mandag 31. mars 2008

Lukke til, Ronny Nilsen


Friidretten har fått seg ein ny sportssjef, det er den gamle spydkastaren Ronny Nilsen. Å kalle han det gamle spydesset ville vel vere å ta for hardt i - sjølv om han var god var han aldri best. Egil Danielsen, Trine Hattestad og Andreas Thorkildsen har vel alle betre prestasjonar (alle har OL-gull).

Han skal ta over etter Kjetil Tømmernes som har hatt jobben i mange år og gjort ein god jobb. Han har vore sjef sidan 2002, og på dei seks åra har Norge tatt OL-gull i friidrett, samt at det no er fullt av unge talentfulle utøvarar på veg opp, både i sprint og langdistanse.


Nilsen har også ei god utdanning, om enn ikkje direkte relevant til den nye jobben (politi og rettsvitskap), men det er noko med det å studere, du kan tilegne deg kunnskap, noko som kjem til å bli nyttig framover.

Jobben byttar mannskap først etter OL i Kina, men eg reknar med, og håpar, at han får gå ein god skule no framover slik at det ikkje kjem som noko sjokk at han er sjef utpå hausten.

Slik eg ser det er det viktig å fortsette satsinga på ungdommen. Men ein må heller ikkje gløyme dei som er i toppen. Det er i den overgangen mange har vist seg å ikkje greie seg, og det blir ei stor utfordring, altså dei som ligg i gropa mellom å vere store talenter og ikkje har slått heilt igjennom. Greier han å få opp dei, då har han gjort ein manns jobb.


Dagbladet om saka

fredag 28. mars 2008

Og for dei som ikkje veit det, slik ender eliteserien i år


Tipping er artig, sjølv om eg ikkje er god til det. Her kjem mitt uhøgtidelege tips for sesongen 2008. Og der alle seier at dei skal dra fram tipset etter sesongen er ikkje eg like sikker på at eg vil megsjølv så ille.


1. Viking
Eit lag frå ein by som snart burde vinne igjen. Ein trenar som er passe gal til å tru at han kan få det til. Ryk ut tidleg i cupen og har berre serien å konse på.

2. Brann
Det blir nest øverst på Brann, alternativet er nest sist og så tape kvalifiseringa og rykke ned. Har mange bra spelarar, men ein ting er sikkert: å vinne to år på rad blir for mykje sjølv i Bergen.

3. Lillestrøm
Vil rote seg vekk sjølv utan hjelp frå andre. Tom Nordli gliser utover august og slår hjul på Åråsen, dei er nemleg nr. to rett bak Rosenborg på målforskjell. Raknar når både Riseth og Kippe må stå over med karantene. Arild Sundgot blir lånt ut til Hønefoss der broren Ole Bjørn treng ein spiss.

4. Rosenborg
Leiar serien halvvegs, Bjørn Henriksen blir geni-erklært som den føste i Trondheim sidan Eggen. Erik Hamren tek over og Rosenborg blir til slutt nr. 4. Ikkje naudsynt å nemne at etter sesongen tek Henriksen over laget att etter Hamren får sparken. Ny trenar neste sommar.

5. Molde
Kjem til å skåre ein del mål, men som alltid vil måla bli skåra av midtbanespelarar på Romsdalskysten. Kjem også til å sleppe inn ein del mål, mål som blir skåra av motstandaranes midtstopparar på corner.

6. Vålerenga
Litt høgt opp på tabellen for Vålerenga, men grunnen var at det ikkje var plass lenger nede. Martin Andressen veit ikkje kva han skal gjere når han blir sparka som mangaer, men ikkje som spelar. Kjetil Rekdal er eit heitt namn i Oslo, han kan ta jobben som manager og som midtbaneanker. Tradisjon er viktig i Vålerenga, og tradisjonen seier at ein bør hente inn gamle spelarar som har vore i utlandet.

7. Lyn
Henning Berg sit trygt. Ingen får med seg at Lyn ender opp midt på tabellen i år. Det er fordi ingen går og ser kampane.

8. Tromsø
Må utsette nokre kampar i byrjinga fordi det er snøstorm fram til slutten av mai. Steinar Nilsen er den trenaren i Norge som sit tryggast av alle. Rushfelt går til Brann i juli og alt er tilbake til normalt i nord.

9. Stabæk
No veit alle kva Stabæk vil på banen. Men ingen veit kor banen er. Nadderud er ei fin eng med "tribunar", Fornebu er enn så lenge ein flyplass for meg. Ingebrigt Steen-Jensen kjem ut med boka "Marel Baldvinson, eit Ona fyr i Bærum. Ein uautorisert biografi om ein flopp"

10. Fredrikstad
Må snart oppdage at kamen skal avgjerast på banen og ikkje i rettssalen. Anders Grönholm må kvitte seg med Rami Shaban, ryk ut mot Moss i 3. runde.

