torsdag 3. februar 2011

Dette kan ikkje vere ein fuglekasse, men kven bor her da?

I sommer var eg innom eit restaurert tun samla rundt eit gamalt, lite herskap- hus. Det var fleire andre hus der, hage med gamle roser og ein idyllisk hagedam. På veggen til eit av uthusa hang denne kassen. Det kan ikkje vere ein fuglekasse, men kven er det da bolig for? Eg har fått eitt par forslag, men tek gjerne mot fleire! Så må eg legge ved bilde av den nydelege hagedammen. Skulle ønske eg hadde ein slik!

5 kommentarer:

  1. Er det ikke en ventilasjonskasse da?

    SvarSlett
  2. Marihønekasse? Jeg har sett bilde av slike. Eventuelt flaggermuskasse, men den ser litt liten ut til det.

    SvarSlett
  3. Takk for kommentarer og forslag. Det er ein flaggermuskasse! Nokre månader etter eg hadde teke bildet, fortalde ei veninne om hytta deira. Hytta låg ved eit vatn og dei var så plaga med mygg. Men no skulle det setjast opp flaggermuskasser i håp om at flaggermus flytta inn og ordna opp med myggplagen. Flaggermus- kasse??? Det hadde eg aldri høyrt om. Men kan altså sjå ut som på bildet

    SvarSlett