Gå til hovedinnhold

Framsida

Skulenytt!

Her er ei lita oversikt over noko av det som skjer ved skulen fram mot sommaren.
NYTT FRÅ EVJE BARNESKULE
Hei!
Då er vi inne i siste økta før sommarferien! Sein påske i år gjer at det blir stort sett heile veker i mai. På den andre sida blir juni temmeleg oppstykka.
            FAU med Kim Asbjørn Haugen i spissen arrangerte ein flott kveld med Egil Launes saman med FAU Hornnes i april. Fint at det var så mange som kom då! FAU jobbar nå vidare med skuleavslutninga 7. juni. Kjempeflott med ivrige og flinke foreldre!
                        Påmeldingsskjema leksehjelp 1.-4. klasse kjem ut i løpet av mai. Vidare vil det kome ut eit kartleggingsskjema over behov for leksehjelp 5.-7. klasse skuleåret 2011-2012 no før helga.   
Her er litt informasjon om ting som skjer ved skulen fram til sommarferien:
  • 29. april: Sjekk av syklar 5.-7. klasse.
  • 4. mai: Teoriprøve sykkeltest 5.-7. klasse.
  • 5. mai: 7. klasse arbeidsdag U-landsaksjonen.
  • 6. mai: Sykkeldag saman med Hornnes skule 5.-7.klasse.
  • 12. mai: Tinestafett/skulesprint 5.-7. klasse.
  • 16. mai: NB! Vanleg skuledag!
  • 17. mai: Skulen stiller i toget etter kyrkja. NB! Skulen vil ikkje vere representert med lærarar i kyrkja. Å gå i kyrkja 17. mai er ei frivillig sak der kvar heim må ta ansvar for eigne barn.
  • 25. mai: Førskuledag.
  • 31. mai: Trafikkpatruljefest for 7. klasse dei tre siste timane.
  • 3. juni: Fri!
  • 6. juni: Aktivitetsdag 1.-4. klasse.
  • 7. juni: 2. klasse til Fennefossmuseet.
  • 7. juni: Aktivitetsdag 5. klasse og fadderbarna i bhg.
  • 7. juni: Felles avslutning for heile skulen i regi av FAU . Eiga avslutning for 7. klasse etterpå.
  • 8. juni: 7. klasse til Dyreparken. Avslutning for trafikkpatruljen. Overnatting i Helleviga, Søgne, til 9. juni. Avspasering/fri 10. juni.
  • 14. juni: Idrettsdag 5.-7. klasse.
  • 14. juni: 3. og 4. klasse dreg på dagstur til gruvene.
  • 14. juni: SFO bowling 1400-1630.
  • 17. juni: Siste skuledag! God sommarferie!
 
Det kjem meir informasjon i eigne skriv, på vekeplanar og på heimesida undervegs. Det kan bli endringar! Vi satsar på ein flott og lærerik vår! Ta gjerne kontakt om de lurer på noko!
Helsing skulen ved Erlend
" );