lørdag 28. februar 2009

Skal , skal ikkje og haldningane til nokon......

Lørdagskveld med fart i? Nei ikkje akkurat. Heile ettermiddagen og kvelden har gått med til å lura på om eg skal eller ikkje skal reisa på Øvreviken pub i kveld. Jymnæse spelar og det hadde vore kjekt og høyrt dei.
Bestemma seg liksom....er no søren ikkje så enkelt. Eg har brukt nøyaktig 9 timar og 35 min på å lura på dette. Men no har eg bestemt meg: Enten så reiser eg , eller så reiser eg ikkje! "Da e`berre søren so greitt!"
Så kvifor sit eg her og rotar inne på bloggen min? Skulle berre nett innom Facebook, og då eg hadde klikka meg fram og tilbake der, ja så skulle eg berre nett innom bloggen ein tur og her vart eg altså sitjande.

Eigentleg så skulle eg skriva litt om haldningane til to av veninnene mine, nemmelg Siri og Liv Turid. (Liv Turid i blå på biletet , Siri i svart)

Ikkje fordi haldningane deira krev ei lang utgreiing av noko slag....Nei...var vel mest for at eg var stor i kjeften i går og sa eg skulle blogga litt om haldningane deira...Ja eg skulle liksom vera morosam då! Hugsar no søren ikkje kva det var me diskuterte ein gong eg...eller kvifor eg skulle skriva om haldningane deira, men her sit eg altså no og gjer slik eg har sagt at eg skal gjera.

Me var vel innom det meste i går kveld. Skikkeleg jentekveld med god mat og lite drykk. Siri skulle kjøra over fjellet i dag, så me var einige om å ha ein roleg kveld.
Ja....eg var roleg....men var dei? Jau, dei var vel det. Men det var desse haldningane deira. Eg var truleg ikkje einig med dei eg då, i diskusjonane,...rett nok så var eg einig med meg sjølv....ja for det er jo berre eg som er normal....heile verda og alle rundt meg er gal.. Sånn er det berre med den saken!
Konklusjonen står på linjene over her. Det er eg som er normal. Difor reagerte eg nok på deira forskrudde haldningar :-))

Elles så ser du at eg sit her endå i og med at du fortsatt held fram med å lesa teikna eg tastar på skjermen. Klokka byrjar å bli så mykje at eg skulle vore reist viss eg skulle. Ute lavar det ned med snø og det er rett og slett irriterande. Vel, skulle det vera vinterferie no men eg seir ja til snø på fjellet og nei til snø i tettbebygde strøk.

Ventar på våren eg no! Ser i beda mine at snøklokkene har byrja å strekkja seg mot himmelen og krokusen strevar på for å koma gjennom ei heller forsen jord. Ser nett i spissen på han no....gjer på og strekkjer seg. Tar nok i neste gong det vert sol skal du sjå...Kanskje berre nokre veker no så står han der i full blom.

Me skulle vore så bestemt og "jenedig" som krokusløken. Hadde ikkje vorte sitjande her då. Nei då hadde eg gitt på og strekt meg...laga meg til......... og liksom berre kome meg avgarde ....

Nei det får kanskje vera kvelden no. Har vinterferie ja. Kan vera oppe så lenge eg vil....men eg veit søren ikkje om eg vil.....veit ikkje heilt kva eg vil i dag... Det er vist det som er dagens problem.

torsdag 26. februar 2009

Ferie ferie ferie




I morgon er det freddan!!! Ikkje nokon heilt vanleg freddan heller. Nei, fredag 27 februar og vinterferien startar.
Folk gler deg til ferie. Vanlig det!
Gler meg eg og. Eg blir rett og slett aldeles einsam her i huset. alle mann alle skal vekk. Hannkatten Kastratus og meg att heima. Skal bli fantastisk!


Ikkje det at eg ynskjer vekk alle eg bur med, men du kor godt det skal bli å sleppa å forhalda seg til nokon på eit par dagar!
I alle fall kan eg bestemma heilt sjølv kor tid eg vil snakka med nokon, kor tid eg vil laga mat, kor tid eg vil sjå Tv og kva eg skal sjå på TV, kor tid eg vil gå ut og ikkje minst koma heim att....eller ikkje koma heim...ingen ventar...:-))

Vinterferie seddu! Då skal ein på ski. Alpinutstyret står for så vidt klart...det er berre å tre på seg egna tekstil og ta avgarde! Ut i det fri!

