Fotballaktiviteten på Hafslo har starta opp i tråd med koronavettreglane

Årets sesongførebuingar for fotball-laga våre, og all anna aktivitet i idrettslaget vart plutseleg lagt på vent på grunn av korona-viruset den 12.mars.

Hafslo IL håpar det står bra til med alle, og vil takke alle medlemene våre for at de har vist omsyn og framleis viser omsyn til retningslinjene frå sentrale myndigheiter for å hindre spreiing og smitte på grunn av korona-viruset.

Stor takk til Sogn Skisenter for køyring av løyper og Trimgruppa for å legge til rette for aktivitet og påskequiz etter at koronapandemien traff oss.

Rett før påske vart det opna opp for fotballaktivitet i tråd retningslinjer frå sentrale myndigheiter. Fotballgruppa nytta påska godt, og sørga for å legge til rette for oppstart av organiserte fotballtreningar på kunstgrasbana frå og med veka etter påske.

Aktiviteten har vore løpande vurdert og evaluert av Fotballgruppa, og både Fotballgruppa, trenarar, spelarar og andre som har bidrege, fortener stor ros for organisering, tilrettelegging og gjennomføring så langt. Det har vore gjennomført mange flotte treningar for dei aldersbestemte laga og seniorlaget på kunstgrasbana, og det er ikkje tvil om at dette har vore utruleg kjekt og viktig for dei flotte fotballspelarane våre.

Førebels har det ikkje vore mogleg å starte opp med treningar for dei yngste miniputtane. Men dette er noko som det opnar seg for når treningsareala i Moane snart vert klare. Stadionstyret med Birger i spissen gjer sitt beste for at det skal bli opna for trening i Moane. Meir informasjon kjem.

Takk også til alle som bidreg med dugnad til vedlikehald, opprydding med meir, og som gjer oss rusta til å kome i gong og starte opp når tida er klar for det.

Fotballgruppa har oppretta eit dokument med retningslinjer for korleis fotballaktiviteten i Hafslo IL skal føregå. Dokumentet og aktiviteten vert løpande vurdert, og det vert inntil vidare sett opp treningstider for ulike lag på kunstgrasbana frå veke til veke. Gjeldande koronavettreglar og treningstidene for veke 18 finn de i lenkjene nedanfor.

Sjølv om trenarane har ansvar for den organiserte aktiviteten, er det viktig at foreldra og spelarane også gjer sitt beste for å følgje retningslinjene. ALLE har eit felles ansvar for å sikre at retningslinjene blir følgt for å unngå smittespreiing. Det vert lagt ut fortløpande informasjon på laga sine FB-sider før kvar trening.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Fotballgruppa ved leiar Norill Norheim eller til hovudstyret ved Ove Midtbø.

Vi oppmodar alle medlemene våre om å halde fram med å ta vare på kvarandre, vise omsyn, følge retningslinjene og halde avstand. Så  håpar vi at vi kan møtast  på vanleg måte i samband med fotball- og andre idrettsaktivitetar om ikkje så lenge!