mandag 31. mai 2010

Fin mandagskveld

Fint på Fanafjellet i kveld med utsikt til Osland og Førdefjorden

Etter ein solid middag, og gode porsjonar med Miriam`s gebursdags-blautkake, gulrotkake og rabarbrasuppe med is, var det berre å sette fyr opp bakkane på Fanafjellet etterpå. Reine flybensinen innabords. Og eg som ikkje var tenkt meg nokon plass i kveld.... Ja, ja eitt fjell til eller i frå...:-) 

Men du verden for ein flott kveld. Sommar i lufta. Og utan jakke for første gong i år. Det går visst rette vegen. Til og med oppe i fjellet til slutt. Det var nesten ikkje eit vindpust oppe på toppen. Og ganske tørt og fint i bakken med berre nokre få snøparti igjen.

Det er fantastisk fint når sola står slik i vest og havet glitrar i sølv... Kjempetur igjen!



søndag 30. mai 2010

Den beste tida...

Ein fantastisk morgon ved Øyravatnet i dag tidleg.
Eitrenipa i midten lengst vekke.

Eg vakna opp til eit eventyr utanfor glaset klokka 06. Ikkje ei sky på himmelen, blikkstille på fjorden og morgonsol på fjella. Kven kan leggje seg til å sove igjen då? Planane eg hadde kvelden før om å gå på Blegja/Eitrenipa/Skjerlia la eg likevel frå meg. Eg var trøtt i kroppen og overskotet var ikkje heilt på topp. Eg valde difor å gå opp igjen på Fossedalshengenipa, sidan Olaug òg hadde ymta frampå om eg ville vere med på Smørskornova seinare. Vel - eg fekk ta ein ting om gongen. 

Eg måtte berre stoppe bilen oppe ved Øyravatnet. Når det er tidleg nok, og sola ikkje er komen heilt opp, er det perfekte forhold for nokre spegelbilder her. Spesielt er eg glad i Eitrenipa, i fasongen og stoltheita i den kneisande framtoninga. Fjellet kjem til sin rett her i frå. I spegelen av sin eigen glans. 

Det var ingen andre bilar på parkeringsplassen. Så stilt så stilt. Ikkje ein lyd. Ikkje eit vindpust. Og i enden av austre delen av Markavatnet var det heller ikkje ei krusing på yta. På slike morgonar er det strålande utsikt vestover vatnet til Mandelida. Alt speglar seg i alt. Ser du lenge nok veit du ikkje kva som er opp og ned. 

 Austenden av Markavatnet i dag tidleg

Eg heldt fram oppover, forbi myra og opp røysa til Krokavatnet. Dette stykket ligg noko i skuggen tidleg morgon. Ofte er det her ein møter litt kald trekk. I dag var det lite av den. Ved Krokvasstølen/Svortevikstølen får ein på denne tid sola igjen ved Eitrenipa. I den klåre morgonlufta låg vatnet knallblått og som namnet seier, i krikar og krokar sørover. Kringla spegla seg i morgonsola. Blå i lèten. Det var som om fjella strekte litt ekstra på seg. Opp mot sola. Som å ynskje denne flotte dagen ekstra velkomen. 

Opp tørre svaberga. Skoa sat som støypt. Kroppen gledde seg over å ta i. Sola lo og løvsangarane song. Herre min Jeremias. Kunne det bli flottare...? Eg saug i meg nokre drag med vatn frå den kalde elvasitla før sjølve oppstigninga av ryggen. Godt å skòle panna og nakken litt i friskt vatn. Og så var det opp berga. 

Eg tok opp på nordsida av ryggen igjen. Her er det flott utsikt mot nord til Florø og Markahengenipa. Sette opp nokre nye vardar til bruk for ein heilt annan vèrtype enn i dag. I søkket før toppen var vatnet igjen frose på om natta. Og endå ligg her igjen noko snø i nordhellinga.

Lufta var krystallklår. Nydeleg utsikt i alle himmelretningar. Litt trekk gjorde at eg tok på meg den lette og vasstette vindjakka (280 gram). Når ein er sveitt i kleda kjem kulden fort. Og klokka var berre 8.30.... Eg tok nokre bilder frå fleire vinklar. Sat og funderte litt over livet. Kikka mot Nipebu, Langevatnet og Stordalen og måtte nok ein gong kjenne på kor heldig eg var som fekk oppleve dette. Åleine "On top of the world"...

 Med zoom mot Nipebu i midten av bildet


 Flott morgonstund på Fossedalshengenipa

Eg snudde så ned igjen. Og åleine fekk raskt ei anna tyding. For i søkket nedom toppen kom ein raudkledd person i godt driv. Eg såg fort at det var Ingvar S. Vi vart ståande å preike litt. Ingvar går mykje i fjellet han òg, likandes fyr som han er. Heilt sikkert noko av same blodet som renn i årane som underteikna. Det er eitt eller anna med fjellfolk som er sams. Slike dagar er det som om overskotet dette livet gir nærast sprudlar ut øyra. Og kven vil ikkje ha det slik? Du får berre lyst å skrike ut kor herleg livet er...