Viss eg kjem på det kan eg rett og slett pakka litt i Swiften min og blesa ut av motoren! Full rulle mot hytta i Lygrepollen! Fint der og no. Fisk i sjøen, frisk luft, og vårstemning.



Livet er herleg folkens!
Me baskar på i kvardagane med all slags greier.....greier her og greier der....problem og saker å ordna opp i . Bekymringar og gleder hand i hand... SÅ BRÅTT: Ferie! F E R I E....Hadde me ikkje hatt kvardagar , ja, så hadde ikkje feriar vore gode. Hadde me ikkje hatt ferie, ja, så hadde ikkje kvardagane vore gode heller, Etter ein ferie er det alltid godt å koma i gang att med vanleg rutine. Er ikkje me menneske rare?????

søndag 22. februar 2009

Russerevy RØD SNØ

Over her har me revysjefen Grete i ein god monolog som vaskekjerring. All æra og vel blåst revy. Dei var kjempeflinke.

Det aller siste nummeret, spelt for siste gong, søndag . Trist i grunnen. Burde ha spela meir

Øystein Fosse er samen som gjennomgangsfigur. God skodespelar


Torkjell Vik og Torbjørn Valestrand Berge som fotballkommentatorar. Gode karar!



Marte Neteland spelar kjærasten il Jan Thomas










To småtassar som diskuterer eit og hitt....Torbjørn og Siri






Og her eg gutta boys i full discodans. Dei imponerer og er skikkeleg morosame å sjå på
Ja så var russerevyen dette året over for denne gong. Med ein russ i huset har eg sett hardkjøret dei har følt på kroppen den siste veka. Vel verdt det når me ser resultatet. Fantastisk flink ungdom som har produsert ein revy sjølve. Skrivegruppa har halde på ei tid med jamnlege møte. Tekstane deira fungerte fint og me i salen fekk oss mang ein god latter. Alle var gode og nokre merka seg ut. Ein av dei var Even. Trur han må vera beste imitator av Gjermund Storaas nokon tid. Var heilt lik i stemma, i måten å snakka på og i faktene. Ja Gjermund, du har fått deg ein dobbeltgjengar der!
Jammen godt de fekk feira litt både fredag og lørdag. Håpar de har hatt ei fantastisk helg og at det gav meirsmak. Holmatunrevyen treng deg om du likte dette og ynskjer å vera meir med på slik galskap!!








MED UNGDOM I HUSET......




Her sit eg, klokka er 02,00. Har site lenge, ganske lenge. Og det er ikkje fyrste gong.
Eg er vaksen, ganske vaksen. Er ikkje fødd i går
Når du blir vaksen kjem uroa for andre. Ho melder seg som ein snikande, krypande, ekkel følelse.
Kvar startar ho? Trur ho startar gryande ein plass i margen i det ungdommen presenterer at dei skal ut.Timane går og uroa forplantar seg rundt i kroppen, frå eine anatomiske delen til den andre. Til sutt endar det med at heile fysikken er elendig, og trøttleiken? Trøttleiken heng som eit tungt lok over deg. Men leggja seg? Nei, ein ventar på beskjed. Aller helst meldinga om at no vil eg hentast.

Eg ser på telefonen. Virkar han ikkje? Kvifor kjem det inga melding? Eg blir sein. Tre heilt enkle ord på ein mobil skjerm hadde vore noko. Nei. Stille som i grava. Ikkje det at eg har vore i grava, men det er no ein gong slik ein skildrar det. Held det fram slik kjem eg der kanskje raskare enn eg anar.

Eg er vaksen. Burde kanskje ta til vit og gå til sengs. Er ikkje lett det. Er rett og slett ikkje aktuelt med ein slik uro i kroppen. Kva er vitsen? Leggja seg ned ein plass det liksom skal vera koseleg varmt og godt. Uroa lagar elende. Liksom herjer rundt i det mjuke området på 180x200cm, Kroppen ligg fleire centimeter over madrassa og dyna vert snudd, ikkje berre ein gong men sju. Nervesystemet står på høgkant. Kjennes ut som piggtrå i musklaturen, Uroa har fått overtak.

