mandag 28. juni 2010

Plensåing, igjen

Eg hadde eigentleg tenkt å blogge om véret vårt idag. Eller min irritasjon over at sommaren alltid framstillast med blå himmel og sol. Idag kjøpte eg nemleg Vakre Hjem og Interiør samstundes som det regna og tordna her heime. Eg tok bileter av det "fine" véret og tenkte eg skulle skrive om det ikveld. Men veit du kva, i ettermiddag kom sola!
Kva passar vel betre enn hagearbeid når det er fint vèr? Espen har trilla jord, raka og rulla med hjelp av mor si, og sådd i plenfrø på området dokke ser over. Sjølv om det ikkje er så varmt og stabilt finevér her, så er det så deilig med sol! Og ein mann som jobbar :-)

søndag 27. juni 2010

Hardt arbeid på ein solfylt søndag

Idag kan eg verkeleg skryte av meg sjølv og Espen. Vi har gjort ein kjempeinnsats med å spa jord i trillebår og tippe det rundt kanten av terrassa. Fyttikatta kor hardt det var. Vi kjenner det godt i ryggen etter fleire timar med intensiv jobbing. Med godt vèr og svigermor som passa ungane må ein berre gjere det om ein vil eller ei.
Vi unnlot å legge jord og så i plen omlag ein meter utanfor terrassa når vi sådde plen første gongen fordi vi ikkje hadde lagt på duk som skulle beskytte treverket. Espen la på duken først idag, deretter spadde vi jord så svetten sila og kreftene tok oss. Iløpet av veka skal vi få sådd i frø.
Graset vart klipt for første gong idag, men vi er ikkje sikre på om det er gras som har vokse opp eller om det er ugras. Det er vel ikkje normalt at det veks så fort og at det har kvite blomster? Vi har ein mistanke om at det er ugrasfrø frå jorda vi fekk tilkøyrt, men det er ikkje sikkert. Vi kjøpte ei dyr grasblanding som skulle vere av tipptopp kvalitetet. Får håpe det skal vere slik elles får vi byrje og luke plendekket.
Malin har fått seg blåseboblemaskin som går på batteri med farmor. Denne var stas, men eg fekk ho ikkje til å stå stille eller sjå rette vegen når ho holdt på. Derfor desse som er knipsa i full fart på terrassa. Den vakraste blomen vi har :-)

onsdag 23. juni 2010

Min vesle muffins er sju månadar allereie

Emil er til å ete opp. Han er så skjønn at mor smeltar alldeles. Idag er han 7 månadar og mykje har skjedd sidan han vart fødd. Tida har ikkje stått stille, men eg synest det verkar lenge sidan 23.november.
Eit forsøk på å ta bilete av guten. Ikkje lett altså. No kjem han seg litt framover og strekk seg etter kamera før mor rekk å knipse.
Nokre blinkskot vart det no, som dette bilete kor den vesle tanna kjem til syne.
Er det rart ein smeltar?

tirsdag 22. juni 2010

Den tause kordama

Det har vore sommarfest i barnehagen idag, og barnehagen skulle sjølvsagt opptre for foreldra. Iført barnehagen sine eigne korklede, marsjerte dei inn på "scena" ein etter ein. No var det klart for konsert!
Det var ikkje mykje lyd i borna med det første, men etterkvart bevega dei seg litt og skreik ut eit ord her og der. Vår håpefulle derimot, var taus som ein østers.
Barnehagetanta forsøkte så godt ho kunne og få Malin i bevegelse eller i tale. Men neida, ho satt der heilt stille og sa ingenting.
For ein livleg unge, ho rikka seg ikkje! Det vart ikkje så mykje korsang denne gongen heller, ho vert nok litt satt ut av alle som ser på, men når ho kom heim sang ho reportoaret for full hals. Rart med det...

Krampetrekkande sommar

Denne sommaren lar verkeleg vente på seg. Vi har hatt ein skikkeleg varm sommardag hittil, elles har det vore kalde temperaturar eller vind. Det nærmar seg juli, eg lengtar etter å få sole meg og bade ilag med ungane, men det verste av alt er at eg kan ikkje gjere nokonting med det. Så vi får berre vente og gjere det beste ut av det.

Med pledd og paraply kan ein sitte ute. Malin har handa i håret og smokken i munnen heile tida. Dette er typisk ho. Gøymer vi smokken så finn ho han og det er vanskeleg å få ho til og slutte med hårkosinga sjølv om ho misser håret.


Malin sitt og ventar på alderdomen...

Det som er sikkert når det er midtsommar er slåttetida. Espen tok siste rest igår ilag med Jostein. Nyslått gras luktar så godt, men må innrømme eg likar blomsterengene betre. Heldigvis veks det fort så blomane kjem snart tilbake.

