Jobbe med oss?

Våre medarbeidarar har god kompetanse, stå-på-vilje og eit grunnleggjande ønskje om å bidra til at våre prosjekt har god framdrift og vert levert med høg kvalitet i alle ledd.

Er du óg ein slik?
Vi er alltid interesserte i å komme i kontakt med dyktige folk – også deg som er ung og vil inn i faget. Dette gjeld både handtverkarar og maskinkøyrarar.

Hjå oss vil du få god rettleiing frå gode kollegaer, stadig meir utfordrande arbeidsoppgåver og konkurransedyktige vilkår.

Me er spesielt interessert i ungdom med utdanning innan bygg og maskinfaget som ønsker ein utfordrande og spennande arbeidsplass. Me tek i mot lærlingar og er godkjent lærebedrift. Me tilbyr vårt personell alle nødvendige kurs og har også vidareutdanna personell med tilstrekkelig praksis i faget. Dei siste åra har i snitt 3 – 4 av våre tilsette tatt fagbrev i faget.

Foto: Synne Asheim Haga - porten.no

Foto: Synne Asheim Haga – porten.no

Har du relevant utdanning/bakgrunn, stå-på-vilje og lyst til å vere med å skape resultat saman med oss, er du velkomen til å kontakte oss for ein prat om framtida.