand til dagen etterpå.

laurdag 29. desember 2007

HK&PK


I dag er bryllaups dagen til HildeKristin og Per-Kristian.
Dagen starta med ein lang varm dusj, og eit voldsomt stress med å få ferdig alle tinga før vi skulle reise. Eg måtte lage til 4 knapphulsblomster, finne ut kordan eg skulle få ut talen min, finne ut kor eg skulle få tak i sikkerhetsnåler til kjolen, få informasjon om kva eg skulle gjere i kyrkja, og elles i løpet av dagen.
Vi for inn til frisøren kl 10. Då sprang eg og fekk printa ut talen, og fekk tak i sikkerhetsnåler. SÅ var det min tur å sette meg i frisør stolen. Hk var heilt roleg, medan eg stressa og var super nervøs.
Etter kvart vart håret mitt ferdig, og HK satt fortsatt i stolen for den siste make up’en, og den siste touchen på håret. Eg måtte få på meg kjolen min. Det var ikkje så enkelt aleine, for der var snøring på kjolen bak. Når HK var ferdig med hår og sminke, måtte eg hjelpe ho på med kjolen. SÅ måtte ho hjelpe meg. HK vart kjempe fin! SÅ var neste prosjekt å kome seg inn i bilen. Du store mi tid, det var no eit prosjekt i seg sjølv, og eg kjente eg grua meg til HK skulle ut av bilen neste gang, for kjolen var krittkvit, og om det kom gris på den, ville det vise skikkelig godt. Etter å ha kjørt i 10 min kom vi fram til kyrkja, og eg, eg var dritt nervøs. Hk var rolig. Vi kom oss ut av bilen og fekk komt oss inn i den vakre Borgund Kyrkje. Brudebuketten fekk ho i henda sine, pappa sto ved høgre sida hennar, brudepikene Mirjam og Miriam var klare, og eg skulle gå bak bruda opp til alteret. Då vart dørene opna, eg holdt på å begynne å grine med ein gong, eg skalv. Hk var rolig. Eg visste ikkje kor eg skulle sjå når eg gjekk bak ho, eg tenkte berre på å ikkje gå for fort for å trakke på kjolen hennnar. Så kom vi fram og PK henta ho, no var tida komen for at eg måtte ordne på kjolen hennar. Det gjekk heldigvis bra. Så skulle vi sette oss ned. Eg tenkte heile tida på å ikkje sette meg ned før bruda og brudgomen hadde satt seg. Så når presten begynte å prate kom eg på at eg hadde glømt å ta med meg dei bibelversa eg skulle lese. Eg vart endå meir nervøs, og fekk kviskra smilande til HK at eg hadde gøymt arket heime (arket som eg ikkje hadde laga til enda). Ho sa det ikkje gjorde nokon ting, og at eg skulle ta å lese noko av Torbjørn, den andre forlovaren sine vers. Eg reiste meg og gjekk mot mikrofonen, heldigvis låg Torbjørn sitt ark der. Slik vart heldigvis det problemet løyst. Så skulle dei gje sitt ”ja”, og det gjorde dei. Når songen ”deilig er jorden” var spelt og sungen, klarte ikkje eg å halde auga mine tørre lenger, du store mi tid, eg håpte berre på at dei skulle bli ferdig med å spele, og det hjelpte heller ikkje når eg satt lengst ned mot kyrkjelyden, og at eg var utrulig nervøs. Viinga var over, og folket gjekk ut av kyrkja. Neste prosjekt: få bruda inn i bilen utan å få flekkar på kjolen. Resultatet vart bra. Så for vi til fotografen, og vidare til Misjonssalen der festen skulle være. Det var god mat og masse gode kaker – trur eg, eg var svolten men hadde ikkje roa til å ete. Det hadde vore for masse å tenkt på den dagen. Men det var no like greitt, så slapp eg å sprenge kjolen. Tida var komen for å ta bilde, å nei, det var så travelt å stå å smile heile tida, eg kjente eg fekk vondt i kinna mine, men etter å ha fukta leppene og tennene eit par goner, var det heldigvis ferdig.
Det var masse koselige folk å prate med, og vi hadde ei trivelig stund saman. Bryllaups paret skulle på bryllaupsreise til London, og reiste dagen etter festen.
Når festen var ferdig var det tid for opprydding, eg er jammen gla for at eg hadde med meg tøflar, og meir lette klede å arbeide i. Etter 2-3 timar hadde vi fått vaska og gjort reint etter oss. Og så kunne vi fare heim. Den natta var eg så sliten at eg låg akkurat sånn som eg hadde lagt meg når eg våkna, eg hadde vore for sliten til å bevege meg. Og natta – eg skulle ønske den var minst 5 timar lenger.

I løpet av festen fekk eg sneke meg til ei stund med den vakre lille Julie. Jo, vi hadde det aldeles artig i lag vi. Kommuniserte veldig bra, og leika med ei dukke med ein blå hatt og kluten som ho hadde gulpa på. Den var no forresten veldig god å ha i tilfelle ho skulle gulpe på meg, for det pleier dei fleste av barna eg helde gjere, om det ikkje e gulping, så går det den andre vegen.