Is må ein ha når det er sol. Heldigvis viser ikkje bileta kva temperatur vi har...

fredag 18. juni 2010

Alt har ein ende

Ein litt stusseleg dag idag. Rigmor har reist tilbake til Austlandet og eg sitt igjen med regn og vind utanfor stoveglaset. Scrappemaratonet vårt i år har verkeleg bert frukter. Rigmor har scrappa 12 sider (!) og eg har laga 7. Vi har fått tid til mange andre ting og, så eg er verkeleg nøgd. Denne gongen har eg lagd litt meir nedtona albumsider, og dei er ganske enkle i stilen. Det var meining at eg skulle pynte dei litt meir, men når vi var på Papirgleder på Sotra igår, fant eg ingenting. Det vert nok eit besøk på ein nettbutikk etterkvart, men akkurat no har eg vel brukt nok pengar på akkurat dette.
Denne sida vart ikkje heilt slik eg hadde tenkt, men det får stå si prøve. Hendinga på sida er absolutt ein må-scrappe-situasjon. Her fant Malin ut at ho skulle amme dokka slik som mamma gjorde med Emil.
Turen til Hardanger i sommar vart ikkje så solrik som vi hadde tenkt oss, men dagen i Lofthus var av det sommarlege slaget. Malin fekk dilla på moreller og bygda hadde mykje fint og by på. Ein koseleg dag ilag med mormor og besten. Eg har brukt eit mønsterark med mange søte detaljar. Då er det nesten synd å pynte den så mykje.
Her har fargenyansane betydd alt for at sida skulle uttrykke ro. Dessverre kjem ikkje dei nyansane heilt fram på bloggen, men eg fekk den bra til synest eg. Eit flott bilete av ein nyfødd gut på mormor si varme bringe.
Emil følg meg overalt og det er stort sett ikkje noko problem, heller ikkje på scrappebutikkar. Han er så blid og nøgd uansett og sjarmerer alle rundt seg. Eg er så heldig som har ein så fin gut. Han smiler og pludrar nesten heile tida. Ein godgut som smeltar mamma sitt hjarte.
.
Heilt på tampen må eg nevne ein blogg som gir vekk ei nydeleg veske idag. Klikk deg inn på Line's country living og ver med i trekninga.

onsdag 16. juni 2010

Scrapcamp 2010

Det er den årlege seansen vi har, eg og Rigmor, med å møtes og scrappe til vi ser mannen med ljåen. Det er eg som har det i år og Rigmor har vore på besøk hjå meg sidan mandag. Midt i den travle kvardag har vi fått tid til litt, og her får dokke ein smakebit.
Denne LOen manglar litt overskrift, men det kjem. Er ikkje heilt nøgd. Kan kanskje vere noko med overdosen av snø vi fekk i vinter. Lagde den i forrige veke.
Malin steller Emil når vi var heime med mamma sist. Flink jente! Herleg papir med roser. Nesten ei skam og klippe i det.
Knalle fargar er litt ut i mitt hovud no, men eg må bruke opp arka eg kjøpte når eg hadde knallfarge-ånda. Malin på sykkel. Smellkry! Ho er framleis litt liten til den, men faren er ein ivrig sykkelist så han drar ho utan å mukke.
Barnehagefesten i haust. Malin var redd for å stå på scena og kom fort ned til oss. Valestrand barnehage fylte 20 år, derfor 20-talet.
Bursdagen hennar 25.august ifjor. Ein kjekk dag.
Malin vil også klippe, lime og trykke ut figurar. Litt styr, men det er kjekt og.

Så har eg eit viktig spørsmål: Korleis ser bileta mine ut? Når eg redigerer og framkallar er bileta mine sylskarpe og klare i fargen. På bloggen er dei blasse og kornete. Ser dei slik ut for deg og eller er det berre maskina det er noko gale med? Og om dei er uklare, korleis ordnar eg det?

tirsdag 8. juni 2010

Første utebad for året

Det har vore varmt nok i ettermiddag til at vi kunne leite fram bassenget, fylle det med vatn og la Malin sprade naken rundt. Å det er så herleg med sommar!!
Malin frydar seg når ho kan leike og springe rundt naken i vatnet.
Det er ikkje siste gong vi ser henne i dette bassenget i år. Håpar eg då. Såg nettopp vèrmeldingane for helga: Regn.

