Brått ville alle ha meir overvaking

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva var det som skjedde i kulissane då Ketil Lund fekk oppdraget med å granska dei løynde tenestene, og kvifor kan vi ikkje overvaka høgre­ekstreme på grunnlag av meiningane deira? No har Lund forståing for at mange tek til ords for strengare overvaking av ekstremistar, og Kåre Willoch meiner han sjølv fekk rett.

Kven eig og skriv historia? Svaret gjev seg sjølv, vil mange meina. Det er sigerherrane som skriv historia. Men det er ikkje heilt sant. Av og til skriv taparane historie. For så å enda opp som sigerherrar. I 1997 vedtok eit samrøystes storting på grunnlag av Lund-rapporten at Politiets overvakingsteneste i fleire tiår hadde drive med ulovleg overvaking. Særleg gale var den omfemnande telefonavlyttinga og registreringa av medlemene av venstrerevolusjonære parti, nemleg NKP og AKP (m-l). Kontrollutvalet for dei løynde tenestene under leiing av mellom andre høgsterettsdomar Jens Bugge hadde ikkje passa skikkeleg på, og overvakinga var altfor om­­femnande.

– Eg er djupt usamd i dette synspunktet, seier Bugge til Dag og Tid.

No viser det seg at det er fleire som meir eller mindre umedvite er samde med Bugge, men frå eit noko anna perspektiv. For som så ofte før: Fortel meg kva slags politisk standpunkt du har, og eg skal fortelja deg kva slags overvaking du vil ha.

Leiaren av Politiets sikkerhetstjeneste (PST), Janne Kristiansen, har etter 22. juli møtt hard kritikk for manglande overvaking av høgreekstreme. Nestleiaren i Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, har bede henne om å vera «audmjuk» av di ho ikkje har fylgt med på dei sterkt høgreorienterte. Antirasistisk Senter meiner det er «på sin plass å spørre om PST følger godt nok med på de ulike debattarenaene hvor personer med ekstreme synspunkter kommer til syne, og om de har et godt nok nettverksarbeid ut mot andre miljøer med kunnskap om høyreekstreme. Vi ønsker (…) et PST som holder seg oppdatert. Uavhengig av diskusjonen om ulike instansers arbeid før terrorhandlingene er det grunn til å mene at innsatsen rettet mot høyre­ekstreme miljøer må trappes opp i tiden som kommer.» Leiaren av Advokat­forening­ens rettssikkerhetsutvalg, Arild Humlen, kan på si side «ikke fatte og begripe at man ikke har foretatt overvåking av høyreekstremister». Lista over kritikarar av PST er lang.

PST får ikkje lov
Så kvifor har ikkje PST vore meir aktive? Kort sagt av di dei ikkje har fått lov. Etter Lund-kommisjonen har det vore eit uomtvisteleg forbod mot alle typar politisk overvaking. Så seint som i mars i år fekk PST kritikk av Stortingets overvakingsgsutval (EOS) for å ha registrert høgreekstreme, fortalde Dagbladet siste veke.

«De siste årene har det blitt slettet opplysninger både om høyre- og venstreekstremisme i tillegg til religiøse oppfatninger. Det har vært relativt klare tilfeller å ta tak i for oss fordi det har gått på personers medlemskap, holdninger eller nettverk», fortalde den tidlegare leiaren i SV, Theo Koritzinsky, som sit i EOS-utvalet, til Dagbladet.

PST er underlagd strenge retningsliner for kva og kven som kan registrerast. Ingen skal verta overvaka eller registrerte berre på grunnlag av religiøse eller politiske meiningar, og PST må mellom anna ha ein «konkret arbeidshypotese» fyrste gong ein fører inn ein person i eit register. Telefon­overvaking og ulike typar avlytting, til dømes, er strengt forbode på grunnlag av meiningar åleine, og det same kor ekstreme desse meiningane måtte vera.

«Det er ikke lov å registrere holdninger, samtidig som planer om terrorvirksomhet kan og skal registreres. Men det er klart det er gråsoner her, og vi har vært borte i tvilstilfeller. Også EOS-utvalget må ut fra Stortingets lovgiving vurdere om grensene for PSTs arbeid blir for trange», seier Koritzinsky, som no altså opnar for at regelverket mot overvaking er for strengt.