Godt ut i kakeetinga var det tid for meir talar, og då fant ho søte lille Julie ut at ho skulle ta å presse ut litt masse. Og det gjorde ho, med ei ganske så høglytt pressande stønning. Men så ropte toastmastaren meg fram på scena, så då måtte barnets far ta over…

fredag 28. desember 2007

Dagen før dagen

Sto opp tidlig i dag for å få henta alle blomstrane til bryllaupet. Først innom den eine blomsterbutikken – så den andre. Og fekk etter kvart plukka med meg alt det eg trengte.
Så for vi til Misjonssalen for å starte pyntinga.
Eg fant det eg trengte og brukte bla ein kake spade til å del opp oasisen.
Ein veldig god kakespade forresten, ein slik ønskar eg meg. Hehe.
Først skulle eg lage 11 dekorasjonar. 1 problem: liljene som eg hadde bestilt var ikkje kome ut. Dekorasjonane skulle ha 3 liljer kvar som då var berekna til plassen sin når dei skulle være sprunge ut. Eg fekk laga dekorasjonane halv ferdige, fordi liljene måtte settast oppi seinare, når liljene forhåpentlegvis hadde sprunge lenger ut. Derfor måtte eg snitte dei og sette dei i varmt vatn ganske så mange gongar. Så fekk dei seg ei runde under varmepumpa før eg fant ut at eg måtte sette dei mellom to spottar, slik at dei kunne får varme frå desse. Og då vart det sus i serken, men ikkje nok til at dei spratt ut, så derfor måtte dei berre plasserast i dekorasjonane, utan at det gjorde noko spesielt mykje, tatt i betraktning at dei eigentlig skulle vore sprunge ut.

Neste prosjekt var å lage den store dekorasjonen til kakebordet. Dette gjekk greitt, men her må ein også ta i betraktning at liljene skulle vore sprunge ut.

Så måtte det ei pause til – ei lang pause. Men halvstekt Grandiosa, som var utrulig god og mettande!! Og ei pause i sofaen då eg berre måtte tenke over kva slags ansvar eg hadde tatt på meg. Les føljande avsnitt:
Neste prosjekt var å få ferdig brudebuketten. Ja kordan skulle eg få begynt. Fordi eg har aldri i verden laga ein brudebukett før. Og eg har heller ikkje sett på nokon lage brudebukett, og eg har heller ikkje sett så mange brudebukettar før heller. Kva i alle verdens dagar hadde eg sagt ja til. Eg prøvde å halde roa for ikkje å uroe bruda, eller i det heile vise min store usikkerheit til alle dei andre folka som var rundt om kring. Ditta her kom ALDRI til å gå. Eg måtte vente med å gjere noko som helst til alle folka hadde gått. Og det gjorde eg. Men den vordande bruda vart igjen. Eg begynte å stikke inn i oasisen, og kjente pulsen steig etter kvart som eg dreiv å skulle lage buketten. Men du verden, den vart slett ikkje galen, den falt veldig i smak hos bruda, og det var godt. No kunne eg endelig slappe av.

Neste prosjekt: Lage 2 bukettar som skulle stå i kyrkja. Det gjekk veldig greitt, og var fort gjort. Tatt i betrakning at ikkje liljene var sprunge ut.

Neste prosjekt: lage 4 halv ferdige knapphulsblomar
Neste prosjekt: Rydde opp og moppe golv.
Så kunne eg og den vordane bruda fare heim til hybelen min, for å sove, trudd eg. Men då kom eg på at eg måtte finne smykke og øyredobbar til dagen som skulle kome. Pluss at eg kom på at talen min ikkje var printa ut, oj kordan skulle eg få tida til å øve, jaja eg fekk ta det på rak arm og forsøke så godt eg kunne når tida kom for at eg skulle tala, pluss at eg kjolen, som eg har prøvd før, viste seg å være 10 cm for lang. Eg måtte fram med saks for å klippe underskjørtet, og sida eg ikkje tørte å sy, så måtte eg kjøpe sikkerhetsnåler dagen der på, for å forsøke å få den 10 cm kortare i alle fall slik at eg ikkje skulle snuble.
Mange tankar i hovudet den natta før eg fekk sovna. Bruda var rolig, kanskje det ikkje var så lurt at ho overnatta med meg, sida forlovaren liksom er den som skal forsøke å roe ned personen som skal gifte seg, ikkje omvendt? Men det gjekk bra. Ho sovna fort slik at eg kunne ligge å gruble litt til over korleis tinga skulle bli gjort på den dagen som allereie hadde begynt sida klokka var godt over midnatt og vel så det.

onsdag 26. desember 2007

Frisøren meg



Ojojoj, i dag skulle egentlig mamma klippe lillesøstra mi. Men så fekk ho ikkje tida til det før dei reiste til Ålesund. Ho sendte oppgåva vidare til meg. E ho alldeles riv ruskande galen? Ho veit no det at ingen har tørt å sleppe meg laus på håret deira fordi eg e så vimsete. Men ja, eg tar jammen utfordringa eg – det er ikkje meg det går utover om resultatet blir katastrofalt. Det er mamma si dotter, og pappa si dotter, siden ho ikkje er myndig så er det dei som er ansvarlege for ho.

Menmen så fant eg ut at det å klippe andre ikkje kan være noko særlig stor sak. Eg har no vore med frisøren før og har sett korleis dei har gjort det med meg. Eg henta sprayflaske, kam og laken. Så begynte eg…lett som en leik tenkte eg mens eg dreiv å klippa. Men så, så finne eg ut at eg har klipt skeivt, Mirjam hadde hatt hovudet skeivt. Eg måtte begynne på nytt igjen – etter å ha klipt ei lita stund skulle det være i orden. Men til mi store forbausing vart det skeivt igjen, kammen var nødt til å være bøyd eller noko, for eg klipte no beint eg selvfølgelig. Stakkars Mirjam såg riktig nok så bekymra ut, mens eg berre satt å fniste bak hovudet hennar. Eg følte meg no litt proff då, der eg satt å dro i håret, klippa og kamma litt, før eg tok ein større jafs med hår som eg gjekk laus på. Mirjam kom stadig med bekymra ”Maaaritaaaaa”- ord, mens eg berre smilte tilbake. Tilslutt tørte ho ikkje ha augene opne meir.

