HYRDINGEN

 

Kyrkjebladet i
Vindafjord

 

          

Gud»

Gud, vår Far i alle tider:
Lær oss sjå di skaparmakt.
Du som var og er og bliver.
Altet er deg underlagt.
Ved ditt ord du skapte kosmos,
på din ordre ljoset kom.
Mørke natt vart vendt til lysning.
Liv steig fram for fyrste gong.

 

Gud, til oss din Son du sende;
opna mildt vårt sinn og syn
for din kjærleik utan ende,
ævelang frå himmelbryn.
Ordet feste bu iblant oss,
løyste ut og sette fri
kvar ein træl frå armodsåket.
Livet vann med nådetid!

 

Gud, din Ande let du renna
kvitsundag med helg og fest.
Ver oss nær når sorg vil brenna
i vårt hjarta, høge gjest!
Gjev oss pinsefred i uro,
send din talsmann sterk og mild,
så at livet klårt kan vitna:
Det er deg vi høyrer til.


Harald Eintveit

 

 

Kyrkjebladet  »

 

Kyrkjebladet Hyrdingen kjem ut 6 gonger i året og går då til alle husstandane i Vindafjord.  I tillegg kan utflytta personar få bladet tilsendt i posten.

 

Pris »

 

I tillit til at mange nok betaler frivillige bladpenger, så går bladet til alle husstandar i kom-munen.  Difor oppfordrar vi alle mottakarar til å betale ein fri-villig kontingent på kr 250,- pr år.  Synes du dette er for mykje eller for lite, så kan du sjølv velja eit anna beløp.

Konto:  3243.05.05202

 

 

8 kyrkjer og sokn »

 

I Vindafjord er det kyrkjer i Imsland, Vikedal, Sandeid, Ølen, Vats, Bjoa og Vikebygd. Desse har felles kyrkjeblad.

 

Elias Blix jubileum »

 

Ein stor salmediktar
Dette året er det 175 år sidan salmediktaren Elias Blix vart fødd. Jubilèet  vert markert på ei rekkje stader i landet,- ikkje minst på heimstaden hans i Gildeskål. 

 

Sokneprest Harald Eintveit har laga eit biografisk riss, samt ein kort omtale av salmeskatten hans. Denne kjem vi tilbake til i Hyrdingen

Kyrkjebladet  hyrdingen.no   © 2011 • om kyrkjene i Vindafjord •