Forhistoria
Lat oss sjå litt på forhistoria. Jens Bugge gjekk av som høgsterettsdomar i 2000. Frå 1984 til 1988 var han leiar for det såkalla Kontrollutvalget for overvåknings- og sikkerhetstjenesten. Bugge har ikkje tidlegare tala med pressa. Mannen som ikkje har vore på talefot med Ketil Lund sidan 1996 og som forårsaka den kanskje største krisa i Høgsterett i nyare tid då han nekta å sitja saman med Lund i ein open domstol – og som attpåtil nekta å møta til stortingshøyringa om dei løynde tenestene, har kome til at han vil taka ordet.

– I ettertid ser eg at å nekta å møta for kontroll og konstitusjonskomitéen på Stortinget kanskje ikkje var det luraste eg har gjort, seier Bugge no.

– Men sett i ljos av at visepresident Edvard Grimstad sa på førehand at han var samd i påstandane til Lund-kommisjon og dimed ikkje hadde trong til ei høyring, fann eg at nærværet mitt ikkje nett var naudsynt. Kvifor møta opp til ei høyring der konklusjonen er dregen på førehand? (Her høyrer det med å nemna at Bugge den 6. januar 1997 sende eit langt brev til kontroll- og konstitusjonskomitéen der han gjorde greie for sitt syn på tolkinga av regelverket. Brevet er teke med som vedlegg nummer 7 i tilrådinga til komitéen.)

Kva handlar striden mellom Lund og Bugge om? Når ein har med juristar å gjera, lyt ein prøva å halda eit høgt presisjonsnivå. Det krev ein del sitering. Men faktum er at Lund skulda Bugge for å vera ein dårleg jurist og ein slett lovtolkar.

Lund-rapporten vart avlevert den 28. mars 1996. På side 438 les vi: «Forklaringen (frå Jens Bugge, red.merk.) viser at Kontrollutvalget i det vesentlige synes å ha hatt same oppfatning som overvåkingstjenesten og – i realiteten – forhørsrettene: Telefonkontroll ble iverksatt ikke først og fremst for å etterforske begåtte lovbrud, men med sikte på å kartlegge virksomheten i et parti eller en organisasjon som var av overvåkingsmessig interesse. Som det fremgår (…), er denne oppfatningen av regelens innhold ikke holdbar.»

Reglane det er tale om her, er paragraf 104 a i straffelova som i andre ledd (tilføydd i 1950) sette straff for «den som danner, deltar i eller støtter forening eller sammenslutning som har til formål ved sabotasje, maktanvendelse eller andre ulovlige midler å forstyrre samfunnsordenen eller oppnå innflytelse i offentlige anliggender». Og vidare overvakingsinstruksen til POT frå 1977, som i paragraf 4 sa at «Medlemskap i lovlig politisk organisasjon eller lovlig politisk virk­somhet kan ikke i seg selv danne grunnlag for innhenting og registrering av opplysninger». Denne instruksen vart skriven av ein annan leiar av kontrollutvalet, høgsterettsdomar Jens Christian Mellbye.

Som Lund-kommisjonen skriv på side 82 i rapporten om paragraf 104 a: «Etter ordlyden er formålet i seg selv avgjørende, men her må etter kommisjonens oppfatning bestemmelsen tolkes innskrenkende. Så lenge organisasjonen nøyer seg med å hevde sine meninger og ikke har tatt skritt for ved ulovlige midler å realisere formålet, kan straff ikke anvendes på personer med tilknytning til organisasjonen.»

Eller som Lund sjølv skreiv i ein kronikk i Aftenposten i november 2010: «Lund-kommisjonen fastslo i sin rapport at ytringsfrihets- og demokratihensyn medførte at § 104 a ikke kunne tas på ordet, og at straff forutsatte at det var tatt skritt for å realisere formålet med ulovlige midler.» Spissformulert: Det held ikkje å taka til ords for massedrap, væpna revolusjon eller statskupp, ein må òg taka steg i den retninga skal ein kunna verta overvaka. Vel enkelt sagt: Skal ein verta overvaka, må ein ha planlagt noko som er forbode og som då er straffbart.

