Gratis kvalitetsdataspel

Flyspel

Oppdatering 2009-07-08

Denne nettstaden er no offisielt lagt ned, eller i det minste lagt i koma. Eg vil ikkje komma med nokon nye omtalar framover. Dei gode nyheitene er at eg lèt alle dei gamle spelomtalane ligga oppe, og eg har sjekka og retta alle lenkjene, slik at det ikkje skal vera noko problem å lasta ned alle spela. Les gjerne òg historien bak Gratis kvalitetsdataspel, og send meg ein e-post om det er noko du lurer på.

Siste nye eller oppdaterte spel

2002-12-20 – SkyRoads Xmas Special
Styr eit romskip gjennom ymse «vegar» i verdsrommet, og sjå opp for hindringar. Minner litt om det klassiske Trailblazer-spelet. Dette er ein juleversjon.
2002-09-05 – Hellcarrier
Styr eit helikopter og utfør oppdrag i kamp mot terroristar.
2002-07-01 – SkyRoads
Styr eit romskip gjennom ymse «vegar» i verdsrommet, og sjå opp for hindringar. Minner litt om det klassiske Trailblazer-spelet.

Speloversikt

Firecrow
Fly og skyt ned romskip som vil overta jorda (eller noko sånt).
Hellcarrier
Styr eit helikopter og utfør oppdrag i kamp mot terroristar.
Jetpack
Fyk rundt med ein rakett på ryggen og saml smaragdar …
SkyRoads
Styr eit romskip gjennom ymse «vegar» i verdsrommet, og sjå opp for hindringar. Minner litt om det klassiske Trailblazer-spelet.
SkyRoads Xmas Special
Styr eit romskip gjennom ymse «vegar» i verdsrommet, og sjå opp for hindringar. Minner litt om det klassiske Trailblazer-spelet. Dette er ein juleversjon.

 

Om nettstaden

Her finn du omtalar av 5 gratis flyspel av veldig høg kvalitet. Alle spela er heilt gratis og lovlige, altså ikkje «shareware» eller «abandonware». I tillegg er dei so gode at eg ikkje ville ha nølt med å gje alle terningkast 5 eller 6. Meir informasjon finn du på informasjonssida.

Om kategorien

Denne kategorien inneheld flyspel. Flyspel er spel som inneheld fyking. Merk at det ikkje nødvendigvis er snakk om fly – det kan òg handla om fykande bilar, eller om folk med rakettmotorar på ryggen.


Gratis kvalitetsdataspel-nettstaden er skriven og utforma av Karl Ove Hufthammer. Eg set alltid pris på kommentarar, kritikk og tips.

RSS-utgåva av denne nettstaden.