USA

3.april - 19.mai

USA.gif (7305 bytes)

Den 3.april landa me i Los Angeles. Då hadde me kryssa datolinja ved midnatt, slik at 3.april 2001 fekk me to gonger. Kanskje dette blir den einaste gongen i livet me får oppleve det å ha samme dagen to gonger???

Men i LA ville me ikkje vere. Den fyrste tida i USA skulle me bruke langs vestkysten, der Kristian har ein del slektningar. Mary Lou hadde helpt oss med å ordne alt. Mary Lou og mannen hennar Ed bur i Eugene, Orgeon, men har vinteren nede i El Centro sør i California. Me leigde oss ein bil og drog ned dit. Me fekk oss ein runde på golfbanen, der Kristian fekk sin fyrste Birdie!!!!!

marylou.JPG (14304 bytes)

greyhound.JPG (12175 bytes)

Etter El Centro måtte me nordover. Leiebilen vart levert i LA, og frå no av vart Greyhound transportmiddelet vårt. Ikkje myklje å skryte av. Bussane i Thailand var il samanligning mykje betre. Men Greyhound tok oss frå A til B, og var det billigaste alternativet.
Turen gjekk til San Francisco. Dette er kanskje den mest spanande byen i USA? Masse å sjå og oppleve. Me budde på YMCA, som er det samme som KFUM i Norge. Det vart den dyraste og dårlegaste overnattinga på turen så langt. Ikkje fordi me var spesielt uheldige, men fordi USA var rådyrt samanligna med Asia og Australia. Her har me den kjente brua Golden Gate.

goldengate.JPG (12560 bytes)

hydestreet.JPG (14875 bytes)

Dette er Hyde Street, ei av kabelvogn gatene. Rett under oss ligg Fishermans Warf, og ute i sjøen ligg det ikkje heilt ukjende fengselet Alcatras. Den norske sjømannskyrkja hadde veldig gode vafflar. Dei har kanskje den flottaste tomta i San Francisco, på toppen av denne gata her.
Mange av gatene i San Francisco er frykteleg bratte. Godt dei ikkje har så mykje snø her......

brattgate.JPG (9354 bytes)

lombard.JPG (17558 bytes)

Lombard Street er også veldig kjent, der den snirklar seg nedover i sikk-sakk.
Me reiste vidare frå San Francisco til Medford, der me overnatta hjå Mark og Theresa til neste dag. Så gjekk turen til Eugene, der me hadde to-tre flotte dagar hjå Magnhild og Dan. Her er me ute og spelar bowling saman med alle dei "yngre" i Heide familien som er i Eugene.

bowling.JPG (12187 bytes)

farmen.JPG (13571 bytes)

Frå Eugene gjekk turen til Tom og familien i Corvallis. Her ser du "garden" til Tom. Dei kjøpte plassen for 4-5 år sidan, og har lagt ned ein masse arbeid i ettertid. Enda har dei nok arbeid for fleire år framover.
Oregon var ein flott stat, men me måtte vidare. Greyhound tok oss med til Seattle, der me budde tre dagar hjå Torgerson familien. Dette var i påske helga, så me fekk verkeleg oppleve ei tradisjonell amerikansk påskefeiring. Ein av kveldane fekk me oppleve nattlivet i Seattle saman med dei to yngste i huset.

torgerson.JPG (12842 bytes)

john.JPG (11627 bytes)

John jobbar i Seattle no, og han tok oss med på ein full guida tur i Seattle på Påskedagen. Då fekk me oppleve alt det Seattle har å by på. Her er me i toppen av byggningen som John jobbar i.
Frå Seattle satt me på med Maureen og Brooks opp til Anacortes. Det hadde me tre veldig flotte dagar. Her er me ute i "Boondocksen" på ein lokal pub. God mat og drikke, jukeboks og nokre parti billiard, kan ein ha det betre???

boundogs.JPG (12696 bytes)

Maureen.JPG (11349 bytes)

Rett utanfor huset til Brooks og Maureen var det eit stort skipsverft. Me fekk ein guida tur på området. Veldig artig å sjå.
Maureen og Brooks lagar dette Foto magasinet

lwbanner.gif (9417 bytes)

Eit av dei store høgdepunkta på turen var småflytur ove området rundt Anacortes. Dette var fyrste gongen for oss begge i småfly. Det kan anbefalast på det sterkaste. Du får eit veldig godt overblikk. Me såg øyene rundt der, gjekk heilt inntil grensa til Canada og fekk til og me sjå hval!!!!!

småfly.JPG (8497 bytes)

Her kan du sjå bilete av alle dei frå familien til Kristian som me traff

deathvalley.JPG (12726 bytes)

Tida på vestkysten var over, og me flaug ned til Las Vegas. Der leigde me bil for eit par dagar og reiste ut til Death Valley nasjonalpark. Det lågaste punktet i USA, med 86 meter under havet. Nesten ikkje vatn å oppdrive, og eit merkeleg landskap.
Endre kom frå Norge for å vere med på resten av turen. Me var i Las Vegas i tre dagar, utan att alt for mange pengar forsvant. Las Vegas må opplevast, men eit par dagar er nok. Den siste dagen var me ute ved Hoover Dam, ein av dei mest kjende dam-anlegg i verda.

