Under lister vi eindel fartøy med interesse for mange, som truleg ikkje kjem til Fjordsteam. Torfinn Svedal i Leikanger er detektiven!
MS Firda, MS Hardangerfjord
Gått som «luxurios mega-yacht» med namnet MV Darli ut frå Kroatia, seld til Karibien. Meir her.
.
MS Fjordglytt
Her er verdens fyrste passasjerkatamaran gåade i Strømstad-skjærgaden som «Kosterfjord», og som er Ex. FSF sin M/S. «Fjordglytt». Skal vel antakeleg godt gjerast om den kjem heim att til Amtet vårt? Meir her.
.
.
MS Haganes
Haganes vart seld til eit amerikanske ektepar i 2003, og det vart stor ståhei då dei skulle ut av landet, mellom anna med flysøk. Ein del om dette kan du lese i 4 artiklar i BT her. Båten ligg til sals hos ein agent på på Tortola British Virgin Island, medan båten ligg i Malaysia. I forholdsvis god stand, men ombygd ein del til lystfartøy. Meir kan du lese her, eller du kan sjå salsprospektet frå Tortola-meklaren her og på Skipsfartsforum her. Legg merke til at prisen no er nede i 165.000 Eur. Nokon med papir som skulla ha bytta ut Sagaen???
Haganes med nytt dekkshus
.
MS Harald Jarl
Seld til Kroatia i 2002 og seglar no i det austlege Middelhavet og Antarktis under namnet MV Andrea!
.
.
MS Innvik
.
Ikkje langt vekke, men i Oslo som kulturskip. Her er kafe. teatersal og mykje aktivitet. Er du i Oslo kan du overnatte ombord. Sentralt, god frukost og billig. 80 – tals fargane får du utan tillegg i prisen. Meir
her.
.
.
M/S Kommandøren
.
er framleis i trafikk i Karbien og heiter Barracuda. Bildet under er frå St Vincent. Meir
her.
.
.
MS Kong Olav
.
Varty seld til Thailand i 1997, og skulle fungere som hotellskip for kasino. Lugarane for små, og vart lagt rett i bøya. ligg no i opplag i Burma i dårlig stand, og i fare for å hamne på skipskirkegard i India. Maskinene ikkje starta på mange år. Båten er i svært original stand, og tilogmed norske aviser ligg at i messa. Blogg/forum finn du her;
her. Diskusjon på Skipsfartsforum
her.
.
.
MF Kvamsøy
.
og søsterskipa Svanøy og Dalsfjord har sidan -91 halde til i Italia (Genova?). MF Kvamsøy heiter no Capri. Traffikerte Dragsvik – Vangsnes i mange år. Meir
her.
.
.
M/S Lote
.
som gjekk i ruta Haukaa – Bjørneset og seinare Dale – Eikenes (til -95)går no i Stockholmsskjergarden. Meir her
her.
.
.
M/S Nordfjord1
.
no Windward, i opplag på Bequi, Karibien, med maskinskade og skada baug? Meir kan du allefall lese
her.
.
.
M/S Polarlys
.
Den tidligere hurtigruta, skipet «Polarlys», tjenestegjorde for Mercy Ships i Karibien og Latin-Amerika frå 1994 til 2006. Den 265 fot lange Caribbean Mercy hadde ei eining for augeoperasjonar og eit mannskap på 150. Vart seld i 2006.
.
.
M/S Ragnvald Jarl, no M/S Sjøkurs
.
Eigd av Sørlandet s Maritime skole og i flittig bruk året rundt langs kysten og på langtur. I 2008 var den mellom anna i Brest med Forbundet Kysten, og på bildet under er den på veg til Måløy og Tall Ships Races. Kan vi håpe på at den kjem? I allefall invitert. Burde ikkje stått her, men bildet stemningsfult!!!!
.
.
M/S Sognefjord
.
No dykkarfartøy i Thailand med namnaet MV Orient Explorer. Bilder og info
her.
.
Har fått følgande melding frå Jan Olav Storli;
«Ønket bare i den sammenheng og nevne at på nye CaptainsVoyage Forum ligger det flere større og svært lange tråder med tusenvis av bilder og oppdateringer på statusen til flere skip, slik som gamle Polarlys, Kong Olav, Orient Explorer… (for og nevne noen). »
Anbefalast for dei som vil lese meir og følge med.