Kvifor? Kvifor ikkje bruka fornuften? Henta han fram frå ein eller annan stad i kroppen og berre snika han forbi piggtråden.Det går jo bra dei aller fleste gongar. Og ungdomane her hjå meg har alltid vore roleg kjekk ungdom. Ja, kanskje det er det som er rota til det heile?

Eg er vaksen og vaksne har erfaringar. Uroa mi baserer seg ikkje på dårleg erfaring med dei unge i huset sin veremåte, kanskje heller min eigen ungdom. Hm...eg blir nesten endå meir uroleg. Kva gjorde eg då eg ikkje gav beskjed?
Ein ting er sikkert. Eg vart vaksen, eg vart det eg og, trass alt eg var med på.........Kanskje eg burde prøva å roa piggtråden og leggja meg i 180x200cm mjuk tekstil?

Ungdom i huset....Skal vera ein overgang vert det sagt....jau men jaggu stikk det mange gonger undervegs i den overgangen.

Eg er vaksen, skal vera uroleg. Skal bry meg om og ikkje med. Ungdomen skal oppleva, skal sanka erfaringar og ein gong bli vaksen, vaksen nok til å kjenna piggtråden i nervesystemet og uroa for sine eigne born som skal ut i alle dei spanande situasjonane.
Ein gong i framtida er det dei som har ungdom i huset.

lørdag 14. februar 2009

Over for denne gong....



Her var utsikta vår. 9.etg rom 934, buisness....og med balkong . Dessutan Dagens Næringsliv levert på døra. jau.....me hadde det ikkje akkurat ilt nei. Den trivelege turen vår med spa, shopping og jentedilling.... no er det over. Buisnessrommet på Hotel Norge var bra som vanleg og behandlinga me fekk i spaavdelinga var fortreffeleg. No har eg reinsa ut all elendigheit som måtte liggja under dei fleste hudlag i andletet. Godt å bli stelt med. Masasje og dill, tedrikking og avslapping i relaxavdelinga. Gode greier alt.
Lommeboka har nesten utsliten glidelås. Opp og att og betala her og betala der. Nokre nye greier har eg med heim ja. Slik som denne for eksempel.
Skulle jo berre mangla...



http://www.youtube.com/watch?v=9ZV3oHmusJo&eurl=http://www.deal.no/produkt.cfm?id=118645&feature=player_embedded




Mykje kjensfolk på hotellet. mange hadde tatt turen for å sjå showet til Kristian Valen. Det får eg ta ein annan gong. No trur eg lommeboka må ha pause ei stund......Men det vert anbefala på det sterkaste å ha seg ein slik tur.

torsdag 12. februar 2009

Hallo - eg heng med!


Heltar skreiv eg om sist gong. Løye! Her er ein helt, eller rettare sagt ei heltinne til...og no er ho på TV. Frøken detektiv forstår seg.

Eg og vidunderet mitt har benka oss i sofaen igjen- klar for frøken detektiv. Nacy Drew på TV. Nei slik var det ikkje i mi tid. Eg hadde ho berre i bok, eg. Bøkene var moderne med flotte fargebilete på utsida. No står dei fint i hylla på loftet. Gutane mine ville ikkje lesa slik jentelitteratur.
Nei då dei var yngre var det helst Hardyguttene det gjekk i. Me har visst dei fleste i serien ståande i hylla. Men mine kjære heltinnebøker - nei dei skulle dei altså ikkje sjå seg mon i. Men, det får vera greitt. Eg har to tantebarn som faktisk viser interresse.Gudsjelov for det.! Tenk om dei skulle vore for keisame, eller for gammaldagse...Nei fri og bevare meg...Godt at dei er populære att. Til og med så populære at det går frøken detektivfilm på tv , og så på Canal Pluss!

Bøkene var nok gode dei. Inne i dei starta spenninga alt på andre , tredje sida. Plutseleg var George og Bess innblanda osv osv. Dette veit alle som har lese frøken detektiv.
Skumle saker ho jobba med ho der. Var vel påverka av far sin. Er me ikkje alle det då. ....Far min ja! Det var ein grepa kar...Nei ikkje oldefar som han Johannes Kleppevik syng om,oldefar har eg aldri opplevd. Men far! >Far var ein grepa kar..han er ein grepa kar. Men....