Feil røyndom
Bugge meinte og meiner at Lunds tolking ikkje samsvarar med røyndomen som var før Lund.

– Utsegna står fram som eit reint postulat. Ho er ikkje kjeldelagd på noko som helst vis. Lund må ha visst at alle som har hatt med overvakingsapparatet å gjera i etterkrigstida, ikkje kan ha bygt verksemda si på ei slik innskrenka forståing av paragrafen, men ikkje di mindre er denne kortfatta utsegna på side 82 basis for dei vidtgåande slutningane som vart dregne av Lund-kommisjonen om at registrering og avlytting av medlemer av NKP og AKP (m-l) var i strid med lov og instruks.

Men Lund vann fram. Stor­tinget vedtok at hans syn på lova og historia var rett. Det meste av overvaking før Lund var ulovleg, og det jamvel om dei som hadde stått for denne overvakinga, trudde at dei hadde gjort noko lovleg. POT vart omorganisert og i praksis nedlagt. Ei mengd med folk måtte gå av, og alle dei andre måtte søkja på stillingane sine på nytt i PST. I tillegg fekk ein eit mykje strengare regelverk å halda seg til, og paragraf 104 og overvakingsinstruksen vart endra i samsvar med det synet Lund-kommisjonen la til grunn.

Måtte det gå slik? Kanskje. Men sanninga er òg – i det minste om vi skal tru dei historikarane som fekk det offisielle oppdraget om å skriva om dei løynde tenestene, Trond Bergh og Knut Einar Eriksen, – at Lund-kommisjonen var nokså åleine om å tolka lov- og regelverket så innskrenkande og strengt som det dei gjorde. Bugge hadde truleg fleirtalet på si side fram til 1996. Men ikkje etterpå.

I 1998 var Bergh og Eriksen ferdige med tobandsverket Den hemmelige krigen. Overvåking i Norge 1914–1997. Historieverket er i dag nær gløymt og fekk lite merksemd då det kom, og det jamvel om det vart nytta mange årsverk og gjort omfemnande arkivstudiar og ei lang rekkje intervju. I band to skriv Bergh og Eriksen fleire gonger noko anna enn det Lund og Lund-kommisjonen skreiv. Her frå side 368: «Verken under arbeidet med forskriftene på 1950-tallet eller senere synes noen involverte parter å ha forstått loven eller forskriftene på samme måte som Lund-kommisjonen i 1996. Det synes å ha vært tatt for gitt, som en selvfølge, at slik kontroll skulle kunne være en del av den forebyggende virk­somheten, ikke bare en etter­forsk­ningsmetode for å skaffe beviser i en straffesak for allerede begåtte lovovertredelser.»

– Bugge tok feil
Lund derimot hevda at han ikkje fann noko som helst grunnlag for eit slikt syn, og at det heile er etterrasjonalisering. I stortingshøyringa for kontroll- og konstitusjonskomitéen om korleis regelverket skulle tolkast, sa han mellom anna dette i 1997 om påstandane om at det måtte vera lovleg å overvaka medlemer av AKP (m-l): «Det synes å være noe man har kommet på i 1996 eller i 1997, og som nå skal brukes som begrunnelse for å legitimere en del av de tingene som har skjedd tidligere (…)».

Petter Thomassen (H) (leiar av utspørjinga, red.merk.): «Så din kollega i Høyestrett har altså tatt feil på dette punkt?»

Ketil Lund: «Han har tatt feil på dette punkt, ja.»

Men Bergh og Eriksen er på ingen måte åleine om å påstå at mykje av telefonavlyttinga vart oppfatta som lovleg. I 2008, etter alle år med søknader om innsyn i personmappene som POT hadde samla, kom sluttrapporten frå Innsynsutvalget. Utvalet skildra rettstilstanden slik: «Både før og etter 1960 kunne telefonkontroll iverksettes dersom det forelå en nødrettssituasjon (trugsmål mot ‘rikets sikkerhet’, red.merk.). Etter 1960 er nødretts­situasjonen regulert i forskriften ved at kontrollen kan iverksettes uten rettens beslutning i påtreng­­ende tilfeller.» Lund-kommisjonen tolka derimot naudretten særs strengt og tala om heilt spesifikke trugsmål mot riket. Men som Justis­departementet skreiv i 1999: Det er «ikke åpenbart at domstolene vil legge til grunn den samme strenge forståelsen av begrepet ‘rikets sikkerhet’ som sikkerhetsutvalget og Lund-kommisjonen har gjort. Det er så langt ikke avsagt høyesterettsavgjørelser i saker etter kontrolloven av 1915, men en lagmannsrettsavgjørelse fra 1997 indikerer at en trussel mot vitale norske interesser ikke behøver å være helt spesifikk før loven kan anvendes.»

