Tema

Demokrati (13) Forsking (3) Lyrikk (6) Miljø (9) Musikk (4) På bygda (7) Ski (27) Snø (4) Tur/retur (29)

laurdag 6. mars 2010

Vasan 2011

Vasaloppet er verdas eldste og største turrenn, og akkurat no er det berre nokre timar til start i årets utgåve. Rennet går fyrste sundagen i mars kvart år frå Sälen til Mora i Dalarna i Sverige – eit strekk på 90 km. Rennet vart fyrste gongen gjennomført i 1922, men berre tre nordmenn har greidd å gå til topps: Ole Ellefsæter (1971), Anders Aukland (2004) og Jørgen Aukland (2008). I 2006 var Vasaloppet inkludert i sjølvaste verdscupen i langrenn, etter å ha vore ein del av Worldloppet for lange langrennsløp i 1975-2005.
..........I 1520 var Gustav Vasa på flukt frå troppane til danskfødde Christian II, kongen av Sverige og dei andre landa i Kalmarunionen. Ein stor del av den svenske overklassen var i opposisjon til kongen, som dei hadde gjeve tilnamnet Christian tyrannen. I ein freistnad på å stogge opposisjonen inviterte Christian det svenske aristokratiet til ein storslagen forsoningsfest i Stockholm, berre for å få dei, inkludert Gustav og foreldra hans, massakrerte i det som seinare har vorte kjent som det stockholmske blodbadet. Gustav kom seg unna og flykta gjennom Dalarna i frykt for livet sitt. Undervegs freista han å overtyde folk i Mora til å gjere opprør mot kongen, men han lukkast ikkje.
..........Gustav drog vidare mot Noreg på ski, fram til han vart teken att av to raske skiløparar i Sälen. Det synte seg at folket i Mora hadde endra meining, og dei to karane ynskte at djerve Gustav skulle leie opprøret mot kongen. 6. juni 1523 vart Gustav Vasa krona til konge av Sverige, etter å ha slått danske kong Christian og oppløyst Kalmarunionen. Vasaloppet har sidan 1922 vorte halde til minne om flukta hans i januar 1521.
..........19. mars 1922 starta 119 menn frå Olnispagarden på vestsida av elva i Sälen det fyrste Vasaloppet. 117 av dei fullførde løpet. Den fyrste vinnaren kom i mål på tida 7:32:49. Den raskaste sluttida har framleis Peter Göransson frå 1998, då han gjekk dei 9 mila på 3:38:57.
..........Mørke krefter er i sving for å mobilisere til fellestur til Sverige fyrste helga i mars 2011... Rykta fortel at Lauget har minst fem håp på startstreken i Vasaloppet neste år. Den lokale stayeren Elvelyen testar løypetraseen som pilot alt i år, og me vonar han er klar att om 52 veker (truleg noko avhengig av opplevinga i morgon…). I tillegg er me no fire andre som har byrja planleggje tur i lånt bubil eller minibuss for å gjennomføre ni stakemil i svenske skogar. Ein triggande smakebit finn de her! 

4 kommentarer:

  1. For skiglade sogningar bør ein klassikar som Vasan vere eit naturleg treningsmål minst ein gong i livet. Instruktør Ingrid var i går positiv til å vere med på treningar både til sommaren og vidare fram mot neste sesongs hendingar. :) Er de klar for å joine karane på 50- som allereie har staka ut kursen for neste sesong?

    tKnen

    PS: Ny romsleg 9-setar er eit naturleg framkomstmiddel til og frå for Team Lauget. ;-)
    DS

    SvarSlett
  2. Nyttar høvet til å ynskje Elvelyen til lukke med godt gjennomført Vasalopp sundag. Imponerande, rett og slett! Dette vart nesten for mykje for oss her heime, gitt. Eg kan ikkje tale for andre enn meg sjølv, men eg lurer litt på om ikkje både Teknekten, O-løper’n, Bornholmaren, Merkesetjaren og underteikna var meir enn berre litt avundsjuke der me hadde ei real teknikkøkt på Øvstestølen sundgsføremiddagen. Ja, kort og godt litt rastlause og ei aning misnøgde med situasjonen. Same kor mange rundar me gjekk, same kor fælt me prøvde å stake, same kor sveitten stokk - så visste me det jo eigentleg så forbaska vel; "Det er Nils'en som er der det faktisk skjer i dag. Han gjer det no, han!".
    Så no vurderer me altså å ta etter. Det er nesten ikkje anna å gjere enn å melde seg på Vasan 2011, merkar eg. Me vil finne vår plass i den lange køen, og la det stå til. 90 km høyrest med det same uoverkomeleg langt ut, men det er likevel noko med å ha "gjort det", er det ikkje? Stake seg gjennom mil etter mil i dei svenske skogane, og til slutt ane målseglet ein stad der framme?
    Me vil sjølvsagt høyre alt frå turen og rennet; om den spente natta før, smørjevalet, køen og løypekvaliteten, om den flate traseen, om blide tjejer som deler ut saft langsmed; ja heile sulamitten! Du skal vera velkomen heim att – me talast i løypa.

    SvarSlett
  3. Påmeldt. 363 dagar igjen.

    SvarSlett
  4. Den er grei; til lukke! Her i garden vart det overføring av 122 Euro til Vasaloppets Hus, SE-792 32 Mora, Sverige, i dag tidleg. Gitt! Klikka meg inn på påmeldingssida til Vasaloppet, og med ein særs skrekkblanda fryd merka eg at det heile var gjort på nokre svært få straksar. Så då er det vel 359 to go… Til andre som gjerne vil vera med på ein nittikilometerstur 6. mars neste år, kan eg altså informere om at du melder deg på Vasan 2011 frå denne sida:
    Anmäl dig här!

    SvarSlett