mandag 12. april 2010

Vår i Moseldalen

Etter ein lang og hektisk periode med planlegging og oppstart av butikken, gleda vi oss veldig til å vere mykje ilag og nyte nokre rolege feriedagar berre oss fire. Målet for reisa vart blinka ut før jul, og betre tidspunkt enn veka etter påske kunne vi ikkje ha funne. Lite visste vi om at eg skulle starte butikk til påske, og at den deretter skulle stengast nokre veker pga skraping og måling av huset. Litt flaks skal ein ha!

Vi tok fly til Düsseldorf, budde eit par netter midt i sentrum (med trikkeskinnearbeid på nattskift i gata under oss), handla ikkje i ei av europas mest berømte handlegater, men åt oss opp på kraftig tysk mat, Apfelstrodel og Bayer. Restauranten ..eit eller anna.. som mannen i huset hadde besøkt ved eit tidlegare høve var utruleg koseleg, og gammal (låg i Altstadt). Mannen vart heldigvis ikkje gjenkjent, men hadde vi hatt med dei fire dårlege kameratane hans, så spørst det... Ungane forstod i alle fall fort at Tyskland var eit skikkeleg kult land! Alle servitørar, resepsjonistar, butikkansatte og dei fleste andre, hadde gotteri på lur... SKIKKELEG LURT!!! Ferien måtte bli ein suksess!

Når vi kom ut av storbyen og fekk litt natur rundt oss, viste det seg at her var det både blomster og grøne tre. Ingrid storkosa seg med å plukke sin første bukett av kvitveis.


Moseldalen, må opplevast i fint ver, og det klarte vi! Laurdag var det strålande sol, og ungane jubla når taket forsvant ned i bagsjerommet. Ikkje rart dei ville ha med bilen heim... Og dei ville ikkje berre leike med tanken, dei ville kjøpe den med ein gong, JETZT, immer, heute!! Ein A5 kabriolet er ikkje heilt gratis i dette avgiftshelvetet av eit utland med mykje flott natur, men det er den på andre sida ikkje i Tyskland heller, berre nesten! Ungane forstod etterkvart at vi måtte selge meir enn dei to bilane vi har heime for å kunne ta med gliset nach Norwegen... Etter mange runder med gode og mindre gode forslag om lausøyre som kunne vekslast inn i cash, trippa Jo så blid og lur rundt bordet og kviskra inn i øyret til pappa "nå vet jeg det; vi kan selge butikken til mamma!!!"

Ungane var som føll, første dag på jordet ein vakker vårdag. Dei hoppa og spratt, og ingen sakna dei tunge støvlane og regndressane som hang grå og våte i barnehagen.

Heile Moseldalen er full i borger, og Burg Eltz er vel ei av dei største og flottaste. Om eg ikkje hugsar feil, så har den vore i famileien i 23 generasjonar. Ingrid lurte på om dei var heilt vanlege folk, slik som oss. I så fall, så kunne no vi i grunnen eige i slik borg òg...., man mammaen til Ingrid tykte det vart litt mykje å rydde og vaske... Så då vart det igrunnen med tanken. Bratwurst og øl er det overalt i Tyskland, omlag på same måten som vi får tak i vafler og kakao på alle fjellstover og andre utfluktsstader her heime. Berre i denne borga trur eg vi hadde tre plassar å velge på.

Vi tilbrakte to netter på eit kjempetriveleg hotell like nord for Bernkastel Kues, eller korleis det no vert skrive. Her ser vi ned på elva Mosel og dalsidene som er fullstendig dekte av drueplantar. Resultatet av desse vindruene, testa eg ved fleire anledningar, både i sola og innandørs med god mat til kvelden... og eg klarte ikkje å finne noko gale med den :) Eg testa tørre, halvtørre og søte... til ost, kjøtt, fisk, brød og dessert. Kvitvin frå Moseldalen passar til ALT! Dei anbefalte faktisk til Lammekjøtet òg, men då tok eg sjansen på eit glas med raud drikke!!

1 kommentar:

  1. Hei Jannicke, og velkommen tilbake til fedrelandet!

    Høres ut som dere har hatt en aldeles nydelig tur. Skuer jeg en liten (stor?) livsnyter i deg, akkurat som undertegnede? Det beste med å besøke andre land er å ta et dypdykk i det landet har å by på av vin og mat- smake, teste, fråtse, nyte. Det er som regel maten jeg husker best når jeg har vært ute å reist. Selvfølgelig i selskap med vakre bygninger og nye landskap.

    Har du fått lest innlegget jeg laget om Fryd? Du må lese alle kommentarene og skryteordene butiken din fikk!Jeg gleder meg allerede til å komme tilbake og handle hos deg i sommer. Vi skal bo en stund i Stryn i sommermånedene så da får du nok en flittig kunde i meg;)

    Ha en fin tirsdagskveld Jannicke!

    Klemmer og smil fra Marthe

    SvarSlett