Indreberg Gard
Nyheitsarkiv
   

© Indreberg Gard

Home
Arbeidsveke 2003
Sommeren 2004
Driftsåret 2006
Besøk 2007
Hestekjerre 2009
Minneord om Otto

 

2011
Oktober
Alle dyra er i hus for vintere og kyrne har begynt å kalve.Det har blitt nokre kalver den siste månaden og langt fleire blir det dei kommende vekene.

Det er nå nøyaktig ett år siden vi flyttet inn i den nye fellesfjøsen og sjølv om det gjenstår ein del arbeid, så har vi eigentleg komt godt i gang.Det er mykje nytt som skal lærast og mykje utstyr som skal takast i bruk for første gong, og dette kreve noko tid for å få inn i gode rutiner. Dette vil vere ein kontinuerleg prosess, men vi har likevel fått ein bra start dette første året.

Veret denne hausten var vore dårleg med svært mykje regn. Vi var heldig og fekk i hus ho-slåtten akkurat i tide, men siden den gong har det vore uråd å køyre på markane med traktor. Ein utfordrande situasjon når det ikkje er mulig å få køyrt ut natur gjødsla, men vi håper likevel at vi har nok lagerplass for vinteren.

Juni
Vi er nå i siste veka i juni og slåtten er ferdig for alle gardane i Skodje Samdrift. Alle gardane har samarbeidet om slåtten og det har derfor gått rimelig raskt og effektivt. Men to slåmaskiner, ei rive og to presse så har det vore effektiv drift. I tillegg har ein til to traktorer for det meste kjørt sammen baller. Det nøyaktoge tallet er ikkje heilt klart ennå, men totalt så var vi vel laget bortimot 1800 baller og i tillegg er det lagt ein del i silo.

Nå blir det å få ut gjødsel, men med dei nedbørmegdene som er nå så må dette vente til det tørker opp igjen.

Kalvene og kvigene som vi har gående på garden hos oss har gode dager med mykje mat.

Mai
Denne vinteren har vore prega av mykje arbeidet med å starte opp den nye fellesfjøsen som vi har bygd sammen med fire andre bønder på Skodje. Vi startet opp i oktober i fjor og siden har det gått "slag i slag" med å få alt på plass. Mykje arbeid og mykje nytt som skal lærast for både dyr og menneske, men det har likevel gått bra.
Det er iallfall eit spennende prosjekt!

Nå har vi akkurat hatt ut dei første dyra, og 10 kalver er foreløpig nå på plass hos oss på Indreberg. Det er mulig at det også blir fleire dyr på beite hos oss etterkvart, men foreløpig så er det kun desse kalvene som nyter gode dager på grønt gras.

2010
Oktober
Det har dessverre vorte lite oppdateringer på sida den siste tida......

Vi har nå flyttet inn i den nye samdriftsfjøsen på Reitereset! Distriktets flottaste fjøs :)
Det skal iallfall bli det når vi har fått ferdig alt. Det gjennstår ennå mykje arbeid, men dyra er iallfall komt i hus og dei ser ut til å trivest svært godt. Det er mykje nytt som skal lærast for både mennesker og dyr, men det har egentlig godt over all forventning.

August
Vi har dessverre måtta slakta to kyr i sommer pga sjukdom. Den siste fekk betendelse i ein for og dyrelegen meinte at ho ikkje ville bli heilt bra igjen. Ikkje kjekt å måtte kvitte seg med gode kyr på denne måten som kun har hatt ein kalv.
Ellers går det bra på fellesbeitet og kyrne ser ut til å ha ein fin sommer der oppe.

Vi er nå godt i gang med ho-slåtten. Pga at vi til hausten skal flytte inn i den nye fjøsen så vil all ho-slått bli laget til rund-baller. Vi gjennomfører ogaå slåtten i fellesskap med dei andre bøndene i "ny-fjøsen" og det går derfor fort unna når heile "apparatet" er i aktivitet.

Juli
Kyrne har flyttet på fellesbeite og kalver og kviger går ute på beite heime på garden. Forholda på fellesbeitet er fine og kyrene ser ut til å trivest godt.

Vi er ferdig med slåtten og avlingene blei noko mindre enn normalt. Alt er minst to veker seinere enn normalt, men kvaliten på fóret blei sannsynligvis ganske bra likevel. Våren var så sein i år at graset ikkje var haustande før mot slutten av juni.

Mars
Onsdag 3.mars, PETRINE kalva og fekk ein kyrkalv.

Søndag 7.mars, STJERNE kalva og fekk tvillinger, ein uksekalv og ein kyrkalv.
Kyra kalva ei veke for tidleg og det heile skjedde svært så raskt. Det var ingenting spesielt å sjå på kyra tidleg på kvelden, men ut på kvelden begynte ting å skje. Den første kalven kom normalt og var normalt stor, og mens vi gjekk ryddet opp og omplasserte ein kalv så såg vi føtene til kalv nummer to. Den låg også rett og også denne kalvinga skjedde utan problem. Denne kalven var litt mindre, men den var frisk og kvikk.

Mandag 15. mars, AMANDA kalva og fekk ein uksekalv.
Dette var den siste kyra som kalva denne vinteren.
Status for kalvingane denne vinteren blei 13 kyrkalver og 13 kyrkalver, og det er bra på 25 kyr.

Februar
Søndag 14.feb, AURORA kalva og fekk ein kyrkalv.

Fredag 19.feb, HARDI kalva og fekk ein kyrkalv.
Litt spenning om denne kalvinga gjekk bra og vi fekk ein levernde kalv pga at kua har vore sjuk. Men kyra kalva utan problem og fekk ein veldig sprek kalv. Den var litt liten, men var absolutt i god form.

Søndag 21.feb, VERASKA kalva og fekk ein stor kyrkalv
Vi var så heldig å ha mange gode hjelpere ved denne kalvinga og vi fekk den derfor frå og i stekken utan problem.

