09.01.11

Eit lite hjartesukk:

Instedalen Skianlegg gjer ein kjempejobb med å preparere fin løype inn til Vonavatnet kvar helg. Dette kostar penger, og er avhengig av at folk betaler parkeringsavgift på parkeringsplassen. Brøytinga opp til parkeringsplassen er også delvis finansiert av dette. Då er det leit å sjå at mange bilar er parkert utan å ha synleg bevis på at parkeringsavgifta er betalt. Dette kan tyde på at mange "snik seg unna" å betale. Eg håpar eg tek feil, og at det  berre er gløymt å legge lappen i frontruta. Men eg trur nok desverre at nokre rett og slett ikkje betaler. Dette er synd for den innsatsen som blir gjort for å tilrettelegge fine forhold for oss som likar å gå på ski og komme seg ut i fin natur utan å måtte slite alt for mykje i djup snø. STØTT OPP OM DET GODE ARBEIDET SOM BLIR GJORT FOR DEG!

________________________________________________________________

 

09.01.11
Opphaldsver, noko vind. 0 grader og ein del nysnø. Totalt 1,15 m snø. Tungt å gå i terrenget pga djup laussnø. På vatnet er det lettare å gå, kun 10-15 cm laussnø. Ein del av hytte-eigarane har vore inne i går og idag og mokt hyttetaka sine i tilfelle det skulle komme meir tung snø og regn.

________________________________________________________________

26.12.10
Klårt og fint. -24 grader kl 10 på Vonavatnet. Nypreparert løype inn til vatnet. Tråkka løype inn til Vona, og to løyper til Vonastranda! Lett og fin puddersnø i terenget.

________________________________________________________________

 

19.12.10
Oppholdsvær og snart kjem sola. -12 grader. Fin løype som vanleg inn til Vonavatnet. Over Vonavatnet til Vonagarden er det trakka løype. På
vatnet er det 10 cm lett snø oppå fastare snø. I terrenget er det også lett og fin snø oppå delvis berande skare. Totalt er det ca 70 cm snø. Fine forhold.

______________________________________________________________________________________

 


28.11.10
Vi var inn på Rupebu og Vonagarden ein tur idag. 10 minusgrader og fint skiføre. Måler no isen til ca 20 cm over heile vatnet, og det er trygt. Ca 25cm snø i terrenget, men der er det litt ujamt enno. Vi traff eit par hundekøyrarar som var på trenigstur på vatnet, Thomas Solheim og Anette Larsen med sine Alaska Malamutar, og Rolf Herstad med sine Huskyar. Fint føre for dei på vatnet idag. Sjå bilder i galleriet.
________________________________________________________________


21.11.10
Sjekka isen idag. Den er fortsatt berre 7-8 cm og det er eit lag med slaps oppå. Eg anbefaler ikkje å gå over vatnet enno då det kan vere ujamn tjukkelse med så tynn is. Håpar på meir kulde slik at dette slapset frys. Elles er det ca 25 cm snø i terrenget og temperatur ca -1 grad idag.
________________________________________________________________

20.11.10
Skiløypa inn til Vonavatnet er køyrd opp og er fint preparert. Vegen opp til parkeringsplassen er brøyta, så no er det fine forhold. Sjå bilde på Instedalen.no. Skal du ut på vatnet, må du sjekke isen med øks eller isbor. Sjekk fleire stader, isen er ofte tjukkast inne ved land, og litt tynnare lenger ut på.
________________________________________________________________

13.11.10
10 cm snø ved Vonavatnet, + 1 grad kl 13. No har isen lagt på heile vatnet. Fin stålis ser det ut til. Men isen er ikkje sikker enno. Skal ein ut på, ein sjekke tjukkelsen fleire stader. Isen kan vere ujamn den første tida før den vert tjukkare.
________________________________________________________________

03.11.10
No er det snø igjen på Vona, ca 15 cm. Isen har begynt å legge på yste delen av vatnet og rundt land. Ser ut til at alle har fått båtane sine på land eller heim.
Sjå bilder frå idag i galleriet.
________________________________________________________________


• 30.10.10
Spennande dag i Vonamarka for hunde-elskarar. Norsk Alaskan Malamute Klubb
Sogn og Fjordane arrangerte "kløv-test" i ei løype på 2x5 km frå parkeringsplassen ved Nes, forbi Nes-stølen til Trongefossen og tilbake. 14 personar møtte opp og 8 hundar var med på testen. Alle hundane gjekk sjølvsagt i band heile tida. Veret var ikkje det beste, mykje regn heile dagen. Men testen gjekk bra og alle 8 klarte prøva. Lokale arrangørar  var Thomas Solheim og Anette Einen Larsen. Dei som er interesserte i Alaskan Malamute kan gå inn på www.namk.no

Sjå bilder frå turen i galleriet.

_________________________________________________________

 

• 29.10.10

Reiste inn på hytta i ettermiddag. Snøen frå forrige helg er heilt vekke. Det har regna mykje dei siste dagane, så Vonavatnet er høgt. Det bles og er ganske surt ute. Vi tek no båten heim for sesongen og er klare for vinteren. Vi kjem til å oppdatere Vonaportalen når det blir endringar i veret og is og snø overtek. Skal vi håpe på trygg is og fine skiløyper før jul?
________________________________________________________________

• 23.10.10

Ein fin morgon idag. Kaldt og nesten klår
himmel. Sola kjem snart over Kupefjellet.
Her er bilde frå idag tidleg. Klikk her for
større bilde.