Til slutt orka eg ikkje klippe meir, eg var jammen lei, dessutan vart det berre kortare og kortare. Men til mi store overrasking vart resultatet veldig bra!! Fekk faktisk klipt det opp litt og, sånn at ein ser at det er fleire lag med hår som ligg oppå kvarandre. Kult, eg veit nesten ikkje om alt av det var planlagt ein gong, men pff det ser bra ut. Det er no ganske godt at resultatet vart bra sida eg brukte 2 timar på det!! Neste prosjekt: brørne mine… Haha

 

måndag 24. desember 2007

Glade jul, heilage jul


Eg våkna opp av tidenes regnvær ute, snøen har regna vekk, og det er mildt og fint ut, 8 grade faktisk, nesten sånn at eg får lyst til å gå å bade.
Vi har nettopp sett ”Tre nøtter til Askepott” og ”Reisen til julestjernen”. I stova sitte karane og knekke nøtter, til mamma si store glede som alltid er den første til å merke at det er fullt av nøtteskal på golvet og i sofaen. Her i den andre stova sitte eg og digga litt musikk, fæncy takt, og god tekst, eg føla faktisk veldig for å gå ut på ein joggetur, men nei, det skal eg ikkje. Av og til er det berre så godt å berre fare på ein tur, der det berre deg, og ingenting som forstyrra tankane dine, du kan gå rundt om kring og berre prate med deg sjølv og synge….ja nok om den saken hehe…
No fylle snart ribbelukta heile huset, og den vanlige samtalen om ribba er vatna godt nok ut, eller om den er for salt, byrjar snart, ”Den kunne godt ha vært i vann en dag til, for den var i saltaste laget”. Men eg trur kokken berre er litt beskjeden, for maten er veldig god!! Den samtalen, setninga som du veit kjem, den får deg jammen i julestemning.
Katten har funne favoritt plassen sin i huset, ikkje framfor peisen som nåkken andre jule klisje, men han har heller tatt plass under juletreet.
Seinare i kveld skal eg på nattevakt, så då forlet eg familien for å hjelpe svake og sjuke. Åh det høyrast så fint ut Så då skal eg jobbe frå kl 22 til 08 i måra. Eg får vel litt selskap av radio folka, og ved å sjå inn vindua til folk der familien er samla og ete mandarina. Nei, eg skal ikkje klage, eg har det fint! Det er ikkje alltid slik at ein får den typiske julestemninga, men det er vel eigentlig ikkje snøen som tel, eller mandarin lukta, eller all maten som er det viktigaste. Mange gongar er det lettare å fokusere på kva som manglar, for eksempel snøen, enn kva vi eigentlig er så heldige at vi har, og som vi har fått!! Hugs på kvifor vi feirar jul, og kva jula eigentlig handlar om. Det er stort. Så då vil eg ønske alle der ute i verden ei riktig fin og velsigna julehøgtid!

søndag 23. desember 2007

Ei trådlaus forvirring



I dag har eg jammen hatt det artig. Vi har sotte her i stova med to lap-toppa. Der den eine har trådlås mus med sånn greie som ser ut som om ein minnebrikke. Eg tok musa og sat meg ned med mi maskin tvers over den andre personen som sat med den andre maskina. Slik at eg fekk kontroll over den andre maskina. Eg nemnte litt om diverse virus som hadde infisert ei rekke datamaskinar i Noregs land, og tok over styringa på musa slik at det nesten ikkje gjekk an å styre den dit ein ville. Så begynte eg å ta kontroll over den andre maskina. Haha må sei det var vanskelig å halde maska når eg såg kor irritert den andre personen blei. Eg kom stadig med tips om kva som skulle bli gjort for å bli kvitt virus programmet, men når tipset blei å halde seg for øra og skjegle med augene, fant dei ut at det måtte være noko tull.  

laurdag 22. desember 2007

Feed me


ÅÅÅ jul med din glede. Det er så deilig å være heime med resten av gjengen her i vikja no! Ditta her e virkelig ferie! Mamma e komen i morsrolla for fullt då ho må ta vare på alle 5 barna, og i allefall dei 4 som har flytta heima i frå, med å ”stæshe” opp bordet til ei kvar tid, og ikkje la det gå så veldig lang tid mellom måltida. Her e det om å være konstant mett heile dagen. Eller så mette at du eigentlig starta neste måltid på full mage, mamma da, du gjer oss tjukke! Men du e go da, og det er maten din og Dessutan er det veldig koselig når nokon likar å stelle fint i stand til deg. Elles e det rart å være i eit hus som er varmt, som blir varmare og varmare til det plutselig blir så varmt at du får fullstendig panikk, og plutselig legg merke til at alle kleda dine verkar som glava som ikkje klør, men som er bare veldig veldig veldig varme. Elles så har eg det fint
I dag har eg vore på jobb, og kjørt innover mot Olden. Å det var skikkelig fint ,trea var fulle av krystalla og dei glinsa så fint, derfor så kjørte eg med fjernlysa på når eg eigentlig ikkje trengte det. Det var så kaldt og friskt i dag tidlig, at eg nesten ikkje klarte å styre bilen – altså pga at rattet var så voldsomt kaldt! Radioen sto på full guffe mens eg dreiv å gaula på alle andre slags sanga enn dei som gjekk der, vifta sto på og bråka meir enn ein bulldosar, og bilen bråka meir enn det igjen fordi eg dreiv å feilgira og rusa den. Trur eg skulle kjøpt meg ei miljøkvote før eg for på dinna turen der…
Men det gadd eg altså ikkje, kankskje eg skal gje det til nokon neste år? Kanskje det blir sal i januar, så eg avventa heile innkjøpinga.

