Korleis hjelpa til?

søndag 28. februar 2010

Faste og sundag. Antigua er kledd i fiolett. Prosesjonane har starta. Dagens prosesjon passerte rett forbi hotellet der bileta er teke. Prosesjonen varte fra 17:30 til 22:30. Som i påskahelga - Semana Santa vart gatene pynta med "gatemalerier".

Klikk for stort bilete
Profeten Jesaja om faste:
Er dette den faste eg vil ha:
ein dag då mennesket plagar seg sjølv,
heng med hovudet som sevet,
kler seg i botsdrakt og ligg i oske?
Kallar du dette for faste,
er det ein dag etter Herrens vilje?

Nei, så er den faste som eg vil ha:
at du løyser dei som med urett er bundne,
sprengjer banda i åket
og friar ut dei som er trælka,
ja, knekkjer kvart åk,

at du deler ditt brød med dei som svelt,
og lèt heimlause stakkarar koma i hus,
at du kler den nakne som du ser,
og ikkje sviktar dine eigne.

Då skal ljoset ditt renna som morgonroden,
snart skal dei lækjast og gro, dine sår.
Di rettferd skal gå føre deg
og Herrens herlegdom sist i ferda.

Då skal Herren svara
når du kallar på han,
når du ropar om hjelp,
skal han seia: «Her er eg!»
Når du tek bort kvart tyngjande åk,
held opp med å peika fingrar
og tala vondt om andre,

når du deler ditt brød med den som svelt,
og mettar den som lid naud,
då skal ljoset renna for deg i mørkret,
og natta skal verta som ljose dagen.


Klikk for stort bilete

Enkjelandsbyen Tinamit Ajaw

Enkjelandsbyen Tinamit Ajaw - Byen av Gud var målet for dagens tur. Enkjelandsbyen Tinamit Ajaf ligg nokre få kilometer frå sentrum i Fredrikstads venskapskommune San Martin Jilotepeque. Turen tok vel ein time frå Antigua. Les meir her.
Under kjem bilete frå landsbyen.

Klikk for stort bilete
I år er kyrkja nymalt og fargen endra frå kvit til denne.

Klikk for stort bilete
Tradisjonell mayadrakt frå San Martin Jilotepeque området med moderne snitt.

Klikk for stort bilete
Ei av opprinneleg 15 enkjer i landsbyen. I dag er det heile 150 famelier i landsbyen.

Klikk for stort bilete
Usedvanleg vanleg tak i landsbyen og ellers i Guatemala.

Klikk for stort bilete
Enkjene fortel sin historie frå borgerkrigen og korleis dei vart enkjer og etableringa i Tinamit Ajaw.

Klikk for stort bilete
Veggmaleri fortel historien til Tinamit Ajaw.

Klikk for stort bilete

Saludos a Luis

¡Luis, estamos de acuerdo en que esta es una gran chica!

Klikk for stort bilete

lørdag 27. februar 2010

Fantastisk! Takk, takk og takk!


Rune Myklebust og hans kolleger på Tafjord Kraft er ein stor takk verdig! Dei har rommla saman til 20 kilo med Makrell i tomat og Nuggati til ungane på Smileby!

Fantastisk! Takk, takk og takk!

Unn-Lisbet, Casa Hogar Felize og Endre er særs nøgde med doka innsatts!


Makrell i tomat og tortillas går godt i lag. Varm tortilla og Makrell i tomat er godt egna som både frukost og lunsj.
De finn oppskift på tortilla for nokre dagar sidan på bloggen.

Avreise frå San Andres Semetabaj til Antigua via Iximché

Trist, trist, trist! -avreise frå San Andres Semetabaj, Casa de Lisbet og Casa Hogar Felize - Smileby!
-, men ein veldig kjekk plass å besøka.
Turen gjekk til Antigua via det arkiologiske området Iximché.

Klikk for stort bilete
Iximché var den Postklassiske hovedstaden i Kakchiquel Maya. Det ligg eit 10talls kilometer nordvest for Guatemala City på Highway nær byen Tecpán. Bygd på tidligere PreClassic og Classic tradisjoner sammenvevd med ritualer adoptert fra nabostaten Nahua-Pipil, har Kakchiquel skapt en unik kulturell blanding som blomstra i over tre århundrer inntil dei tapte mot den berykta spanske Conquistador Pedro de Alvarado.

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete

fredag 26. februar 2010

"Kviledag" og Rumam Chamalkan i San Jorge la Laguna

"Kviledag" og konsert om kvelden i landsbyen San Jorge la Lagune med dansegruppa Rumam Chamalkan var dagens program. For dei handleglade vart det arranger tur til San Antonio de Palopo for handling av vevnader og keramikk.

Kokkane på Casa de Lisbet var to hyggelege maya-damer som Endre gløymde å få namnet på. Dei serverte strålande mat til frukost og kvelds kvar einaste dag under opphaldet i San Andres Semetabaj.

Har ein bekymring verørande krabaten i mitden: Papa, papa! -ropte han når han såg meg!

Klikk for stort bilete
Dansegruppa Rumam Chamalkan skal delta på Den internasjonale urfolksfestivalen i Kåfjord som vert arrangert i 2010 for nittende gang. Festivalen har som målsetning å vera ein arena for verdens urfolkskultur med særlig fokus på de nordlige områda og i år får Rumam Chamalkan delta. RIDDU RIĐĐU vert arrangert 21.-25.juli 2010.

Rumam Chamalkan er katzikel for Besteforeldras barnebarn.

Under vert det spelt på nasjonalinstrumentet marimba.

Klikk for stort bilete
Tradisjonell friardans frå Santiago Atitlan. Blomsterseljarane danser for jentene som henter vatn i Lago Atitlan.

Klikk for stort bilete
Guten frir og jenta aksepterer frieriet med å knusa krukka si i bakken.

Klikk for stort bilete
Spansk inspirert dans.

Klikk for stort bilete
Tradisjonellt transportmiddel i Sololà, lastekarmen på ein pick-up. Her er eit lite utval av mine vener som var med på danseoppvisninga. Sidan bussen var full av gringos må mayaen sitja på planet!

Klikk for stort bilete

torsdag 25. februar 2010

Helsing til Margot og Nils!

Klikk for stort bilete

Casa Hogar Felize - SMILEBY!

Første og einaste besøket for reisefølget mitt på Smileby. Altfor lite spør du Endre! Sjølv har hatt gleda av å vera saman med ungane fleire ganger. Synes nesten det er bortkasta å vera i San Andres Sematbaj og berre få glada av å treffa Silebyane ein gang.
I dag hadde ungane arrangert leiker og danser for besøket etter at dei hadde preentert seg på spansk og engelsk.

Klikk for stort bilete
Lidia i fullt tosprang!

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete

Besøk hos Mencha

Ny dag berre i San Andres Semetabaj. Må alltid besøka svigerinna til Lorenzo, Maria eller Mencha i dagleg tale. På vegen var eg innom kyrkja i landsbyen. Den har dei eit 20 års-prosjekt med å rehabilitera etter jordskjelvet i 1976. Hadde ein "prat" med denne arbeidaren. Med min ringe spansk var det ikkje alt eg fekk med meg.

Klikk for stort bilete
Alle må læra å klappa ut ein tortilla. Her viser Monika gringosen korleis ein ung maya-dame på 8-9 år gjer det.

Klikk for stort bilete
Ferdig klappa tortilla på steikeovnen.

Klikk for stort bilete
Mencha og Monika viser korleis deigen til tortillas vert lagt.
Oppskrift:
  • Veldig tørka maiskorn
  • Kalkstein
  • Vatn
Maisen vert kokt i vatn med kalk for at skallet skal løsna og flyta opp. Så vert kornet malt på kverna under. Tilsett vatn etter behov klapper ein ut tortilla-lefsene og steiker dei på ovnen.

Klikk for stort bilete
Tidleg krøkast som god krok skal bli!
Chico demonstrer korleis ein skal frakta ved.

Klikk for stort bilete
Tidleg krøkast som god krok skal bli!
Monika demonstrer korleis ein skal frakta vatn. Vassverket i San Andres Semetabaj er av ein karrakter som gjer at denne kunnskapen må haldast i hevd. Ikkje alle dager med vatn i springen her!

Klikk for stort bilete
Famelinen til Mancha minus husbonden.

Klikk for stort bilete
"Udyra" i San Andres Semetabaj. To-taktare er lite egna som transport av folk men er naudsynt i landsbyen. Billig og tilpassa vegane.

Klikk for stort bilete

onsdag 24. februar 2010

Xela og bading

Tidleg opp og avgarde til Xela eller Quetzaltenango og dei varme kjeldene ved Xela. Under ser du utsikt frå høgaste punktet, omlag 3.500 meter på vegen mellom Solola og Xela.
Klikk for stort bilete
Det vert dyrka mykje grønnsaker i fjella rundt Xela i høgder godt over 3.00 meter. Det er sjølveigande bønder med små jordflekker.

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete
Strålande herrrleg med bading i varme kjelder

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete
Grønnsakmarknad i forstad til Xela

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete
Xela eller Quetzaltenango

Klikk for stort bilete

Klikk for stort bilete

tirsdag 23. februar 2010

Minnelund i Panabaj og Santiago Atitlan

Buss ned til Pana om morgonen. Frå Pana gjekk det med relativ stor båt over Lago Atitlan til byen Santiago Atitlan. Under ser du følget entra båten MS Sajvin. Det vart ein overfart i strålande sol med lett bris.
Klikk for stort bilete
Innseglinga til fjorden der Santiago Atitlan ligg mellom tre vulkane, Atitlan, Toliman og San Pedro. Her ser du lokale fiskare ut å fisker på føremiddagen.

Klikk for stort bilete
Flott buksa på karen! Dette er vakt på det lokale museèt i Santiago Atitlan. Her var det mest vev og lokale drakter utstillt.

Klikk for stort bilete
Dama til venstre er det obligatorisk å stoppa opp ved. Ho viser korleis det 22 meter lange bandet skal danderast på hovude. Sidan kler ho opp damene i følget for fotografering.

Klikk for stort bilete
Dame nummer 2

Klikk for stort bilete
Gatebilete

Klikk for stort bilete
Obligatorisk er og ein tur innom Maximon. Han held til 3 km utafor byen i Panabaj.

Klikk for stort bilete
Pick-up transport ut til minnelunden i Panabaj.

Klikk for stort bilete
Minnelund i Panabaj med utsikt til San Pedro.

Klikk for stort bilete
Elias ein kamerat av Lisbet frå gjørmeskred etter orkanen Stan i oktober 2005. Han fortalde sin historie frå natta til 5. oktober 2005. Ved ein tilfeldighet var det ein som Lisbet hjelpte med krykker på mormonpleieheimen etter orkanen. Han hadde foreldre og 4 søsken som omkom i skredet. Hadde knekkt beina pluss mange andre skader og hadde vore på sjukehus ein månad. Levde i dag med minimum pleie og omsorg hos ei tidlegare nabo.

Klikk for stort bilete