Eg jumpa så vidare ned berga. Stoppa eit par gonger og tok eit par shots, og var ganske raskt nede til bilen igjen. Eg var heime igjen får klokka 10.30. Endå var det berre morgon. Og allereie var ei kjempeoppleving i boks. 

Etter kaffi og Cottage Cheese på altanen i morgonsola, ville Olaug som sagt ha meg med på Smørskornova. Eg var klar igjen eg... Tredje turen dit på like mange dagar... Men i dag gjekk vi opp frå Oslandsbotnen. Der oppe var det reine stimen av bilar. 5-6 stykker nede i botnen, eit par oppe i brekka, ein på toppen av brekka og ein heilt oppe ved Botnastølsvatnet (den trur eg var SFE sin)... Eg lurte på om dette kunne ha med vèreslepp i Svedalen å gjere. Men der oppe er det  knapt næring endå. Litt seinare viste det seg at det m.a. var dugnad på vèrehytta + folk på Morkstølen og nokon som var i Norddalen.

Olaug la friskt i veg opp Brekka. Eg likar å starte litt forsiktig. Vi kom oss fort opp på Botnastølen, og vidare opp skaret til Svelivatnet. Dette er no sterkt nedtappa. Eit frykteleg syn. Eg har stadig diskusjonar med min fru korleis ho ser på dette med slike reguleringar og kraftlinjer. Og merkeleg nok bit ho seg ikkje så mykje merke i det. Ein ting er iallefall sikkert - ho er ikkje skrudd i hop slik som eg. Eg får åndenaud. Og kraftlinjene og reguleringane her på Askvollhalvøya, spesielt i regi av SFE, er katastrofale. Og meir er under planleggjing. Vedlagt nokre knips frå i dag i eigen serie...

Fruen i huset er i bra form. Det gjekk flott oppover mot skaret i Svelia til toppen. Men stykket her i frå og opp krev si kvinne. Snøen som låg igjen i bratta var rimeleg blaut. Så det var det ingen problem med. Lufta gjekk likevel såpass ut av Olaug at vi måtte stanse på eit par gonger før vi nådde opp. 

Olaug tek ein liten pust i bakken i skaret opp frå Svelia

På Smørskornova i dag

Perfekt føremiddag. Utan vind. Kjempeutsikt, spesielt sørover til Rivedal, Dalsfjorden og Flekkefjorden. Eg forklarte Olaug kva fjell vi såg i alle retningar. Og vegen vidare vestover m.a. til Fanafjellet. Etter ei lita stund der på toppen gjekk vi ned att same vegen. Sigla skaret ned på skoa og heldt fram nord igjen ved Svelivatnet til Botnastølen og Oslandsbotnen. Nok ein kjempetur var i boks... Men no var eg svolten...:-)

Fra Fossedalshengenipa_Smørskornova 300510

Litt å drikke i skaret i Svelia

Fra Kraftskjemsel

Slik er realitetane i Svelia og ved Krokavatnet

lørdag 29. mai 2010

To forundra jenter...

Slik blir du ynskt velkomen til Rivedal...

Ja, då vart det ein tur til i dag. Eg gjekk opp igjen på Smørskornova frå Rivedal som i går. Flott vèr! 

Det var litt av ei oppleving å komme kloss på to hjortar under fjellet der oppe då eg var på veg ned igjen.. Eg kom ovanifrå over eit liten bakkekam og der stod dei, jentene. Under meg. På 10 meter avstand! Og eg med sola i ryggen... Den eine såg meg, men eg stod bom. Den andre skjønte ingenting og såg i motsett retning, og då vart den første ståande å sjå beint på meg, utan at vi rørte oss nokon. Eg fekk jammen fiksa fram kameraet òg, knipsa i veg, og dei forstod endå ingen ting. Stod like fotogene.... Eg zooma til og med inn kameraet slik at skuggen min nesten traff dei. Likevel stod dei. Like paralyserte. Vi vart ståande slik ...i minst 5 minutt... Men då eg tok handa opp slik at eg peikte på den eine med skuggen,  vart det endeleg fart i sakene... Ein skal vel ikkje pirke bort i unge damer heller... Iallefall ikkje i min alder! Fantastisk oppleving. Eg trur vi kunne stått der endå... Desse dyra er ikkje akkurat som dei som går på bøane her nede. Nesten ein heilt annan rase. Og difor så veldig mykje kjekkare å stifte bekjentskap med enn tamhjorten..... Det er på ein måte her dei er i sitt rette element og ikkje rundt husnòvene til folk...

