• Photo: http://www.mat.no (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Dronning Maud-fromasj

Den fløyelsmjuke og eggeskalsfarga desserten er å finne på kvart eit konfirmasjonsbord på Haugalandet. Dei store høvene får vispane i gong, når bare det beste er godt nok.

Som namnet tyder på, har fromasjen (òg kalla pudding, sjølv om han skal ha ein fromasj sin konsistens) kongeleg opphav. Oppskrifta kan sporast tilbake til 1872. Bak står ein ukjend kokk frå Haugesund. Derfor blei han først kalla Haugesundsdessert. Haugesund husmorskule serverte den lokale herligheita då Dronning Maud og Kong Haakon vitja byen under kroningsferda i 1906. Me veit av bilete kor smal Dronning Maud var om livet, men historia vil likevel ha det til at ho likte desserten særs godt. Og sidan har han bore namnet Dronning Maud-fromasj.

Share to