Januar
Laurdag 2.jan, TAMARA kalva og fekk ein kyrkalv.
Endelig fekk vi ein kyrkalv til og statistikken så langt i vinter er 5 kyrkalver og 10 uksekalver. Det er 10 kyr til som skal kalve og eg håper at fordelinga jamner seg ut etterkvert.

Nå har det endeling sluttet å snø.......
Dei siste dagane er nesten kun brukt til snørydding. Når ein har mykje veg som skal ryddast så blir det mykje arbeid sjølv om ein har godt utstyr å hjelpe seg med.
Nå er det kaldt og fantastisk fint - skikkeleg vinter!

Torsdag 7.jan, BITROS kalva og fekk ein kyrkalv.

Søndag 10.jan, LIVROS kalva og fekk ein uksekalv.
Vi måtte ha dyrlege til denne kalvinga. Kalven låg rett veg, men eine foten var ikkje strekt ut og låg derfor bøyd inne i kua. Denne måtte strekkast ut før vi kunne få frå kalven og dyrlege blei derfor tilkalla.

Mandag 11. jan, PUNKY kalva og fekk ein kyrkalv.

Fredag 15.jan, INKU kalva og fekk ein kyrkalv

2009
Desember
Kalvingen er i full gang og vi har til nå fått åtte kalver. Det har heldigvis gått fint med alle kalvingene så langt og mjølkemengda er stigande for kvar dag.
Det er alltid spennende korleis det går å mjølke kvigene, men det har til nå gått bra. Enkelte av dei kan vere noko uroleg den første tida etter kalving, men dei fleste blir rolegare etter kvart. Dei siste kalvingane er:

Laurdag 6.des, PLOMREI kalva og fekk ein fin uksekalv.

Tirsdag 8.des, ENGI kalva og fekk ein kyrkalv.
Dette er ei kvige som vi kjøpte for tre veker siden og litt på overtid fekk ho ein stor fin kyrkalv.

Onsdag 9.des, BRITA kalva og fekk ein stor kyrkalv

Tirsdag 15.des, RAGGEROS kalva og fekk ein stor uksekalv.

Torsdag 17.des, FJELLROS kalva og fekk ein uksekalv.
Nå begynner det å bli mange uksekalver i forhold til kyrkalver...

Søndag 20.des, JONNA kalva og fekk også ein uksekalv.
"Eigaren" av denne kviga Johannes, kom heldigvis på juleferie på laurdag og fekk vere med å ta imot denne kalven. Pga stor kalv så hjelpte vi litt til å drage den ut, men alt gjekk utan problem og guten var storfornøgd.

Torsdag 24.des, NETTE kalva og fekk ein kyrkalv.
På sjølvaste julaftan når vi kom i fjøsen såg vi at "Nette" var kalvesjuk og at kalvinga så smått hadde startet. Det var litt spennende siden "eigarden" av denne kyra, Tonette, yngste barnebarn som denne jula feiret jula på garden. Alt gjekk bra og vi tok frå kalven før vi gjekk heim for å få ein god julemiddag saman med mange av familien. Heile 15 personer var samla rundt middagsbordet denne kvelden.

Torsdag 31.des, TORLIN kalva og fekk ein uksekalv
På nyttårsaftan fekk vi ein stor fin kalv og det var også ein uksekalv. Nå begynner det å bli nok uksekalver......

November
Det har nå i nokre veker vore lite produksjon av mjølk og den siste veka har det kun vore tre kyr som mjølker.Dette er egentlig litt for lite, men nå begynner kalvinga for fullt og då blir det "full fart" igjen i fjøsen.

Torsdag 12.nov, RØDLIN kalva og fekk ein fin uksekalv.

Oktober
Kyrne er nå heime igjen etter tre og ein halv månad på sætra. Den siste månaden har vore svært våt og forholda har ikkje vore dei beste, men det har likevel etter forholda gått bra.
Vi hadde inn kvigene den same dagen som kyrne kom heim. Dette er litt tidlegare enn vanlig, men når det er så vått som i år så er det best å få dei i hus. Kalvane hadde vi inn i midten av månaden og også dette er noko tidlegare enn normalt.

Alle dyra er derfor inne nå og fjøsen er full. Per dato er det 37 dyr totalt, der det er fordelt på 15 kyr, 11 kviger og 11 kalver. Det er to av kyrne som etterkvart skal slaktes og vi har totalt 24 dyr som skal kalve i løpet av vinteren. Akkurat nå er det heller liten aktivitet i fjøsen og det er kun 6 kyr som mjølker. Etter planen skal den første kalve om ca ein månad.

September
Kyrne er fortsatt på fellesbeite og har det etter forholda bra der. Beitene er fortsatt gode, men alt regnert har ført til at det enkelte stader er noko vått. Vi reknar med at dei blir der ei vekes tid til.

Kvigene og kalvane går ute på beite heime og har det også gode beiter, men dessverre vått......

Det regner, det regner.......
Kyrne er nå komt heim frå setra og det virker som om dei er tilfreds med å få vere inne i fjøsen. Dei ligg det meste av dagen og ser ut til å ha det bra!

Vi har også hatt inn kvigene og det gjekk heldigvis utan problem. Det er alltid litt spenning når så mange dyr skal inn om hausten, men nå er dei iallfall trygt inne. Alle båsplassene i fjøsen er nå fyllt opp med dyr, og det er kun kalvene som går ute. Planen er at dei skal gå ute nokre veker til, men veret avgjer kor lenge.

Vi har vore i Ramstaddalen og helst på ei nye kattane våre, Findus og Fia.
Her er Liv Xelene saman med Findus.

Nå er dei nye kattane endeleg komt til gards!

Juli
Huset fullt av feriegjester og det er svært kjekt!
Mange gode arbeidshender har vore i sving på garden og mykje arbeid er utført av både store og små.

