mandag 24. november 2008

Ranvik-knivar

I Flesberg har det vori fleire flinke knivmakarar. Dei best kjende er vel Ranvik-karane, fyrst og fremst Hellik Ranvik (1885-1971). Begge brørne hans, Niri og Ola, og faren Kittil har og laga knivar. Hellik var ein utruleg handig kar, og kunne laga omtrent kva det var. Derfor vart han bruka av mange i bygda når dei trengte noko nytt, anten det var ski, river, korger, knivar eller andre ting dei trengte. Olaf Aannestad fortalte meg at far hans ein gong fekk Hellik til å laga ski for alle barna, alle av same rognetreet. Sjølv hadde han aldri bruka skiparet sitt. For nokre år sia var det skiutstilling på Skogbruksmuseet på Elverum, der skiene til Olaf var utstilt. Etterpå ga han dei til museet som gave! Så kanskje me kan sjå dei der under knivdagane?
Hellik var ein framifrå hardingfelespelar og felemakar. Han kunne ei mengd slåttar, og slåttesamlaren Arne Bjørndal og seinare Sigbjørn Bernhoft Osa var og lærte slåttar av han. I likhet med far sin var han svært musikalsk, og sa ein gong at "når je hadde hørt en spellemann en stann, kunne je høre`n i dagavis etterpå - slåttæn song så tydele i hue på meg".
Men det er som knivmakar Hellik er best kjend. Han må ha hatt ein stor produksjon, for det finns mange knivar etter han. Han kunne prøve seg fram med ulike modellar. Ein gong han hadde vori i Telemark på ei utstilling, laga han ein flott telemarkskniv etterpå.

Bildet her viser ein modell som Hellik ofte laga. Den kan likna på stasknivane til Magnus Støvern frå Sigdal. Kanskje ein tanke slankare i forma. Ellers er Numedalsknivar og Sigdalsknivar ofte nokså like. Denne kniven fekk ein kar i Lyngdal i konfirmasjonsgave, omtrent maken til den bror hans fyrst hadde fått. Den har treslire og nokså lange holkar, der magebeltet på slira er nokså lik toppholken, berre litt mindre. Graveringa er enkel og velkomponert, og nøyaktig utført.
Knivbladet er smidd av Olav O Grimsrud frå Tinn.

Hellik var perfeksjonist og nøye i arbeidet. Da han skjøna at han ikkje fekk det til like bra lenger, vart det brått slutt med knivmakeriet, som med felespelet.

Hellik laga og bunadsknivar med lærslir. Knivmakar og smed Jan Lislien i Lyngdal har bruka modell av Hellik Ranvik i sine Numedalsknivar. Ein annan modell som er bruka av mange knivmakarar her i Numedal, er det bilde av på s.111 i Norsk Knivbok av Øystein Kostveit. Desse knivane er laga av Hellik, og er eigd av barnebarnet Arvid Dokken. Det er derfor feil når det står i boka at Arvid har laga dei. Hellik er og meister for kniven på s.56 i same boka. Den er nok meir lik den eg har bilde av her.
I same boka, på s.63 er det bilde av 2 knivar som Ola (1888-1921), bror til Hellik, har laga. Svært spesielle og flotte knivar, med perlemorinnlegg lik dekoren på ei hardingfele! Han reiste til Amerika i ungdomen, og rakk ikkje heim att før mora døydde. Det gjorde han sørgmodig og tungsindig dei få åra han levde etter han kom heim.
Me hadde og med ein kniv av eldstebror Niri (1880-1965) på knivutstillinga på Lågdalsmuseet 1996, der Numedalsknivane hadde ein sentral plass i presentasjonen av knivar frå Buskerud.

Tillegg 30.11.: At Hellik Ranvik var ein framifrå gravør av rosemønster er ikkje så rart. I tillegg til alle andre håndtverk, dreiv han med rosemåling. Telemarksrosene kunne han sikkert herifrå, da han hadde kurs i rosemåling hjå A Hylland frå Telemark. Han var derfor både stilsikker og kreativ nok til å laga sine eigne rosemønster.

Meir om Hellik Ranvik kan du lesa i Flesbergboka Bind V av Sigurd Vinger, og i Langs Lågen 1995 Hefte I.

2 kommentarer:

gvass sa...

Eg har hørt fleire har sagt dei har ein "Ola Ranvik-kniv". Dette er neppe tilfelle, for han gjorde truleg berre nokre få knivar. Det vil nesten alltid vera Hellik som har laga ein Ranvik-kniv.

gvass sa...

Litt meir om A Hylland, som Hellik Ranvik gikk på kurs hjå. I siste nr. av Knivbladet i artikkelen om stasknivar frå Telemark av Sigrunn Lie Brattekås, står det masse om han.
Asbjørn Hylland var eldste son til den kjende knivmakaren Halvor Teigen! Kort fortalt utdanna Asbjørn seg innan treskjæring og husflid i Oslo, og reiste med stipend på studietur til Sverige og Danmark.
Han vart sidan lærar ved "Kunstindustrimuseets snekker- og treskjærarskole i Telemarken, som ambulerte rundt i Telemark i 8 år (1893-1900). Seinare dreiv han eigen verkstad i Skien, og dreiv med kortare kurs i treskjæring. Om det er her Hellik var på kurs, og om det berre var rosemåling på kurset, veit eg ikkje. Men dette må det gå an å finna ut av. Er det nokon "på nett" som kan hjelpa meg?