EID MOTOR
Vi ønskjer at kundane våre skal nyte godt av den over 40 år lange erfaringa vår frå bilbransjen gjennom eit komplett biltilbod som gir deg den tryggheit og service du fortener. Vi forhandlar både nye og brukte bilar, kan ordne deg leigebil og utfører service, reparasjonar og periodiske køyretøykontrollar uavhengig av bilmerke. I tillegg tek vi bilbergingsoppdrag for både Falck og SOS Veihjelp/NAF.
HYUNDAI
Hyundai er eitt av verdas mest spanande bilmerke som er på full fart fram i marknaden med mange populære modellar. Hyundai er koreansk for «moderne», og Hyundai leverer i høgste grad moderne, velkøyrande og driftsikre bilar og ein av marknadens beste nybilgarantiar. Ta kontakt for prøvekøyring av modellane til verdas femte største bilkonsern!