April
Etter to veke med avløyser i fjøsen i slutten av februar er vi nå tilbake i vanleg aktivitet igjen. Det gjer godt med nokre dager utan mjølking, men det er også hyggelig å vere tilbake med arbeidet i fjøsen etter nokre fridager.

Det er nå påske og påskegjestane er i ferd med å innta garden. Ivrige hjelpere vil den komande veka delta i fjøsarbeidet og ellers aktiviteter ute på arbeidsdagane.

   Vegard klar til innsats

Klauvskering
Klauene på kyrne må skjerast (klippast) ein gong per år, og det bør gjerast i god tid før ein har dyra ut om våren. Kvar kyr blir tatt ut av fjøsen og plassert i ei spesialboks slik den som utfører arbeidet kan gjere dette trygt og sikkert.

        

Mars
11 mars, AMANDA kalva og vi fekk ein stor og fin kvigekalv.
Dette var den siste av i alt 22 kalvinger denne vinteren. Oppsummert har vi til saman fått 10 uksekalver og 11 kvigekalver, og i tillegg eit tvillingpar som var dødfødt. Bortsett frå den første kalvinga, så har alle kalvingane gått utan problem dette året.

Det største utfordringa akkurat nå er å passe på brunst og få inseminert på rett tidspunkt. Ei utfordrande oppgåve!

Februar
Det meste har gått bra i fjøsen så langt i år, og produksjonen er forholda bra. Vi har hatt besøk av ein rådgivar frå Tine og det er alltid nyttig. Gode tips er alltid viktig å få med seg!
Utfordringa nå er å halde kyrne friske. Når dei mjølker godt er det alltid ei utfordring å få i dei nok næring.
Vi har også bytta silo. Den eine siloen er nå tom, og vi har nå begynt på silo nummer to. Dette er ho-slått og konsistensen på fóret er derfor litt annerledes. Den er veldig fin og dyra likar den godt, men minuset er at dei fleste får litt lausere avføring.

5. feb, VICTORIA kalva og fekk ein stor kvigekalv. Ho har gått ei veke over termin og både kyr og kalv var svært stor, men heldigvis gjekk alt bra. Kyra fekk dessverre mjølkefeber, men ho fekk raskt behandling og eg håper derfor at det skal gå bra.

10.feb, HARDI kalva og alt gjekk bra. Det blei ein uksekalv og vi har nå 10 uksekalvar og 10 kvigekalvar. Uksekalvane selger vi når dei er ca tre månader og dei første kjem vi derfor til å selge i løpet av vekes tid.

Det er nå tid for inseminering, og vi har starta med å inseminere dei første kvigene. Dette er på mange måter ein krevende periode fordi det kreve ekstra både tid og oppmerksomhet i fjøsen for å få med seg dei små detaljane knytt til brunst.

Januar
Ein lang og fin juleferie er over og familien som har vore her i ferien har nå reist. Vi har brukt fridagane til å stelle litt ekstra i fjøsen, og alle kyr og kviger er nå nyklipt. Ellers har det vore ekstra mange kalvingar denne jula og det passet svært bra siden vi nå har hatt både tid og ekstra med folk.

Mandag 2.jan, KJEROS er meldt inn til slakt. Ho har dessverre ikkje blitt roligere slik eg håpet og dei siste dagane har ho tvert i mot blitt meir urolig. Det går greit å vaske ho og også sette på mjølkeorganet, men mot slutten av mjølkinga så starter ho å hoppe rundt, og då er marginane små for at nokon kan bli skadet. Dette kan derfor ikkje fortsette.

Laurdag 10.jan, vi har nå fått avløysar i fjøsen og han vil vere hos oss i ca to veker. Han har vore avløysar hos oss tidlegare og også arbeid fleire sommere på fellesbeitet og han er derfor godt kjent i fjøsen. Det er vi som er med på fellesbeitet som leiger han inn, og han vil dei næraste vekene vere ein periode med kvar av oss.

Torsdag 15.jan, kom dei heldigvis frå slakteriet og henta KJEROS. Ho har siste veka berre vorte verre og verre "på humør", og det må i grunnen berre opplevast for heilt å forstå kor utfordrande det har vore å handtere denne kua. Heldigvis har ingen blitt skadd. 

Fredag 16.jan, JULIE kalva og fekk ein fin kvigekalv. Ho hadde mjølkefeber etter kalving i fjor, og vi var derfor spesielt merksam på dette også i år. Og ganske riktig; ho fekk mjølkefeber, men denne gongen gjekk det heldigvis bra.

Søndag 18.jan, STJERNE kalva tidleg denne morgonen og ein stor uksekalv låg på fjøsgolvet når vi kom i fjøsen. Heldigvis hadde alt gått bra.

2008
Desember
Tirsdag 9 des, DORTE kalva. Vi fekk nok ein uksekalv, og kalvinga skjedde utan problem. Dette er ei vaksa kyr og ho har eit svært stort jur. I fjor fekk to eit spenetrakk på ein spene rett etter kalving, så vi får håpe at vi unngår dette i år.

Det går nå greit å mjølke KJEROS, men marginane er svært små. Ho er svært vár på endringar eller bevegelser, og det skal derfor ingenting til for at ho bli heilt "rabiat". Spesielt når ho er nesten ferdig eller akkurat ferdig å mjølke er eit kritisk punkt. Då kan ho bykse høgt frå side til side i båsen og sparke alt ho kan. Det har heldigvis likevel gått bra så langt, men marginane er små.

Tirsdag kveld, DORTE fekk mjølkefeber. Dyrlegen kom raskt og ho fekk ein beholder med intravenøs kalk blanding. Ved midnatt greide ho fortsatt ikkje å røyse seg opp. Slik det ser ut nå i kveld så må vi ha ei ny behandling i morgon tidleg.
Det er eit trist syn når ei kyr ikkje greier å røyse seg opp, men vi krysser fingrane og håper at det likevel går bra.