11. Aalesund
Blir lagt merke til fordi dei spelar i drakter som betre passar til bedriftsidrettslaget til Vegvesnet. Og at Nordmark må nemne dei når han er på TV. Men det er ikkje så ofte.

12. Strømsgodset
Tja, nesten alt er nesten bra. Ein trenar som ikkje har vore trenar før, og ved hans høgre side sit Knut Tørum. Og det blir vel som med Jesus, ein må ofrast for at laget skal kunne seie til Drammens Tidene at dei tek grep for å bli betre. Noko dei ikkje blir.

13. Bodø/Glimt
Greier seg fordi dei har sine lys/glimt i løpet av sesongen. To sterke sigrar på rad i august (7-0 og 6-0) gjer at dei går forbi Kamma.

14. Ham-Kam
Kamma blir degradert. Erlandsen blir for forutsigbart. Har fått Pål Strand som styrkar laget. Kjem til å bli mange skadar utover hausten når lag skal hevne det som skjedde i tilsvarande kamp i vårsesongen.

Let the show begin!

Til dømes Dagbladet sitt tips

Sprintere, eit dikt av Nordal Grieg


Tenkte at det er på tide å få inn noko som mange reknar som høgkultur. Debatten om sport som kultur er lang, og kva som er høg- og lågkultur er nesten like lang.

Her er eit dikt om Nordal Grieg. Eit kort og greitt dikt, som kanskje kan sette idretten i eit lite perspektiv? Det er skrevet etter sommar-OL i Berlin i 1936.



Sprinterne


Niggeren Owens sprinter,
germanerne stuper sprengt.
Det blonde Stadion undres,
og Føreren mørkner strengt.
Men tenk da med trøst på alle
jødiske kvinner og menn
som sprang for livet i gaten –
dem nådde dere igjen!

Nordahl Grieg, ”Veien frem”, 1936



Om Jesse Owens på Wikipedia

torsdag 27. mars 2008

Soga om Morgan Andersen


Så skulle ein tru at den saka var slutt, men nei - ikkje enno. Den er anka etter at Morgan Andersen fekk eit år betinga fengsel.

Den andre "straffa" han fekk var at kontrakta med Fredrikstad FK vart avslutta. No skjønar ikkje eg at FFK tilsette Andersen då dei gjorde. Saka mellom han, Lyn, Shittu, Chelsea og alle andre var jo ei kjent sak i media. Ein ting er at han kan vere ein god adm. dir. Men er han det når han får ein slik dom på seg? Og kva med fiktive diettgodtgjerslar og reiseregningar frå tida i NISO (ja, du kan lure på kva Lyn tenkte i hine, hårde dagar). I tillegg skal han kanskje få millionbonus i Fredrikstad, i anna privat næringsliv hadde han sikert gått på hovudet ut og alt han satt att med var fotsolemerket i rævva.

Sjølv om han har anka og at han slik sett juridisk kanskje ikkje enno er skuldig (eg er ikkje jurist, så eg veit ikkje formalia i dette), er det vel klart at nokon jobb i idretten må han sjå langt etter.
Eller det private nærligsliv? Å ha ein slik dom på seg lettar ikkje trykket same kva jobb ein vil ha.

Ein annan interessant ting er kva som skjer med pengane mellom Lyn, Chelesa og Manchester Utd. Her er det snakk om nokon slik som til saman 210 millionar kroner. Ikkje småtteri. Blir det regress?

Og så har med dei stakkars supporterane til Fredrikstad. Det var jo som Lyn-sjef alt dette skjedde, men i går var det Fredrikstad-fansen som vart intervjua. Kvifor ikkje intervjue nokon frå Lyn-land (eller er det så få av dei at dei er vanskelege å finne?)

Tja, det blir vel ein ny runde i retten, og sikkert ein til etter det. Sogaen om Morgan Andersen er ikkje ferdig.


Dagbladet I, II, III, IV, V, VI

Eit trist sorti, men dårleg generalprøve...

I går var det vorspiel, festa er i helga. Å som eg gler meg, men kampen i går var ein liten festbrems.

Det vil seie, då Montenegro (ja, eller Svartfjell) tok leiinga i Podgorica (under fjellet) 3-0, då gjekk eg bort i baren og satt der og snakka med dei andre igjen. Gløymt var kampen. At Carew skåra var greitt, men for meg utgjorde det ingen forskjell.