Har lagt ut nokre fleire bilde frå
laurdagen her

 22.10.10

Det har snøa ein god del idag, og no er det 40 cm snø ved Vonavatnet. Det hadde køyrt traktor inn til vatnet, så eg kom inn med 4-hjulstrekk og
kjettingar. Men det er på grensa at det går. Vatnet er fortsatt ope. No har vi fått fyr i omnen og kosar oss som berre det. Ute har det klarna opp og er fint måneskin. Det er meldt kaldt i natt.

• 21.10.10

Var inne til Vonavatnet i kveld og sjekka forholda. Vi fekk plutseleg vinter, og
eg var spent på korleis det var der no. Det var 25 cm tørr snø og greitt å
køyre inn til vatnet med 4- hjuls trekk. Vatnet var heilt ope, ikkje snø eller is
på vatnet etter det eg kunne sjå. Det ligg fortsatt nokre båtar inne, og nokre av disse skal vel transporterast ned til bygda snart.
Vi planlegg å vere på hytta i helga og reiser inn i morgon ettermiddag.
Ny oppdatering av portalen då.

_____________________________________________________________________________________________

• 3.10.10
Det er litt meir haust i fjellet denne helga. Det er ein del vind, og regnet kom laurdag kveld. Søndag morgen er det framleis ein del vind frå søraust og litt regn av og til. Men sidan vinden kjem frå søraust, blir det ikkje mykje regn.
På nordsida har dei no teke sauene heim for sesongen. Dei vaksne sauene har gått ein mnd etter sauesankinga og dei vart jaga rundt vatnet i går og transportert heim med dyrebil i går ettermiddag. På sørsida leitar dei etter nokre sauer enno, men vi håpar dei finn resten denne helga.
________________________________
_______________________________________________________________________

• 26.09.10
Ei fantastisk helg er over. Sol frå blå himmel heile helga bortsett frå litt yr på fredag kveld. Og i tillegg fullmåne om kvelden og natta (for dei som var ute eit nødvendig ærend). Dagtemperaturen låg på 12-13 grader i skuggen og 25-30 grader i solveggen. Bilder frå tur i Vonafjellet i galleriet. Mykje fine haustfargar å sjå. Det var mykje hyttefolk inne i helga, og mange såg til båtane sine som nok var fulle av vatn frå siste regnværsdagar tidlegare i veka.

Rusefisket i Vonavatnet har pågått frå juli mnd. og dette kan du lese meir om på Øvre Naustdal Utmarkslag sine heimesider (link i høgre margen). Merk oppfordring om å vere med å ta rusa på land laurdag 16. oktober.
______________________________________________________________________________________________


• 
23.09.10
Var inne ein tur i kveld. Oppholdsver og 8 grader. Ein god del nordavind ved nausta på Leitet. Det er meldt ganske pent ver i helga, så det er berre å komme seg på hytta. Det er begynt å bli fine haustfargar i terrenget, og meir blir det dersom det blir ei frostnatt. Men det er litt tidleg enno, får håpe vi får gode temperaturar ei stund enno
_________________________________________________________________________

• 19.09.10
Vonaportalen er komen ut i "ny drakt". Etter tre år er det på tide å fornye sida litt, men innhaldet er mykje det same. Du må berre finne ting andre stader på sida enn det var før. I år har Øvre Naustdal Utmarkslag (tidlegare Naustdal Jakt og Fiskelag- Sone 4) inngått samarbeid med Vonaportalen og sidene til utmarkslaget finn du som link i høgre margen. Kom gjerne med forslag til endringar eller nytt innhald. E-post adresse og telefonnr finn du øverst på hovedsida.
_____________________________________________________________________________________

• 15.09.10
Fylkesmannen har i samarbeid med Naustdal kommune og grunneigarar sett på tiltak i området som grensar inn mot landskapsvernområdet. Bl.a er det sett på tiltak ved Vonavatnet der opprusting av parkeringsplassar står på agendaen. Fylkesmannen har no løyvd pengar til enkelte tiltak. Du kan lese meir om denne saka på Øvre Naustdal Utmarkslag (ØNU) sine heimesider under fanen VERN.
________________________________________________________________

• 10.09.10
Sauesankinga til Vona og Grimset sankelag foregjekk i god tradisjon og i strålande "sommarveir".
Opp mot 20 gader i 4 dagar til ende er ikkje vanleg kost i sauesankinga. Omlag 800 sauer tilhøyrane Odd og Arild Vonen vart henta ned frå fjellområda mellom Gjengedalsskaret og Blåfjellet. Nærmare 30 personar deltok totalt frå torsdag til søndag. Dei yngste bada i Vonavatnet fleire ganger i finveret på dei varmaste dagane laurdag og søndag.
Sjå bilder i galleriet på hovedsida
____________________________________________________________________________________

•  10.09.10
Vonadagen vart arrangert søndag 29. august. Det var god oppslutning om arrangementet som vart arrangert av Von 4H i samarbeid med Forum for Natur og Friluftsliv og Øvre Naustdal Utmarkslag. Omlag 50 personar deltok på vandringa frå Nes, via Nes-stølen og fram på Vona. I tillegg kom 30-40 personar med båt. Det var innslag med informasjon om Vona- området og Vona-gardane, informasjon frå Fylkesmannen ved Naturoppsynet, Fylkeslandbrukskontoret og Naustdal Kommune. 4H serverte hjortegryte, melkelappar, kaffi og saft.
Veret var bra, det var sol store deler av dagen.

Sjå bilder frå Vonadagen i galleriet på hovedsida.