Turen elles var super. Har funne ei grei rute opp no. Det er bra sug i myra bort mot fjellet, og opp dei bratte bakkane. God trening får eg seie...:-)

Fra Smørskornova 290510

Stille morgon

Frå tunnelen ved Stongsvatnet i dag tidleg

Fruen i huset skulle på stemne på Atløyna i dag og spele. I tillegg kom det nokre ungar som skulle vere her medan dette stod på, så det vart til ein tidleg morgontur på Fossedalshengenipa for min del. Eg var avgarde i 07 tida og toppa ut der oppe før 8.30. 

Det er noko med lyset om morgonen som er så utruleg flott. Spegling av landskap i stille vatn. Krydra med litt morgonskodde, is og dogg. Starten på ein ny, frisk og ubrukt dag. Eg likar morgonen. Bedre enn kvelden. Eg likar soloppgang. Bedre enn solnedgang. Det er noko psykologisk rundt stemninga. Truleg har det med alder å gjere.... 

Turen opp og ned gjekk heilt som planlagt. Kjapt unna. Men eg tok meg likevel tid til å ta nokre bilder. Det høyrer med. I tillegg sette eg opp nokre nye steinar/vardar på nordsida av ryggen opp på toppen. Så har eg på ein måte to sider å gå opp sjølv i skodde. I det siste har eg tykt at nordsida er best. 

Kanskje blir det ein tur til seinare i dag. Vi får sjå når fruen kjem heim og her tømmest for ungar... 


Fra Fossedalshengenipa 290510

fredag 28. mai 2010

Første turen på Smørskornova frå Rivedal i år

Vindheim i Rivedal i ettermiddag. Jensbua t.h.over fjorden.
Tòreskyene byggjer seg opp i sør...

Etter å ha vore heime med Peter i dag òg, grunna halsinfeksjonen hans, var det godt å få "rive av seg litt"... Eg køyrde til Rivedal og tok opp den vanlege vegen til demninga og gjekk inn dalen og opp på Smørskornova. Det gjekk veldig lett og greitt. 

Eg såg himmelen vart lilla i sør. Og ikkje lenge etterpå small første tòresalva nede i Sogn ein stad. Fleire tòreslag følgde etter. Men eg rekna det som sikkert at vi sleppte fri her ute, og det stemde.

Eg tok ein litt annan veg ned igjen og kom ned meir midt i dalen. Eg trur dette var ei litt raskare rute. Satsar iallefall på denne opp òg neste gong.

Etterpå køyrde eg ut igjen til Askvoll og tok ein stikkar opp på Siktanuten. Men no skifta eg til joggesko. Det var tørt og fint opp gjennom dalen og til toppen. Boka var skifta med ny sidan sist eg var oppe. Fullteikna og prega av vinteren som den var den gamle. Etterpå sprang eg berre rett ned igjen. Herlig avriving. 

Fra Smørskornova_Siktanuten 280510

onsdag 26. mai 2010

Snø i lufta 2

Markavatnet i ettermiddag

Sidan eg har vore heime med ein sjuk Peter i dag, var det ekstra godt å få bevege seg litt etter at Olaug kom frå arbeid. Eg reiste difor i Skjerlia og tok ein tur på Fossedalshengenipa. 

Det er veldig kjekt å gå forbi Markavatnet no så bra oppfylt med vatn som det er etterkvart. Til vanleg ser det ut som eit månelandskap her så mykje som SFE tappar ned (løyve til 24 meter!!). Slikt hadde sjølvsagt aldri blitt godteke med dagens utbygjingar. Utan å kome nærare inn på dette no, skal det iallefall bli spanande å sjå kva det blir søkt om i neste omgang frå dette området. Vi er mange som er på allerten...!

Eg klauv fort opp bakkane. Og er komen under timen til topps no. I dag gjekk eg forresten nordsida av ryggen opp. Det var jo her vi gjekk før... Det er betre sikt til Markahengenipa, deler av Nipevatnet og mot Florø her frå. Og jammen ligg det ein del snø igjen på nordsida mot toppen (sjekk bilde). Med dagens temperaturar er det vel ikkje så rart - snøfluksene fauk gjennom lufta der oppe i ettermiddag òg tilliks med hin dagen. Shortsen får visst henge i ro ei stund endå ser det ut til! 

Eg var sjølvsagt ikkje så lenge der oppe i dag heller. Minimalt med klede som eg hadde. Så det vart springmarsj til bilen igjen som før. Sveitt og god og med bananer og pepsi på heimveg er egentleg livet herleg. "Ingenting som rør meg nu" som Afzelius syng...:-)  


Fra Fossedalshengenipa 260510

mandag 24. mai 2010

Min gamle ven

Osland i ettermiddag

Etter opninga av kunstgrasbana og miniputturnering i Askvoll, var eg ein tur oppom Toreheia. Eg har lenge tenkt eg skulle plukke ned igjen merkestengene eg har plassert ut der oppe. Så i ettermiddag tok eg opp bakkane ved Osland, og kom opp aust om Hjartebuvatnet, og gjekk deretter vestover til Toreheia. Nett før toppen kom det ei solid snøbyge midt imot. Og skodda låg tjukk. Heldigvis tok det ikkje meir enn kvarteret før det letta, men på toppen kom skodda igjen og sikta vart borte. 

