VILKÅR FOR TINGING
Tingingsskjemaet under "Abonner" oppe til venstre ligg til grunn for vareleveringa, som normalt skjer kvar 14. dag. Skjemaet er delt inn i fire delar: 1.Grønsaker; 2.Frukt&bær; 3. Brød&Egg  4.Tørrvarer. Under rubrikken "Mengde" fører du opp kor mykje du vil ha av ei vare ved kvar levering. Ferdig utfylt skjema dannar då grunnlaget for ei fast vare-levering  kvar 14. dag (fast pakke).

Tilgangen på ferske grønsaker, frukt og bær vil kunne variere noko frå gong til gong. På grunnlag av dette er det mange som veljer å tinga desse varene i form av fleksi- eller sesongpakke. Ønskjer du ei slik ordning må du krysse av i felt 1 nederst på bestillingsskjemaet.

Fleksipakke: I skjemaet fører du opp den mengde du vil ha av dei varer du helst ønskjer. (som ved fast pakke). I tillegg må du sette null ( 0 ) i mengdefeltet ved varer du aldri vil ha.  Kryss av for fleksipakke. Ei vare som ikkje er å få tak i, vil då verte bytta i ei som liknar utan at du risikerer å få varer du ikkje treng.
 
Sesongpakke: Før opp beløpet du vil ha uspesifiserte grønsaker og/eller frukt&bær for. Set ein null ved grønsaker, frukt og bær du aldri vil ha. Du vil no få varer som varierar med årstidene utan å risikere å få varer du ikkje treng. Sesongpakke kan godt kombinerast med fast pakke eller fleksipakke (kombipakke). Eksempel på kombipakke:
 
Fast:  2kg Gulrot,2,5kg Potet,
           2stk Salat, 1 kg Banan.
Sesongpakke grønsaker: Kr200
Sesongpakke frukt&grønt:Kr150
Ønskjer ikkjeReddik, Aubergine
 
Slik gjer du:
Før opp i skjemaet det du vil ha fast. Set null ved det du aldri vil ha. Skriv så på rett beløp for sesongpakke grønsaker og sesongpakke frukt&bær nederst på skjemaet. I eksempelet ovanfor vil det bli plukka ut grønsaker for ca 200,- blant tilgjengelege grønsaker som ikkje står i fast bestilling eller er nulla ut. Tilsvarande gjeld for frukt og bær til ein verdi av ca 150,-

ENDRING / AVBESTILLING
Du kan avbestille varer eller endre bestillinga di undervegs om du ønskjer det. Avbestillingar eller endringar må vere oss i hende seinast fredag før levering, dvs. 4-5 dagar før levering.
LEVERING
Ferskvarer (grønsaker, frukt, bær og brød) blir normalt levert annankvar veke, medan tørrvarer og foredla varer blir levert kvar 4 veke. Som kunde kan du motta varer på avtalt samleplass (kr 32,- pr levering), eller du kan få varer levert på døra mot godtgjerdsle på kr 68,-. Dersom du samarbeider med andre om heimkøyring, er prisen kr 42 for to og kr 36 for tre kundar som har levering til same adresse. Dersom de er 4 eller fleire kundar som samarbeider, betalar kvar kunde kr 32 i eksp.gebyr. 

BETALING
Varene vert leverte med spesifisert rekning og bankgiro. Betaling skjer 7 dagar etter mottak av varer.

VARENE
Av varene som er lista ovanfor, vert så mykje som råd dyrka på Finne gard på Voss eller hos andre produsentar i distriktet. Når varer ikkje kan skaffast lokalt, vert det kjøpt inn varer frå andre delar av landet, dernest frå utlandet. Alle råvarer skal vere dyrka utan bruk av syntetisk gjødsel eller syntetiske sprøytemiddel. Foredla varer skal ikkje innehalde kunstige tilsetjingstoff. Ver merksam på at vareutvalet i noko grad vil følgje sesongen. Spesielt gjeld det bær, moreller og plommer som berre vil vere tilgjengeleg innanfor norsk sesong. Unntaket er bringebær som vil kunna leverast som frosenvare utover hausten så lenge lageret rekk. Om ønskjeleg kan større parti av bær, frukt o.a. leverast berre ein gong.

PRISAR
Prisane som er sett, gjeld for vare av alminneleg god kvalitet. Ved ringare kvalitet vil prisen setjast ned. Prisane er retnings-gjevande og vil gjennom året kunne variere noko rundt den verdien som er sett.