Mens vi var i fjøsen denne seine kvelden så blei FJELLROS uroleg, og viste plutseleg tydelege teikn på å vere kalvesjuk. I løpet av minutter kom kalven, og også dette ein ukse kalv. Ei svært rask kalving som nesten kom ut frå intet, og 10 dager for tidleg. 

Onsdag, det gjekk dessverre som fryktet med DORTE, i kveld måtte ho nødslaktast. Vi hadde dyrlege onsdag morgon og ettermiddag, og ho fekk fleire behandlinger mot mjølkefeber. Dette fungerte, og ho både åt og drakk. Ho greide likevel ikkje å røyse seg. Dyrlegen meinte at ho kanskje hadde fått ein lammelse eller skade i bakføtene, og at det var årsaken til at ho likevel ikkje greide å røyse seg. Det er like hyggelig når slikt skjer, men det er dessverre svært lite vi kan gjere med det.
Ei stor takk til dei som stilte opp på kort varsel for å hjelpe til å få kyra ut av fjøsen. Gode naboer og familie som stiller opp er til fantaskisk hjelp og støtte i slike situasjoner. Takk til Stig, Tormod, Åsmund, Mikal og Kjell Arne!

Laurdag 13 des, BRITA kalva og endelig blei det ein kvige kalv. Vi har fått ni kalvar så langt i år, og av dei er det kun to kvige kalvar. Litt skeivt fordelt, men vi håper at det jamner seg ut etterkvart.

Tirsdag 16 des, PUNKY kalva. Midt under mjølkinga denne kvelden kalva denne kyra og vi fekk ein kvige kalv. Dette er den nest siste kviga som kalva (første kalv), og alt gjekk heldigvis bra. Det var heller ikkje problem å mjølke ho, og til å vere kvige så var der også mykje mjølk.

Mandag 22. des, familien som skal vere her i jula har komt heim og vi har nå mange gode hjelpera på garden. Hilde har startet å klippe og stelle ekstra med kyrne og kvigene i fjøsen. Dei blir nå skikkeleg fine til jul!
Vegard vil helst køyre traktor og stiller villig opp på alt som må gjerast der det er "håp" om å få køyre traktor.

Torsdag 25. des, RAGGEROS hadde kalva når vi kom i fjøsen på juledag. Ein stor og fin kvigekalv låg på fjøsgolvet og alt hadde gått bra.

Om kvelden kalva FAGREI, og også dette var ein kvigekalv. Vi har vore litt spent på korleis denne kalvinga ville bli pga at kyra har ein "tilstand" der litt av innvollane enkelte gongar kjem litt ut. Dette er slikt som kan skje iflg dyrlegen, og det er heller lite ein kan gjere med det. Men kalvinga var altså heilt problemfri, og så får vi sjå korleis det går med kyra vidare.

Laurdag 27. des, TORLIN kalva i det vi kom i fjøsen denne morgonen. Dette var ei veke før termin, men kalven var likevel stor og fin.

Søndag 28. des, TAMARA kalva og vi fekk nok ein stor fin kvigekalv.

Mandag 29. des, ELVIRA kalva og vi fekk ein stor fin uksekalv.
Vi har fått beskjed frå Geno om at hvis denne kyra fekk ein uksekalv så er dei interessert i å sjå nærare på denne kalven som ein mulig avlsukse. Det er ein lang prosess for eventuelt å kome så langt og der er mange "nålauge" undervegs, men det første steget er at Geno er interessert.

Onsdag 31. des, ROSENKRONE kalva og vi fekk ein ny kvigekalv. Denne kyra kalva to veker før termin, men det gjekk heldigvis bra og kalven var normalt stor.

November
Torsdag 6 nov, BLIROS kalva. Ein stor fin uksekalv var komt til verda. Dette var ei veke over dato, men det gjekk heldigvis bra sjølv om kalven var stor til å vere frå ei kviga.
Mandag 10 nov, KJEROS kalva. Ein kyrkalv låg på fjøsgolvet når vi kom i fjøsen den morgonen, og alt hadde gått utan problem. Utfordringa med denne kyra er å få mjølka ho - det er rett og slett ein "risikosport". Det har vore ei snill og roleg kvige, men ho har vist tegn til å sparke kraftig når vi har vore i kontakt med juret. Vi har derfor "trent" på dette no sidan ho kom inn, og ho har den siste tida vore heilt roleg. Eg fryktet likevel at det ville bli ei utfordring å få mjølke ho, og eg fekk dessverre heilt rett. Dei to første mjølkingane er no gjennomført og det har etter forholda gått relativt bra (eg har kun ein kul i handa etter eit spark...), og så får vi sjå korleis det utviklar seg vidare.
Om kvelden fekk vi nok ein kalv, PLOMREI kalva og vi fekk ein uksekalv. Ei heilt uproblematisk kalving og denne kviga var heldigvis heilt roleg under mjølking.

Tirsdag 11 nov, eg har komt meg gjennom to nye mjølkingar av KJEROS og det har gått litt bedre. Det er fortsatt meir enn nok utfordrande, men eg har iallfall greid å unngå nye spark.

Torsdag 13 nov, "bedre og bedre dag for dag" med mjølkinga av KJEROS. Ho er nå litt roligare og det verkar som ho har begynt å venne seg til situasjonen med å bli mjølka. Det skal fortsatt svært lite til for at ho blir uroa og redd (og då bør ein helst ikkje står i vegen når ho "hoppar rundt"...), men eg har likevel trua på at det skal gå bra.

Mandag 24 nov, SVARTROS kalva. Ein svært stor uksekalv som kom til verda ei veke over tida, men alt gjekk heldigvis bra.

Torsdag 27 nov, mykje regne og snøsmelting som gjorde store skader på gardsvegen. Ei grøft gjekk tett rett nedom huset og store vannmengder kom ut i vegen. Dette resulterte i svært store skader på vegen, og den var ikkje lenger køyrbar.
Fantastisk innsats av gode naboar gjorde at vi kom rask i gong med å utbedre skaden. Det var mykje arbeid, men ein dyktig gravemaskin køyrar gjorde at vi fekk orden på vegen før mjølketankbilen kom fredag ettermiddag.
Ei stor takk til Karl, onkel Arve og Stig!
I tillegg deltok både Audun og Eirik i arbeidet.