Johannes Kleppevik ja. Kva meiner me om han då, eller kva minner har me? Trur ikkje eg skal leggja ut om mine minner kring hans namn. Er ikkje så mykje å snakka høgt om, og i alle fall ikkje gode. Vart lite imponert kan du sei. Kan rett og slett ikkje fortelja om dei her eingong.

Skumle greier du! ....Hehe. Noko som får meg liksom inn att der eg byrja...... Skumle greier og Nancy Drew. Det var der eg var. Er det noko å blogga om då? "Er sikker på du kunne skrive om typar glasur å ha på kaka og", seier eldstemann som ligg her med beina høgt. No skal han liksom sjå Nancy Drew, det som var så lite interessant då han var yngre...Vel seier eg ...kanskje han har byrja å verta vaksen? Og glasur...nei eg skal ikkje skriva om glasur. Eg held på med ho som eg aldri kjem vidare på fordi tankane sporar av, og dessutan så ser eg på film.

Ja eg er dame og kan gjera fleire ting samstundes, men visse grenser er det jo.
Les Nancy Drew. Og synes du det er pinleg fordi du er for gammal, ja då kan du berre lesa til barn, tantebarn, elevar eller andre yngre personar. Eller rett og slett lura deg på soverommet ha lommelykt under dyna og snika deg til. Skaper stemning det. Skummelt kanskje - slik det var før i tida.
Nokon klatrar i fjell, nokon rappelerar, andre kjører i uforsvarleg tempo og nokon ligg under dyna med lommelykt og frøken Detektiv. Alle driv med saker som triggar adrenalinet....Eg les helst Mary Higgins Clark. Psykologiske thrillerar i bok eller film - Det er saker det! Frøken detektiv har eg lese og er stolt over det men no er eg liksom litt vidarekomen.
Men filmen i kveld, jau eg heng med.

onsdag 11. februar 2009

Kor e alle heltane????


"....Stå opp igjen, Zorro kom tebake!"







Slik syng han Jan Eggum....
Kor tar han det i frå?
Heltar?
Ja kor er dei hen?
Det lurer eg faktisk på.
Kven er heltar no for tida?
Mine heltar var Sølvpilen, Fantomet, Tarzan og Zorro.

Alle stilte dei opp for folk som trong hjelp.
Dei kunne vera skumle
men menn som på innsida var fløyelspus.
Klar for eit realt arbeid om det var nødvendig
Klar for å redda nokon i nød
Så leita dei etter forsvunne folk
Hjalp sjuke,
Sloss om det var på sin plass
Kjempa så blodet rann
Men for kven?
Nei det var ikkje seg sjølv - det var for andre
For andre folkens-
å gjera noko for andre!
Desse var heltane mine

Eg skulle hatt ein helt.
Kvar får eg kjøpa slike?
Heltane fins jo berre på film.....
Dei har ikkje stått opp igjen -
Eller komt tilbake.

Kor tid skal dei koma tilbake?

Mitt vetle rosa vidunder....


No har eg fått ho. Må tru eg har fulgt pakken gjennom posten sin sporingsteneste på internett. Kom til Bergen i går ettermiddag så i dag har eg sjekka sikkert 5 gonger på føremiddagen om det tilfeldigvis skulle stå at ho var kome til Norheimsund.

Her e ho! Ho kom i dag ja. Skal sei eg var rask på pedalen, nærast sprang i sko og jakke og fekk fart på Swiften min. Wrroom! Rett i andre gir ned bakken, tredje og full fart. Kunne ikkje koma meg fort nok heim att så mykje eg fekk riva opp kartongen.

Akkurat passeleg stor. Liten og hendig. No sit eg med beina på stovebordet og det vetle rosa vidunderet mitt i fanget. Me kosar oss! Batterinivået held lengje og viss ikkje ...jau...så har eg sjølvsagt staum i min overmøblerte heim.

Har ho ikkje anna å gjera på tenkjer du. Ja berre tenk på det du, så har du noko å tenkja på viss du ikkje sit med beina på stovebordet, med laptoppen i fanget og bloggar. Eg har mykje eg kan gjera, men vil eg det no? Nei! Eg vil sitja her og kosa meg med ein makalaus manikk, fingrane lagar klikk klikk.