Det artige i går er dei som vil at Hareide skulle komme tilbake til den han var, kommentatorar som har bevist ein gong for alle at dei kan. Eller iallefall at dei har det meir i kjeften enn mange andre plassar.
Vel bevares, Erik Soler er sikkert ein flink mann, og han skulle jo ta gull med Start. Vent, dei har vel fortsatt eit par år igjen til å ta det gullet...

I fjor, siste serierunde, gjekk eg saman med ein kompis ned på Ullevaal berre for å sjå Start tape mot Lyn og rykke ned. Eg var overtydd om at Odd gjorde jobben mot Fredrikstad. Eg har ikkje noko imot korkje Lyn, Start, Odd eller Fredrikstad, men det var noko som sa meg at den kampen ville bli interessant. Ein annan kompis, ein FFK-fan hadde tatt turen til Skien og eg var fullt oppdatert heile kampen. Og eg fekk ein fin kveld...

Men landskampen? Det er vel ikkje meir å seie enn at hadde det ikkje vore for Martin Andresen hadde ingen sentra ballen til Håkon Opdal. Dei er vel buddyar no?

Hareides 52 i rekka heller ut av rekka gå.



onsdag 26. mars 2008

Ahonen, dett var dett



Eg traff Janne Ahonen for eit par år sidan i Vikersund, det inntrykket eg satt igjen med var at han tok ting som dei kom, han lot seg ikkje affisere av noko der han satt med ei stor ro.

Det er kanskje litt slik livet som skihoppar er? Ein må ha ro på seg, ikkje stresse seg opp, det kan jo bli mange timar med venting før ein får sette utfor mange stadar. Så tek det eit halvt minutt og du er nede på sletta igjen. Ein som best, 29 på resultatlista bak deg.

Det er vel litt slik med Ahonen no, han har vore med i alle år. Og plutseleg er det stopp. Som lyn frå klar himmel, eller som skihoppar frå tåkete unnarenn.

Men over 100 pallplasseringar i verdscupen, vinnar av hoppveka mange gonger. Ditt og datt. Det einaste han mangla var vel ei individuell OL-medalje av det edlaste slaget. Der har han berre to sølv i laghopp.

Trur mange kjem til å sakne Ahonen, mannen som aldri smilte, men som lo hjarteleg når kameraet var vekke.

For all del, han er jo ikkje daud, han kjem nok attende som trenar.



Dagbladet

Landskamp igjen


Så er det endeleg tid for fotball igjen. Ja, det har vore europeisk fotball heile vinteren, men i dag er det landskamp, og i helga er det første serierunde. Det er halleluja-stemning i heimen!

Og ein ny spelar startar mot Montenegro - Tore Reginiussen, Tromsø-spelar. Snart 22, tidlegare Alta-spelar og no landslagsspelar. Ein må ikkje spele fast i utlandet for å få sin debut.

Montenegro står på den andre sida av banen i kveld. Landet er ganske så "nytt", sjølvstendig frå den tredje juni 2006. Montenegro (svartfjell om du vil, monte som i fjell, negro som i svart) har berre spelt seks landskampar. Den første mot Ungarn, så Japan, Colombia, Slovenia, Sverige og Estland. Den sjuande mot Norge i kveld.

Norge spelte sin første kamp i 1908 (tap 3-11 mot Sverige).

Men dette er berre oppkøyringa, for uansett er det til helga det skjer.

Å som eg gler meg, vorspiel i kveld!



Dagbladet
Biletet er frå www.flickr.com

mandag 24. mars 2008

Det tok ikkje lang tid...

Reportarar utan grenser


Rett før OL-ilden vart tennt på i dag skjedde det.

Sjølv satt eg i godstolen og såg på BBC sine direktesendingar på TV. CNN hadde også, men BBC var betre i dag (igjen). Ingen hadde vel rekna med at noko skulle skje i dag. Heller ikkje pressa var invitert, TV-sendingane var laga av uavhengige som kanalane kunne vise frå. Og så plutseleg er det ein fyr som spring over plassen medan presidenten i den kinesiske arrangementskomiteen preikar. Ein slagt kinesisk Gerhard Heiberg sikkert.

Grekarane er vel ikkje kjent for å vere dei raskaste (den raskaste skulle tenne OL-ilden i 2004, men vart tatt i doping rett før leikane, sprintaren Kostas Kenteris). Heile verda fekk kringkasta ein mann med eit flagg, det var vanskeleg å sjå kva som stod på flagget, men det var ikkje vanskeleg å skjøne kva han ville oppnå. Og så blir kameravinklane endra, ein ser berre rask rundt omkring og nokre sikkerheitsfolk. Då skjønar produsenten at denne vinkelen er heller ikkje god, så me får servert intetsigende bilete. Men det er ikkje det me vil sjå, er det?