Fredag 28 nov, DAGROS kalva. Ein uksekalv låg på fjøsgolvet når vi kom i fjøsen denne morgonen. Alt hadde gått bra.

Oktober
Kyrne og kvigene er nå inne, og ser ut til å trivest godt med situasjonen. Dei er rolege og avslappet, og tydelig tilfreds med å igjen få maten servert.

Dei fleste kyrne er nå i ferd med å "tørke opp" (avsines), dvs at dei ikkje lenger mjølker. Kyr skal vere tørre i ca 8 veker før dei skal kalve igjen. Per dato er det derfor kun fem kyr som mjølker.
Dei første kyrne skal kalve siste veka i oktober.  

Vi har nå i ei veke hatt besøk av barnebarn i haustferien. Dei har ivrig deltatt i aktiviteter på garden, og spesielt arbeid med dyra er kjekt. Dei er aktivt med i fjøsen og dei begynner verkeleg å bli flinke. Dei lærer fort, og legg stor entusiasme i arbeidet. Det er kjekt å ha slik arbeidshjelp!

Laurdag 18. okt har vi hatt inn dei 12 kalvane. Det er alltid litt spennande når vi skal ha inn så mange dyr, men det gjekk heldigvis heilt problemfritt. Vi tok dei først inn i småkalvestekken, og flyttet dei deretter over i dei to stekkane som er beregnet til store kalver (kviger). Takk til onkel Arve for god hjelp!

Mandag 20 okt; den første kua kalva (LIVROS), men det var tre veker før termin. Vi såg raskt at det var noko galt og dyrlege blei tilkallt. Det viste seg at kua hadde tvillingar og at dei låg feil veg. Begge kalvane var dessverre daude.

Søndag 26 okt, VERASKA har kalva. Ein stor fin uksekalv var komt til verda når vi kom i fjøsen denne morgonen.

September
Vi har hatt ein fantastisk fin august, og september har startet på samme måte. Mykje sol og fin temeratur.
Det har gjort at gjenveksten av gras har vore god, og dyra som går ute har derfor hatt svært gode forhold. Kalvar og kviger går ute heime på garden, og kyrne er fortsatt på fellesbeitet.

Planen nå er å ta kyrne heim frå fellesbeite i slutten av denne veka. Vi har derfor starta førebuinga heime med å klargjere fjøsen for å ta heim igjen kyrne.

Kyrne er nå heime igjen etter nesten tre og ein halv månad på Engesetsætra Fellesbeite. Heimtransporten gjekk utan problem og blei utført av Myklebust dyretransport.
Kyrne er nå sett inn for vinteren og blir fòret med silo.

Dei første kyrene er nå avsinet (mjølkar ikkje lenger), og fleire vil det bli i løpet av dei næraste vekene. Kyrne skal avsinast seks til åtte veker før kalving, og det er denne perioden vi nå går inn i. Det er derfor for tida heller lite mjølk og endå mindre vil det bli dei komande vekene.

Kvigene og kalvane går ennå ute, men kvigene vil vi ta inn om ca ei veke.

På Engesetsætra har det denne veka vore full aktivitet for å vaske ned anlegget og ta ned alle gjerder for vinteren. Det har i hovedsak vore avløyserane som har vore der i sommar som har utført det meste av dette arbeidet.

Neste veke kjem fleire barnebarn på besøk i haustferien og det gleder vi oss til. 

August
Ho-slåtten er ferdig, og årets avling er i hus. Første-slåtten gav ein svært stor avling, mens ho-slåtten var litt meir varierende. Totalt sett blei likevel årets avling god, og med god graskvalitet.

Vi har nå i fleire veker hatt mange gode sommer-hjelpere på garden, både store og små hender. Dette har vore veldig kjekt, og i tillegg har det vore til god hjelp med alt arbeidet som må gjerast nokre hektiske sommerveker. Vi har derfor fått utført ein del viktig vedlikehald på bygningar og utstyr.

Kvigene og kalvane nyter gode dager på godt beite på garden.

På fellesbeitet går det bra, og kyrne blir godt tatt hand om av gode avløysare.

Juli
Ny PC er nå endelig installert med riktig programvare. Slike "inne aktiviteter" tar lang tid midt i ein periode med slått og eller mykje anna arbeid ute.

Det er nå ein månad sidan kyrne flytta på sætra, Engesetsætra Fellesbeite.Totalt er der nå 105 kyr på fellesbeite, og det er innleigde avløysera som tar seg av den daglige mjølkinga. Det er naturleg nok ein del arbeid og problemstillingar på eit så stort fellesbeite, men det har egentlig gått bra så langt denne sommaren.

Kviger og kalvar går heime på beite.

Slåtten gjekk bra, og både silo og tørrhøy er nå i hus. Det var i år svært mykje avling, og vi har sannsynlegvis ikkje hatt meir gras nokon gong tidlegare. Eit luksusproblem, men det er likevel ei utfordring med ei så stor avling.

Pöttinger Ponny lessevogna som har vore til sals er nå solgt.

Mai
Månaden starta med veldig fint ver og graset er kome godt i gong med å vekse.

Den 8 mai hadde vi mjølkekyrne ut på beite. Den første dagen ut om våren er litt spesiell og dei er relativt "våryr" av seg. Men alt gjekk veldig bra og vi fekk dei også trygt inn igjen i fjøsen om ettermiddagen. Vi var ekstra godt hjelpt med folk denne første dagen, og alt gjekk utan problem.
For å få ein best mulig overgang til grønt gras, så er kyrne berre ute nokre få timar dei første dagane. Vi har dei ut utpå formiddagen og tar dei inn igjen i fjøsen i god tid før mjølking.
Ein ting er iallfall heilt sikkert - kyrne trivest godt med å vere ute på dagtid.