Når så mange autoritetar og sigerherrar i historia – slike som Kåre Willoch, Jan P. Syse, høgsterettsdomarane Mellbye og Bugge, Gro Harlem Brundtland, Haakon Lie og så bortetter og bortetter – meinte og meiner noko anna enn Lund, kvifor vann Lund og kritikarane av dei løynde tenestene? Og kvifor fekk no venstresida for fyrste gong høve til å dominera ei gransking og omkalfatring av dei løynde tenestene?

Venstreorientert Lund
At Lund hadde venstresidesympatiar, var ingen løyndom i 1993. I 1977 sa han opp stillinga si hjå Riksadvokaten i protest mot den såkalla listesaka der SV-aren Ivar Johansen hadde samla ei liste med over seks hundre tilsette i dei løynde tenestene, for så å verta leiar av Forsvarergruppen av 1977, og dinest gjekk han inn i ein beinhard polemikk med den tidlegare sjefen sin, riks­advokat Laurtiz Dorenfeldt.

Hausten 1993 vart dåverande høgsterettsjustitiarius Carsten Smith kontakta av stortingsmann Edvard Grimstad, ein overvakingskritisk visepresident frå Senterpartiet, og beden om koma til eit møte i Stortinget. Under møtet fortalde Grimstad at Stortinget ynskte at ein høgsterettsdomar skulle leia granskinga av dei løynde tenestene – og det jamvel om to høgsterettsdomarar, Mellbye og Bugge, hadde hatt sentrale posisjonar i overvakinga. Mellbye hadde mellom anna skrive regelverket for dei løynde tenestene, og Bugge hadde ei tid vore ansvarleg for at regelverket vart fylgt. I førespurnaden låg fleire potensielle konfliktar: Om ein kommisjon leidd av ein høgsterettsdomar kom til at ingenting gale hadde vore gjort, ville det kunne leia til skuldingar om at Stortinget hadde tinga ein kvitvask. Om ein kommisjon leidd av ein høgsterettsdomar derimot kom til at andre høgsterettsdomarar hadde gjort noko fundamentalt gale, ville det kunne føra til store interne konfliktar. I tillegg kom det at kommisjonstilrådinga kunne hamna på bordet til Høgsterett.

Det seier seg vel sjølv at Smith no var i farleg farvatn. Grimstad ynskte ikkje ein tilfelleleg høgsterettsdomar som skulle granska overvakingstenesta i kraft av den formelle rolla si. Nei, Grimstad ynskte ein spesiell person: Han ynskte at Ketil Lund skulle leia kommisjonen. Då Bugge fekk vita at Lund var ynskt av Grimstad, tok han kontakt med Smith.

– Eg gjekk til Carsten (Smith) og sa: «Du er vel klar over at dette har sprengkraft? To høgsterettsdomarar har tidligere leitt kontrollutvalet.»

Vi kjenner sluttresultatet. Smith gav etter. Lund fekk to års permisjon for å leia det som i ettertid vart heitande Lund-kommisjonen. Kvifor ynskte Grimstad nettopp Lund? Og var det naturleg at den lovgjevande makta skulle styra den dømande?

LES OGSÅ: Vil ha omkamp om DLD

– Eg ville ha Lund
Grimstad vedgår ope til Dag og Tid at han medvite ynskte Lund, og hevdar at Carsten Smith var svært samarbeidsviljug då Grimstad kom med ynsket.

