Gå til hovedinnhold

Forsiden

2010: Flott kappestrid i Otrahallen

Volleydag
Volleyballdagen den 20.desember, vart ein flott kappestrid mellom dei ulike klasselaga frå ungdomsskulane på Bygland og Evje.
22 lag hadde satt seg stemne denne kalde måndagen før joleferien senka seg. Upåklageleg innsatsvilje og ei stor dose vinnervilje gjorde det heile fullkomment.

I år var det litt om å gjere for Evje ungdomsskule å revansjere seg i høve til turneringa i fjor. I 2009 forsvann alle vandreskjoda, så nær som eitt, med til Bygland. Ein utruleg prestasjon, når ein tenkjer på at Evje-skulen er tre gongjer større i elevtal.

Vinnarlaga i 8. og 9.kl. i år, var frå Evje og vinnar 10.kl., frå Bygland. Ei jamn og fin fordeling!
Resultata var som følgjer:

8.kl.:
  1. Vaskebjørnane, 8-1 EUS
  2. Chras Team, 8-2 EUS
  3. Warebears, 8.kl. BS
  4. The Volleyballs 8-1 EUS
9.kl:
  1. Gollongane, 9-3 EUS
  2. Unnamed, 9.kl. BS
  3. Electric Avenue, 9-1 EUS
  4. Hanne's volleyballengler, 9-2 EUS
10.kl:
  1. MS 13, 10.kl. BS
  2. MOT, 10-2 EUS
  3. Kitty cat klan, 10-1 EUS
  4. Teenage dream, 10.kl. BS
Då gjenstår berrre å ønskje gratulerer med resultata og takke alle deltakarar og arangørar for innsatsen!