Det har vore litt varierande ver, og kyrne har derfor ikkje vore ute alle dagar. I tillegg til at det er utriveleg for dyra, så trakkar dei også mykje opp på markane når det er for vått. Dei dagane med mest regn har kyrne derfor vore inne heile dagen.

April
Våren nærmar seg og planlegging av aktivitetar er i gang. Det er ennå kaldt, spesielt om natta, men graset vil likevel kome raskt i bakkane nå når snøen er borte. I veke 16 starta vi å køyre ut naturgjødsel og dette arbeidet vil normalt ta ei vekes tid. Det er likevel ikkje alle stader som er like tidleg, og nokre stader kjem vi derfor til å vente litt lenger før vi har på gjødsel.
Denne veka skal vi også skjere klauvene på alle kyrne. Vi har leigd ein person til jobben og vi regner med at arbeidet vil ta ein dag.
Vi har også selt fem uksekalvar, og alle uksekalvane vi har fått i år er derfor nå ute av fjøsen. Uksekalvane blir selt til ein gard som også driv med oppdrett av uksar. 

I fjøsen er det for tida stabilt og mjølke produksjonen er tilfredsstillande.

Vi har nå ferdig med gjødslinga. All naturgjødsel fekk vi kjørt utover markane til rett tid i høve veksten på graset. Vi blandar mykje vatn i gjødsla og rører godt om i gjødselkjellaren, og det gjer at det er ei relativt tynn masse som blir spreidd utover markane.
Vi er også ferdig med å gjødsle med kunstgjødsel. Sidan vi bruker så mykje naturgjødsel så er det heller lite med kunstgjødsel vi har utover markane. 

Den siste kua, AMANDA, kalva på fredag og det skjedde utan komplikasjonar. Ho fekk ein stor uksekalv.

Oppsummert så har vi denne vinteren fått 12 kukalvar og 7 uksekalvar.

Mars
Det er for tida mykje inseminering i fjøsen og det er på mange måtar i utfordrande tid. Når er rette tidspunkt for inseminering? Svaret ein får når ein stiller dette spørsmålet er ikkje eintydig og det gjer saken endå vanskelegare. Erfaring er også eit stikkord.
Men vi satsar iallfall friskt og så får vi etter kvart sjå kor mange kalvar det blir av det.

I påskeferien er alle barnebarna på besøk på garden og alle koser seg ved å vere saman. Mange som hjelper til i fjøsen og spesielt kalvane får mykje ekstra kos og stell desse dagane.
Det er ein uvant situasjon at bestefar og morfar ikkje lenger er her hos oss, men vi prøver å halde på tradisjonane og feirar påsken slik han hadde ønsket at vi fortsette å gjere. Det er spesielt for både barnebarna og dei vaksne, men det er til god hjelp at vi iallfall er saman heile familien denne påska.

Februar
Dei første dagane i månaden har vore vanskelig i fjøsen. RAMONA kalva utan problem natt til den første, og fekk ein uksekalv. Alt såg ut til å gå bra, men to dagar seinare fekk ho mjølkefeber og det viste seg å vere alvorleg. Etter eit og eit halvt døgn intensiv behandling og ho ennå ikkje hadde greid å røyse seg opp så var det ikkje noko meir vi kunne gjere. Nødslakt var einaste løysing.
Det er ein vanskeleg og krevjande situasjon når dyr blir sjuke på denne måten og må avlivast på staden.
Stor takk til gode naboar som stilte opp på ein søndag for å hjelpe til med å få kua ut av fjøsen.

Situasjonen har heldigvis stabilisert seg i fjøsen, og dei to siste vekene har vore positive og utan problem. VICTORIA og KATINKA har kalva utan problem og vi har fått to fine kukalvar. VICTORIA fekk riktig nok mjølkefeber rett etter kalving, men det blei oppdaga rask og veterinær kom etter kort tid. Behandlinga verka godt på denne kua og ho kom seg fort.
Mjølkefeber er eigentleg akutt kalsium mangel og behandlinga består i å gi kua kalsium intravenøst.

Vi har også kjøpt ei ny kvige eller eigentleg ei ku sidan ho kalva for ei veke sidan. Den blei kjøpt gjennom Nortura, men kjem frå Hareid der ein gard nå er under avvikling. Fordi ho kjem frå Hareid så har ho fått namnet HARDI.

Januar
Livet på garden går vidare, men det har vore ein tung og utfordrande periode nå etter at eigaren og drivaren av garden døyde brått og uventa 20 desember i fjor. Han døyde bokstavleg talt med "støvlane på" og tomrommet han etterlet seg er stort.

Det vil i første omgang vere nokre av borna i fellesskap saman med mor som vil drive garden vidare. Driftsopplegget blir som før, og arbeidsoppgåvene vil bli fordelt etterkvart.

Den siste av kvigene SIRI, kalva natt til onsdag og det gjekk utan problem. Ein friskus av ein uksekalv som to gonger i løpet av det første døgnet greidde å kome seg ut av kalvestekken og spaserte fritt omkring i fjøsen. Fluktvegen er nå stoppa, og han ser nå ut til å slå seg til ro i stekken.

2007
Desember
Torsdag 20 desember 2007 blir ein merkedag i gardens historie, men dessverre ein av dei verkeleg tunge og vanskelege dagane. Far min, eigaren og drivaren av garden, døyde brått og heilt utan forvarsel.
Det var tysdag kveld at han fall om i fjøsen og det viste seg å vere svært alvorleg. Han fekk umiddelbart førstehjelp, ambulanse var på staden etter få minuttar, lege og også legehelikopteret kom raskt, men situasjonen var heile tida akutt kritisk. Han blei sendt til Ålesund sjukehus og blei der mottatt av eit svært profesjonelt team av leger og sjukepleiarar. Intensiv behandling blei starta, men det viste seg at livet ikkje kunne reddast.
Han døyde fredfullt med sine næraste rundt seg.

