Hjem > Artikkel

Arne Korsmo i Kristiansund

Den kjende funksjonalisten og seinare professoren ved NTH var byarkitekt i Kristiansund frå 1940 til 1942

ARNE KORSMO I KRISTIANSUND

Arne Korsmo (1900-1968) var engasjert som byarkitekt i Kristiansund frå september 1940 til august 1942. Korsmo, som gjekk ut frå NTH i 1926 var ein av dei fremste arkitektane i funksjonalismens periode. Han tegna i løpet av 1930-åra ei rekkje funksjonalistiske bustadhus, t.d   Villa Damman(1932) og Villa Stenersen(1937) i Oslo, Villa Riise (1935) i Hamar, alle i samarbeid med Sverre Aasland (1899-1989). I 1956 vart Korsmo professor ved NTH. 

I 1942 feira Kristiansund 200-årsjubileum. Møre Dagblad utga eit fyldig jubileumsnummer, som nettstaden til Kristiansund kommune - www.gjenreisingsbyen.no - har publisert i sin heilskap. I jubileumsskriftet finn vi eit foredrag som Arne Korsmo heldt, i tillegg til tre usignerte artiklar om byggeprosjekt som han høgst sannsynleg står bak: Ny skole på Nordlandet, nytt Havnekontor, og nytt sjukehus. Dette kan du lese her.
SENTRUM
” Fra november 1940 ble det etablert et direkte samarbeid mellom professor Pedersen og byarkitekt Korsmo. (…) Som følge av det tyske krav om arkitektonisk bearbeidelse ble byarkitekten også anmodet om å lage en mer detaljert plan for sentrum, deriblant levere oppriss av gate- og plassvegger. Det er viktig å merke seg at tyskerne ellers ga få eller ingen signal om hvordan arkitekturen skulle utformes”, skriv Christ Allan Sylthe. (Sylthe 1991.) I foredraget sitt går Korsmo inn på si alternative løysing til sentrumsområdet  med Kaibakken og festplassen. Der Sverre Pedersen vil ha kjerka som fondmotiv på toppen av Barmanshaugen, vil Korsmo i staden ha eit minnesmerke over bybrannen.  ”Et byggverk i fonden vilde samle øiet i aksen, men ta fra plassen dens eiendommelige karakter av forbigående hovedgate langs trerekkene (…) Derimot vil et svevende skulpturverk – likt Abelmonumentet ved Slottsparken i  Oslo – samle øiet i aksen – men ikke dominere plassen” . Kjerka Korsmo vil plassere ei ”naustkjerke” (dvs med tak nesten ned til bakken) med eit frittståande klokketårn på ved sørdelen av festplassen.  Klokketårnet  ” ble ført inn for å samle festplassen om et hovedpoint …”  I 1939 hadde Ove Bang vunne tevlinga om Bakkehaugen kjerke i Oslo med ei naustkjerke, reist i 1959 etter tegningar av Erling Viksjø. Om det hadde gått slik Korsmo planla, ville Kristiansund ha fått landets første naustkjerke.    På motsett side av festplassen planla Korsmo eit kulturkvartal –  med  bad, bibliotek, kino  og høgre skole , både gymnas og yrkesskole.  
NORDLANDET SKOLE
”Neppe noe annet bygg i Kristiansund har hittil fått sine planer så grundig gjennomarbeidet som Nordlandets skole”, heiter det i jubileumsskrivet. Skolen er prosjektert i funksjonalismens formspråk: Klasserom og spesialrom er samla i lang hovudfløy med ein sentral  vestibyle og trapp, framheva med ein baldakin og ein glassvegg.  Gymnastikkfløya står på søyler og har ein heil glassfasade mot sør. I staden for ein tradisjonell skolegård, funn vi ein skolehage, ein skrånande grasbakke og ein ballplass i eit graskledd amfi.
HAVNEKONTOR
Kontoret for Havnevesenet er  ”en fiks og original bygning på pieren” , seier jubileumsskriftet.  Her er funksjonalismen enno meir gjennomførd. Bygninga  har eigentleg ein etasje , men den  svever på tre kraftige søyler og dannar tak for ein kiosk og eit uværsskur for sundbåten sine passasjerar. På det flate taket er det sjølvsagt ein terrasse. Eit samanhengande vindusband går langs nesten heile langveggen, rundt eine kortveggen og eit stykke inn på motsett langvegg.
SJUKEHUSET
Det er også all grunn til å tru at Arne Korsmo er ansvarleg for tegningane til ei ny økonomifløy for sjukehuset.  Den rektangulære betongklossen  i fire etasjar er heilt utan ornamentikk, det flatetaket har”solterasse og hvilehall”, horisontale vindusband og dristige utkraga baldakinar understrekar  den funksjonalistiske stilen. I øvste etasje ligg ”søsterværelser med kottt og vask”  med store glassfasadar og balkong . Slektskapen med øvste etasje i Villa Stenersen er tydeleg. (Meir om sjukehuset kan du lese her)
AVSLUTNING
Arne Korsmos to år i Kristansund sette ikkje mange varige spor. Ingen av dei bygningane som er omtala her, vart bygde etter hans tegningar. Havnekontoret på piren vart aldri bygd, sjukehuset som var ferdig i 1956, var tegna av Øivin Grimsgaard. Det har vore antyda at Korsmo er ansvarleg for prosjekteringa av brannstasjonen (som han omtalar i foredraget sitt), men hans etterfølgjar som byarkitekt, Carsten Stang , har oppførd den på si verkliste.  (”Hvem er hvem” 1973). Planane for det sentrale Kristiansund vart verken heilt slik Sverre Pedersen eller Korsmo skisserte. Likevel er det interessant å studere tegningane hans. Dei viser på den eine sida at det var fritt fram for å prosjektere innafor eit funksjonalistisk formspråk, trass i tyskarane (og Sverre Pedersen?) sin misnøye med  modernismen. Sjukehusplanane var t.d godtatt av minister Riisnæs i Quisling si regjering, men vart stoppa av tyskarane, utan at vi nøyaktig veit korfor.  Ville Korsmo ha fått lov å realisere sine planar uforstyrra av tysk kontroll om ikkje stansen i all sivil byggeaktivitet  hadde gjort spørsmålet uaktuelt?