Flagget er basert på fana som ein ser lenger opp. Protestanten kom antakelegvis frå Reportarar utan grenser, ein organisasjon som også følgjer OL i Beijing.

Dette er den andre større politiske ytringa me ser berre no i påska. Eg trur det kjem til å komme fleire framover. Fakkelen skal no gjennom mange rare gater, det er nok mange som kjem til å prøve å få slukket den. Ikkje minst på grunn av mediefølgjet som kjem til å vere overalt. Og med denne starten kjem både sikkerheitsfolk og media til å vere ekstra på vakt for at noko skal kunne skje.

Det skal iallefall bli interessant å følgje framover!

Og om du skulle lure, denoffisielle heimesida til IOC nemner ikkje protesten med eit ord. Det gjer heller ikkje heimesida til fakkelen.

Dagbladet

fredag 21. mars 2008

Politisk ytring innan idretten



Den serbiske svømmaren Milorad Cavic er utesperra frå resten av svømme-EM fordi han hadde på seg ei t-skjorte med politisk ytring: "Kosovo er Serbia". Det er imot det internasjonale svømmeforbundets reglar å gjere slik...

Men det er ikkje første gongen idrettsarrangement blir nytta til politisk ytring. I Mexico by i 1968 kom ei av dei mest kjente politiske ytringane i sportsverda. Tommie Smith vann 200 meter-løpet på 19.83 (verdsrekord), Smith var USAinanar av afrikansk avstamming. Nr. 2 var Peter Norman frå Australia, med John Carlos på tredje. Også han av afrikansk avstamming.


Under medalje-seremonien gjekk dei to USAianarane på podiet utan sko, berre iført svarte sokkar som eit symbol på svart fattigdom i USA. Smith hadde også eit svart skjerf for å markere svart stoltheit. Alle tre hadde armbandet til Den olympiske prosjektet for menneskerettar. Før leikane hadde dei svarte utøvarane blitt oppmoda til å boykotte arrangementet, noko dei ikkje gjorde. Dei to frå USA hadde også på seg svarte hanskar - og då nasjonalsongen vart spelt bøygde dei hovudet og heva handa i salutt. Tilskodarane på tribuna bua på dei, men det vart førstesideoppslag dagen etter.

Smith sa seinare at If I win, I am American, not a black American. But if I did something bad, then they would say I am a Negro. We are black and we are proud of being black. Black America will understand what we did tonight.

Avery Brundage, presidenten i IOC, forlanga at utøvarne skulle eksluderast frå leikane, noko Den amerikanske olympiske komite nekta å gjere. Brundage truga då med at heile det amerikanske friidrettslaget kom til å bli nekta, dette førte til at amerikanarane ekskluderte dei to resten av OL.

Det vart sagt at det heile var eit brot på den olympiske anden!

Sjølv har jo IOC tatt til orde for at alle verdas krigar skal stoppe under OL, noko eg er sterkt for, med det er vel også eit politisk bodskap?

Begge to fekk det vanskeleg i ettertid. Begge gjekk etter kvart over til amerikansk fotball. Familiane deira fekk drapstrugslar. Norman, australiaren, fekk reprimande av Den australske olympiske komite og vart ekskludert. Han fekk ikkje vere med i OL i 1972 sjølv om han vart nr. 3 i uttakinga.

Universitet i San Jose, der begge amerikanarane hadde vore studentar, hedra dei to i 2005 med ei 20 fot høg statue og utstillinga Speed City: From Civil Rights to Black Power. Legg forrestan merke til at Norman, som også måtte lide ikkje er med på sigerspallen på minnesmerket i San Jose!



I norsk samanheng har me også Lars Bohinen som nekta å spele mot Frankrike på grunn av prøvesprengingane i 1995. Sjølv om dette ikkje skjedde på sjølve idrettsbanen skapte saka debatt i Norge då.

Dagbladet om Milorad Cavic

torsdag 20. mars 2008

Det måtte bli svømming på bergensaren


Alexander Dale Oen er frå det våte vestlandet - det måtte vel bli svømming på den mannen der. Og det gjer han godt!

EM-gull er ein stor prestasjon. Det hjelp ikkje å komme og seie at dei beste ikkje var med, amerikanarane og australiarane og slik (det er jo det som er vitsen med EM, ein må vere frå Europa). Ein av 5 no som har vore under minuttet på 100 meter bryst er bra uansett korleis ein vrir og vender på det. Om det ikkje hadde gitt gull i OL - kva så?

Så presidenten i svømmeforbundet samanlikna det med Rodal slitt gull i Atlanta, men poengterte også at det ikkje var heilt det samme. Svømming og friidrett er begge blant verdas største idrettar, og at nordmenn skal vere i verdstoppen der er artig.