hoover.JPG (8337 bytes)

togbilde.JPG (11751 bytes)

Frå Las Vegas og resten av turen køyrde me tog med AmTrak. Me kjøpte ein billett som gav oss lov til å reise så mykje me ville i 30 dagar. Tilsamn brukte me vel ca. fire døgn på tog dei neste vekene.
Fyrste stopp var Flaggstaff. Der fann me eit glimrande backpacker hostel. Byen var akkurat passe stor, og hadde eit heilt anna preg enn storbyane me hadde vore i så langt. Andre dagen tok me ein dagstur ned til Sedona to timar sørover. Her fekk me sjå mektige fjellformasjonar i raudt fjell. Alt fjell var raudt, for di det inneheldt jern, som rusta i kontakt med luft, og gav den raude farga.

sedona.JPG (11142 bytes)

canyon.JPG (12880 bytes)

Dag nummer tre vart brukt til ein dagstur ut til Grand Canyon. Det var eit mektig syn, og filmen i fotokamera fekk verkeleg prøvd seg.
Så var det å koma seg på toget att. Eit døgn stopp i Kansas fekk oss til aldri å kome dit att. Byen var heilt dø. Så attende på toget, og Memphis stod for tur. Her hadde me tro flotte dagar. Her er me i det kjente Sun Studio, der Rock'n Roll vart til.

sunstudio.JPG (12898 bytes)

graceland.JPG (14005 bytes)

Eit av høgdpunkta var sjølvsagt Graceland, der Elvis budde. For Elvis fans og alle andre var dette stort. For eit lite øyblikk var Elvis levande att.
Her ser me eit lite utval av gullplater og scenekostymer. Mange av gullplatene var faktisk frå Norge.

elvis.JPG (14681 bytes)

bealestreet.JPG (11837 bytes)

På kvelden kosa me oss med god musikk og god mat i den tradisjonsrike Beale Street. Fro alle som likar Jazz, Blues og Rock'n Roll er Memphis verkeleg plassen å reise.
Men me måtte vidare. Turen gjekk til Jackson, der me leigde bil og reiste ut til Vicksburg. Her fekk me innblikk i histoia om slaget ved Vicksburg og andre ting frå Den Amerikanske Borgerkrigen.

kanon.JPG (21275 bytes)

borgerkrig.JPG (11886 bytes)

Dag to reiste me til Ramyon der me såg ein rekonstruksjon av eit slag frå Borgerkrigen. 2500 entusiastar var me på å ghjennskape noko av stemninga frå den gongen. Dette var veldig artig å få med seg.
Her var det ein som svært gjene skulle ha vore med på sjølve slaget...

uniform.JPG (10489 bytes)

frenchquarter.JPG (10980 bytes)

Så kom me oss til New Orleans. Med French Quarter og jazz musikk. New Orleans var ein by med store kontrastar, og med mykje sjarm.
Ein av dagane i New Orleans reiste me på Sump-tur, der me fekk nærkontakt med alligatorar.

aligator.JPG (9590 bytes)

troll.JPG (9594 bytes)

Etter New Orleans var det å koma seg på toget att. No var Orlando neste stopp. Me brukte ein dag i Epcot senteret, der ein av paviljongane er norsk. Byrja me å ane eit snev av heimlengsel...?
Dag to skulle me ha på Kennedy Space Senter, men det var ikkje leiebilar å oppdrive. Så me slappa heller av ved "poolen".

elvisbriller.JPG (11982 bytes)

yorktown.JPG (11420 bytes)

Etter Orlando tok me ein stopp i Charlston. Dette var ein veldig triveleg by. Me var ute ved Fort Sumter, der Borgertiden starta i si tid, og hadde ein heil dag på Yorktown, hangarskipet i bakgrunnen.
Siste stopp på den etterkvart lange turen var New York. Her budde me hjå ein slektning av Kristian att, for New York er vanvittig dyrt. Me fekk med oss Empire State Building, Frihetsgudinna på litt avstand og var til og med inne på New York Børsen, NYSE. NYPD har jo også vorte ein kjent forkorting etterkvart.

nypd.JPG (16774 bytes)

un.JPG (12138 bytes)

Ein av dagane i New York var me inne i FN byggningen. Dette blir rekna som eit eget teritorium, det USA ikkje har nokon rettar, sjølv om det ligg på Manhattan. Dei har eget politi og eget postsystem. Me fekk med oss ein guida tur gjennom bygget, der me såg alle dei kjente romma me har sett på TV. Det er faktisk ein nordmann som har laga kunstverket bakerst i Sikkerhetsrådssalen.

Etter over fire månader på tur var det godt å få norsk jord under føtene att. "Borte bra, men heime best!!!" Men det er vel ikkje lenge før det byrjar å krible i føtene att.....


[Startside]   [Thailand]   [Malaysia]    [Singapore]   [Indonesia]   [Australia]   [Fiji]    [USA]