Eg gjekk så ned igjen den vanlege merka løypa, og tok med meg stengene ovanfrå og nedover. Sette opp nokre vardar i staden her og der. Ved hytta til Lasse var børa såpass tung at eg let resten vere til ein tur seinare. Eg brukte jo tre turar opp med stengene, så det vart litt mykje ned igjen i eitt lass... Glad var eg for det, for skuldrane var ganske så ømme då eg kom til fjords att. 

Kjekt å gå vestover frå Toreheia igjen. Det er så nydeleg utsikt denne vegen, mot havet, øyane, Krikavatna og solnedgangen. For ikkje å snakke om det ville og karrige landskapet. Som på Shetland eller høgfjellet... Det er til å bli glad i sjela av landskapet her oppe... Næraste naboen...!


Fra Toreheia 240510

Snø i lufta

 
Vi ser Krokavatnet og faldane ved Eitrenipa frå Fossedalshengenipa i dag tidleg.
Vi skimtar Leknesvatna oppe i midten av bildet.

Jammen var det kjølig på morgonkvisten. Berre ynkelege 4 grader og litt skodde.  Og det hadde regna ein del i løpet av natta. Men eg starta likevel dagen med ein tidleg tur på Fossedalshengenipa. Og begynte å gå litt etter kl 07 frå Skjerlia.

Det stod tre bilar ved parkeringsplassen då eg kom fram der oppe. Men dei såg eg hadde stått i ro om natta. Så då var det heilt sikkert folk på Nipebu. Kjekt det, sjølv om vèret var so som so... 

Eg hadde teke skipullyen (kombinert fleece og netting) frå Brynje under den lette Rab eVent jakka. Det kom godt med. For jammen var vinden kald. Eg toppa greitt ut der oppe vel ein time seinare etter å ha gitt bra på oppover. Og var det kjølig lenger nede, var det snø i lufta her oppe. No var det ikkje så mykje nedbør at snøen la seg, men likevel.... Og haustfargane pregar endå landskapet utover fjella. Og snart er det juni... Dette fortel vel noko om våren i år.

Eg gav meg ikkje til der oppe kan du skjøne. Eg fekk namnet i boka og knipsa nokre bilder, og sprang ned igjen - og stoppa knapt før eg var ved bilen igjen... Og i dusjen var eg før 9.30. Ganske så herlig likevel...

Fra Fossedalshengenipa 240510

søndag 23. mai 2010

Skoddetur



Vi ser mot Dalsfjorden og Rivedal frå Smørskornova i dag

Eg gjekk Osland/Botnastølen/Smørskornova/Fanafjellet/Stafsnes i dag. Ein spesiell kosetur vart det ikkje. Det er mogeleg vèret gjorde sitt til at det såg veldig ille ut i Svelia. Med skodde og regn/yr i lufta såg det nedtappa Svelivatnet ut som eit marslandskap. Strandsona erodert og utan liv. Vatnet 10-12 meter under "normalstand", kan eg  tenke meg. Ikkje noko vakkert bilde akkurat. For ein som er glad i natur og fjell, er slike syn nedbrytande.... Likevel, for å dokumentere tilstanden måtte eg ta nokre foto.

Det såg ille ut i Svelia av kraftutbyggjinga i dag

Eg kom meg fort gjennom Svelia og opp skaret til Smørskornova frå nord. Det låg endå ein del snø oppe i skaret. Roten og ganske tung å forsere opp. Men eg var rimeleg heldig med at skodda letta litt då eg toppa ut fjellet. Som du ser av hovudbildet skimta eg faktisk Dalsfjorden på nedturen på sørvestsida. 

På Langevatnet låg det framleis noko is. Men det klukka og sildra overalt. Væte og myrar. Ein heilo sang sin vemodige strofe ute i skoddekanten og heipiplerkene vingla hit og dit framfor meg i gåretningen. Joda, her er vår i fjellet. Det livnar til. Men akk - for mange går det så seint i år...

 Her renn elva ut frå Langevatnet mot Svelia

Eg runda Langevatnet ved utløpet i nord. Elva renn vidare ned gjennom dalen her i frå til Svelivatnet. Osen var gådd opp, men utan teikn til liv. Eg heldt så fram ruta opp under Hekkelfjellet i nordaust. Her braut faktisk sola gjennom, så eg fekk eit par bilder med sol på òg.... Veldig skiftande...! Men det var òg siste rest av eldkula i dag. Eg runda nemleg høgdedraget mot vest, og skodda og regnet slo i mot meg. Som i tjukkaste grauten. Og det sila nedetter softshellbuksa - ingen god kombinasjon. Eg såg nesten ingenting. Men DNT-løypa utover her er det jo eg sjølv som har merka, med vardar og raude T-ar. No vart arbeidet sett på prøve...