– Vi var urolege for kva som skjedde under overflata. Stor­tinget ynskte ein skikkeleg gjennomgang av heile overvakingsfeltet, og vi ynskte ein representant frå den høgste rettsinstansen. Eg fekk ansvaret for å leia arbeidet med å få på føtene ein kommisjon. Eg kom raskt bort i namnet Ketil Lund, eg såg at dette var ein mann med integritet. Eg tok då kontakt med Carsten Smith, som eg fekk eit særs godt samarbeid med. Vi meinte båe at dette var ein mann som var uavhengig nok til å leia arbeidet og som visste kva som ville tena det norske samfunnet. Så byrja eg arbeidet med å plukka ut andre, og desse heldt eg nær kontakt med gjennom arbeidet. Det var vellukka. Vi fekk eit samrøystes storting bak Lund-kommisjonen.

– I ljos av tragedien har PST fått mykje kritikk for manglande overvaking av høgreekstreme. Vart regelverket for stramt etter Lund?

– Det er mogeleg at det har vorte det. Men i ljos av situasjonen vi hadde den gongen, meiner eg at det vi gjorde, var rett. Vi fekk på plass eit ryddig og oversynleg regelverk. Men ja, mykje har skjedd sidan den gong, og mykje har endra seg.

Smith hugsar det heile noko annleis enn Grimstad. Han fortel at han var i møte med den førebuande stortingskomitéen. Der tok han til ords for at om Stor­tinget ynskte ein høgsterettsdomar, burde dei velja ein som ikkje var aktiv høgsteretts­domar, men som var pensjonert.

– Ketil Lunds namn kom ikkje opp der. Men seinare fortalde Lund i eit møte i Høgsterett at han hadde fått ein direkte førespurnad frå Stortinget om å leia komitéen. Eg meinte då at eg hadde markert kva mitt synspunkt var andsynes Stor­tinget, og at det ikkje var naturleg å gjera noko meir, seier Smith, som ikkje ynskjer å koma med fleire kommentarar.

Kåre Willoch
Den kanskje hardaste kritikaren av Lund og Stortinget i desse sakene, har vore Kåre Willoch.

– Eg har heile tida vore kritisk til Lund-kommisjonen, som var naiv og hadde eit underleg synspunkt på kva som var ulovleg å overvaka. Det har heile tida vore klårt at det noverande forbodet mot å fylgja opp meiningar har vore altfor sterkt. Men etter 22. juli ser mange fleire dette.

Meininga er ikkje at vi skal hindra meiningar i å verta spreidde, poenget er berre at dei fleste forstår at meiningar kan vera ein lykel til andre meiningar.

– Trur du at det no vert opna for meir aktiv overvaking av personar med ekstreme meiningar?

– Ja, det må opplagt verta tillate å undersøkja om ekstreme meiningar vert fylgde opp med planar om handlingar.

– Men Lund fekk eit samrøystes storting med på å seia at meiningar ikkje er nok?

– Jamvel om Stortinget har gjeve instruksen, er ikkje det ein garanti for at instruksen ikkje er naiv. Ein kan ikkje vita om meiningar er fylgde opp av planar før ein har undersøkt. Det trur eg alle no forstår.

– Burde Smith ha stogga Lund frå å verta leiar av kommisjonen?

– Eg er ikkje forundra over at Grimstad aktivt ynskte Lund, han vart handplukka. Men eg meiner at det er valet av ein høgsterettsdomar i seg sjølv som var den grove feilen. Tilrådinga kunne ha ført til ei høgsterettssak. Då måtte Lund eller ein annan ha trekt seg grunna habilitets­omsyn.

– Burde Smith ha lagt ned veto?

– Det hadde han ikkje høve til. Smith gjorde det han skulle gjera, han åtvara mot ein sitjande domar. Ansvaret ligg fullt og heilt på Grimstad og Stortinget.

Om vi skal tru VG, ynskte regjeringa ein høgsterettsdomar som leiar av kommisjonen som skal granska 22.7. Opposisjonen sa nei av di saka kunne koma opp for Høgsterett. Willoch tek dette til inntekt for eige synspunkt.

– Denne gongen kom altså Stortinget til ei rett avgjerd. Dei har synt ei evne til å læra av tidlegare røynsler. Dei vil òg læra av 22. juli.

Ketil Lund
Ketil Lund på si side seier at han forstår at det er vanskeleg for PST å sondera mellom meiningar og planar, men han held likevel fast på at det er eit skilje.

– Har du synspunkt på at EOS har hindra PST å registrera høgreekstreme?