Eg dillar med fotsålane i rein kos. Har plugga headsett i og bruker mediaplayeren heftig. Her er det AC/DC på høgt volum inn i øyro, TNT ...I`m dynamit!

Ser det føre deg ja. Eg tenkjer det. Gamla tutlo sitja sånn! Ska tje ho ve litt seriøs då? Nei! Kvifor spør berre eg....... Her skal eg sitja....Me får sjå kor lenge........:-))

mandag 9. februar 2009

Gatebarn i Brasil

Brasil er kjent for problematikken med gatebarn. Det er tusen på tusenvis av dei.Problemet er stort, så stort at ein ikkje veit kva ein skal gjera med det. Myndigheitene der prøver å underkjenna kor stort problemet er og kjem ikkje ut med rette tal på kor mange det er .

kjelde:carf.no

Tidleg på 80-talet kom ei film som heitie Pixote. Her var det gatebarn som spelte hovudrollane.Fyrst då vart denne problematikken skikkeleg kjend. Filmen var rett og slett eit sjokk fordi han viste realistik korleis gatebarna lever. Hovudpersonen Pixote vaks opp i kommunen El Dorado. Sjølv vart han skoten av polititet då han var 17 år.

Biletet her viser Wender som var ein av hovudpersonane i filmen. Han vart seinare skoten og drept, sannsynlegvis av polititet.

Om du reiser til Brasil er gatebarna noko av det fyrste du legg merke til. Dei er overalt og dei er mange. Desse barna kan virka kyniske, men det einaste dei gjer er å reflektera haldningane til dei vaksne rundt seg. Det er viktig å hugsa. Dei er ofte psykisk nedbrotne og fysisk misbrukt gjennom lang tid. Difor skal det svært lang tid til for at dei skal tørra stola på ein vaksen eller oppretta tillit.

CARF er ein organisasjon som prøver å hjelpa barna og fjerna dei bort frå gata. Mellom anna har dei oppretta noko som vert kalla Kolibriredet. Det har vist seg vera eit vellukka prosjekt. Du kan lesa meir om det her: http://www.carf.no/brasil/kolibriredet.php

Du kan søkja om å få arbeida her, men dei vil fyrst og fremst ha folk frå nærområdet . Det er med tanke på sjølvhjelp og at dei skal kunna føra det vidare. Likevel treng dei folk utanfrå. Du kan sjekka linken eg har lagt her. Der vil du kunna klikka deg inn på frivillige og vidare til kva som krevst for å vera med, eller bli tilsett.

Min største draum er at eg skal kunna reisa til Brasil og jobba for og med gatebarn. Dette har eg drøymt om sidan eg var pur ungdom. Etter kvart som mine eigne born veks til og startar sitt eige liv, vil kanskje denne draumen gå i oppfylling for meg. I så fall er minimalt med personlege ting pakka og eg er på veg til Brasil....kanskje for eit år ...kanskje for resten av livet. Kven veit?

TESTING AV ANIMASJONSPROGRAM

Så har eg prøvd meg på å laga animasjonsfilm. Sjekk her då. Det er den fyrste eg har laga og det var skikkeleg moro å halda på med. Har kalla han Friends or not.

Du må ha flash player innstallert for at du skal kunna sjå han. Klikk i pila på den svarte ruta.

Spa - ei kjelde til velvære




Komande fredag er den store dagen! Fredag pakkar eg badedrakta i den vetle trillekofferten min og reiser på velvære!
Jula som nyleg har vore hadde syster i og eg eit stort problem. Kva skulle me gje mor vår i gåve? Godt vaksne damer har jo det meste dei treng. Heldigvis var Bente oppfinnsom . Me kjøper Spaopphald på Hotel Noreg i Bergen! Slik vart det og no kjem dagen.
Fredag er det tre forventningsfulle damer som pakkar i kofferten, forlet hus, mann og barn og sjekkar inn på hotel Noreg. På førehand har dei nok laga middag og ordna med alt for dei som skal vera heime, urolege for at dei skal gå til grunne sidan damene reiser bort. Blir om lag som det nye tv2 programmet "Da damene reiste"
Pussa bankkortet, skoa og tenna og avgårde Kåre!
Hammamspa på hotel Noreg http://www.hammamspa.no/hudpleie.html er eit seriøst føretak. Har vore der ein gong før. Herleg med basseng, boblebad, kvilerom med sunn drikke og sjølve spaavdelinga. Hyggelege massørar og betjening svirrar rundt oss og gjer opphaldet bra. Me gler oss og håpar ho mor vil lika det.

søndag 8. februar 2009

SKA HA SKA HA!


