søndag 16. august 2009

Frøken Grønn

Frøken Mellomst hos oss kan snart få nytt namn. Ho kan bli Frøken Grønn. Eg vil ikkje kalle henne tante Grønn etter Elsa Beskow sine forteljingar, for tante Grønn var alltid så sint. Skjønt, nokre fellestrekk kan dei vel ha nett av den grunnen også, desse to damene med lidenskap for grønt.

Frøken Mellomst her fekk dette grønne putetrekket av farmor si då eg var på jakt etter retrostoff i skapet til sistnemnde. Ho har sansen, Frøken Grønn. Og eg får ikkje fingrane i stoffet, for det duger til kosefille, dekkeklut, duk, dukkedyne etc. Eg trur lidenskapen for grønt er ekte.



Her viser ho meg ein hemmeleg skatt i korga si. Opnar sakte for å halde på spenninga. Og trekk ut ein ting om gongen.

Ei skjei.



Etter kvart får eg sjå kva korga rommar...


Frøken Grønn på fire blei nemleg ekstatisk då eg i sommar kjøpte med meg eit koppestell frå Ikea som ho og systera skulle ha i hyttehuset. Dei foretok delinga raskt, effektivt og utan krangling. Frøken Eldst fekk dei rosa koppane mens Frøken Mellomst valte dei grønne og blå. Reint ut kjempepraktisk det der.


Her har ho dekka på til kaffi. Når han er servert, er det berre å drikke opp.
Me hadde mange slike kaffistunder i sommar i hyttehuset.
Og kjenner eg henne rett, blir det kaffi i lange banar framover også.

lørdag 15. august 2009

Iittala

Eg byrja samle på Iittalalysestakar (eller telyshaldarar) for eit år sidan. Dei er så nydelege, synest eg. Som drops.



Det er slik at eg blir glad av dei når eg samlar nokre på bordet. For normalt står dei litt rundt omkring, alt etter fargen og pynten. Og det er også veldig kjekt, å kunne pynte med ein av desse til fargar som passar.



Her har eg til dømes samla fem stykk (eg har åtte, og trur det er nok no) rundt den grøne Fretexvasen min. Det blei så fint.


Og når hagen byr på vakre purpursolhattar, så blir lukka endå større.



Det er noko med lyset og fargane i desse telyshaldarane. Fargane er så ekte og reine, og når eit telys skin gjennom dei på kveldstid, så ser det nesten litt magisk ut.


Det er iallefall det eg likar å tenkje, he he.



Eg har dei framme ei stund no når sommaren er på hell. Dei er så glade inne når det pøsregnar ute.



Forresten, kameraet er i orden. Jippi!

tirsdag 11. august 2009

Oj oj oj

Javel, så kan det vere eg har øydelagt eit kamera til 12000 kroner. Kjempekult!

Eg har rett og slett latt det stå ute på eit bord etter ei fotoseanse i hagen for nokre dagar sidan. Etter det har eg leita litt, men ikkje sånn seriøst. Så i dag skulle eg reinske opp litt i visne blomar og slikt, og der, midt mellom tomatplantane mine stod det, med dogg inni linsa.
Oæh, tenkte eg, skunda meg inn (som om det hadde utgjort ein forskjell) og sette det ifrå meg. Deretter gjekk eg til mannen min og sa eg hadde ein trist bodskap. Han blei alvorstung med det same, og eg måtte raskt seie at det berre handla om ting, altså. Då blei han litt lettare, men stod avventande. Det er nemleg hans kamera og han som kan kamera. Så sa eg det var kameraet...
Javel, var det vått, spurde han. Det står på pianoet, svarte eg og begynte å rydde på kjøkkenet... Så gjekk han bort og fikla litt med det, demonterte nokre delar og no står det altså til tørk. Me kan ikkje anna enn håpe på det beste.

Derfor kan eg ikkje ta bilete no.

For tida tenkjer eg på kjøkkenet i hyttehuset. Eg blei så fasinert av det gule kjøkkenet i siste nummer av Rom123. Det var så sommarleg og energirikt. Eg er berre redd eg blir fort lei det.
Elles synest eg dette er fint:




Alle foto: Livingetc

Ha ein god seinsommardag.

søndag 9. august 2009

Leiker

Denne lille ballen her er ein fryd både å sjå på og leike med. Det er ei lita bjelle inni han som har slik ein forsiktig og fin bjellelyd når ballen trillar bortover golvet, eller når Frøken Minst på eitt år leikar med han..



Ho leikar også med elefanten sin som kan trekkjast på hjul bortover golvet. Ettersom ho ikkje går enno, blir det ikkje akkurat trekking som er hovudaktiviteten, men elefanten er alltid i nærleiken.



Det er også Dokka! Etter at Frøken Minst fekk henne til bursdagen, har ho vore med henne.

Dokka får kos og klem og smil kvar gong me nemnar henne. Og eg synest det er så sjarmerande.