fredag 21. desember 2007

God jul frå Moa


Det skal ikkje alltid være like greitt, for kvart år så går eg på den samme ”fella” om og om igjen. Det pleie å starte ved dat eg går intetanende om kring på Moa for å få kjøpt dei første og siste julegavene som eg aldri fekk begynt på, datoen er rundt 21 desember. På moa er det duka opp med fult kaos, folket stoppar rett etter rulletrappa sånn at det blir ei einaste stor overbelastning for rulletrappa, og det blir vanskelig å gå bakover i rulletrappa når det er folk bak deg som ikkje har oppfatta at det står folk rett nedenfor trappa. SÅ då må ein berre ta sats for å komme seg igjennom den tette proppen med folk. Når ein har komt seg ut av denne, er det alltid folk som står på kvar si side av ”vegen” og gaular til kvarandre, men det er jo berre greitt å få renska opp litt i ørene, for dei ropar jo så høgt til kvarandre at dei vibrasjonane som blir sendt inn til trommehinna mi riv med seg det meste utav dritt og lort og ørevoks på veg ut, så takk til Moa for den årlige opprenskinga. Når eg skal gå over gang brua ana eg fred og ingen fare, før nokon framfor meg alltid møta på nåkken bekjente som går den andre vegen, dette resultera selvfølgelig i eit brå stopp, og slik har ein ny folke-propp blitt danna på Moa. I full panikk, fordi det er sikkert 30 grader i den overgangen, får eg bana meg fordi folka og prøver så godt eg kan å smile for ikkje å ”komme her og komme her” når eg bana meg igjennom. Heilt på slutten av overgangen kan eg puste letta ut, senke skuldrana og kikke ut på kor flott det er med alle lysa ute, men eg gløyme stadig vekk den same leksa. For når eg ser ut av vindauget så ser eg rett på ein nisse som klatrar opp på ruta…WÆÆÆ eg kjenne eg gjer det same like lange bykset kvart år, og eg blir like flau slik at eg må forte meg inn på Cubus og late som ingenting, men det går aldri. Eg trur folk kan sjå på meg og sei ”sjå, sjå, der e ho der som er så redd for han nissen”…Så då går eg inne på Cubus og ler for meg sjølv. Det er jo veldig bra, ingen folk som ser rart på meg, og når eg tenkar over kor dumt det er å gå å le høgt inne på ein butikk heilt åleine, jo då må eg berre le enda meir, og sånn skjer det kvart år. GOD JUL FOLKENS!

torsdag 20. desember 2007

Utdritingslag



Då var det endelig duka for utdritningslaget til ho Hilde. Jess jess, eg følte eg måtte finne på noko skikkelig sprell, men så når eg hadde prøvd å tenke fram ein del tankar, så syns eg så synd på ho som måtte gjennomføre dei, at eg rett og slett fant ut at vi berre skulle reise ein gjeng og ete ingen andre ringare plassa enn ”Sjøbua”. Men så syns eg no alikavel at eg måtte finne på nåkke sprell. Så då fekk eg lånt eit trekkspel frå Skarbrevika.
Ho hadde null aning om kva vi hadde i planane, og trudde vi skulle sjå på nåken vasa inne i byen (??) då eg slapp bomba. Ho sa ein gong til meg, at noko av det flauast ho kunne tenkt seg var å spele trekkspel på gata i Ålesund, pga at det pleier å stå nokre folk å spele, ho fekk heilt sjokk når eg sa det, og eg såg at ditta her var noko som fekk magen hennar til å nesten ville kaste opp.
Eg fekk søss til å stille seg opp midt i gata å spele julesanga , og synge til. Ho har aldri tatt i eit trekkspel før, noko som folka på gata fekk erfart, då dei gjekk over på andre sida av gata når dei måtte gå forbi plassen ho sto på. Kanskje ikkje rart, eg og hadde sprunge om eg ikkje hadde kjent ho, eller rettare sagt: eg og hadde sprunge der i frå om eg ikkje hadde måtte filma. Eg syns litt synd på ho, men ho greidde det utmerka, min definisjon på utmerka er ikkje ”veldig bra musikk og song”, men bra innleving, for det var bare å dra i trekkspelet med den same lyden heile tida Etter det så skulle vi på Sjøbua og ete. Pga at resten av teamet var litt seint ute måtte eg prøve å drøye ut tida litt. Stakkar Hilde, ho var livredd for kva eg skulle finne på no, og eg gjorde det vel heller ikkje noko betre då eg fekk ho til å frykte at alt kom til å skje med oppførselen min. Ho forsikra meg om at ho hadde mobilen i jakka, og eg trur ho var veldig veldig redd for at eg skulle skubbe ho ut på sjøen eller nåke sånn..off stakkars lille…Eg fekk tatt ho med inn på restauranten der dei andre sat og venta. Ho vart veldig letta over å sette seg ned, men eg trur ho bar med seg skepsisen til kva vi hadde vidare i planane.
Etter eit heilt fantastisk måltid, for vi ein tur på Lyspunktet og avslutta med ein kaffi, og masse artige og trivelige samtala. Eg trur alle synes det var ein koselig kveld, og alle vart godt mette.

Eit tips,eller 2 pr.år kanskje?

Ja, no e den andre bursdagen min over for i år, og eg må sei det, eg e mektig imponert over alle helsingane eg har fått - faktisk endå fleire enn kva eg fekk på den ekte bursdagen min i Juni. Men det har no vore skikkelig koselig å fått så mange "ha ein fin dag" meldinga.
Og det funka, eg har hatt ein veldig bra dag.
Jaja då var det å måtte svare på alle gratulasjonane då... ditta her kjem til å ta ei stund ditta her, så derfor må eg korte ned bloggen min i dag!
Dagens lærdom: Om du har ei tung og kjedelig periode og treng oppmuntringar, så tek du å tar deg ein bursdagsdato til, og legg det til ein av dei næraste dagane. Om du er ekstra lur kan du og legge ut ønskeliste!!!

onsdag 19. desember 2007

7 ønsker

Eg tar utfordringa di "Forgjengeligeting"

Mine 7  ønsker:
  • at eg kan være eit synelig brennande lys i ein grå kvardag
  • at eg skal lære å jobbe meir med meg sjølv, ikkje forvente at alle andre skal forandre seg
  • lære meg å være takknemmlig over små ting, som betyr så masse
  • at eg skal minske, og gjer plass til ein som er så mykje større
  • at eg kan få sjå tydeligare kva eg kan gjere for dei rundt meg
  • å elske min neste som meg sjølv
  • være flinkare å sei positive ting til andre, slik at dei blir bevisst at andre legg merke til det positive dei bidrar med, eller er.

