Gå til hovedinnhold

Framsida

Omtale i Firda

Vi er .....

eit kammerkor med om lag 30 songarar frå Førde og andre delar av Sunnfjord Kommune. Vi øver kvar veke på måndagar i Førdehuset.

2014-09-11 17:30:41

Blir du med?

Kontaktannonse

Siste konsertar










 

Nyheiter

Gjestekonsert i mai

Gjennom kontaktperson i Tyskland har vi inngått avtale med Aurum Vocale Berlin om samarbeidskonsert i Førde Kyrkje sundag 12.mai.
Aurum Vocale er eit kammerkor med 20 songarar under leiing av Tobias Brommann. Koret har eit breitt repertoar frå gregoriansk sang til samtidsmusikk. Men dei har særleg ein brennande interesse for barokkmusikk - og særleg Bach. I denne lidenskapen øver koret særleg med tanke på å utvikle klangen og å gjennom det gje liv til gamle og nye komposisjonar og tekstar til glede for publikum. Kritikarar skriv at koret har eit gjennomsiktig og tett tonebilete. Konserten har eigne avdelingar og samnummer.

17.04.2024

Nytt semester

Ny semesterplan og nye kornotar er lagt i notemappene. Og vi er i gang med øving til nye høgdepunkt gjennom 2024. Komponistar som Klaus Egge, Knut Nystedt og Arthur Sullivan vil mellom andre stå på konsertprogram gjennom året. Og av merkedatoar kan nemnast konsert med gjestekor frå Berlin i mai, korstemne i Førde i juni, deltaking på Grieg internasjonale korkonkurranse i Bergen i september og julekonsertar andre helga i desember.

10.01.2024

Jubileumskonsert og feiring

Avisa Firda sin reportasje

13.12.2023

Jubileum og julekonsert

For førti år sidan - i 1983 - tok organisten, Knut Tønsberg, initiativ til å starte opp eit kammerkor i Førde. Dette oppfylte mange sine ynskje om både å kunne vere med i framføring og oppleving av klassisk kormusikk - både i sakral og profan stil. Straks fekk koret ein solid og viktig plass i musikklivet i Sunnfjord og har gjennom dei førti åra samla eit trufast publikum til konsertar ved høgtidene i kyrkja og større arrangement og markeringar gjennom kalenderåret. Særleg har koret sine samarbeidsprosjekt med professjonelle orkester og solistar for framføring av kyrkjemusikale verk gjeve godt omdøme. Elles har det blitt mange korturar med konsertar i inn- og utland i tillegg til førstepremiar i fleire korkonkurransar. Mange tidlegare medlemmer i koret møtest til markering og feiring niande desember, når ein kombinert jule- og jubileumskonsert vert helde i Førde Kyrkje under leiing av dirigent Asbjørn Flåm. I eit stort samla jubileumskor vert det då framført fleire innøvde fellesnummer.

21.11.2023

Førejulstonar

Vi byr på førejulstonar i ei travel førejulstid med forventning og glede. Men òg ei anspent tid med krig og vondskap i vår nærleik. Åndeleg påfyll med musikk og kultur kan lindre noko av den uroa ein kjenner og kan skape håp om fred og forsoning mellom menneske. I kyrkjeromma finn ein ro. Og akustikken i kyrkjene vi held konsertar i midt i november framhevar klangen og nyansane i musikken og særpreget frå dei stilartane vi har valt. Programmet er sett saman av komposisjonar av mellom andre Palestrina, Gibbons, Gastoldi, Tavener, Kreek, Grieg og Gjeilo. Meir om desse ....

02.11.2023

Nytt repertoir og jubileumsmarkering

I haust øver vi inn ein del nye, fine sangar. Desse, saman med tidlegare godbitar frå arkivskuffene, gleder vi oss til å framføre for vårt publikum på slutten av hausten. I desember byr vi på julekonsert og markerer samstundes førtiårs-jubileum. Nye konsertstadar er også plukka ut for å utvide publikumsområdet vårt. Vi gledar oss svært og ynskjer alle velkomne.

20.09.2023

To kammerkor syng sommaren inn

Årstida er lys og varm når vi har gleda av å ynskje gjestekoret Ole Bull Kammerkor frå Bergen velkomen til konsert 8.juni. Vi syng sommaren inn - saman og kvar for oss. Det blir verdt å ta turen innom festsalen i Førdehuset kl.19.30 denne torsdagskvelden.

16.05.2023

Iherdig terping gav resultat

Etter fleire veker med finpussing av konsertprogrammet til framføringa på konkurransen SYNG FOR OSS 2023 i Grieghallen, sende dommarpanelet oss heilt til topps i konkurransen med femten andre kor. Saman med dirigenten vår Asbjørn Flåm har vi øvd frasering, intonasjon, tekst og musikalsk uttrykk. Og resultatet vart ein 1.pris som utløyste enorm glede denne laudagskvelden. Det er inspirerande og motiverer til ny innsats når vi om ei stund kjem ut av vinnarbobla og tek fatt på nye utfordringar.

24.04.2023

Neste konsert

Venskapskonsert 
m/ kor frå Berlin
sundag 12.mai

Stemnekonsertar 
Førde
7-9. juni

Korkonkurranse
Bergen
26.-29. sept

Julekonsertar
Førde m/omegn
Andre helg i desember
 

NK Sogn og Fjordane

Norges Korforbund

Sponsorar




FØRDE







Førde Kammerkor FB

2014-09-11 21:52:12