Vel, lat meg seie med ein gong. Det er ikkje godt nok! Eg retta på nokre vardar, bygde på nokre andre, men så dårleg som sikta var, var det nærast umogeleg og skulle gått berre etter vardane i dag. Hadde det ikkje vore for at eg er så kjend hadde eg rota meg bort.  Utan GPS. Og det har eg ikkje (har vore med på å rota meg vekk med denne dingsen...) Og i enden av Siklabergvatna, på hi sida av kloppa, tok eg faktisk for langt til venstre og var på veg til Hålandsstølen, før eg fekk korrigert meg inn igjen og kom meg opp bakkane mot Mansskaret. Det renn ei elv ned bakkane her på vestsida av Siklabergvatnet under sørhellinga mot Skålefjellet. Elva er grei som vegvisar når vardane er for langt frå ein annan eller er vanskelege å sjå. 

Vidare opp- og utover var merkinga ganske bra. Den gjekk an å følgje. Vinden er òg eit godt (midlertidig) teikn på at ein er nokolunde i rett retning. Utan å sjå meir enn 5-10 meter framfor meg, kom eg meg likevel greitt ut til Mannsskaret. Her held den merka løypa fram ned skaret til Gjerdedalen og Stongfjorden. Eg var 5 sekund inne på tanken om å gå rett ned igjen dalen til bygda, men fekk skifta nokre klede og ei hue, tok meg ei kjeks og litt drikke, og bestemte meg for å ghalde fram utover til Fanafjellet. 

Vestover er det ikkje merka. Men eg har sikkert gått her hundrevis av gonger. Og etter steinane, søkka og høgdedraga eg hadde i hovudet, gjekk det forholdsvis greitt ut på Fanafjellet. Det tok litt lenger tid, slik at eg var sikkert på at eg ikkje vasa meg vekk. 

Vel ute på Fanafjellet vart det eit ryse vèr igjen... det bles, regna og skodda var grauttjukk. Eg såg ingenting! Som kjent har eg heldigvis varda godt her oppe, og Ansgar Bjarne spesielt godt lenger nede, så det var ingen problem, utanom eitt område, som eg må sjå litt nærare på. Eit par myrar og småsitler gjorde til at eg greidde å korrigere retningen nede i bakkane mot bjørkebeltet... Det må opp eit par, tre vardar til for dårleg vèr... diverre ligg det ikkje stein akkurat her.

 Kjekt å komme seg ut av skoddeheimen og sjå heim igjen...

Nedom skoggrensa letta skodda heilt opp. Eg kunne til og med sjå heim. Så resten av stykket til fjorden sprang eg - som vanleg. Forsåvidt ganske fint å komme seg ned igjen frå blindelandet... På Stafsnes henta Olaug meg, og så var det til Osland etter bilen. Jo, jo pinsedagsturen var over. Det fekk halde i dag...

lørdag 22. mai 2010

Bra tima

Fanafjellet i går ettermiddag

Timevarselet for regnet heldt presist. Og det klaffa akkurat med å komme seg opp og ned på Siktanuten før det plaska ned. Perfekt. Så vart det besøksrunde til Dale og Førde etterpå. Så får vi tru vèret lettar til i morgon.

fredag 21. mai 2010

Sola gjekk ned i ein sekk...

Skålefjellet og Langevatnet frå ruta opp på Fanafjellet

Sørgjeleg at det flotte sommarvèret vi hadde siste dagane ikkje kunne vare inn i pinsehelga òg. Så i kveld er det takk og farvel til flotte solrike dagar for denne gong. 

Eg nytta difor siste rest av sol i ettermiddag på Fanafjellet. Noko anna hadde vore uhørt. Og det var flott og varmt så lenge eg var oppe.  Haloen rundt sola tala likevel sitt tydelege språk. Og då eg kom heim igjen, gjekk sola ned i ein sekk - og då er jo som kjendt neste dag vekk....

Kva det blir til i helga får vi no sjå. Eg skal i allefall i gebursdag til eldste barnebarnet mitt Hanna i morgon, men kanskje det blir ein liten tur først. Regnet skulle visst tilta ut over dagen.

Fra Fanafjellet 210510

torsdag 20. mai 2010

Vårleg på Fossedalshengenipa

Storehesten og Søndre og Nordre Kringla frå Fossedalshengenipa i ettermiddag.
Vi ser bøane i Øvre Føssedalen nederst i midten...
Og mot Strand i Dalsfjorden t.h.