Heile tida er det noko nytt me vil ha. No vil eg ha denne.
Ja sjå det føre deg då. Gro med rosa PC. Tøøøøft!
Har rett og slett bestilt meg ei slik ei. Må ha ho. Denne rosa koselege, litt harry datamaskina. Liten nusselig laptopp.

Skal ha skal ha! Slik syng han, han Odd Børretzen. "Tenk å vera gift med en skrikende skal ha skal ha" han hatar måkar syng han. Javel! Det gjer ikkje eg. Eg elskar måkar, likar skrikinga deira. Alle har si personlege røyst og skrik i all slags tonefall. Høyres ut som dei snakkar. Høyres ut som dei vil meg noko.... Vel...ikkje er eg gift heller...så eg skal ha! Skal ha denne fine trivelige rosa saken. Og eg har bruk for slik. Ja! Det har eg! Eg har bruk for ho når eg skal på tur, når eg skal på jobb, når eg berre skal sitja i stova og jobba og bevega meg ut i kjøkkenet for å gjera noko der. Då er maskina fin og høveleg stor å dra med seg rundt omkring. Billig var ho og. Minst 1500 kroner billegare enn på lokal forretning her i sentrum. Jau eg har bruk for ho, eg kan bestemma heilt sjølv, eg har pengar og eg skal ha. Og....ja, eg har bestillt. No er det opp til posten!

Furudalen alpint



Ja så hadde me vore der. Furudalen bada i solskin i dag. 14 eller 15 minus klokka halv ti men det var fantastisk likevel. Var så tidleg på plass at trekket ikkje hadde opna ein gong. I sekken hadde me 8 skiver med brunost og kvitost , kakao, fotoapparat og andre småting som høyrer med på ein tur.
Mor benka seg ned i løypekanten for å nyta sola. Herleg dag!

Eg observerte ny parkeringsplass. Stadig meir folk som kjem til så behovet er der nok. Seinare på dagen var det parkering alle ledige hol. Ikkje berre på plassane oppe ved trekket og nede ved hovudvegen, men og oppetter vegen i grøfta. Jau...det strøymer til og eigarane av Furudalen kan gni seg i hendene over god forteneste. Det fortener dei slik som dei legg til rette for oss brukarar. Dessutan har dei nok sårt bruk for inntekta. Det kom seint i gang i år. Vanlegvis opnar dei 2.juledag, men snøen har jo late venta på seg denne vinteren.

I løypa figurerte mange artige skapningar. Mange "merksnodige" kommentarar og ulike dialektar. Her er alt frå strilar til pene bergensarar, danskar, svenskar, samningar, fusingar osv osv. Nokre er heseblesande forkava over ungar som syt og klagar. Foreldre bannar og pesar. Ungane svarar med skrik og pressar fram tårer. Andre ler, driv ap med kvarandre, forelskar seg og ordnar seg kanskje ein make akkurat denne dagen.

Hjelmar lyser i all slag fargar og fasongar. Fedre kjem med små håpefulle alpintalent i sele nedover medan dei gjev instruksjon undervegs. Ein fin liten gjeng nybyrjarar har meldt seg på skiskule og skal læra å stå på brett. Dei hoppar oppover bakken for å læra å beherska brettet. Instruktøren har nok hatt ein del slike grupper gjennom åra. Brått kjem det ein snømann som viser seg å vera ein stakkar som truleg har fått seg ein ufrivillig tur i laussnøen. Han skammar seg litt og freistar å kosta av seg det verste før han på ny skal inn i køen.