Så gratulerer til Dale Oen, no er ikkje Irene Dalby lenger den einaste nordmannen med EM-gull i svømming. Og eg trur ikkje ho er lei seg for det i dag.


Dagbladet om Oen
Meir om Oen

onsdag 19. mars 2008

To heltar legg opp. Flo og Lundekvam



Det er vel ikkje dei største sjokkbølgjane som går igjennom norsk fotball med nyheitene om at Tore André Flo og Claus Lundekvam legg opp. Men det er to spelarar som på kvar sitt vis har vore viktige for norsk fotball.

Flo, på sitt beste ein eminent spelar, har slitt dei siste åra. Korkje Leeds eller Vålerenga var vel ubetinga suksessar. Men han var med på kanskje den største kampen Norge har spelt, 2-1 over Brasil i VM - der han også skåra eit mål og skaffa straffa som Rekdal satt inn.

Flo-familien er på fleire måtar unik. Tore André og Jostein er av få brødrepar som har spelt samtidig på landslaget. Til saman har fire av søskenflokken spelt i norsk toppserie, Jostein og Tore André, men også Jarle og Kjell Rune. Det er det ikkje mange av. 155 mål på 455 kampar er ikkje verst, spesielt med tanke på at mange av måla er for klubbar som Chelsea og Rangers.

På den andre sida av målstatistikken finn ein Claus Lundekvam. 53 kampar og 1 mål for Brann. 375 kampar og 2 mål for Southhampton. Verdt å nemne er kanskje også at han skåra landslagets mål nr 1000, ikkje verst av ein som nesten aldri skårar (Moldes toppseriemål nr 999, 1001 og 1002 vart skåra av Magne Hoseth, men det var av alle David Ljung som fekk æra av å skåre nr 1000, ein forsvarsspelar).

Lundekvam har vore tru mot Southampton og har vore der i over ti år. Det står det respekt av i ei tid folk byttar klubb i hytt og gevær. Og til sommaren blir det avskjedkamp mot Celtic.

Hedres den som hedres bør.



Dagbladet om Lundekvam
Dagbladet om Flo

mandag 17. mars 2008

Beckham, ikkje berre ein vits



Mykje og mangt er sagt om David Beckham. Kan ikkje hugse at nokon har vore like utskjelt som den mannen på ein fotballbane. Men det er greitt, han har gjort alt han kan for å komme i pressa, og har greidd det til fulle.

Ikkje berre er han blitt mote-ikonet med den pistrete stemma. Han skiftar hårsveis oftare enn dei fleste, han vart gift med ei i Spice Girls og slik går soga vidare.

Så er det mange som hevdar at han ikkje har gjort det så bra på banen. At han er oppskrytt og opphausa. Kanskje det. Men du spelar ikkje fast på Manchester Utd. i så mange år utan å vere god. Eller blir solgt til Real Madrid. Eller 99 landskampar, mange som kaptein. Det talar vel enkelt og greitt Becks sak?

Cluet er at ein kan vere som ein er, men hadde han ikkje vore god i fotball hadde ingen brydd seg om resten. Eddie Gustavson er også ei moteløve, men det er det ingen som bryr seg om. Eller? Kanskje fordi han ikkje har 99 kampar for England og har spelt for Real Madrid eller Manchester Utd. Molde, HamKam og Lyn er ikkje det same, med all respekt.

At han har problem i USA, folk pip på han fordi dei ikkje fekk sjå han i ein kamp, Han var skada... Det får vere deira problem. USAianarar forstår seg uansett ikkje på fotball (kva skal få dei interessert no, Pele, Neeskens og gjengen fekk dei heller ikkje interessert). Rart, med tanke på kor mange invandrar som kjem frå fotballinteresserte land burde det gå. Men det gjer det ikkje.

Og om Beckham får kamp nr. 100? Ring Henning Berg og spør korleis det let seg ordne. Eller rett og slett, gå til Lyn, få kampen og overta rolla til Eddie som moteløve.


Dagbladet
Meir om Beckham

søndag 16. mars 2008

Arild Stavrum og boka hans


Fantastisk!

Eg kan ikkje seie at "31 år på gress" kjem til å bli ein klassikar, men den er bra. Den er full av treffande beskrivingar av Molde som by, viser fleire stereotypar som supporterar.

At Molde er full av bensinstasjonar er noko alle veit. Byen ligg mellom to Hydro-stasjonar. Den einaste arkitektoniske fullførte delen av byen er frå Havneterminalen til Seilet. Og alle dei gamle damene som ligg med rævva i beda med sine grå kortbukser. Artig lesing, kjente igjen byen. (For dei som skulle lure, eg kjem frå ein stat utanfor Molde, eg vaks opp med å stikke innom Molde på laurdagar.)

