Korleis hjelpa til?

fredag 26. februar 2010

"Kviledag" og Rumam Chamalkan i San Jorge la Laguna

"Kviledag" og konsert om kvelden i landsbyen San Jorge la Lagune med dansegruppa Rumam Chamalkan var dagens program. For dei handleglade vart det arranger tur til San Antonio de Palopo for handling av vevnader og keramikk.

Kokkane på Casa de Lisbet var to hyggelege maya-damer som Endre gløymde å få namnet på. Dei serverte strålande mat til frukost og kvelds kvar einaste dag under opphaldet i San Andres Semetabaj.

Har ein bekymring verørande krabaten i mitden: Papa, papa! -ropte han når han såg meg!

Klikk for stort bilete
Dansegruppa Rumam Chamalkan skal delta på Den internasjonale urfolksfestivalen i Kåfjord som vert arrangert i 2010 for nittende gang. Festivalen har som målsetning å vera ein arena for verdens urfolkskultur med særlig fokus på de nordlige områda og i år får Rumam Chamalkan delta. RIDDU RIĐĐU vert arrangert 21.-25.juli 2010.

Rumam Chamalkan er katzikel for Besteforeldras barnebarn.

Under vert det spelt på nasjonalinstrumentet marimba.

Klikk for stort bilete
Tradisjonell friardans frå Santiago Atitlan. Blomsterseljarane danser for jentene som henter vatn i Lago Atitlan.

Klikk for stort bilete
Guten frir og jenta aksepterer frieriet med å knusa krukka si i bakken.

Klikk for stort bilete
Spansk inspirert dans.

Klikk for stort bilete
Tradisjonellt transportmiddel i Sololà, lastekarmen på ein pick-up. Her er eit lite utval av mine vener som var med på danseoppvisninga. Sidan bussen var full av gringos må mayaen sitja på planet!

Klikk for stort bilete

Ingen kommentarer: