mandag 19. april 2010

Bow Firda i Santos

Her på den sørlige halvkule har vi framleis fint vær, sol og sommer. I
allefall her i Santos.

Når vi passerte ekvator og kom ned mot Aratu/Salvador så regna det jamt og
trutt, ikkje var det noko smådråper heller, forstår godt at dei har hatt
problemer her nede med alt det regnet.

Og på den nordlige halvkule er det også problemer, vulkanen på Island spyr
ut aske og flytrafikken er stoppa opp. Det medfører at min avløyser set i
Norge og ikkje kjem seg ut og eg set her nede og kjem meg ikkje heim. Får
trøyste meg med at det ikkje er berre meg det gjelder. Set mange rundt
omkring i samme situasjonen.

Som ein vittig sjæl skriv det:

Dear Iceland,

We said "Please send 'cash', not ash!"

Yours faithfully,

Great Britain

Jau jau, ikkje så mykje vi kan gjere mot naturkreftene, det er i slike
situasjoner vi egentlig ser hvor små og hjelpelause oss er.

Akkurat no så ligg mei på Dow i Santos, skal seinare i dag opp på Alemoa som
er i andre enden av byen og losse noko tjafs der også.
Etter Santos går turen til Rio De Janeiro før kursen settast mot Argentina,
men innan den tid håper eg at eg er komt meg i land, har tross alt eit fly
som går til LOS neste mandag og det har eg planer om å rekke.

Dagens bilde er tatt oppover elva frå her vi ligger på Dow og viser eit par
containerkaier med skip som laster og losser.

Ønsker alle ein fin og askefri dag.

1 kommentar:

  1. Høres ut som hele verden er "Askefast" ja... håper du snart kommer hjem (for så bare å dra igjen da).... god tur videre!

    SvarSlett