Desse tre leikene kom i heimen til bursdagen hennar, og dei er av merket Sebra. God kvalitet og noko anna en plastikkjungelen som har dominert heimen nokre år (og delvis gjer enno). Eg kjenner at eg gjerne vil ha nokre alternative leiker til minstejenta no. Leikedepotet er jo fylt opp frå før, for ho arvar det meste frå storesystrene, men det er jo kjekt med noko som bare er hennar.



Og derfor har ho no sin lille Sebrasamling.


Det er kjekt med leiker som både liten og stor diggar!

Strikkedille

Eg strikkar litt innimellom. Når eg får ei strikkedille, må eg berre utnytte henne. Det kan nemleg ta lang tid til neste gong. Og i sommar har eg strikka nesten eit heilt pleid som eg skal ha i hyttehuset. Det er av dobbelt garn, så det er tungt og varmt. Men det kan vere kaldt på vinteren, så eg trur det blir deilig.

Her ligg det i korga, ikkje heilt ferdig enno.



Og så har eg hatt ein liten strikkepause frå det store prosjektet, og då blei det vaskeklutar til kjøkkenet. Men ikkje mitt. Desse har blitt ei gåve til ei som er glad i fargar.



Håpar ho likar dei.
Dei er strikka som så mange andre klutar i bloggland, rett-vrang på eine sida, og rett på andre. Dobbelt bomullsgarn og pinne nr. 4. Eg la opp 48 moskar.



Og så blei gåva supplert med oppvaskkost og flaskekostar frå Clas Olsson. Ei lita sommargåve.



Kunne ha vore fine smågåver dette. Det er vel ikkje klutar og oppvaskbørster me får mest av til bursdagar og jul, tenkjer eg. Så om strikkedilla held fram, så er kanskje delar av julegåvene om ikkje i boks, så iallefall planlagde.
Tida vil vise.

fredag 7. august 2009

Ting, ting, ting

Det går mykje i ting for tida. Eg som har vore ganske minimalistisk av meg, har fått sansen for ting. Så no er eg rundt og fartar og ser på ting nesten dagen lang . Det er jo så mykje fint.
Og så er det er eit par ting eg har kjøpt meg som eg er så nøgd med:

Denne boksen under her stod så fint på Fretex og venta på meg. Usle 15 kroner skulle bytast imot denne lekkerbiskenen.



Sjekk dei vanvittig flotte fargane, og gullfargen skin i lyset. Eg og Frøken Mellomst på fire sloss nesten om å ha han, men det slaget kan eller skal ho ikkje vinne. Denne boksen er min, men ho kan få sjå på han og drøyme seg vekk i han.

Ho har nemleg bestemt seg for å vere jenta med oransje kjole. Ho sit der med storesøstera si, får eg vite, og dei er på piknik. Og det er berre jenter som kan nyte kjolar, for det kan ikkje gutane, så det så.
Eg lar henne draume, nyt fantasiforteljingane hennar. Ho er god på dei.



Og dermed blir boksen endå meir kjærkommen, han gir skaparglede! Sterkt av ein boks!

Og så har eg vore på Indiska og snopt meg desse to boksane også, ja det går i boksar for tida.



Eg likte dei med ein gong eg såg dei, for dei har så gode fargar og fin form.



Tida får vise om dei blir ståande her i heimen eller om dei flyttar inn i hyttehuset. Det er no så langt fram, så dei vil nok bli her nokre månader først.



Og under her er det store eikeskapet eg fekk av mor mi, no i kvit utgåve. Det kan eg like langt betre enn den mørke brune. Foran står eit nattbord i eik (frå dødsboet) som også var brunt. Det er stramare i stilen og dermed har det flytta inn i heimen her. Det blei litt kræsj med det store skapet syntest eg.



Og til venstre bak står ein puff (også frå dødsboet) som er på veg til bli rensa for stoff. Han var heilt innekledd med stoff, men dette skal avgrensast til puteområdet. No er det pause i hyttearbeidet ei stund, for no byrjar skule og jobb snart.
Alt til si tid.




torsdag 6. august 2009

Blafre blafre

No er det konkurranse, og eg blafrar med vingene mine av glede.
Det er nemleg sjølvaste BLAFRE som står bak.


Og eg synest desse produkta er fabelaktige. Eg har små boksar til jentene her og skulle gjerne ha utvida samlinga. Eldstejenta her skal begynne i fyrste klasse, så kva hadde passa betre ein blafrematboks?
Konkurransen finn du på Blafrebloggen!
Jubidu, tenk om eg som aldri vinn for ein gong skyld hadde vunne...
Positiv må ein jo vere i sommarvarmen. For no er det herleg ute.

Blåklokkefryd

Eg trur ikkje eg veit om ein blomst som er meir sommar for meg enn blåklokka. Og det kjem frå barndomen min då me gjekk på grusvegar og plukka yndige blåklokker i grøftene.

Eg trur det er noko med det lette uttykket i blomen, det skjøre og forsiktige samt den utruleg vakre fargen.