Som naboar i løypekanten har eg godt påkledde bergensarar, ser nesten ut som eskimoar slik dei har kledd seg. Betre føre var....osv. Brått hoppar ein unge nesten tvers over hovudet på meg. Han har kome ut frå skogsløypa. Eg kvepp så kakaoen skvatlar ut av koppen. Helsiken! Kva var det? Føler han sneiar hua mi, men det gjekk visst bra. Farleg å sitja her kanskje? Nei eg heng med ei stund til og ser kor det går.

Etter kvart har kulden snike seg under buksekanten og oppetter beina. Eg kjenner nordavindstrekken i nakken og bestemmer meg for å gå i kafeen for ein kopp kaffi. Flott! Varmt og godt og svette menneske som nyt mat og drikke. Eg observerer kva som skjer rundt meg. Av med hjelmar, tjukke jakker og fiksing av hår...Skikroa er koseleg ho. Kjekk når du vil ha ein pause eller rett og slett berre vil varma deg eller kjøpa noko godt.

Slik er altså livet i Furudalen...Slik var det i fjor, året før og året før det òg. Ja slik var det faktisk den tida eg var 10-12 år òg. Vel var ikkje skikroa det same. Nei, då var det ei varmestove med benkar og ein brusautomat, men som me koste oss der! Me var like svette, men den gongen la me ikkje av oss hjelmen då me kom inn. Nei det var den tida det var ok å veksa opp utan hjelm.
Ta turen til Furudalen du og. Me snakkast kanskje der.

lørdag 7. februar 2009

Vinteridyll



Høgtrykk i vente, kulde og nydeleg dag. Har sjekka yr.no opptil fleire gongar i dag. Skal bli deilig å koma seg ut i sola ein kald vinterdag. I morgo er den store planen ein ryggsekk med sitjeunderlag i fleire eksemplar, kakao, brus, niste og sjokolade. Ut på tur aldri sur!

Ungdom i huset vil i Furudalen. Mor skal vera med. Gledar meg. Eg fekk mine fyrste slalomski då eg var 10 år. Det var stas! Fischer må vita! Ikkje noko rusk!

Mange fantastiske turar på Kvamskogen, Voss, Hovden og Geilo.... Så brått var eg så vaksen at eg var blitt gravid...jau ..nei skia måtte rett og slett stå i uthuset å kvila seg då. Fyrste unge fødd: ...ja...nei det var no så vanskeleg når eg hadde baby.....
Då han endeleg var så stor at han fekk langrennski på beina, jau då var vel tytto gravid att og same leksa opp att nokre år til....
Mista faktisk 6 alpinvintrar der seddu!

Heldigvis hadde me mange festlege akekonkurransar i staden i den tida....Livet er herleg, uansett!

Skidag på skulen er populært og spenninga er der kvart år? Får eg vera ein av lærarane som er i Furudalen? Heldigvis har det blitt slik og satsar på det dette året og.

Og så i morgon då. ....Me skal til Furudalen ja.... trur nok eg må reisa utan ski denne gongen så eg ikkje freistar å rota til for mykje i musklaturen...:-)) Skal på jobb att snart. Heilt klar til å kanskje planleggja skulen sin skidag til Furudalen......:-))

Koselig film om vennskap

Ta deg tid til å klikka på denne lenka. Det tek nokre få minutt å sjå ein koseleg lien videosnutt.
God fornøyelse!

http://www.youtube.com/watch?v=hrImyzYqkkY

fredag 6. februar 2009

Kaos i hovudet

Ho har opna innlegg i bloggen. Skal liksom skriva noko hadde ho tenkt. Har på ein måte så mykje på hjarta i dag. Men kvar er orda? Dei er oppe i hovudet ein stad, men farten på dei er enorm. Svirrar liksom, ikkje rundt og rundt ein gong, men i eit slags kaos som ikkje er råd å henta noko ut i frå. Har så mange tankar, så mange inntrykk, så mange betraktningar ho skulle sett på plass.

Sjå føre deg eit symfoniorkester som spelar utan dirigent. Kaos. Dirigenten er borte og det vert ingenting av alle tonane. Dette biletet er frå ei som snakka om ADHD ein gong.




Sikkert eit godt bilete på den diagnosen, men ho har han jo ikkje. Kvifor kaoset då? Kvifor ikkje få ned på skjermen alle tankane og orda? Hjulet går liksom rundt, men hamsteren er død, kan du sei.






