lørdag 27. mars 2010

Palmelaurdag på heimlege strender

Tjukk, tjukk skodde forsvann medan vi var på Sløgstad på handel.
No skin det sol, - det har vore norsk skiskyting på tv'en og førebuingane er igang til pannekakemiddag for 7! "- Det verte no ei stund til -!" seier Mormora, - elles fredelege syslar etter handleturen.
Vi opna med kaffi og kaker på Kos. Kaffibaren var svært nyopna - fint rom - fint lys - fine møblar!
2 åt mørk sjokoladekake, 2 åt Orokake og 2 av oss åt noko karamell og nøttekliss av ein snopete kake. Ikkje den rimelegaste kakedisken, men det verka gå unna! Trass alt, vi er på indre Sunnmøre - der nytelse ikkje alltid har vore ålment godkjent! Vi sjekka ut Liga også, - bui der Mormora og barnebarnet stundom handlar stort på sal! Vi freista få Morfaren til å innsjå at han trong ein gul hettegensar frå moods til neste gong han møter dei velkledde svograne sine.
Elles helsa vi på kjende i sportsbutikken, i bokhandelen og på stoffbutikken - og på Rema...
Biletet er teke av Far. Han har teke mange bilete av gravemaskinar siste vekene. Det er snart 50 år sidan han bygde huset ved riksveg 60. Like etter opna tunnelane som gjorde det mogeleg å køyre til Hellesylt - tidlegare var Sunnylvsfjorden det reelle alternativet. Den gamle postvegen over Ljøbrekka vart aldri nokon køyreveg... For 40 år sidan kunne vi ungane spele badminton sommarskveldane på riksvegen - utan problem. I desse dagar vert vass- og kloakkrør skifta ut og putta ned i ei grøft som er 3-4 meter djup og gangvegen vert lagt oppå. Gangvegen har vore eit sakn i mange tiår, her er det mykje av både biltrafikk og nyttelast på gjennomreise. Det er både møbel og næringsmiddelproduksjon i bygda og dette er vegen sørover, inkludert til Strynefjellsvegen som er greiaste vegen austover. Alle Grandis'ane som er laga her i Grandis'land passerer huset fleire gongar - før dei er å finne i ein daglegvarebutikk nær deg! Riksvegtrafikken har ført til det med glede vert gjeve vekk mange kvadrat med plenar, særs godt etablerte hekkar og velhaldne gjerde! Dette 10 dagar gamle biletet er teke ut glaset på "ilsje-støvå". Mellom Framhus-grenda i "bakgrunnen" og glidekanten bak gravemaskina er det ein djup v-dal med Storelva - tidlegare iallefall,- ei brukandes lakseelv. Ned til elva er det er så bratt at det heller ikkje vart nytta som leikeområde i oppveksten.
I sybutikken hjå Bente vart det litt stoffhandel - av dei større funna, "resten av ein stuv" som vart 3,5 meter rosestoff - nesten same som innsida av kuveska - og nokre centimeter av andre rosestoff og anna stoff - og litt ymist anna. Gjentek som eg har gjort før, det er alltid så dyrt i sybutikken hjå Bente...
Av andre viktige ting som er kringkasta i desse dagar er naturlegvis at han Sjur på Myrstad er skandinavisk trakkemaskinmeistar - det verste er at han i fylgje lokalpressa til dagleg er å finne på Strandafjellet og på Norefjell - litt av ei deltidsstilling det - med 6-7 timars køyretur mellom utan trakkemaskin....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar