Hordam@il

Hordam@il er eit elektronisk supplement til lagasavisa vår, Hordamål.
Hordam@il inneheld kortfatta informasjon om ting som skjer i Hordalaget pluss anna som kan vera av interesse for laget sine medlemmer og andre interesserte.
Har du noko du vil kunngjera i Hordam@il, kan du senda epost til vevmeister.

Interesserte kan få tilsendt Hordam@il på epost, ved å senda ei melding til vevmeister.

Hordam@il-arkiv 2002

Hordam@il-arkiv 2003

Hordam@il-arkiv 2004

Hordam@il-arkiv 2005

Hordam@il-arkiv 2006

Hordam@il-arkiv 2007

Hordam@il-arkiv 2008

Hordam@ail-arkiv 2009

Hordam@ail-arkiv 2010


Hordam@il-arkiv 2011:



Hordam@il nr. 20/2011

JUBILEUMSFEST
 
Hordalaget inviterer til 75-års jubileumsfest lauradag 12. nov. i Storsalen, Nordahl Brunsgate 22.
http://www.hordalaget.no/jubileumsfest.html

 
 

Hordam@il nr. 19/2011

SIVLEVANDRING I DRAMMEN
 
Laurdag 22. okt. kl. 1000 er det Sivlevandring i Drammen. Frammøte ved statuen av Per Sivle på Papirbredden:
http://www.litteraturukaidrammen.no/index.php?option=com_content&view=article&id=32:program-for-arets-uke
 
 
SIKKERHEITSKAMPANJE
 
NorSIS markerer oktober som sikkerheitsmånad, og har m.a. arrangement der dei tilbyr sjekk av om datamaskinen din er sårbar:
http://norsis.no/nyheter/2011-10-02-Nasjonal-Sikkerhetsmaned.html
og
http://www.sikkert.no/
 
NorSIS har kortfatta, god og lesverdig informasjon om datasikring og fornuftig oppførsel. Merk særleg sida med verktøy (http://norsis.no/verktoy/Verktxy.html), t.d. sjekk av program med Secunia (PC) eller AppFresh (Mac). Dei fleste vil verta overraska over kva dei har av sårbare programversjonar. Men det kan vera lurt å bruka slike sjekkeprogram berre til kontroll, og så oppdatera eller installera aktuelle nye programversjonar sjølv. Dette er særleg viktig dersom programversjonar er nøye tilpassa operativsystemversjonar og difor ikkje alltid skal oppdaterast, noko som typisk kan gjelda systemverktøyprogram.

 
 

Hordam@il nr. 18/2011

SMALAHOVEFEST PÅ HORDAHYTTA
 
Laurdag 15. oktober er det smalahovefest på Hordahytta:
http://www.hordalaget.no/hytta/smalahove.htm
 
Påmelding til Petter innan torsdag 6. okt. på epost ...@... eller telefon 958 87 138.

 
 


Hordam@il nr. 17/2011

KURS I TOVDALSSPRINGAR
 
I morgon laurdag 24. sep. 12 – 16 og søndag 25. sep. 11 – 14 er det kurs i Tovdalsspringar i Nordahl Brunsgate 22. Pris 450.
 
Informasjon og påmelding til: Alix Cordray, 917 66 051, ...@...  eller Hans-Hinrich Thedens, 938 49 945, ...@...

 
 

Hordam@il nr. 16/2011

TEATERANBEFALING: RABINOWITZ
 
Berit anbefalar stykket Rabinowitz som går på Det Norske Teatret dei kommande dagane: 22., 23. og 24. sep. 11 Stykket handlar om jøden Moritz Rabinowitz i Haugesund som var ein sterk kritikar av nazismen:
http://www.detnorsketeatret.no/Default.aspx?TabId=65&PlayId=397
 
 
LAGSMØTE I HORDALAGET
 
Me minner om eit kort lagsmøte i morgon, torsdag 22. sep. kl. 1900 i Nordahl Brunsgate 22. Møtet skal diskutera saka om framtida til Nordahl Bruns gate 22 og velja utsendingar til omframt årsmøte i BLS 27. sep. Sakspapir om økonomi er sendt til medlemmene.

 


Hordam@il nr. 15/2011

PÅMELDING TIL KRABBEFESTEN
 
Påmeldingfrist til krabbefesten på Hordahytta til helga er torsdag 15/9 til Petter: http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#Krabbefest
 
 
LAGSMØTE I HORDALAGET
 
Torsdag 22/9 kl 1900 vert det eit kort lagsmøte i Hordalaget i Nordahl Brunsgt 22. Møtet skal drøfta eigedomssaka og velje utsendingar til omframt årsmøte i BLS 27/9. Berre dei som har betalt medlemspengar i Hordalaget for 2011 har røysterett. Innkalling er sendt medlemmene. Om du ikkje har fått innkallinga, så sei frå.

 
 

Hordam@il nr. 14/2011

KRABBEFEST
 
Krabbefesten er kommande laurdag, 17. september,  på Hordahytta: http://www.hordalaget.no/hytta/detaljar.htm#Krabbefest
Ta med salatingrediensar, loff, drikke og frukostmat.
 
 
JUBILEUMSFEST OG SMALAHOVEFEST – endra datoar:
 
Set av følgjande datoar:
 
Ny dato for smalahovefesten: 15 oktober på Hordahytta.
 
Ny dato for 75-års jubileumsfest: 12 november i NB 22. Detaljar kjem.

 
 

Hordam@il nr. 13/2011

HORDARINGEN STARTAR OPP ATT
 
Kommande torsdag 25. august kl. 1930 startar Hordaringen opp att. Første gongen er det open dansekveld.
 
Nybyrjarkurset startar 13. oktober.


 

Hordam@il nr. 12/2011

SOMMARTREFFET I HORDARINGEN – ENDRING AV STAD
 
Dersom det er fint vêr, møtest folk på Frognerparken Kafe (like ved skulpturbrua i Frognerparken), ellers på Valkyrien restaurant. Og tidspunktet er framleis torsdag 23. juni kl. 1930.


 

Hordam@il nr. 11/2011

DUGNAD OG DANS PÅ HORDAHYTTA
 
I morgon vert det dugnad og dans på Hordahytta. Det trengst forlk til oljing, beising, måling, vedkløyving og sikkert litt vasking. Alle er velkomne. Ta med grillmat og frukostmat.
 
 
SOMMARTREFF PÅ VALKYRIEN RESTAURANT
 
Lisa i Hordaringen annonserer at det vert uformelt sommartreff på Valkyrien restaurant i Valkyriegaten 15 på Majorstovo, torsdag 23. juni kl 1930 med sommarprat og hygge.

 
 

Hordam@il nr. 10/2011

BLÅTUR I HORDARINGEN
 
I kveld er det tradisjonell blåtur i Hordaringen med grilling og dans. Turen går til Håløygheimen ved Lyseren i Enebakk. Ta med grillmat og drikke. Grillane vert kveikte kl. 1800 - 1830.
 
Siste stykket er det køyring på bomveg med kodelås. Ta kontakt med Aud-Elin (98401903) eller Arnfinn (91594247) for å få koden. Treng du skyss så ta kontakt med nokon i styret eller andre medlemmer i Hordaringen. Kart kan eg senda på epost til dei som ber om det.
 
 
OPE MØTE OM FRAMTIDA TIL NORDAHL BRUNSGATE 22
 
Måndag 20. juni kl. 1930 – 2200 er det ope møte i Nordahl Brunsgate 22 om framtida til eigedommen. BLS har sendt ut informasjon med orientering og plantegningar pluss oppsummering av idédugnaden i mai. Dersom du ønsker kopi av desse litt store vedlegga, så send meg ein epost.
 
Møteplan:
 
Kl. 19-20:30 Orientering og meningsutveksling v/Anne-Lise
1. Kort orientering om eigedomssaken hittil v/Jon
2. Visjon for BLS v/Nils
3. Kort presentasjon av Thon alternativet og BHAS alternativet, samt veien videre i prosessen v/Anne-Lise
4. Menigsutveksling
5. Pause
 
Kl 20:30-22: Medlemsmedvirkning v/Marianne
6. Resultat fra møtet 2. mai v/Marianne
7. Rammebetingelser ved omfattende ombygging/nybygging v/Anne-Lise
8. Medlemsmedvirkning, innspill til det langsiktige perspektivet, grupper:
9. Medlemsmedvirkning, hvilken visjon har vi?, grupper
10. Visjon i plenum, og avslutning av gruppearbeidene v/Marianne

 
 

Hordam@il nr. 09/2011

SOMMARAVSLUTNING I HORDARINGEN
 
Hordarignen har sommaravslutning i Storsalen, Nordahl Brunsgate 22 kl. 1900 i kveld med dans og bevertning.
 
Alix er instruktør og brukar å å leggja opp til varierte dansar som det er lett å vera med på.

 
 

Hordam@il nr. 08/2011

17. MAI
 
Litt av 17. mai-programmet:
-          1500 – 1700 har BUL feststund i Teatersalen i Rosenkrantz gate 8. Pris kr 150 (kr 70 for born)
-          1814 – 2011 er det brusteinsball på Universitetsplassen. Dansen er lagt opp for å få med flest mogleg av dei som er der
-          2000 – 2300 er det dans i Nordahl Bruns gate 22. Musikk ved Dei Frilynde. Inngang kr 120.
 