Alt heng i hop med skuffelsar, så pass veit ho. Å vilja strekja til men ikkje klara det. Å ha mange ugjorte oppgåver. Oppgåver ein ikkje får gjort no. Å ha ein flott gjeng med ungdomar ein skulle ha undervist om nyrealisme, verdsreligionar og geometri. Unge sjeler som kviar seg for eksamen, som pustar hektisk for å prøva å samla mot til å ein gong gå inn til ein sensor på munnleg eksamen. For fyrste gong faktisk. Aldri prøvd det før. Men kvar er ho som har ansvaret? Jau, akkurat her, i ein overmøblert heim, eit grønmalt hus i nabobygda. Akkurat her framfor skjermen på leit etter ord. Ikkje Sigrid Undset, Oscar Bråten, samsara. karma, tripitaka, hidjab, rettvinkla trekantar eller pi.


Ho rettar norskstilar. Ja, gledar seg over det. Mange gode ord og vendingar, men det er ikkje slik det skal vera.

Deprimert? Nei. ikkje det heller, men rett og slett skuffa over at legen stod på sitt om å sjukemelda vidare. Forståinga er der , ho er ikkje dum, dessutan kjenner kroppen smertene, men det er stoooor forskjell på å vita og vilja.


Det er faktisk utruleg kor lenge ein kan tøya ein strikk. Utruleg kor seig ein faktisk kan vera , viss ein berre vil. Og viljen er der. Strikken har vore seig, ja han har faktisk ikkje slitna endå. Så seig som gammalt bikkjeskinn må vita. "Mårkjen" er eit ord me har i dialekten. Det tyder seig , byrkja å tørka og snart gje seg, men ikkje ratt endå. Rett før. "Mårkjen" e sikkert rette ordet. Ja, snart gje seg , men ikkje nett endå....Det var slik ho har tenkt..i fleire år ..slik ho tenkjer no og.


Så kvifor bli slik? Bli og bli....det var jo ikkje draumen , eller planen. Kanskje fordi hjulet går rundt, men hamsteren er død, eller dirigenten rett og slett er borte. Kjem han att tru? Ja han kjem jo att. Når symfonien ryddar opp i rekkene, legg bort alt anna dei held på med. Liksom tek fram dei riktige notane og gjer seg klar for å spela akkurat den eine melodien som dirigenten skal ha ansvar for.


Åja , ja slik må ho tenkja. Ho må rydda plass i rekkene, leggja ansvaret over på dei rette vedkomande når det gjeld alt anna enn den eine melodien ho skal spela saman med mange unge solistar. Då kan dirigenten koma på den rette staden han skal stå, rydda i papira og sakene sine slik at ein har det eine store nummert og konsentrera seg om. Symfonien skal spela ein nydeleg melodi og solistane få heder og annerkjennelse for sitt eige nummer. Eit nummer ho har førebudd dei til, som dei gjennomfører med glans og som vert sensurert av tilreisande. :-)



Med ro vil strikken atter bli smidig, trekkja seg saman, vera mjuk og klar.
Kan ikkje dragast frå alle kantar seier legen. Kan ikkje ha ansvar for å halda alt i saman. Ein strikk er for eit oppdrag , ikkje fleire store, med ein stakkars tynn liten strikk til å halda alt saman i alle endar. I hardvær blir han "mårkjen"når han vert dregen ut til det maksimale. Kvifor gjer han seg ikkje eller smell tilbake? Strikkar gjer jo ofte det...Nei det har med kvalitet å gjera det vert sagt. Kvaliteten på strikken er svært god han, men strikken er byrja verta gamal, verta mattare og rett og slett litt sliten. No skal strikken få samla seg saman att. Skal få bort all smerten i den tidlegare så smidige musklaturen og for atter, om vel 2 veker, fungera som ny :-


Ho senkar skuldrane. Må på ein måte godta desse tinga som ikkje passar henne heilt. Kaoset i hovudet må leggja seg til ro. Ho treng søvn men slit med stivheit i søvnmønster og kropp. Kanskje kan kaoset setjast fast med den morkne strikken, fast i dirigenten sin stokk. Akkurat denne natta har dirigenten fast tak kring stokken og strikken heng der i ei slags god kvile. Det har ho tru på.:-))

torsdag 5. februar 2009