Jan Henrik Indbjør i Romsdals Budstikke skriv at I den grad vi i det hele tatt skal ta innholdet i denne boka på alvor, synes vi det er litt lusent å bruke tidligere medspillere og navngitte personer som rollefigurer når budskapet er så ullent, når du som forfatter ikke gjør det klart om dette er fakta eller fiksjon. Tja, eg kan til dømes nemne frå boka at hovudkarakteren Joackim spelte for Lillestrøm i 2005, der han som Lillestrøm-spelar skåra i ekstraomgangen slik at Lillestrøm vann kampen. I den faktiske finalen var det Molde som skåra to i ekstraomgangane og vann.

Boka er ein roman, noko den heller ikkje legg skjul på. Mykje er sikkert henta frå, og er reelle situasjonar, frå verklegheita.

Det artige er at eg sit att med kjensla om at det er Arild Stavrum som er modell for ein figur i boka. Men det er ikkje Joackim. Stavrum er modell for trenaren (som ikkje veit om han er trenar når sesongen er ferdig).

Kven er så modellen for Joackim? Mitt tips er Freddy dos Santos! Santos var i Molde i nokre år, er frå Oslo, bla bla bla. Men ikkje at det er Santos.

At Inbjør ikkje er nøgd med boka kan jo ha noko med at Romsdals Budstikke får gjennomgå litt. Overskriftene som blir litt Se&Hør-aktige og slik.

Boka er absolutt verdt å lese. Stavrum skriv at Norge er for internasjonal fotball som Elnesvågen er for norsk. Litt som "31 år på gress" er for litteraturhistoria.

Men har du først opna boka greier du ikkje å legge ho frå deg!


Indbjør i RB

lørdag 15. mars 2008

Eg er for, men det går ei grense



Så var det på nytt ei stygg dopingsak. Denne var litt forskjelleg frå mange andre, det som skjedde var nemleg at den belgiske syklisten Kevin van Impe var opptatt med å førebu gravferda til sin eigen son. Midt oppi dette kjem dopingjegarane på besøk. Her er det ikkje snakk om å vente, nei.

Kva skjer? Jau, han må bli med - dopingfolket kunne ikkje vente. Kor ille kan det bli? Kan ikkje tenkje meg at det var doping han tenkte på då han stod der i krematoriet.

Å då bli truga med to års utestenging, det høyrer ikkje heime nokon stad.




Den andre dopinghistoria frå veka som gjekk er den tyske stavhopparen Anna Battke som under innandørs-VM skreiv "stop doping", "true arm" og så vidare. Slik såg det ut:



Etter kvalifiseringa var over og dommaren hadde fått vilja si såg kroppen til Battke slik ut (litt seinare på dagen): Ho måtte vaske av seg det ho hadde skrevet, slik skulle ein ikkje ha noko av! Kom igjen, Battke.


Dagbladet
Dagbladet

fredag 14. mars 2008

Kanskje det siste frå Soga om Pål Strand



Ha, så gjekk det som eg trudde. Det er Lillestrøm som sit att med Svarte-Per i saka, dei som i utgangspunktet ville ha to millionar for Strand.

Ikkje berre gjekk Lillestrøm glipp av to millionar - som dei kanskje hadde fått i fjor, dei måtte også betale Strand komensasjon for å stikke!

Per Mathisen i Lillestrøm seier til Dagbladet at dette ikkje var heilt etter plana. Nei, seier du det? Å så hevde at om Strand (og Dan Anton Johansen) ikkje er bra nok for Lillestrøm, burde andre klubbar vere interesserte. Interesserte i kva? Noko Lillestrøm har stempla vrakgods i panna på?

Men så kjem gullkornet: - Vi mente at vi hadde en vare å selge som vi trodde markedet ville betale for. Selvfølgelig ser vi nå at det ikke helt stemte, men vi mener ikke nødvendigvis at bare vi gjorde feil. Etter vår mening har kanskje ikke markedet helt gjort jobben sin heller.

Igjen: Hallo!

Det er vel ikkje noko gale med marknaden slik som Lillestrøm har oppført seg? Nei, takke meg til.

Får håpe han gjer ein manns jobb på Hamar. Måtte han berre senke Lillestrøm på Åråsen!






Dagbladet

torsdag 13. mars 2008

Det vart ikkje Vålerenga på Pål Strand




Så blir det Hamar. Ikkje uventa, hadde eg berre tenkt meg om. Hadde aldri heller trudd at han skulle ende opp i Oslo, men det hadde vore artig.