Ditta her var egentlig ganske vanskelig, det er mange ting ein ønske, men ja, skriv ned 7 ønsker, og sjå kva du kjem fram til.
Eg tek å sende utfordringa vidare: skriv ned på bloggen din, 7 ønsker, og send den vidare...

Bursdag?


Eg e så rar. Fordi det var så kjedelig å lese til eksamen så måtte eg finne på nåke tull. Og då måtte rett og slett spøken finne sted inne på Facebook. Og den tullen eg syns va så genial e ikkje så genial alikavel, den er bare heilt poenglaus...men ja iallefall...Facebook er ei internett side som rett og slett blir brukt alt for masse, ja eg må vel sei at eg er ein av dei...men det har no seg sånn at ein kan legge inn datoen for då ein har bursdag, og då vil vennane din automatisk få beskjed om dette når dei logga seg på...litt sånn teit, for det er jo ingen som egentlig huska at du har bursdag, det er bare det at dei får beskjed om at du har bursdag, og føla dei MÅ gratulere deg fordi dei veit at du veit at dei har fått beskjed om at du har bursdag...så då tok eg rett og slett og bytta fødselsdagen min med ein anna dato: 19.desember, hurra for bursdagsbarnet i dag-meg! Det er jo koselig når folk huska på deg da, eller gratulera deg med dagen sjølv om du ikkje har bursdag. Men det er enda bedre når folk stilla seg tvilande til datoen, og faktisk huska på kortid du egentlig har bursdag:) Bursdag - for eit utrulig rart ord forresten!!!
Jaja på ein måte så kan eg vel sei det at eg har følelsen av å ha fødselsdag, for på ein fødselsdag då blir ein jo rett og slett fødd, og eg har vel egentlig blitt eit heilt nytt menneske no når eg har fått levert frå meg eksamensoppgåvene og fullført den skriftelige eksamenen - altså starten på eit "nytt" liv -altså fødselsdag.... ja eg veit det, sjølv om eg har prøvd å forklare så er eg rar:) hehe

"Feri"

Eksamen er vel overstått, mappaeksamenen er ferdig og klar til å bli innlevert i måra.
Sagt på god Ålesund dialekt, men ein overdreven slash med nasonal-lyd: E sir bare feri!!!

søndag 16. desember 2007

Ola og Kari


Nybakt skive med brunost høvla av den fæncy ostehøvelen, Kvikk lunsj, Se&Hør, kongefamilien og stortinget, lusekofte og ullsokka, rømmegraut og spekemat - litt av det mange tenke om å være typisk norsk. Noreg er eit fantastisk land, ingen har flottare land, ingen har flottare kultur, ingen har betre folk, vi er rett og slett BEST…hmm tja nokre er vel så rare at dei trur det…
Om det er ein eller anna songar eller eit populært menneske som gjer det bra for tida, så gjer folk alt dei kan for å finne ut om personen har eit eller anna norskt gen. Og har personen det – jo dess betre blir det dei kan skrive om personane – for han er jo norsk. ”Tipp tipp oldemora til Ola-Utlending, Kari Nordmann, emigrerte frå Noreg til Amerika då ho var gravid og 19 år. Ho forlèt familie og vener for å prøve lykka over det store havet. Ola-Utlending har lengta lenge etter å spore opp røtene frå Noreg, som han lenge har hatt ein lengsel om å ein gong oppsøke familien...” Ved å ta eit lite fint bilde frå det idylliske Noreg sitt bondelandskap, kanskje med ei ku eller noko sånt, så har dei forsida på avisa klar! For ei fantastisk historie, Kari Nordmann, som gav opp livet sitt med den gode fattige familien for vidare å tenke på framtida til barnet og hennar eiga framtid. Nesten sånn at du har lyst å begynne å grine over kor flott ho Kari Nordmann var, og det ho var villig til å gjere for det lille barnet.
Men kanskje Tipp tipp oldemora til Ola-Utlending, Kari Nordmann, eigentlig var ei jente som vart kasta ut av landet, fordi ho tente på alle trea og alle fjøsa ho såg, for så å velte alle kyrne, stele all mjølka og lage ost og fløte og selje det til dyre prisa sånn at ho vart rik, og kunne kjøpe seg ein diger båt spesial bestilt båt frå Tyskland, slik at ho kunne fare over til det nye landet, med mange fjøs, og endå fleire tre. Og ho var slettes ikkje gravid – ho var bare blitt stor om vomba fordi ho hadde ete så masse ost og fløte, fy for ei fæl dame! Før ho reiste så tvinga ho 24 personar til å være tenarane hennar, dei måtte skure golvet på båten kvar dag, morgon og kveld, dei måtte lage fløtegratinerte poteter og fiskegrateng med ost på toppen til ho kvar dag, mens dei sjølv måtte nøye seg med tørt brød med sveitt brunost. Ditta her derimot, det kan avisene skrive om Ola-Utlending blir stoppa i fartskontroll og får ei bot.

