Gå til hovedinnhold

3-4.klasse

BliMe-dansen 2022

BliMedansen 2022 1
Spill Film Videosnutt sendt til Nrk 1 BliMe-dansen 2022
Videosnutt sendt til Nrk 1
I dag har vi hatt BliMe-dansen 1. til 7. klasse. Elevane kunne dansen godt og dei såg ut til å more seg. BliMe-dansen er ein dans som blir dansa kl. 12 i dag, på skular over heile landet. Vi også sendt inn filmen til NRK, så den vil bli publisert om ca. 2 dagar. Trykk på overskrifta, så får du tilgang til videoen tatt i dag. Triveleg gjeng å jobbe med!
P8210052
P8210052

Gode lenker

Nytt fra gruppa

Juleverkstad for heile skulen, tysdag 06.12.22

Juleverkstad er ein årleg tradisjon her ved Fjellgardane skule. I år hadde med 4 stasjonar, der vi laga englar, fuglemat, kort og hadde lysstøyping.
Ungane vart dela i 4 grupper, og vi hadde ein god lunsj på midten av dagen. Der vanka det det pølser og saft på fellesrommet. Ungane har vore eksemplariske og vi har hatt ein flott dag! Trykk på overskrifta, så får de fram nokre foto frå dagen

06.12.2022

Diverse aktivitetar frå okt til desember.

Det har vore full aktivitet ved skulen den siste tida. Vi har hatt adventsamling, tema om programmering, førebuing til Lucia, songøvingar, besøk av lærar i permisjon: Vi har og hatt pepparkakebaking i 5. til 7. klasse. Fellessamling for 1.- 4. klasse, der dei viste nokre av tinga dei har produsert i den siste tida. Trykk på overskrifta, så kjem du til nokre bilete frå denne perioden. Kos dykk!

02.12.2022

3. til 7. klasse hadde besøk av "Den kulturelle skolesekken" med tema "Reinsdyret og mennesket"

Torsdag 20.10. 22 hadde skulen besøk av to arkeologar. Dei fortalte om viktige hendingar i historia gjennom 11000 år. Dei viste historia og viktige hendingar gjennom å knyte knute på tauet dei hadde med. Etter ei kort felles økt i bålhytta, så blei elevane dela i 3 grupper. Deretter blei det stasjonsarbeid ute. På stasjonane lærte dei om korleis ein kan skyte med bil og boge, lage kniv av flint og kva for fangstmetodar som blei brukt opp igjennom tida. Det blei flott, spennande og interessant økt, kor båe lærar og elev koste seg og hadde det fint. Takk til desse to flinke og kunnskapsrike arkeologane som kom på besøk. Trykk deg inn på overskifta, så ser du fleire bilete.

24.10.2022

Rolleleik i engelsk

I dag hadde 3. og 4. klasse rollespel i engelsk. Dei bruka setningar som :May I have....., please, Here you are; How much is it?. It will be 2 puounds , please. Thank you. Have a nice day. osv. Ungane prøvde seg først 2 og 2- så dramatiserte dei det for oss vaksne. Etterpå blei dei dela inn i nye grupper på 3 og 3. Då fekk dei bruke fleire ord og uttrykk. Her er nokre bilete får økta.

26.09.2022

Matematikk og leik

Her prøver vi på ein ny leik som heiter "På plass". Læraren seier eit tresifra tal og gruppa må finne siffera og stille seg på rett plass. Godt samarbeid og gode tal til slutt.

18.09.2018

3. og 4. klasse lager mat til lesevaka.

3. og 4. klasse jobba godt i dag med å steike kjøttdeig, og kutt grønnsaker til i morgon. Dei jobba samman to og to, og resultatet blei vellykka. Det blei ein liten test på kvar. Vi er alle einige om at elevane må glede seg til maten i morgon.

11.11.2015