mandag 7. juni 2010

Plutseleg måtte eg lage eit blomebed

Det har vore litt stille på hagefronten i eit par veke no. Det er så mykje som skal gjerast på ein gong at vi manglar tid til å få fullføre det meste. Ein må ta litt her og der og prioritere det som hastar mest. Idag må eg vise litt av det som skjer utanfor. Det blømer sjølv om det er nyplanta, det hadde eg ikkje forventa. Eg har også laga eit bed i full fart idag.
Rhododendronen blømer. Tenk at denne skal verte 2-4 meter! No er den pitteliten og har små vakre blomar.
Eg har planta blå kristorn. Gjorde det for vel ei veke sidan. Den skal vekse seg høg og fin for å skjule biovacen og styringstavla. Den har raude bær og er vintergrøn.
Og her er bedet som eg måtte lage ikveld. Det var ikkje planen at eg skulle vere ute i hagen idag, men så fekk eg ein telefon om at det var mange stauder som venta på meg. Eg og Maren (ei venninne) var på hagevandring for ein månad sidan og då snakka vi med ei som Maren kjenner og som gjerne ville dele sine stauder med oss. Eg har ikkje tenkt noko på dette sidan då så eg vart overraska idag når Maren ringte og fortalte at det sto masse blomar og venta på meg. Staudene måtte raskt i jord og vatn og derfor vart det laga eit hastebed. Etterkvart som eg ser kva som har overlevd og når eg veit korleis eg vil ha ting, kan eg nok flytte dei igjen. 12 sortar fekk vi, heilt utruleg! Eg har også planta i dei plantene eg kjøpte på loppemarked.
Her er det som blømer no. Den gule blomen har eg ikkje noko navn på, kanskje du har det?

Takk Annlaug Solvang for at du har vore så snill med oss. Veldig sjenerøst.

søndag 6. juni 2010

Årets Bergen-Voss er over

Vi har mange store sportshendingar her i huset. Både VM i fotball, vinter-OL og Tour de France. Likevel er vel kanskje dagen igår den største. Bergen-Voss vart arrangert for 34.gong i år og Espen stilte på andre året. Med seg hadde han Jo Vegard (venn og svoger). Jo Vegard har nettopp vorte bitt av sykkelbasillen medan Espen har halde på nokre år. Det har ikkje vorte tid til så mykje trening i år grunna husbygging, ny baby og ny jobb, men han stilte til start og gjennomførte det. Det står det respekt av når det er snakk om 165 km frå Bergen til Voss via gamlevegen.
Vi sto lenge og venta på dei, men plutseleg var dei der. Dei kjem i full fart så det er ikkje så lett og få auge på dei. Her er det Jo Vegard som kjem i mål.
Like etter kom Espen. Ein sliten mann som fylla 37 år denne dagen. Det var ikkje eg som ville ha brukt bursdagen min på å slite meg ut, eg har ikkje sykkel ein gong, men eg må seie eg er stolt over han.

På kvelden feira vi dagen på terrassa med 20 gjestar. No er eg glad vi bygde den så stor. Seint i seng og tidleg opp idag så har vi berre slappa av i det fine vèret. Ei hektisk og fin helg.

onsdag 2. juni 2010

Treng gardinhjelp!

Vi har budd her i tre månadar no og ting har byrja og ta form. Gardiner på stova derimot har eg tenkt på til eg vert sprø. Eg har besøkt folk for å sjå korleis dei har gjort det, gått i butikkar, surfa på nettet, lest blad.. ja du veit. No treng eg di hjelp for å få løyst problemet for gardiner må vi ha.
Vi har sju vanlege vindauge i stova og ei dobbel verandadør med smale vindauge på kvar side. Alstå mange vindauger og eigentleg lite veggar. Eg er ute etter gardiner som gir liv til stova. Vi har kvitt tak, kvite veggar, kvitt golv og snart kvite lister så her må litt brytning til. Samstundes kan det ikkje vere for mykje fargar og mønster fordi det er så mange vindauge og det kan lett verte rotete.

For å prøve ut korleis det hadde vore med gardinlengder teipa eg fast nokre blondegardiner oppå lista. Eg har no tenkt at blondegardiner er heilt mormor eg altså, men faktisk synest eg det var fint. Det ga liv til vindauge fordi lyset treng gjennom blondene, men når eg attpåtil har pelargonia i vindauget, vert det då heilt bestemor her i stova?
Eg kjøpte ei liftgardin på Åhlens i kvitt, litt transparent stoff med striper i for å prøve korleis det vart. Keisamt og ikkje fint etter vår smak og liftgardiner vert det derfor ikkje. Faldene låg ikkje fint heller...
Vi har no ikkje så mykje naboar, men eg synest det skal sjå koseleg ut inne når ein står ute. Eg synest mine mormorgardiner gjorde akkurat det. Kva tenkjer du og har du ein betre idé? Hjelp meg å ha eit problem mindre, takk :-)