– Så vidt eg hugsar, hadde vi ikkje kritiske merknader til overvakinga av høgreekstreme. Dette av di overvakinga var grunngjeven med risiko for valdsbruk. Men hadde det berre handla om reine politiske ytringar, ville vi nok meint det same som vi meinte om overvakinga av AKP.

– Men slik du tolka paragraf 104 a, så var det og er det ulovleg å overvaka folk på grunnlag av meiningar?

– Ja, og slik er paragrafen i dag. Han vart òg endra etter at vi la fram rapporten. No har han nettopp det eksplisitte innhaldet som vi meinte at han hadde frå før.

– Men no kan vi altså ikkje overvaka høgreekstreme som vil ha muslimane ut av Europa og som argumenterer for krig mot arabarar. Gjekk du og Lund-kommisjonen for langt?

– Eg held meg til det vi sa i si tid: Skulle ein verta straffa, måtte ein ha teke steg for å realisera mål gjennom bruk av ulovlege middel.

– Og dimed kan ein seia at ein bør gå til krig mot muslimar?

– Det som altså har vore forbode etter overvakingsinstruksen av 1977 og framover, er overvaking på politisk grunnlag. Men om det til dømes ligg føre mistanke om valdsbruk, er situasjonen ein annan. Det var altså difor vi ikkje hadde noko kritisk å seia til overvaking av høgre­ekstreme. Eg meiner at det må vera gyldig å sondera mellom reine politiske oppfatningar som i og for seg kan vera nokså ekstreme – som til dømes at AKP gjekk inn for væpna revolusjon – og gruppering­­ar som har eit valdeleg uttrykk og som igjen gjev ein konkret mistanke om at noko valdeleg kan vera under oppsegling. Men det siste er tvillaust vanskeleg å avgjera og vil som alltid stilla PST andsynes store utfordringar. Men det du eigenleg spør meg om no, er om vi bør endra instruksen for lettare å kunna overvaka folk på grunn av meiningane deira?

– Ja, du har altså denne Fjordmann som seier at vi må få ut alle muslimar og gå til krig.

– Eg veit ikkje kva han har skrive, men igjen, vi meinte at det ikkje var nok at AKP gjekk inn for væpna revolusjon, vi meinte at det måte vera noko meir konkret som skulle til for å legitimera overvaking. Men når Humlen eller du eller kven det skulle vera, meiner at overvakingsinstruksen har vorte for innskrenka, og tek til ords for at nokon skal kunna overvakast utan at det ligg føre konkrete planar om vald, så ser eg at det no er legitime grunnar for slike synspunkt. Men eg tykkjer dette er eit vanskeleg spørsmål og som eg no ikkje har nok oversikt over til å koma med ei meining om.

LES OGSÅ: Storebror ser deg

– Willoch er som han er
– Willoch tek desse nye krava som eit prov på at han og for den del Bugge har hatt rett heile vegen, og at du hadde feil og Stortinget ikkje burde ha utnemnt deg.

– Det trur eg gjerne Willoch meiner. Men hans meiningar kan ikkje få tilbakeverkande kraft. Willoch er den han er.

– Vi har òg nokre historikarar som seier at tolkinga til Lund-kommisjonen var unik, og no får vi krav som samsvarar med Willochs syn?

– Lund-kommisjonens syn var ikkje unikt. Det var delt av Stortinget. Om det var straffbart å vera medlem av AKP, kunne ein sjølvsagt overvaka dei med sikte på å straffa dei. Men det var ikkje ulovleg å vera medlem av AKP, og ingen hadde som siktemål å straffa dei.

– Men om du har ei meining som berre kan verta røyndom gjennom ulovlege handlingar, så er det vel naturleg å sjekka om denne meininga vert fylgd opp med planar om ulovleg hand­ling­ar?

– Det er eg heilt samd i.

– Er du? Instruksen etter Lund er at meiningar ikkje er nok for å verta registrert.