(Merk at det er ikkje søndagsdans i Nordahl Brunsgate 22 søndag 15. mai. 11.)


 

Hordam@il nr. 07/2011

GRATIS DANSEFEST PÅ NU-LANDSMØTET I MORGON KVELD
 
7. – 8. mai er det landsmøte i Noregs Ungdomslag på Det Norske Teatret i Oslo.
 
I morgon kveld er det landsmøtefest, og  dansefesten er open og gratis for alle som ønskjer å delta.

 
 

Hordam@il nr. 06/2011

OPE MØTE OM FRAMTIDA TIL NORDAHL BRUNSGATE 22
 
Måndag 2. mai kl. 1900 er det ope møte i Halli om framtida til Nordahl Brunsgate 22.
 
Innbydinga kjem frå eit samla BLS-styre. Det nye BLS-styret er sett saman slik at ulike syn på saka er godt representerte.
 
Styret vil orientera om alternativa og om prosessen fram mot omframt årsmøte 15. september. Eigedommen utgjer ein stor verdi, og saka er svært viktig for BLS si framtid. Det har skjedd ein god del dei siste månadene. Dei to alternativa er samarbeid med Bøndernes Hus eller samarbeid med Olav Thon.
 
På dette møtet ønskjer dessutan styret innspel, idear og visjonar frå medlemmane om korleis garden skal drivast og framstå i framtida. Møtet skal ikkje vera ein debatt for eller mot dei to ulike alternativa.

 

Hordam@il nr. 05/2011

OPEN DANSEKVELD I HORDARINGEN
 
I kveld, torsdag 14. april  kl. 1930 er det open dansekveld i Hordaringen. Det vert dansar som det er lett å verta med på utan å kunna dei på førehand. Ta gjerne med vener og kom innom.


Hordam@il nr. 04/2011

UNDERSKRIFTKAMPANJE FOR Å SIKRA PENGAR TIL KULTUR
 
På Arbeiderpartiet sitt landsmøte er det no eit forslag om å endra tippenøkkelen dramatisk. Det vil i så fall ta store midlar frå kultur og gje mykje meir pengar til idrett.
 
Mange organisasjonar har reagert på dette og har starta ein underskriftskampanje mot forslaget. Noregs Ungdomslag stiller seg bak underskriftskampanjen. Les meir om saka og underskriftsaksjonen her:
http://www.underskrift.no/vis.asp?kampanje=3322
 
 
KONSERTEN MED VESTLANDSFANDEN PÅ LAURDAG
 
Oddvar og eg har avtalt at dei som har lyst møtest ved inngangen litt over 1930. Det høver med tog som kjem inn frå eit par retningar (1917 frå Oslo S t.d.). Det skal vera nok billettar att til at ein får kjøpt ved inngangen.


 

Hordam@il nr. 03/2011

VESTLANDSFANDEN I SANDVIKA
 
Oddvar, eg og nokre til har tenkt oss på konsert med Vestlandsfanden på Musikkflekken på laurdag 9. april. Dørene opnar kl. 2000  og konserten byrjar kl. 2100. Billettar kan bestillast på nettet, på telefon eller kjøpast i døra.
http://www.baerumkulturhus.no/arrangement/414
 
 
DANSEHELG PÅ BEITOSTØLEN
 
Frå Anne Karin har eg fått tips om ei bra dansehelg på Beitostølen siste helga i april. Det vert svært dansbar musikk med Nova, Kindbergs og Wictronz. Det er kurs i bugg fredag og laurdag.
http://www.beitostolen.com/gogd.aspx?id=9174


 

Hordam@il nr. 02/2011

ÅRSMØTET I HORDALAGET
 
Me minner om årsmøtet i Hordalaget i kveld kl. 1800 i Småsalen bak Blåsalen.
 
Det vert servert pizza. Etter det formelle årsmøtet vert det eit planleggingsmøte.

Hordam@il nr. 01/2011

HORDARINGEN STARTAR OPP ATT
 
I morgon, torsdag 6. jan., kl. 1930 startar Hordaringen opp att i Storsalen, Nordahl Brunsgate 22.
 
Dei tre første kveldane er Alix Cordray instruktør og Sigurd Gjerde spelemann.
 
 
ÅRSMØTET I HORDALGET
 
Årsmøtet i Hordalaget finn stad i Nordahl Brunsgate 22 tysdag 15. feb.