I dag kjendest det endeleg litt sommarleg ut å gå på Fossedalshengenipa. Eg hadde med meg klede i bilen og gjekk oppom før eg reiste heim etter arbeid. Varmt og godt ved parkeringsplassen i Skjerlia, og eg gjekk faktisk heilt til topps berre i ei tynn trøye. No var det greitt å ha med seg ei vindjakke på toppen då...

Elles var snøen som fordufta sidan sist eg var opp. Isen på Langevatnet ved Nipebu hadde også sagt takk for seg for i år. Og opp ryggen var det nesten berre snøklattar igjen. I det heile teke ervåren endeleg komen i fjellet òg...

Stort meir er det vei ikkje å seie. Eg gjekk bra på oppover og sprang det meste av vegen ned igjen. Til og med over myra er det tørka bra opp no. Som vanleg ein fin tur...

Fossedalsvatnet i midten nede og
Sætenes ved Dalsfjorden t.v.og Einehaugane t.h.


Fra Fossedalshengenipa 200510

onsdag 19. mai 2010

Årets første med joggesko

Kvitveis overalt i Askdalen

Eg var i grunn ikkje tenkt meg nokon plass etter arbeid i dag, men etter at eg slumra av i en solstol under eit teppe på altanen, var eg fit for fight igjen. Så det vart til ein rask tur på Siktanuten i joggesko, joggebukse, tynn trøye og lett vindjakke. Det har tørka bra opp i lendet siste dagane. Det er sjølvsagt veldig kjekt å kunne vere så lettkledd. Som ein vårvind... opp og ned, med unntak av ein liten passiar med Leif F nede i dalen heim igjen. Alltid kjekt å treffe på han, anten det er på Nipebu eller elles... 

No er det vel berre å krysse fingrane for at det kjempeflotte vèret held til om pinse. Det hadde vore fantastisk. Temperaturen passerte visst 22 grader i Førde i dag! Så då er det jo begynt å likne på noko...!

tirsdag 18. mai 2010

Lukta av nysprotta fjellbjørk

Fanafjellet i ettermiddag

 Ruta 16. mai på Moldura gjekk frå litt t.h. for midten
av bildet, over kanten på skavlen, og opp mot venstre.
(Toppen er usynleg og ligg lenger mot sør).
Den vanlege ruta her frå nord går ut mot høgre og opp.
Spora du ser gå utover er hjortetrakk... 

Bilder frå ei vellukka 17. mai feiring i Stongfjorden kan de sjå på vedlagde link.

Det vart ikkje anledning til nokon fjelltur i går kveld. Noko rydding etter festen måtte til. Det må vere fleire år sidan eg ikkje var på fjellet 17. mai. No er eg vel så rikeleg elles i året at det ikkje er noko å tenkje på.... Men fjell og 17. mai høyrer liksom litt ihop synest eg. 

Vel, no vart det ein kjempeflott tur på Fanafjellet etter arbeid i dag. Og jammen hadde snøen minka mykje sidan 16. I tillegg var dei kronglete, små fjellbjørkene oppe mot skoggrensa begynt å sprette ut. Lukta av nysprotta bjørk om våren må vere av dei beste lukter som finst. Sikkert noko med kva lukta har i seg av forventning og fornying, lys og lækjelege D-vitaminer som gjer det, men likevel...

Som sagt kjempetur. Stilt og fint, og nærmast varmt i bakkane, trass i minimalt med klede på meg... Havet låg spegla i ettermiddagssola, så det skein i sølv så langt auga rakk. Artig forresten å sjå spora etter meg sjølv hin dagen opp nordaustkanten på Moldura (bildet)...

Bakkane ned igjen til Stafsnes sprang eg. Herlig trim. Godt etter alle kakene og rømmegrauten i går...:-) Forresten, det var sikkert karbosjokket i går som gjorde at det gjekk så lett opp i dag...:-)


Fra Fanafjellet 180510

søndag 16. mai 2010

Dagen før dagen

Prestelva i Askdalen. Foto 15/5.

Eg er med i 17.mai nemnda i år, og var avstad å saga bjørk i dag tidleg. I tillegg hadde vi eit møte kl 13, så det begrensa seg litt med fjell-livet. Eg tok meg likevel ein snartur på Siktanuten på føremiddagen. Og på den tid var det opplett, men skodde i fjellet. Det er sjølvsagt ingen problem i skodde med så god sti som det er opp på nuten. 

Eg traff fleire på same ruta i dag. Først Gunnar A. på veg ned, så Ingvar S på veg opp, og til slutt Velaug, Turid og Håvard. Eg slo av ein liten hyggjeleg prat med alle saman. Regnet kom først ei lita stund etter at eg var komen heim igjen. Flaks! No får vi håpe det lettar opp til i morgon. 17.mai er litt hyggjelegare då...

lørdag 15. mai 2010

Vår ved fjord og i fjell

Utsikt ned Størdalen mot Mjåset, Høgeheia og Stavfjorden i førmiddag.
Størdalsstauren opp t.h.

Nok ei nydeleg lørdag. Det kjem seg no, trass i ein til tider iskald nordatrekk. Eg høyrde forresten dei sa det var luft frå nordpolen på tv`en i går kveld som strøymde nedover kysten.

Eg gjekk meg ein morgontur på Fanafjellet frå Stafsnes. Greitt og raskt oppover til sangen av nyankomne løvsangarar og morgonfriske raudstruper. Fjorden låg krystallblank nede, knallblå i morgonsola. Arild var allereie på tur utover til Heggøyna med seglbåten. Då var vi to som var godt i gang med dagen...

 Arild er på veg ut fjorden i seglbåten oppe t.h.
Klokka er 08.05 i dag tidleg
 
Ein times tid seinare toppa eg sveitt og god ut Fanafjellet. Fantastisk. I den klåre lufta og vindstille. Hurtigruta passerte drivande kvit ute ved Askrova på det irrande blå havet. Som i Middelhavet. Eg keik bort på den drivande kvite Moldura og bestemte meg for å gå opp. 

Sørgåande hurtigrute passerer sør av Askrova i dag tidleg

Eg gjekk så bort og ned slukta på toppen av Fagredalen og tok bratt opp nordsida av Moldura. Snøen var perfekt å gå på med fjellskoa. Akkurat passe mjuk frå morgonsola i aust. Alden, Bulandet, Værlandet, og øyane ved Florø dukka opp igjen. Og hurtigruta (den er visst med på mange bilder i dag...:-))

Eg følgde nokre hjortespor som gjekk heilt på austsida av fjellet opp på toppen. Kjempetur opp! Himmelsk! Vindstille, sol frå blå himmel og drivande kvit snø.... Eg var bort på kanten og tok eit par bilder mot Holmedal og Straumsnes og nokre fleire frå toppen. Deretter gjekk eg bort på toppen mot vest og tok nord og vest ned mot Størdal for retur den vegen. 

Toppen av Moldura i dag

Dalen viste seg frå si finaste side i morgonsola. Gyllen i haustfargar frå i fjor, med den blå Stongfjorden i bakgrunnen og dei grøne bøane ved fjorden. Og ytst Stavfjorden og havet...! Det var fleire årstider på ein gong... Nede ved fjorden igjen låg denne like stille. Med sola framleis i austleg retning var det nydeleg å ta bilder ut fjorden i den klåre lufta. Eg fekk meg deretter ein spasertur på asfalten inn igjen til bilen på Stafsnes. 

 Vi ser Størdal og mot Mjåset og Stavenesodden i føremiddag

Etter litt kaffi og mat på altanen i føremiddagssola, slumra eg like godt av i solstolen. Men ei stund etterpå fann eg ut at eg hadde eit par ærend i Askvoll. Så eg tok like godt på meg noko lette joggeklede og stakk oppom Siktanuten i same snuren. 

Det er nesten utrulig kor sauesymre det er opp gjennom dalen i skogebeltet no. Heile flatene er dekte med blomar. Vinden hadde friskna på litt frå nord no, og den var ganske kvass i kantane då eg kom opp Bjørndalen. Men eg gav på litt ekstra og heldt heten.

 
Skogbotnen er dekka av saumesøme (kvitveis) opp gjennom Askdalen

Havet og øyane kjem veldig nær når du kjem opp hit. Nett bortom i vest ligg nordsida av Atløyna, Alden, Heggøyna og Smelværet m.m. I dag var sikta upåklageleg i nordalufta. Eg sat likevel ikkje mange minuttane her før eg sprang ned igjen heile vegen til bilen. Men då var eg iallefall varm nok....:-)

Utsikt frå Siktanuten i dag

På veg opp frå Stafsnes i dag tidleg

Fra Fanafjellet_Moldura_Størdal_Siktanuten 150510

fredag 14. mai 2010

Eit stopp på veg heim...

Motiv heime på Yndestad i Stongfjorden i går.  
Vi ser Skålefjellet i bakgrunnen

Det vart ein rask tur på Fossedalshengenipa i dag òg direkte frå arbeid. Eg hadde med meg klede og sko i bilen. Utrulig kor snøen hadde minka opp ryggen sidan i går morgon. Men nokon temperatur der oppe på toppen var ikkje noko å snakke om. Fin tur opp og lett springmarsj ned igjen..... Så no spørst det kva vi skal finne på i morgon...:-)

torsdag 13. mai 2010

Nydeleg Kristi Himmelfartsdag

Foto på Smørskornova i dag. Skålefjellet i midten bak.

Eg var i stuss i går kveld om eg skulle gå opp igjen på Blegja i dag òg. Men sidan eg har vore der dei to siste helgane, og i tillegg fekk nyss om at det skulle opp mange andre, valde eg det vekk. Eg likar best å lage mine eigne spor...