Om eksamen


I måra e det endelig eksamen, det skal bli godt å få tømt haudet for det som er der, eller for det som skulle ha vært der! SJølv om det ikkje blir heilt skikkelig ferie før på onsdag kl 12 når mappeoppgåva er levert inn, så er det ferie alikavel i måra! Det skal bli så godt det!
Ditta her e faktisk en av dei eksamnana eg har stressa minst til, faktisk så har eg ikkje stressa i det heile tatt, det kan no bety fleire ting det:
  • at eg ikkje bryr meg om eksamen
  • at eg kan alt
  • at eg ikkje gidde å stresse, og tar det som det kjem
  • at eg ikkje trur det er juleferien snart, eg håpa berre på at eg skal våkne opp frå den teite eksamens draumen
  • eg trur eg kjem til å få ei faglig openbaring når eg får utlevert oppgåvene
  • spørsmåla er så enkle at eg ikkje treng å kaste vekk tid på å lese
Ja, dei vanlige tankane mine, men heldigvis har eg forebudd meg, men eg har stor trua på nokre av dei punkta som er nevnt over her...hehe...

laurdag 15. desember 2007

Kven veit?

Når eg hadde lagt meg for å sove i går så la eg merke til at himmelen for "totally" skyfri, så då måtte eg ligge å glane litt på alle dei fine stjernene der oppe. Etter nokre sekund såg eg eit stjerneskudd, og etter ei lita stund eit til...åå det var så fint det! Så såg eg eit stjerneskudd som blinka grønt - men det var ikkje eit stjerneskudd alikavel, fordi det var sikkert bare eit fly som skulle til Grønland eller nåke sånn....Så før eg fekk tida til å sovna hadde eg sett 6 stjerneskudd :)
Ein ting eg har tenkt på, som det sikkert finnast eit svar på, er korleis folk veit at ei stjerne egentlig er ei sol langt der ute, for om dei er så uendelig langt ute i verdensrommet, kordan har dei då funne fram til at det er ei sol? Ta for eksempel ”planeten” Pluto, det er jo ingen mann, dame, pensjonist, sjukemeldt, voksen, ungdom, barn eller spebarn eller ka det no enn måtte være som har vore der, heller inga romferge, så alt ettersom eg veit, så kan det hende det er ein form for gassballong som er der og svirra rundt i bane, med litt jord og søle på? For kven veit egentlig kor alle gassballongane reise etter at dei har glidd ut av den snart skrikande ungen si hand? Ingen veit heilt sikkert…trur eg…
Åå eg huska eg mista min første gassballong, ein papegøye, kom heim frå Strynemessa og var ein så utrulig stolt eigar! Så, like ved hushjørnet, ved den stinkande kompost dunken, mista eg taket på det grøne bandet, og oppover for papegøyen…eg grein og eg grein! Derfor så er det alltid så trist å sjå når ein ballong er på veg opp mot verdensrommet…

Svin!!!


Etter ein lang dag på skulen, på ein laurdag, då eg er i modus "helg =fri frå skulen, ikkje bruk dagen på å lese", var det godt å kunne stikke heim etter ein dag på 8 tima, med masse masse pausa, og mandarin eting.
Når eg for måtte eg no bortom Spar ein tur for å kjøpe meg noko ferdig middag, altså ikkje Fjordland, for det gadd eg ikkje å måtte lage til, alt for masse ork, det skulle være ferdig mat, type varm mat. Så då falt valget på ei eller anna gryte med kjøtt i, type svine kjøtt. Når eg kom heim var det stor stas når eg dekka på bordet til meg sjølv og eg smilte over tanken på at eg slapp å gjere noko forberedelse til måltidet, bortsett frå å dra ut stolen og ta av lokket på boksen. Så skulle eg begynne å ete, men off eg må sei at eg vart ganske så skuffa. Altså maten den var varm den, og det smakte ganske bra, men kombinasjonen av svine kjøt og pasta var ikkje heilt bra, kanskje mest fordi konsistensen på pastaen minte meg voldsomt om flesk, og sida pastaen ikkje smaka så mykje, så trudde eg heile tida at det var flesk eg gafla i meg, så då måtte eg nesten bare svelge ned utan å tygge så veldig masse, fordi konsistensen var ikkje heilt på topp! Og då vart det litt sånn at eg grua meg til den neste munnfullen eg skulle ta…Men mett vart eg, og eg slapp oppvasken, og eg slapp å lage det sjølv, noko som eg kanskje berre hadde blitt enda meir misfornøgd med, så dagens lærdom: vær takknemlig over den maten og den middag du får, sjølv om det eigentlig minnar om ein fleske-kompott!
Nei off, sjå bildet da, eg har ikkje lyst til å ete svin meir, sjå kor fin den er då! Oh-no, tenk om eg har ete mammaen til ein liten sånn grisunge, sånn at ungen blir heilt aleine slik som ”Heldiggrisen Babe”, så dør den nesten fordi den savna mammaen sin så masse at den ikkje greie å ete, og dør av underernæring!! Nei off.

tysdag 11. desember 2007

Å sove, sover, skal sove, må sove

Etter å ha hatt ein lang dag med alt for masse lesing fant eg ut at eg berre skulle ta kvelden tidlig...klokka var ikkje meir enn 2000, men eg fant ut at det var like greitt å sove godt ut til den nesten dagen....så vokna eg, før klokka ringte, du store mi tid - ditta her skulle bli ein bra dag, for eg var fullstendig utkvilt, Fit for fight liksom. Eg skulle skru av vekkerklokka, og då til mi store overrasking fant eg ut at klokka ikkje viste meir enn 23.34!! ÅÅnei! No altså!!Ditta her går eg ikkje med på, eg skal sove, eg SKal sove, eg må sove, eg MÅ sove, søve eg no? Nei, ikkje enda, men snart...noda, søve eg? Neida sånn låg eg, heilt til eg var blitt så sliten av å tenke på ditta her at eg sovna klokka 0345. Ja, og når eg våkna klokka 11, då var eg trøtt da! 
Skikkelig skikkelig trøtt!!

laurdag 8. desember 2007

Handa mi


For å kunne koble heilt av med lesinga er det ingenting som er så godt som å gå ut ein tur. Eg gjekk ned i fjøra vår, ned til det grå naustet som spegla seg i det klare vatnet, og dei to små øyene som eg ein gong skal komme meg ut på...
etterkvart fekk eg selskap av Paazan. Han er no ein going, følger meg overalt liksom ein liten dum hund. Så pleier vi å springe om kapp det siste stykket bort til huset...han vinne alltid, sikkert fordi han blir livredd når han høyrar lyden av dei bly tunge skritta bak seg....
Sat meg ned når eg kom inn igjen og skreiv eit dikt...