– Og slik var det før òg. Vi bygde på gjeldande rett då vi gjennomførde granskinga. Det står heilt klårt i overvakings­instruksen frå 1977 at ein ikkje kan overvakast på grunnlag av politiske meiningar. Mi meining er ikkje det sentrale, spørsmålet er kva slags rettstilstand ein hadde. Men vi godtok at nokre sentrale leiar av AKP vart registrerte i 1980-åra (Lund-kommisjonen godtok at alt løynleghaldet i leiinga av AKP var ein legitim grunn til å påkalla interessa frå POT, red.merk.), og vi sa også at det hadde vore legitimt å registrera leiarar i NKP som hadde motteke pengar frå Moskva. Dette gjekk altså på konkrete mistankar. Politiske synspunkt er i seg sjølv ikkje nok.

– Men du meiner altså at dine synspunkt ikkje var unike jamvel om historikarane seier det?

– Eg veit ikkje kva dei meiner med dette. Eg har ikkje lese boka. Det er Willoch som har drege dei fram. Men atter: Ingen har nokon gong meint at det har vore ulovleg å vera medlem av AKP eller NKP. Det er det eg har sagt: Kva to historikarar meiner om tolking av lova, meiner eg er ganske så uinteressant.

Jens Bugge
Korkje Willoch eller Lund er altså forundra over at det no kjem krav om meir overvaking. Det er heller ikkje Jens Bugge.

– Nei, eg er ikkje forundra. Når Stortinget kunne vera såpass atterhalden med å opna for overvaking etter Lund-kommisjon, var det av di Noreg var i ein heilt annan tryggjingspolitisk situasjon. I den perioden Lund granska, var vi truga av Sovjetsamveldet. Men då Stortinget endra overvakingsinstruksen etter Lund, var det trugsmålet borte. No er vi kanskje i ein annan situa­sjon enn rett etter Lund-kommisjon. Eg har rekna med at eitt eller anna trugsmål kunne koma opp, men eg hadde sjølvsagt ikkje venta at det skulle henda noko slikt som 22. juli.

– Lund viser til den nye instruksen frå 1977 og hevdar at han sa at det var forbode å overvaka med grunnlag i politisk verksemd. Men likevel var du som leiar av kontrollutvalet med og godkjende overvaking av AKP etter 1977. Her har vel Lund eit poeng?

– Det instruksen frå 1977 sa, var at det var ulovleg å overvaka «lovlig» politisk verksemd. Men når paragraf 104 a sette straff for å vera med i organisasjonar som hadde til føremål å omstøyta samfunnsordenen ved ulovlege middel, var vårt utgangspunkt at det ikkje var lovleg verksemd å deltaka i ein politisk organisasjon som hadde som program å arbeida for nett dette.

– Men det må då ha vore overtramp i dei løynde tenestene?

– I ei såpass stor verksemd kan slikt naturlegvis ha hendt. Vi i utvalet hadde berre kapasitet til å fylgja eit tilfelleleg tal saker. Det vi såg konsekvent på, var nyopna overvakingssaker og saker der retten hadde opna for telefon­avlytting. Denne arbeidsforma var både regjeringa og Stortinget godt kjende med, gjennom dei årlege rapportane frå kontroll­utvalet, seier Bugge.
Og der står vi: Lund meiner han har rett, Grimstad plukka han ut grunna meiningane han hadde synt før. Bugge og Willoch meiner derimot at dei har rett, og at Stortinget ikkje burde ha plukka ut Lund eller ein høgsterettsdomar til å leia granskingskommisjonen. Og i framtida er det mykje som tyder på at det kjem til å verta lettare å registrera høgreekstreme.

Men det kjem nok til å taka nokre år før ein norsk statsminister seier det Gro Harlem Brundtland sa på svensk fjernsyn etter Lund-rapporten: «Ingen har vondt av å være registrert.»

LES SAKA I DAG OG TID!

Faktaboks

Lund-rapporten blei lagt fram for Stortinget våren 1996. Rapporten avslørte ein omfattande overvåkning av norske kommunistar, sosialistar og andre personar og grupper som overvakingstenesta rekna for å representere ein trussel mot tryggleiken til riket under den kalde krigen.

Rapporten kritiserer fleire tilhøve knytt til dei hemmelege tenestene:
– det tette samarbeidet mellom Arbeidarpartiet
– instruksstridig registrering
– uklare myndigheitsforhold

Les Lund-rapporten her!

Les meir om Lund-kommisjonen og rapporten deira på Wikipedia!