Då me var i hyttehuset måtte eg plukke med meg nokre blåklokker inn. Det meste er gammalt og utslitt i hyttehuset, men eg må likevel pynte litt i det som er. Så her står blåklokkene i slitne og utskiftingsklare vindauge og strålar. Dei rører seg med vinden frå det opne vindauget, ein lett dans, ein liten sommarflørt. Og eg lar meg bedåre, det er sikkert.


Eg rett og slett elskar blåklokker.


Dei står plasserte ved spiseplassen kor me sit ein del utover kvelden (i påvente av ny altan som kjem til neste år), og dei er like vakre på kvelden som på dagen.


Det handlar for meg om å finne det lille skjønne i eit ellers gedigent (og til tider uoversikteleg) prosjekt. Blåklokkene er akkurat så skjønne .

Kva stoff skal stolen få?

Denne stolen har vore grønn for litt sidan. No er han kvit. Seteputa er imidlertid uendra, og no står ho for tur. Ho skal shinast opp med ny skumgummi og nytt stoff.



Og så er eg usikker på kva for eit stoff stolen skal få, då. Av svigermor har eg fått desse gamle dynetrekka. Dei er velbrukte og ikkje akkurat så slitesterke, men skjønne. Eg leikar med tanken på å bruke dei her, men dei er nok for tynne...



Eg likar aller best dette lilla stoffet her. Det har nok andre også gjort, for det er tynnslitt.



Mannen her kan ikkje se stoffa for seg i ein stol, for for han er dei berre dynetrekk.








Dette stoffet under er meir solid, kjøpt på Indiska saman med ei ditto pute.

onsdag 5. august 2009

Stova - før

No har me vore i hyttehuset igjen. Og det er lite framgang som visar. Men no er alle borebillene i kjellar og loft drepne, heldigvis. Det var ein del av dei... Og ein god del møbler var óg infiserte. Så det blei nokre darlingar på bosshaugen, men men. Nokre prøver me å redde også ved å smøre dei inn med middel sjølv.

Og så er det tre byggmesterar som skal gi tilbud på nye vindu og kledning + isolasjon på huset. Omfattande greier dette, men eg trur jo det blir kjekt etterkvart då.



Mens alt dette pågår, så vandrar no eg litt til og fra, passar barn, lagar mat (kjønnsroller...kremt) og tenkjer. Eg tenkjer ganske mykje, skal eg seie dykk. Eg tenkjer mellom anna på korleis stova skal bli. Ovanfor er situasjonen per i dag. Ein svart Ektorpsofa kjøpt gjennom Finn, ein burgunderraud stol frå dødsboet eg var innom for ein månad sidan, og den blå gyngestolen er frå eksen til mannen min, he he. Eg likar han godt, eg.



Her er lampeskjermen frå Ikea som var på tilbod og ein gammal lampefot eg hadde då eg var jente. Over den burgunderraude stolen ligg eit strikka teppe i sennepsgul farge. Passar godt til lampa, men eg likar det eigentlig ikkje så godt. Det var mor mi som vann det på ein basar ein gong. Og gardinene er hengde opp førebels. Dei er frå dødsboet dei óg.

Under her er grusomkroken. Kjøpmannsdisken stod igjen i huset, men er no på veg til maling i kjellaren. Han skal bli kvit og plasserast på jenterommet. Og så er eit gammalt eikeskap frå mor mi no blitt kvitt og skal få denne plassen. Bilete kjem seinare.



Og så vil eg med tida bytte om Ektorpsofaen med ein hjørnekarlstad for å få eit meir moderne uttrykk.

Så gjenstår fargane då... Kva i verda skal eg finne på?

Herleg retrogalskap eller roleg harmoni? Eit sommarhus må vere lyst iallefall, lyst og luftig, men gjerne leikent! Helst leikent, ja!

tirsdag 4. august 2009

Endå ei fretexlampe

Eg presenterer nok ei lampe eg fekk fatt i på Fretex for 50 kroner.
Lampa stod einsam i ein lampekrok og såg ikkje ut til å skulle friste nokon. Det låg eit tjukt lag med trist støv på skjermen.



Då greip eg fatt i lampa og bar henne med meg på fretexrunden min.
Lampa ga meg så gode assosiasjonar til ei lampe me hadde då eg var lita sjølv om den var i messing. Den runde kuppelen tiltalar meg. Og brunfargen er mykje finare enn messingvarianten.



Det er så triveleg å ha ei lampe som eg kan ta med meg der eg skal sitje med strikket mitt.



Her er lampa i all sin prakt.
Men sjå vekk ifrå dei redselsfulle putene i bakgrunnen. Dei heng med til eg har funne eit tøft stoff å kle dei med.

Eg likar godt lilla. Og så hugsar eg ein skuletime då eg gjekk i 8. klasse; Då sa ein lerar at ho syntest brunt og lilla saman var det styggaste ho visste. Eg var jo sjølvsagt einig då, våga ikkje anna. Men i dag synest eg det er steintøft.

Eit lilla retromønstra stoff til denne lampa hadde vel gjort seg.