Handa mi

Ein lengsel så stor at det trykker
Eit sakn så stor at eg er tom
Ein tomheit så stor- eg høyrar ekko
Eit ekko så høgt at eg blir redd

Kom ta handa mi, gå ved mi side

Ein lengsel så stor at det trykker
Eit sakn, men eg er ikkje tom
Den tomheit som var – den er borte
Ekkoet stilnar – eg får svar!

Du greip handa mi, du er alt hjå meg

Eit hjarte, eg løfter det til deg Far
Eit liv, eg ledd det ned for deg
To auge, Herre opne mine auge
To føter – lei du mine steg

Du greip handa mi – du er ved mi side
Herre, du gav svar, du leier mine steg
Far, din kjærleik, eg takkar for di nåde
Du greip handa mi – du er alt hjå meg

Marita'07

fredag 7. desember 2007

Eit udyr!!


Det er utrulig godt å våkne opp til eit varmt hus, men når døra inn til kjøkkenet blir åpna, er det nesten som om eg skulle lata opp ei dør til nord polen! Skikkelig kaldt, så då må eg til å fyre i peisen... har hatt det ganske koselig framfor peisen, kjenne nesten at buksa smelta inn i leggane fordi det er så varmt, det varma godt! Turen gjekk ein 2-3 gonge til vedkjelleren, å der inne er det mørkt og det er sikkert masse edderkoppa der inne...i dag når eg skulle inn å hente ved såg eg noko merkeleg...dørkanten på døra hadde aldeles blåst av hengslane...jaja det blåste no kraftig den natta så eg fant ut at det var vinden som hadde vore å gjort hærværk på døra...når eg fekk studert litt meir nøye, la eg merke til at det var nokon som hadde prøvd å grave seg inn i kjellaren, altså nokon= eit dyr. Eg rygga litt vekk frå døra, og psyka meg opp til å ta av låsen og sparke døra opp...men døra har glidd litt ned sånn at den stoppa av golvet når den var sånn halv åpen....Eg turte ikkje gå inn, så eg kasta Paazan inn i stadenfor, sånn at det dyret som hadde gravd seg inn åt han og ikkje meg....men han kom traskande ut igjen etter litt, så då tørte eg å gå inn. Det var ikkje noko villdyr der inne! Eg plukka med meg litt ved, og hadde ein pose over handa ifall det skulle være nokre ekkle krypdyr på veden... Og der, ut av ingenting, fekk eg auge på dyret!! Eg kasta ved skiva i gulvet og hylte som ein vill sau, før eg sprang ut av vedskjulet med "vedbøtta" på sled....Det var eit digert dyr, som hadde festa augene i meg, og skulle til å angripe...det var bare så vidt eg kom meg unna...Eg forta meg inn, og såg over resten av veden for å sikre meg om at det ikkje var fleire dyr, type edderkopp, som var på dei...

torsdag 6. desember 2007

KatjaKay og BenteBent


Siden det er desember, og siden eg ikkje har TV på hybelen så må eg jo berre sjå på barne-tv, spesielt siden det er så koselig med julebarne-tv! Men eg vart ganske skuffa, for det var super-kidza eller nåke sånn, og det var jo bare skikkelig elendig!!! Nei eg fekk nok av Gaupa Gisle som berre var dum. Men eg skal ærlig innrømme at eg holdt på å le meg skakk av "Bente-Bent og Katja-Kay", sjølv om det er noko av det mest poenglause barne-tv som nokon gong er laga... For å sei det sånn, så driv dei ikkje med noko kjønnskamp med namna sine, kvifor ikkje møtast på halvvegen?
Så har eg no kost meg med handball VM, åhh det er så teit at det alltid skal være VM når det er eksamen!! Menmen, det er jo ikkje kvar dag det norske laget spela, og kampen tar ikkje så lang tid, så eigentlig gjer det ingenting alikavel at det er i eksamenstida...

onsdag 5. desember 2007

Monsterhuset


Når eg sat å åt frukost i dag, sat eg å kjente på kordan sola varma bittebitte littegranne gjennom ruta, og då med eit fekk eg auge på det raude dukkehuset som sto på tomta til det tome nabohuset! Eg måtte stopp å tygge, var nesten som om maten datt ut av munnen og ned på bordet...der er det, det huset som dei har brukt i barnefilmen "monsterhuset". Nei fysja meg, eg er glad eg ikkje har sett den filmen sjølv om det berre er ein barnefilm, for eg hadde sikker blitt livredd om eg hadde visst kva mosterhuset var i stand til å gjere...heldigvis var ditta her berre eit dukkehus...men det ser ut som eit monsterhus!!!!!! Wæææ

tysdag 4. desember 2007

Beware of the cat


Endelig i hus? Tja, eg må vel kanskje seie det trass i at det var 3 (TRE!!) grader når eg kom i går! Det var mørkt, kaldt og veldig mørkare og kaldare enn ka du kan tru! Eg fekk komt meg i hus, satt på litt lys, varmepumpa på max-speed, før eg fant ut at vatnet var slått av...då måtte eg ut av huset og ned i kjellaren for å skru på...Åhh eg var modig altså!! I går la eg meg faktisk kl 20! Det var rett og slett så kaldt at eg det var like før auga mine fraus til is! Så då var det rett og slett ikkje nåkå å sitte oppe for. Har no fyra i peisen i dag, og fått det godt og varmt her:) Dessuten så har eg laga lasagne, til ein heil familie på ca 14 stk!! Eg seie berre: fryseboks er bra å ha! Paazan er faktisk veldig god å ha her, hadde ikkje den dumme ukastrete hannkatten vore her, så hadde eg vore skikkelig redd trur eg...sjølv om eg ikkje er så veldig uredd sjølv om han er her heller...men katten fungera bra!!

