torsdag 1. juli 2010

Vimpelproduksjon, gitt.

Ja, så kom eg sannelig i gang. Haust har sydd vimpelrekke, og med det inspirert meg. I går kveld gjorde eg denne ferdig, ca 3 meter lang. Eg veit ikkje heilt kor eg skal ha rekka, så dette er berre eit prøveoppheng.


Vimplane går i blå, grønne og turkise tonar med stoff frå gamle retro dynetrekk og noko nyare stoff. Eit skjørt eg likte stoffet på fann eg på Fretex, og no er delar av det blitt til vimplar.


Kjekt! Eg trur eg må sy fleire. Det gjekk jo så greit, ikkje vanskeleg heller.

4 kommentarer:

  1. Så flott! Gjorde du hele på en kveld? Imponerende.

    SvarSlett
  2. Takk takk!
    Eg klippa delane kvelden føre og sydde ferdig andre kvelden.

    SvarSlett
  3. Så kjekt at du vart inspirert! Knallfine vimplar!

    ...og no har eg fått skokorg i gangen, eg òg, så inspirasjonen går begge vegar! :)

    SvarSlett