søndag 9. mai 2010

Elefantar og hyttehus

Det har vore ei kjekk helg for oss. Me har hatt koseleg lag med venner og familie, eg har fått hilse på den trivelege og gode feen, og me har fått ein straum av elefantar i hus.



Sjå desse HERLEGE her som eg har kjøpt av den gode feen, Linda. Dei er berre såå sjarmerande, og eg blir så glad av å sjå på dei.

Her snik ei jente seg framfor linsa for å forstyrre mora som er så fascinert av desse underlege dyra. Det har blitt sport her hos oss nemleg, det å forsøke å vere linselus på alle bileta eg tar. Eg må skunde meg å ta bilete før lusa kjem vandrande, hoppande eller snikande. Men det er no berre kjekt, det.
Og ein annan kjekk sak som låg med var desse skjønne retrostoffa. Gjett om dei skal gjerast om til noko kjekt. Tusen takk!



Så var det Hr Elefant himself. Eg hugsa ikkje kva det opprinnelege namnet hans var, så han får no vere nøgd med det namnet førebels.

Eg synest han passar godt til den lille pulten i fargen isvann som me har i stova, eller sekretæren, som mor mi seier.

Tusen takk for handelen!
...
I dag har me vore i hyttehuset vårt. Det går sakte framover, men eg kjenner meg stadig meir rastlaus no som sommaren nærmar seg.
Ovanfor her er inngangspartiet. Ny dør kjem snart, og så skal me med tida lage ein uteplass her, for kveldssola held seg lenge på denne sida av huset.

Her er kjøkkenet... Veit ikkje om eg treng seie noko meir.
Eg er usikker på om eg skal fjerne dei kvite hyllene her og berre setje opp enkle eller om eg skal ha heile stase. Det må iallefall bli kvitmalt. No er det lys blått. Skapa skal også bli kvite. Eg diggar no Fjeldborg sitt svarte kjøkken også, så eg skal halde mulegheita open.

Og her er veggen inn til kjøkkenet frå stova. Han går sine siste dagar i møte no, for han skal vekk. Me skal opne opp og få eit allrom. Det blir stas, veit de.

Åh, eg lengtar så. Men kvart skritt, er eit steg nærmare målet.
Ha ei god veke alle saman.
Her blir det stilretting til den store gullmedalja. Eksamen nærmar seg for dei som for tida spring rundt i russeklede og sit under pultane sine i timen. Det er no ei fantastisk verd, ikkje sant? Mangfald og tid for alt.

4 kommentarer:

  1. Hei!

    Fant bloggen din via-via en annen. Hehe.
    Heldige dere som har fått et hyttehus ☺
    Mye å gjøre forstår jeg, men så gøy også da. Ikke minst når de store tingene er gjort, og stæsjingen står igjen! Liker stilen din godt, og her var det koselig, så tar gjerne turen innom igjen!

    Ha en fin uke, og takk for titten!
    Klem NinaB

    SvarSlett
  2. Dei elefantane er utruleg koselige! =)
    Den gul/orange tapeten var det faktisk eg som sendte til ho =) Farmor mi hadde den på kjøkkenet då ho pussa opp for maaaangen år sidan. Ho hadde blitt utruleg glad visst ho fekk sjå at mennesker har kreative gleder av tapet-restane hennar :)

    SvarSlett
  3. Næmen så kjekt å høyre då. Eg har sånn sansen for ting med historie, så dette løfta elefantane endå meir. Eg trur det er mnage gamle som blir glade for at tinga deira opplever ei ny renessanse no for tida.
    I hyttehuset vårt har me eit prinsipp om at alt skal vere gjenbruk. Foreløpig ligg me særdeles godt an. Eg trålar Finn og Fretex til den store gullmedalja og set stor pris på gamle ting frå familien. Eg trur dei også set pris på det.

    SvarSlett
  4. Heisan!
    Så mange fine bilder! Elefantene til Linda er superfine og så var det noen fristende retrostoff i øyekroken min der også..
    jeg fikk kjøpt det grønnblomstrete retropapiret Linda her brukt på en av elefantene på Papirgalleriet i Oslo. Ble så glad, for det papiret har jeg alltid syntes har vært ekstra fint.
    Ha en glad himmelsprett!
    Klem Kaspara

    SvarSlett