måndag 3. desember 2007

Lastebil/trailer


Då blei det etter masse fram og tilbake endelig tid til å reise...eg skulle egentlig satse på å være framme før det vart mørkt, men eg kom meg ikkje frå Ålesund eingong før mørket låg som eit dekke. Godt på veg, rettare sagt midt på Vegsund brua så svikta vindusviskerane meg - igjen! Mot meg kom allslags trafikk, og mesteparten besto av store trailera/lastebila(kva er eigentlig forskjell på desse to, eller er det forskjell), slike transportmiddel som etterlet ein god del med vatn og salt på ruta....eg fekk funne fram til ei busslomme og tørka av ruta - med ein serviett!! Det å komme seg ut og inn av bilen var eit einaste stort ork, for katten prøvde å komme seg ut for å flykte. Som vanlig satt han og mjaua verdas styggaste mjauing i si største fortvilelse over det å måtte være med på bilkjøyringa. Eg kom meg omsider til ferja. Eg såg ei dame i bilenframfor meg sat på viskerane sine og spruta litt spylervæske på ... åhh ho tar det som ein selvfølge tenkte eg, mens eg prøvde å holde humøret oppe under all dinna forferdelige mjauinga...eg måtte stoppe 2 gongar til å tørke av ruta...off eg begynte å bli flau...det føltest ut som om dei som kjøyrte forbi trudde eg dreiv å pussa ruta, og jo eg gjorde vel eigentlig det og...Ein lastebil/trailer( åhh kva er forskjellen?) kom kjøyrande forbi, og spruta mass drit på ruta sånn at eg fekk fullstendig panikk ettersom eg ikkje kunne sjå ein ting ut ruta, eg måtte rulle ned ruta mi og pusse med servietten...men heldigvis kom eg meg fram, bildet er forresten etter den traumatiske hendinga...åhh det skal bli godt å sove, og sleppe katten si mjauing på ei stund!!!

Isolat

Då skal eg straks, veldig straks fyke til Fosnavåg å være der å lese fram til eksamen...
Skal bli godt å kunne trekke seg vekk frå byen og berre høre på knitring frå ovnen og kjenne stillheten senke seg. Svak instrumental musikk, mens stearinlysa blafra litt i vinden frå varmepumpa, kakaokoppen er godt planta i henda mine mens eg kjennar at den er glovarm slik at eg må sette den frå meg...Hærlig!!!! (ikkje å brenne seg da selfølgelig)
så ligg jo huset ganske greit til, ingen naboa som bur heilt opp i huset, ingen bila, ingen lyktestolpa - ganske mørkt egentlig. Og der skal eg være no i 2 veke...off eg kjem til å bli skikkelig redd når det blir mørkt og når eg skal legge meg...så da kjem eg til å bli skikkelig sprek når eg skal springe opp heile trappa så fort og så stille og med så få trinn som mulig...
Men det tåla eg:)
Ha ei fin adventstid alle mann og dame! Det skal eg:)

søndag 2. desember 2007

Gule hanskar

I dag har eg vaska opp...hurra...Har faktisk funne ut at det er mykje kjekkare å vaske opp når ein har dissa fancy gule oppvaskhanskane på. Det gjekk faktisk som en draum. Like før eg tok å vaska opp alt eg hadde inne i skapa...sånn går no dagane.
Veldig greit å kunne ta på det varmaste stille på krana, uten å bekymre seg for å brenne seg!
Oppvaskhanskane e faktisk ganske så praktiske, og kan brukast til så mangt, eg har feks nytta dei når eg har vore ute å fiska...praktisk sånn at ein slepp å bli grisete på fingrana- men kanskje litt dumme då dei har ein litt vel skrikande farge? For gule må dei jo være, blå oppvask hanska er ikkje kult!
I dag har no eg gått rundt og lukta skikkelig godt. Bror min hadde nettopp kjøpt ein ny parfyme som lukta utrulig kjempe godt, så då måtte eg rett og slett berre spraye på meg! Bra at eg ikkje har møtt på nåkken kjent folk etter at eg spraya meg! Hadde vel vore litt vel rart? Merka faktisk at katten var litt skeptisk når han kjente sånn mann lukt - menmen må ta å få han vant mannfolk igjen no som han skal heim i jula.

laurdag 1. desember 2007

Lukeparkering


Å du store allpakka! I dag er det 1.desember! Og i dag har eg jammen hoppa langt ut av komfort sona mi - for ei lita stund i allefall! Det er godt å være på ein plass der ein følar seg heime, rett og slett å være trygg på dei folka som er rundt ein! Kjempe hærlig!
For opp til Grete ein tur i dag og berre satt å koste oss i den gode og varme stova, hørte på chill musikk og hadde det veldig koselig :)
Fekk faktisk til drømmeparkeringa og - heilt nærme muren, berre nokre få cm å gå på. Det kunne rett og slett sjå ut som om eg hadde hatt stålkontroll når eg hadde rygga meg til...så da lar eg det berre være med det uten å seie stort meir...no var det berre å håpe på at ingen bil kom for å pakrer framfor min bil.... Når tida var komen for å reise heim igjen viste det seg at eg rett og slett hadde vore for dyktig til å parkere - eg var så nærme muren at det vart vanskelig å skulle kome seg der i frå, spesielt når det var komt en bil framfor min... sjølv om Grete var så snill å flytta bilen sin litt så måtte eg få han John til å rygge den ut...og det greidde han utmerka!
Eg og naboen kom oss no faktisk heim tross i at viskerane ikkje gjekk lenger enn 2 cm opp- og ned igjen... veldig greit å overleve syns eg!