Eit strevsamt liv har ebba ut.
Ei flittig hand har dovna.
Din arbeidsdag har no tatt slutt.
Ditt gode hjarte sovna.

 

Desember starta veldig bra, og vi fekk ein stor og fin kukalv på søndag. Det var ELVIRA som kalva og alt gjekk utan problem. Dette er ELVIRA sin andre kalv og vi har store forventningar til denne kua i år.
Vi har ein kalv som ikkje er heilt bra, og det er den kalven vi måtte ha dyrlege til undre fødselen. Den ser både stor og frisk ut, men den har problem med å suge og det betyr at det er problem med å få i den nok mjølk. Den har blitt litt betre dei siste dagane, men vi nyttar ennå sonde for å få i den nok drikke.

Tysdag denne veka, var det to kyr som kalva. SVARTROS kalva på dato og fekk ein stor uksekalv, mens JULIE kalva to veker før tida og fekk ein kukalv. Begge kalvingane gjekk utan problem.
Onsdag var det ny kalving og nå var det FJELLROS. Også denne kalvinga gjekk utan problem og det blei nok ein kukalv.

Den kalven som vi har hatt problem med å få til å drikke skikkeleg er ennå ein problemkalv. Den er blitt litt betre til å drikke, men det meste av drikke får den via ein sonde. Den svelger godt, men den vil ikkje suge skikkeleg. Vi har nå hatt den over i den store stekken saman med dei andre kalvane, og så får vi berre håpe at litt sosialisering vil gjere den godt.

Jakt
I jaktvaldet knytt til garden er det ein kvote på 11 hjort, og alle dyr er allereie felt for i år. Jaktlaget som har løyve til å jakte i området er erfarne og dyktige, og har også i år gjort ein god jobb med å felle alle dyr i kvoten.

November
Dei fyrste kyrne har nå starta å kalve og vi har så langt fått to kalvar, ein kukalv og ein uksekalv. Hos den tredje kua som kalva to veker før tida var dessverre kalven daud.
Det er for tida tre kyr som er i ferd med å tørke opp, og tre dyr skal også sendast på slakteriet i løpet av ei veke eller to. Dette er dyr som er meldt inn på slakt "på avtale", og det betyr at det er slakteriet sjølve som bestemmer hentedato innanfor ein definert periode på nokre veker.

Kalvinga er no i gong for fullt og denne helga har vi fått ikkje mindre enn tre kalvar. Det er to kviger og ei kyr som har kalva, og alt har gått bra. Til den siste måtte vi ha dyrlege pga at det var vanskeleg å få frå kalven, men det gjekk heldigvis bra både med kyr og kalv. Alle dei tre kalvane som kom i helga var kukalvar.

Utstilling
Linda har for tida salsutstilling av vesker.

        

Oktober
Kyrne er nå tilbake på garden etter tre og ein halv månad på Engesetsetra fellesbeite. Det har vore ein bra sesong på fellesbeitet, men dei siste vekene blei dessverre prega av mykje regn. Det har heile tida vore godt med gras og gode beiteforhold og i tillegg har kyrne fått silo, men mykje regn gjorde likevel at det på slutten blei noko utriveleg også for dyra. Det verka derfor som om kyrne var glade for å få kome heim igjen etter ein lang sumar, og igjen få stille og rolege dagar i fjøsen.
Kvigene og kalvane er også sett inn for året.

Det er nå haustferie på skulane og mange barnebarn har derfor nytta høvet til eit besøk på garden.

September
Vi har i ein periode hatt ein del regn og vind, og måndag 3 september var ikkje noko unntak. Vindretninga denne dagen var nordvest, og det er akkurat den vindretninga vi fryktar mest på garden. Når vinden kjem akkurat i ei spesiell retning frå nordvest så kan den gjere skade og det skjedde den dagen. Tidleg ettermiddag kom det ei enorm vindkule (ein tornado eller på dialekt, ein "tynnjaknute") som tok det eine Rødtorn treet som står på tunet og eit plommetre som står rett over vegen for huset. Dette er begge gamle og store tre som har stått over mang ein storm, men i dag blei dei begge på sekunder velta. I fallet tok det eine treet også med seg straumledinga til huset, og vi blei følgjeleg utan straum. Vi ynskjer derfor å rette ei spesiell takk til Ørskog Energi for god service og for at dei raskt kom og fekk kopla straumen tilbake.

     
Det store Rødtorn treet som stod på tunet. Siste biletet syner at dei to summarplantene som var hengt opp i treet enno heng på treet upåverka av velten, men då i ein litt anna vinkel.


Det store plommetreet som stor på andre sida av vegen rett aust for Rødtorn treet.

August
Siloane er nå fulle og vi er sikra nok fór for vinteren. Dette er på alle måtar positivt, men vi har eit luksusproblem - vi har ein god del gras igjen som ikkje er slått. Planen er å lage rundbalger av iallfall ein del av dette, men det er litt usikkert når dette kan gjerast pga usikkert vêr. Det er samarbeidspartnara i beitelaget som har utstyr for å gjere denne jobben, og ein del av rundbalgane skal også nyttast på Engesetsetra.
På nokre fineversdagar midt i månaden fekk vi slått og balga alt graset som var igjen, og slåtten er no derfor heldigvis ferdig.

Kalvar og kvige som går heime har nå gode beiter på nytt gras, og har vel bortimot optimale forhold om dagen.

På fellesbeitet går det bra, og produksjonen held seg godt. Det indikerer også at dyra har det bra og at dei har gode beiteforhold.

Visitors    (link to more pictures)
Monday August 27th a large group of about 25 people from Minneapolis visited the farm. It was only a two hour visit, but definite a pleasant morning.

Juli
Månaden starta iallfall med fantastiske fint vêr, og etter mykje sol og varme den siste tida så er det nå blitt svært tørt i marka. Graset har vokse så langt opp igjen etter førsteslåtten at det komet godt i gang igjen med etterveksten, og det er ein stor fordel nå når det er så tørt. Då held iallfall jorda litt meir på fuktigheita.

