Det er framleis vanleg å rykke inn ei dødsannonse i lokalavisa i samband med dødsfall. Dette er først og fremst ein offentleg tekst der ein kunngjer dødsfallet og tidspunkt for gravferd viss det skal offentleggjerast. I tillegg kan ein ha med andre praktiske opplysningar som for eksempel minnesamvær, minnegåve og liknande. Nokre vel og å ha personlege innslag i annonsa for eksempel eit vers eller takkehelsing.
I seinare tid ser ein at portalar på gravferdsbyråa sine heimesider også kan brukast til dette. Her kan ein dele annonsa og lage eigne minnesider. Denne minnesida vert redigert og administrert av familien. Det betyr at de kan vere med å styre bruken av sida, og i kva grad sida skal ha eit personleg preg. Det opnar også opp for at du som kunde kan velje ha ei enklare annonse i avisa, som viser til minnesida. Dette vil vere kostnadsbesparande, då dødsannonsene i avisene kostar ut frå storleik. Ei minneside kan enkelt delast via e-post, Facebook eller i andre sosiale medium.