Og kven er det som er trenar på Hamar? Jau, sjølvsagt er det Arne Erlandsen, ein mann som har trent Strand i mange år og som veit kva han får. Og han veit kva Kamma treng. Hadde vore artig no, etter denne farsa, om Strand vart topp-10 på VG-børsen etter sesongen, så kan Lillestrøm berre angre seg.

Lukke til på Hamar.

Og det blir sikkert stor jubel frå heimefansen når du kjem til Åråsen...

Dagbladet

Det som framstår som rart for nokon...


Det som framstår som rart for nokon er visstnok gått Fredrikstad hus forbi. Det er mange som reagerar på at FFK tilsette Morgan Andersen då dei gjorde. Ikkje berre på grunn av Mikel-saka, men også på grunn av køyregodtgjørelsene då han var i NISO.

Då eg tok statsvitskap fekk me ein gong spørsmålet: Kva gjer du som firma-leiar om fagforeininga har ein god leiar som er flink til det han gjer?

Svaret: Du tilsett han i høgare opp i organisasjonen slik at han kan gjere ein god jobb der og ikkje som fagforeiningspamp. Det tener firmaet på.

Men det er også sterke krefter som meiner at Morgan er ein av dei. Me får vente på å sjå banneret som kjem om han skulle bli dømt:




   Fredrikstad-fans!




Men eg er ikkje så sikker på om det er slik i Fredrikstad, ein fotballklubb er avhengig av eit godt rykte utad, det er ei spesielle vare ein selgjer som fotballklubb, leiinga er ein del av det heile. I Molde endte ein gong Tornekrattet med å gå frå stadion fem minutt etter kampen byrja i protest mot leiinga.

Med alt som har vore rundt Morgan skjønar eg ikkje at Fredrikstad torar å ha han der. Kva om han gjer noko igjen, då er det klubben som sit att med svarteper.

Får håpe at Morgan blir frikjent i denne saka, det hadde vore det beste for norsk fotball, desverre trur eg kanskje det motsatte skjer. Det må vere ein grunn til at politiet gjekk til sak etter at partane vart samde om å ikkje gjere det.



Dagbladet sin artikkel om saka

tirsdag 11. mars 2008

Fugla eller gribbane?


Som eg har skrevet om før så er ikkje Pål Strand den helten blant leiarane på Åråsen som har er blant fansen i Lillestrøm.

Men no skjer det ting, det vil seie at Lillestrøm, som igjen betyr Frank Grønlund, vil ha endeleg avklaring av ordlyden i spelarkontraktar. Hallo! - kanskje ikkje det dummaste?

- Når reaksjonene har blitt så mange, må vi se på om vi kunne ha gjort en bedre jobb. Vi kunne nok ha håndtert det annerledes, men kjernen i saken står vi fast ved, sier Grønlund til VG Nett. (Som er sitert i Dagbladet, som eg siterar her, i dette tilfellet lite kjeldekritisk, men det får stå for mi rekning.)

Er det berre fordi reaksjonane vart så sterke at dei burde gjort ting på ein anna måte? Kva med dei tilfella at det ikkje blir ramaskrik i pressa, burde ikkje dei også bli gjort betre om dei er gjort feil eller dårleg?




   Ein sunnmøring




Ein ting er at Strand blir kasta ut. Det gjer ei dårleg signaleffekt for dei andre, og ikkje minst for fansen slik som det skjedde. Kva med det økonomiske, eg reknar med at Strand ikkje går ned i løn sjølv om han ikkje får trene med a-laget (sjølv om det går ut over bonusar, meg eg snakkar om grunnløn, bonus får ein ikkje så mykje av om ein ikkje spelar kampar, sjølv om ein er i a-troppen).

Lillestrøm har vel slik sett ikkje så mykje å tape på at han er i a-troppen. Dessutan, no er det vilje til at han kan finne seg ein annan klubb. Hadde det ikkje vore meir marknadsretta å selje han som a-lagsspelar og ikkje som vrakgods? Dette skjer til tross for at dei har ein sunnmøring langt oppi systemet. Ikkje skjønar eg.

Men til Pål Strand: lukke til.

Og eg gløymer aldri då du mista Konate i cup-finalen 05. Takk!

mandag 10. mars 2008

Holmenkollen


Så var det slutt, for denne gong, eller rettare sagt for denne bakken.

Det er vel slik det er - det er no på tide å slå følgje med utviklinga, men det er ein ting eg er tvilsam til, det er å endre utsjånaden på bakken for mykje. Den som står i dag er nokre gradar feil i alle retningar og det er for mykje vind og så vidare.