På Fellesbeitet går det som det skal utan vesentlege problem, og kyrne mjølkar godt.

Dei første barnebarna er nå komen heim på sommarferie og fleire vil følgje dei komande dagane. Det gler vi oss til!

Det er no siste veka i juli og vi er klar til å starte "ho-slåtten". Vi venter berre på noko betre vêrutsikter før vi kan starte opp.

Barnebarn Birte landar på Vigra tysdag 7. august. Vi satsar på fint vêr, og  mykje sol og varme dei dagane ho er her! Det knyt seg spenning til om Birte også i år kjem til å trakke i kuskit utan støvlar.

Juni
Kyrne er flytta på fellesbeite og lever nå "det gode liv" på sætra. Det var i år totalt 106 kyr som blei flytta på sætra og så langt har alt gått utan noko problem. Det er godt med gras og kyrne mjølker godt.

Kalvar og kviger går på beite heime, og dei har også gode tilhøve med mykje mat.

Slåtten er ferdig, fjøsen er vaska og naturgjødsla er ute, og vi er ikkje komen lenger enn til jonsok. Spesielt slåtten er tidlegare enn i eit normalår, men avlinga var likevel stor og av god kvalitet.

April
Alle dyra er nå heldigvis friske igjen etter ei vekes tid med dårleg matlyst og mageproblem pga eit virus. Mjølkemengda er på veg opp igjen etter ein periode med redusert produksjon pga sjukdomen. Dei sist kalvande kyrne har også kome i god produksjon nå og det ser bra ut.

I påskeferien har vi hatt mykje familie og ikkje minst barnebarn på besøk og mange ekstra arbeidshende har vore med i fjøsen. Det er alltid både utfordrande og spennande å kunne delta i fjøsstellet og med mjølking og barnebarna er svært interessert i å arbeide. Kalvane liker også godt når nokon vil leike med dei.

Våren kom rett over påske, og vi har nå starta arbeidet med å få ut gjødsel.

Mars
I dag kalva den siste kua og det blei ein uksekalv. All kyrne har nå kalva for denne sesongen og det blei totalt 9 kukalvar og 11 uksekalva.

Vi har den siste veka hatt ein virussjukdom i fjøsen, men nå ser det ut til rette seg og i dag åt alle som normalt. Viruset har ikkje vore verken farleg eller spesielt alvorleg, men det gav mageproblem.

Til helga kjem dei fleste barnebarna på påskeferie og det gleder alle seg til!

Februar
"TINA" kalva denne veka og fekk ein kukalv. Kalvinga gjekk utan problem, men kua fekk mjølkefeber i etterkant. Mjølkefeber er svært alvorlig og dyrlege må tilkallast umiddelbart. Det er heilt avgjerande at kua får medisin så rask som mulig. Det ser bra ut for "TINA" etter ei behandling og det ser ut som ho kjem seg raskt.

"LIVROS" kalva fredag kveld og fekk ein stor uksekalv. Det var litt spenning knytt til denne kalvinga pga at det var gått to veker over tida for kalving og at det i tillegg var ei kvige (fyrste kalven). Men det gjekk heldigvis svært bra.

Dei to siste vekene har det vore ein del arbeid i skogen. Vi har saga ned ein del skog frå kulturbeitet og det har vi også fått ned til vegen. Det har i denne perioden vore eit heilt optimale arbeidsforhold for skogsarbeid med kaldt fint ver og litt snø.

Januar
Andre veka i månaden hadde vi veging (måling av antall liter mjølk pr ku) og resultatet ser med få unntak bra ut. Det er ei av kvigene som det av eller annan grunn er lite mjølk i og det har det vore heilt sidan kalving. Den er nå oppe i ein produksjon ca 20 liter pr døgn, men dette er likevel for lite. Vi beheld likevel kua ei stund til for å sjå korleis den utviklar seg vidare.

Den siste av kvigene, "SILJE" kalva på torsdag og det gjekk dessverre ikkje så veldig bra; kalven dauda. Vi hadde dyrlege til kalvinga, men det viste seg at den store uksekalven ikkje overlevde kalvinga.

I kveld skulle denne kviga mjølkast for fyrste gong og det gjekk heller ikkje så veldig bra. Det er alltid litt spennande når ein skal mjølke ei kvige for fyrste gong, men som regel går det bra. Kviga i dag var svært vilter av seg og det er nærast ein "risikosport" å arbeide med slike dyr. Vi fekk likevel roa den ned og fekk mjølka den, men er nok usikker på korleis dette vil utvikle seg vidare. Det blir spennande i morgon og sjå korleis den reagerer ved neste mjølking.

Dagen starta godt ved at "JULIE" kalva utan problem og vi fekk ein kukalv. Det store spørsmålet i dag var likevel korleis det ville gå ved mjølking av "SILJE" og heldigvis; det har gått mykje betre enn vi kunne frykte i går. Det ser ut til at den roer seg og at det kanskje likevel er "håp" om at dette skal gå bra.

"ROSALIN" kalva i dag, søndag, utan problem og fekk ein uksekalv. Det går heldigvis bra med mjølking av "SILJE", men i dag var der "rusk" i ein spene og vi tilkalla dyrlege for å starte behandling av jurbetennelse. Ho får nå sprøyte nokre dagar og i tillegg blir all mjølk tømt vekk.

"MARI" kalva denne veka og fekk ein kukalv. "SILJE" er framleis under behandling for jurbetennelse, men er nå snart ferdig med medisinen. Mjølkinga av ho går heldigvis veldig bra nå og det er ikkje noko problem.

Home | Om garden | Driftsopplegg | Engesetsetra Beitelag | Nyheitsarkiv | Fjellturer | Bilete frå Skodje | Kontakt oss

This site was last updated 11.02.2012