Eg var derimot i Skjerlia allereie før kl 07. Eg gjekk veldig lettkledd for ein rask tur opp, og sekken sette eg igjen i bilen for neste etappe. Materialen til å byggje ein tørrare sti over myra låg på plass. Ferdig til å begynne på. Men akkurat dette stod ikkje på programmet i dag. Det var tydeleg at det var gått litt folk oppover i det siste, for her var spor i snøen lenger oppe ved Krokavatnet. Og opp berga låg det framleis bra med snø som eg seig igjennom.... Stor var mi undring då eg trefte på Audun E. oppe ved toppen. Så tidleg trudde eg ingen andre var ute. Vi vart ståande og prate litt, men med å lite klede på meg, måtte vi berre bryte opp. Eg tok nokre bilder på toppen, og sprang så ned igjen. 

Ei kjø fekk det travelt ved Grunnevatnet i dag tidleg...

Ved nede ved bilen igjen, køyrde eg ut igjen til Oslandsbotnen, og tok opp Brekka med Smørskornova som mål. Det var framleis rimeleg kaldt i det skuggelagde partiet oppover mot Botnastølen. Som så mange ganger før var her ein sur vind ned dalen. Men no hadde eg fått kledd meg om med tørre klede som gjorde godt. 

Det var snøfritt både til Botnastølen og Svedalen, men det låg ein del i dei nordvende skara. Og opp på sjølve Smørskornova frå nord, låg det endå rikeleg med snø. Men her oppe var den ganske fin å gå på føtene i. Saka er likevel den at mange av områda her oppe framleis er fine å på ski i


 Frå Svedalen i dag med skaret til Smørskornova t.v.

Eg toppa ut Smørskornova i eit fantastisk solskinn. Sola var no begynt å varme litt, og vinden var heller ikkje allverda. Nydeleg utsikt til Rivedal, Flekkefjorden, Dalsfjorden, Leite og mot Straumsnes. Og sjølvsagt til alle fjella i aust, og Dokka, Moldura og Skålefjellet mot vest. Mot nord ser vi faktisk ein bit av Førdefjorden herifrå òg.


Frå Smørskornova ser vi m.a. parti av Rivedal, Rivedalskletten, Rivedalsstølane og
Flekkefjorden, Leite og Straumsnes på sørsida av Dalsfjorden

Eg gjekk ned igjen på sørvest sida av fjellet. Sigla leande på rumpa ned bakken mot Langevatnet, og heldt fram over vatnet. Ja, for den kvite flata heldt meg endå. På veg opp igjen bakkane mot nord, heldt derimot snøeikkjen meg . Det vart ei hard affære å komme seg opp, då eg seig gjennom til langt opp på leggane for kvart steg. Det kom seg litt i partiet nord om Hekkelfjellet mot Siklabergvatna. Desse tok eg sjansen på å gå over òg, sjølv om osane var gått opp fleire plassar. På vestsida av vatnet blanda eg meg noko drikke, og heiv innpå nokre raske karbohydratar. Så gjekk eg opp bakkane mot Mannskaret og utover mot Fanafjellet. 

Motiv ved Siklabergvatna i dag. Hekkelfjellet t.h.
Her ligg endå bra med snø...

Det er nydeleg utsikt både til Stongfjorden og Holmedal på dette stykket. Og Moldura ligg beint fram, Skålefjellet rett bak. Det ligg mindre snø her ute enn lenger inne. Så det gjekk fint å komme seg ut og opp på Fanafjellet. Framleis ingen menneske å sjå. Og ingen hadde heller vore her på morgonen. Eg sat ei stund ved varden og tok meg eit par skiver og noko XL-1. Nydeleg utsikt ut mot havet og øyane ved Florø. Klår nordaluft og nesten heilt stille. Det har vore mykje av det heilt motsette vèret på Fanafjellet tidlegare i år... Har nokre skikkeleg sure turar rundt påsketider med null sikt friskt i minne...

Vi ser mot Stongfjorden frå vest om Mannsskaret

Så gjekk turen vidare ned den vanlege ruta til Ansgar Bjarne, og til fjorden og Stafsnes. Olaug som var på Toreheia med Sissel kunne ikkje hente meg i dag, så eg måtte plent gå heile runda rundt fjorden og heim. Men så fekk eg teke nokre fine vårbilder på denne turen òg... Etter mange timar i fjellet er likevel det verste eg veit å trakke asfalt med fjellsko siste timen heim... Det er då føtene verkeleg blir møyre og lyskene brenn... Men det kan sjølvsagt ikkje ta brodden av denne fenomenalt flotte Kristi Himmelfartsdag 2010...  

Utsikt ved Stafsnes

Fra Fossedalshengenipa_Smørskornova_Fanafjellet 130510