"Problemet" til bakken i dag er at den har den samme funksjonen for Oslo som operahuset i Sydney har for den byen. Det er og forhåpentlegvis blir Oslos symbol utad. Kvart år er det millionar som sit og ser på profilen til bakken. Det er vel heller ikkje utan grunn at det er eit av landets mest besøkte punkt?




   Holmenkollbakken



Her er bilete av vinnarforslaget:




   Holmenkollbakken




Men til ære for Kollen, om bakken blir vekke, her kan ein forlyste seg: Holmenkollen-spel.


fredag 7. mars 2008

Knappar, glansbilete og gryn


Magnus Moan, ein anstendig mann som driv på med ein marginal verdsidrett, er ikkje nødt med forballspelaranes lønskrav. Eg skjønar han godt. Men det er vel marknadsøkonomien som gjer seg gjeldane i fotballen.

Det er vel ikkje tvil om at det er fotballen som genererar mest pengar i norsk idrett. Det er mange lag som har ei omsetting på over 50 millionar kroner. Det er ganske så mykje.




Ein slik tusenlapp



Dei best betalte spelarane i Norge i dag tener visstnok over 4 millionar. Det er vel "for å kunne konkurrere med dei beste laga i andre land det er naturleg å samanlikne seg med". Nokre lag har vel råd til å gjere det, men det er ikkje alle forundt. Det er ikkje lenger eit spørsmål om tilskodarar, det er så mykje større enn som så.

Ein må ha ei lokal bedrift eller noko som har vilje til å spytte inn gryn. Fredriksen, Spetalen, Røkke, Hardball, Reitan, Kræmer, Svendsen - lista er lang. Neste punkt er at ein må bli vist på fjernsyn. Og ofte. Men det er det kanalane som bestemmer. Eg har ikkje sett på tala, men eg kan tenke meg at tilskodarinntektene er hovudkjelda for nokre av toppklubbane i dag.

At det er fotball folk vil ha gjespeilast jo også i løna - dei beste, dei som genererar inntekter for klubben, tener betre. Dei beste fortener å tene meir enn dei nest beste. Og dei tredje beste tener betre enn folk som er i verdstoppen i andre idrettar. Slik som Magnus Moan, ein mann som legg ned 1100 treningstimar i året.




Ein slik tusenlapp



Eg forstår at det er slik, men eg er samd med Moan i ein ting: heller ikkje eg likar sutringa som ein kan høyre frå fotballmiljøet om at folk tener lite og at dei må til utlandet for å tene seg pengar. Dei har trass alt ikkje så lang yrkesaktivt liv. Som om ikkje dei også kan ta seg vanleg arbeid etter karriæra eller ei utdanning.

onsdag 5. mars 2008

Om OL i Norge


Tromsø skal vere norsk søkjarby for å få arrangere dei olympiske sommarleikane i 2018. Greitt nok. No har Børge Stensbøl tatt sin hatt og gått.

Det er ein ting eg saknar i denne saka om OL. Kor er debatten om Norge i dei heile vil ha OL? Det har vore så og seie opplest og vedtatt at Norge skal prøve å få desse leikane. Debatten har vore på kva by som skal få dei. Sjølv meiner eg at Lillehammer og Oslo burde arrangere saman. Det er mange grunnar til det, det er ferdiglaga anlegg, det blir billegare (eventuelt kan ein bruke resten av pengane på å lage eit enno betre arrangement).

Men det er aller mest er for er at OL skal arrangerast i Sverige!


Svenskane går inn på stadion under opninga av OL i Stockholm i 1912


Sverige er det beste alternativet for OL i 2018. Utan tvil. Det er berre slik det er. Dei har tradisjon for å arrangere store arrangement, dei kan det. Men dei har ikkje hatt OL sidan 1956 (OL var i Melbourne, men sprangridinga var i Stockholm, forrestan eit bra quiz-spørsmål). I 1912 vart heile leikane haldne i Sverige. Sidan då har dei hatt mange andre store ting som VM og EM i fotball, VM i friidrett og heilt sikkert eit svensk meisterskap i speedway...

Eg er overtydd om at Sverige vil kunne arrangere eit vinter-OL som vil bli avslutta med orda: "Ze best geimz ever", med litt fransk aksent.

Ein annan grunn til at grannane kan ta på seg oppgåva er at då treng ikkje me i Norge å klage så mykje om regionalpolitikk. Sjølv er eg ikkje frå det sentrale austlandsområdet, men det finst ein realitet i det heile, bygg anlegg i nord, men så store ting bør vere i sør. Svenskane kan sjølve diskutere kor dei vil ha "galskapen" hen.

Måtte det beste grannelandet vinne!




Dagbladet IDagbldet II